All posts filed under: Billig mat

Glutenfrie eggeplommekaker

Slit du og med at du får for mange eggeplommer? Kvart år lagar eg plettar, og då står eg der med sju eggeplommer som eg slit med å bruke opp. Eg lagar juleaioli til kjære, i år fekk ho til og med to sortar, der gjekk det tre. Av og til lagar vi spagetti carbonara til middag desse dagane, men denne gongen passa ikkje det. Men eg har funne ei oppskrift som er genial for å få brukt opp eggeplommer. Eigentleg er det ein slags omvendt marengs, med eggeplomme i staden for eggekvite. Skilnaden er at eggeplommekakedeigen vert fast og fin, og så bles kakene seg opp, nesten som popcorn. Gøy! Desse kakene er også fine fordi dei er gluten- og mjølkefrie. Er du i det rampete hjørnet kan du smelte litt sjokolade og dyppe dei i, pass på at det er mjølkefri sjokolade viss du gir kakene til allergikarar. Kakene kan også smaksettast på ulike måtar. Eg gjorde det enkelt, med vaniljesukker, ørlite salt og litt sitronsaft, men her er det uante muligheiter. Slik …

Juleselskap hos fine kusine

Kvart år får vi ein veldig hyggeleg invitasjon. Ei av mine fine kusiner inviterer til førjulsselskap. Der serverer ho gløgg, pølser til barna og ei fyldig kyllingsuppe til dei vaksne. Så leikar vi, spelar spel, gaular til singstar og byttar julegåver. Vi dreg dit med fire posar til fire familiar, og kjem heim med fire posar frå fire familiar. Det er eit avslappande og fint selskap der alle kjem som dei er, og der alle vert tekne imot med opne armar. Serveringa er ukomplisert, men akkurat det vi treng. Høgdepunktet for barna er å få pynte juletreet til fine kusine. Når vi kjem er det tomt, og når vi dreg igjen er det ferdig pynta med glitter, kuler og lys. Fine kusine har gitt meg lov til å blogge oppskrifta på suppa. Det er ei slags moderne, krema mulligatawny-suppe, enkel og god. Dette er nok til suppe til åtte personar. Slik lagar du den: Fine kusines kyllingsuppe 4 kyllingfiletar 2 eple 2 løkar 1 ss karri 4 boksar finhakka tomatar 1/2 liter vatn 6 dl …

Julekaker dei fleste kan spise

Dei som er allergiske kan slite no i jula med å finne gode kaker som ikkje utløyser allergiske reaksjonar. Eg lagar havrecookies til mi venninne som verken toler gluten eller mjølk, dei er faktisk også eggefrie. Enkle og raske å lage er dei og. I denne oppskrifta brukar eg Euroshopper flytende margarin, som er mjølkefri. Dersom du brukar melange mjølkefri margarin må du ha i ei klype salt, for den er saltfri, og smaken vert gørrkjedeleg utan salt. Du kan variere smaken til dømes ved å ha i pinjekjerner eller grovt hakka 70% mjølkefri sjokolade. Du kan også bruke ulike typer krydder, eg har laga ein variant med ingefær og kardemomme i tillegg til kanel, dei vart veldig gode. Slik gjer du det: Havrecookies 2 dl mjølkefri margarin 2 dl demerarasjukker 2 dl vanleg sukker 7 dl glutenfrie havregryn 1 dl havremjøl 2 små ts bakepulver 2 små ts natron 2 ts vaniljesukker 0,8 dl kokande vatn 1 ts kanel 2 dl rosiner Set omnen på 180 grader. Bland saman alle ingrediensane i ein bolle, …

Ein himmelsk appelsindessert

Eg har drive og eksperimentert litt med appelsiner i det siste, for å finne den perfekte desserten basert på denne saftige vinterfrukta. Tradisjonen er å ete appelsin naturell, til nød med ein sukkerbit dytta inn i eit lite hol ein kan syge safta ut gjennom. Dei appelsinene du finn i butikken no er så store, søte og fine at dei inspirerer iallfall meg til å prøve ut nye måtar å servere dei på. Den beste varianten eg har servert er kardemommebakte appelsiner med romrosiner og hakka nøtter på. Dei hakka nøttene bør vere søte. Eg har brukt brente mandlar, men den beste varianten var ein ny type honningrista blanda nøtter frå Meny sitt Jacobs-utvalg. Dei er litt salte og litt søte, og det passar perfekt her. Romrosinene bør leggast på glas tidleg. Eg brukar å lage til eit stort glas tidleg i november, så har eg rosiner til fruktkaker, gløgg, trøflar og til anna moro. Eg har også erfart at appelsin bør ikkje bake på høg temperatur. Då vert den tørr og trist. Det perfekte …

Ovnsbakt kylling

Her er ein enkel kyllingrett som eg lagde tidlegare i veka. Den lokale butikken hadde heil, stor kylling til tilbod, og då er eg ikkje vond å be. Eg delte den opp, krydra den og serverte den med bakte poteter og tomatar. Det fine med denne «komposisjonen» var at eg lagde alt i omnen, ingen gryter å vaske opp etterpå. Potetene og kyllingen lagde eg i same form, og tomatane bakte eg på eit lite eldfast fat då det var ti minutt att av steiketida. Slik gjorde eg det: Ovnsbakt kylling til tre personar Ein stor kylling, ca. 1,2 kg. Ein sitron Salt og peppar 2 fedd kvitløk urtesalt, gjerne heimelaga Olivenolje 8 mandelpoteter 250 g cherrytomatar Set ovnen på 220 grader. Kutt låra av kyllingen, og del dei i to i leddet. Legg dei i ei romsleg eldfast form. Kutt av vingane og, og legg dei i forma. Del skroget i to langs brystbeinet, og skjer bort alt unntatt brystfiletane med ribbeina på. Del dei og i to, og legg dei i forma. Press …

Coleslaw og dei deilige potetene

Du såg ribba i går? Den serverer eg med omnsbakte mandelpoteter, ein deilig sursøt grillsaus og coleslaw-salat. Coleslaw er finsnitta kål, ofte også med gulrøtter. Eg hadde eit eple liggande og, og det vart med i salaten. Dressingen er krema og lett sursøt, den og. Slik gjer du det: Coleslaw Ein kålskalk Ei stor eller to mindre gulrøtter Eit halvt eple Litt sitronsaft 2 ss majones 2 ss kesam 2 ts honning 2 ts eplecidereddik Salt og peppar Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke. Riv gulrota og eplet, eller bruk eit juliennejern og snitt dei fint. Legg alt lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering. Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing og snitta grønsaker, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, litt salt. Sett til side. Ovnsbakte mandelpotetar 4-5 potetar per person 1 dl olivenolje 1 ss urtesalt Bland urtesalt og olivenolje i ein vid bolle. Del potetene i to …

Ny ribbevri

Ribba er nesten gratis for tida. Det er sjølvsagt berre no ei god stund før jul, på veslejulaftan er den dyr igjen, sann mine ord. Men no, medan den er billig, kan vi jo ha det litt gøy med den, og lage mat vi elles ikkje lagar om vinteren. Spareribs er ein amerikansk grillklassikar, men den kan like gjerne lagast på denne tida av året i steikeomnen. Når du skal finne ribbe til spareribs, så velg heller ei som er tynn og vid i utstrekning enn ei som er tjukk i kjøtet. Den tjukke får lang steiketid, og bitane blir meir handterlege når dei ikkje er så tjukke. Eg serverer ribba med omnsbakte mandelpoteter, ein deilig sursøt grillsaus og coleslaw-salat. i dag får du oppskrift på saus og ribbe, i morgon kjem resten. Ein god barbequesaus høyrer med når ein serverer spareribs. Denne kan kjøpast ferdig, men dei sausane er fulle av e-stoff og salt, og ikkje så gode syns eg. Denne tomatbaserte sausen framhevar den fine ribbesmaken, og balanserer godt med krydderet i kjøtet. …

Eg noterer meg…

at jula nærmar seg, og at dette innlegget er like aktuelt. Siste observerte ribbepris er 14,80 pr. kg. Kjøp og legg i frysaren. Eller lag spareribs til søndagsmiddag. Mmmm! Eg trur eg må kome med ei oppskrift her…

Heilt alminneleg kvardagsmat

Har du det slik at det er enkelte matsortar du berre får ete åleine? Slik har eg det med blodpølse. Ingen av dei eg bur saman med syns noko om det. Difor et eg det når eg er heime åleine. Men på torsdag var det litt kaotisk middag her. Tolvåringen hadde steikt seg karbonader relativt tidleg på dag. Fjortenåringen kom heim frå trening, og det einaste ho ville ha var steikt ris. Det var nok kokt ris att til ein person, så det fekk ho. Så kva skulle mor ete? Vi hadde fine, syrlege norske eple på fruktfatet, og i kjøleskapet låg det ei svart pølse og venta. Då var ikkje valet så vanskeleg. Det er så enkelt at det er nesten ikkje som ei oppskrift å rekne, men likevel: Slik gjorde eg det: Mammamat 200 g blodpølse per person Eit eple per person 1 ts sirup per person Smør til steiking Skjer blodpølsa i skiver, og steik dei i smøret i varm steikepanne. Legg over på tallerken. Skrell epla, del dei i to og fjern …

Grove rundstykke

Desse har eg meir eller mindre vakse opp på. Kvar gong det var fest heime på Sunnmøre, og det skulle serverast saltmat, lagde mor mi desse rundstykka. Grove rundstykke 6 dl mjølk 100 g margarin 1 ts salt 1 pakke gjær 6 dl kveitemjøl 6 dl grovmalt kveite, fin Eit egg til pensling Frø til å strø på Smelt margarinen, og ha i mjølka. La det få passe temperatur, fingervarme. Løys opp gjæra i dette, og ha i bakebollen. Bland saman alt det tørre, og ha det i brødvæska litt og litt til du får ein passe fast deig. Den skal ikkje vere klistrete, men heller ikkje kompakt. La deigen gjerne elte i fem-ti minutt viss du brukar kjøkkenmaskin. La deigen heve i 40 minutt. Sett steikeomnen på 210 grader. Trill avlange rundstykke, og legg dei på bakepapir på bakebrett. Pensle dei med egg, og dryss på det du måtte ha av frø. Vi brukte valmuefrø, men du kan gjerne bruke sesamfrø, nigella-frø, gresskarkjerner eller linfrø. La rundstykka heve på bakeplata, før du steiker dei …

Amerikansk frukost

Å spise pannekaker til frukost gjev meg ein deilig, rampete følelse. Det har noko litt uvørent og vågalt ved seg, no i desse lågkarbo-tider. Alt skal vere så proteinrikt, sunt og helsebringande. Pannekaker med kvitt mjøl og steikt i smør er nesten på linje med eit lovbrot. Men her i huset har vi det ofte, både dei tjukke amerikanske og dei norske, tynne. Enkelte meiner dei er franske, det må dei gjerne. Med blåbær frå målselvskogane er dei norske nok for meg. Eg elskar amerikanske pannekaker, men eg har ikkje fått dei til, syns eg. Men no har eg funne ut kva som skal til: obskøne mengder bakepulver. Prøv denne oppskrifta, du kjem ikkje til å angre. Eg lagar dei i stor steikepanne, då får eg plass til fire pannekaker i kvar steikerunde. Har du takke kan du godt lage dei på den. Slik gjer du det: Amerikanske pannekaker Vel 3 dl mjøl (ca. 180 g) 1 egg 2 ss sukker ½ ts salt 1 ss bakepulver 3 ss smør 3 dl mjølk Bland alt …

Hybelmat

Å vere student treng slett ikkje alltid vere smalhans, kunsten er å minimere utskeiingar og uventa kostnader. I matvegen er det lønnsomt å spise heime heller enn ute, og inviter gjerne med deg nokon på middag. Så er det deira tur neste gong, ein enkel og sosial byttehandel. Tomatsuppe er ein sikker vinnar, her skal du få lære å lage den klasssiske utgåva. Dette er ei suppe som du kan invitere gjestar på, og blir det restar kan du spare det til neste dag. Tomatsuppe på pose er trist samanlikna med denne, og den er heller ikkje vanskeleg å lage. Slik gjer du det: Tomatsuppe 2 ss smør 3 ss kveitemjøl Ein halv finhakka løk Ein liten boks tomatpuré 8 dl vatn Ein buljongterning Ein boks hakka tomatar ½ ts tørka timian Salt, peppar og sukker Ein skvett mjølk (ca. 1 dl) Smelt smøret i ei gryte, og ha i løken. Surr dette på middels sterk varme til løken er blank. Ha i tomatpuréen, og la den frese litt saman med løken til den skiftar litt …

Blåbærpannekake

Denne lagde eg ikkje sjølv, eg fekk den servert på andre sida av plenen. Men ikkje desto mindre, den er så god at eg må berre dele den med dokke. Unnskyld for den elendige fotokvaliteten, iphone… Slik gjer du det: Blåbærpannekake 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt 2 ss sukker 4 dl blåbær, frå skogen eller frysedisken Kok blåbæra opp med sukkeret, og set til side. Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake. Legg dei oppå kvarandre med blåbærsaus eller syltetøy mellom kvart lag. Skjer i snippar og server. Leppene vert goth-farga, men det er …

Fårikål-dagen!

I dag er det fårikålens dag, det heldt eg nesten på å gløyme! Det er eit lykketreff at lammeslaktinga og haustinga av kålhovud kjem samstundes, syns du ikkje? Nokre eg kjenner vil ha ram vérasmak på fårikålen sin, men eg er ei smakspingle (eg har fortalt at eg ikkje et sild, ikkje sant?), og syns at den gode, milde smaken av lam kokt passe lenge i fersk kål er mykje betre enn den ramme ullsmaken du får når det er gamle dyr som er slakta. Jada, vi hadde sikkert fårikål i fjor og, og året før der, men viss denne matspalta kan få ein ny tenåring eller nyboren hybelbuar til å forstå at fårikål er lett, billig og nydeleg mat så får dokke fårikålekspertane som har gjort dette år etter år bere over med meg. Uansett løner seg å legge litt pengar i kjøtet. Dess meir kjøt i kjøtstykka, dess mindre griseri, bein og feitt. Men det må vere kjøt med bein, for mergen gjev mykje smak. Eg prøver å finne nokre fine bogskiver når eg lagar …

mammamat

Mammamat er det mamma et når barna ikkje er der, eller barna vil ha søppelmat, og ikkje har lyst på mammamaten. I går var mammamaten risotto med spekeskinke. Spekeskinka er ein skalk av sommarskinka, den syng på siste verset. Skinka skar eg tynt på kjøtskjeremaskinen min, ei fantastisk innretning som alle heimar burde ha. Slik lagde eg risottoen: Enkel risotto 1 dl arborioris 3 dl kyllingbuljong Ein skvett kvitvin 3 champinjongar eller annan sopp Ein kvart løk 1 dl frosne, grøne erter 3 ss riven pecorino eller parmesan Finhakk sopp og løk. Smelt smør i steikepanna, og ha i sopp og løk. La det frese til det er mjukt og blankt, men ikkje brunt. Hell vinskvetten i panns. Slå i risen, og la vinen koke inn. Slå på litt og litt kraft, og la den koke inn mellom kvar skvett. Når risen er “al dente” (med ørlite tyggemotstand) har du i ertene, og lar det dampe eitt par minutt til. Rør inn osten, og server med nyskoren spekeskinke. Med pecorino er denne retten mjølke- og …

Meir dessert…

Denne helga har søstra mi førtiårsbursdag, gratulerer, kjære du! 🙂 Eg lagar dessertar til eit selskap til sytti, og vertinna vil gjerne at folk skal få velge mellom forskjellige dessertar. Difor har eg laga 35 glass med appelsinsjokolademousse, 35 glas med mokkasjokolademousse, 40 porsjonar med pannacotta, denne gongen med multesaus, og sikkert nærare femti glas med god, gammaldags trollkrem. Trollkrem er ein kjempefin allergikardessert, gluten- og mjølkefri. Trollkremen lagde eg slik: 1,3 liter tyttebær 4 dl sukker 3 eggekviter Pisk alt i ein diger kenwood på full fart til det blir ein fluffy krem. Denne oppskrifta fyller den største kenwooden fullstendig. Del opp porsjonen viss du skal ha færre enn sytti gjestar. 😉 Have fun!

Klassisk minestrone

Minestronesuppe er ei av våre familiesupper. Den har blitt servert i bursdagar og andre samanstimlingar, og er veldig takknemmeleg og billig festmat. Ikkje til dei fine festane, men til kvardagsfestane, og dei er vel så viktige som dei fine. Fordelen med denne suppa er at den er veldig lett å utvide. Kjem det fleire gjestar vippar eg oppi meir pastasaus, meir bønner og meir buljong/kraft, og så blir det mat til to eller fire til. Den kan varierast i det uendelege. Dette er ein slags italiensk lapskaus, der ein tek dei grønsakene ein har i huset. Har du eit juliennejern eller ein mandolin kan du gjerne kutte grønsakene på den. Då blir dei alle i stilig, langsmal suppefasong. Dei kokar fort og, når dei ikkje er så tjukke. Slik gjer du det: Minestronesuppe 1,5 liter vatn To buljongterningar 100 g bacon Matolje Ein løk To-tre fedd kvitløk To-tre stilkar stangselleri To gulrøtter Ein kålskalk viss du har Eit glas pastasaus Ein boks bønner i tomatsaus (eller ein boks hermetiske erter) Sukker, salt og peppar ½ …

Pizza på nye vegar

Sidan pizzaen kom inn i mitt liv tidleg på syttitalet har den endra seg på mange vis. Det byrja med tjukk botn, langsteiking på 200 grader og skiver med tomat. Blæh. Etter kvart fann eg ut at tynn botn var tingen, og at fyllet heller ikkje skulle vere i tjukke lag. Tomatsaus og bacon vart ein favoritt, barna vil ha mais, og vi vaksne vil ha løk og kanskje oliven. Alle mine pizzaer endrar seg frå gong til gong. Vegen blir til medan ein går frå komfyren til kjøleskapet. Sist eg var på pizzarestaurant fekk eg ein såkalla kvit pizza, og den smakte heilt fantastisk. Sidan då har eg leita etter den perfekte oppskrifta. No kjenner eg at eg byrjar å nærme meg. Den kvite varianten har som regel rømme eller kesam som base. Begge delar funkar fint, du treng ikkje bruke ein feit type. Rømmen/kesamen kan krydrast eller smaksettast  med andre ting. Ost er også alltid med, gjerne fleire ulike i blanding. Ost og rømme må ha noko meir å spele på smaksmessig, denne …

Overflod i hagen

Det bugnar i hagen. Akkurat på denne tida er problemet å halde følge med det som gror og modnar. Eg kjøpte ein squashplante i vår, og få grønsaker er meir villige enn den. Den står der så uskuldig, men når du vender dei store blada til side ligg dei der, dei vakre, slanke squashfruktene. Squashane må plukkast inn etterkvart, dei vert ikkje så gode når dei har blitt verkeleg store. Når du plukkar ein får dei andre krefter til å bli store. I dag lagde eg squashkaker. Det er saltmat, godt egna som ein liten forrett, som tilbehør til grillmat eller fisk eller som eit vegetarisk alternativ på ein buffet. Squashkakene er saftige og smakfulle, og du kan krydre dei meir enn eg gjer. Eg har laga mine ganske nøytrale, og då er dei gode saman med røykt laks, med litt lakserogn eller lodderogn. Ein av gjestane mine, som spiste dei som vegetarrett, fekk ein søt chilisaus til, og likte det veldig godt. Eg steikte squashkakene i margarin. Vanlegvis brukar eg smør, men desse skal …

Den aller beste plommekaka

I går lagde eg ei enkel og veldig god plommekake. Eg trur ikkje eg lyg når eg seier at det er den beste plommekaka eg har smakt. Og sjølvskryt skal ein høyre på, for det kjem frå hjarta. Den er så god at eg åt berre ei fiskekake til middag i dag for å kunne ta eit flak av denne magiske plommekaka til dessert. Trikset her er at smøret som eg har i kaka vert bruna først. Det brune smøret gjev kaka ein nydeleg, nøtteaktig smak. På toppen av det heile, bokstaveleg tala, karamelliserer eg kaka dei siste minutta i omnen. Enkle grep som gjer at denne kaka smakar betre enn andre plommekaker eg har lagd. Denne er eggefri, så har du eggeallergikarar i nærleiken er denne perfekt for dei. Det som tek tid med denne kaka er at den skal lagast med bruna smør. Her er det smør som gjeld, ikkje margarin. Dette er ein ganske liten porsjon, eg har ei form som er 20×20 cm som eg brukar til denne oppskrifta. Den passar …

Vegetarpizza med aubergine

Eg er utruleg glad i alt av aubergine, og her ein kveld hadde eg ein liggande som måtte spisast fortare enn svint. Eg hadde ikkje så mykje anna, så eg lagde ein vegetarisk pizza med auberginen i hovudrolla, og så supplerte eg med ting eg fann i desse glasa du veit, som står innerst i kjøleskapet og som det er litt for lite sirkulasjon på. Slik gjorde eg det: Vegetarpizza med aubergine Pizzabotn 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker 3 ss olivenolje 2 ts basilikum ca 7 dl kveitemjøl Set omnen på 225 grader. Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i olje, salt og sukker. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand. Ha i mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus. Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen …

Radiomat

Onde tunger kan omtale ein person som eit radiofjes, altså ein som bør jobbe i radio der ingen kan sjå åsynet til vedkommande. I går lagde eg radiomat, altså mat som smakar heilt fantastisk, men som ikkje ser spesielt pen ut. Du kan til og med spise den medan du høyrer på radio, eg har prøvd. Eg var hos Ovedia og rydda litt i kjøleskapet, og der fann eg eit beger seterrømme som hadde mugna i løpet av få dagar om eg ikkje hadde forbarma meg over det. Det at denne retten er lagd med seterrømme bidreg til at den ikkje er så vakker, den skiljer seg nemleg. Brukar du creme fraiche skjer ikkje det, og det heile blir langt lekrare å sjå på. Dette er ein rett av typen minimalt med oppvask. All maten går i ei form, og du treng eigentleg ikkje eit litermål ein gong, det meste går på slump. Denne passar til to personar, for eksempel mamma og ein elleveåring. Slik gjorde eg det: Lakseform med rømme 1/2 pakke lapskausblanding 2 …

Kaker for ein regnversdag

Uansett kor ein vrir og vender på det, det kjem alltid regnversdagar i ferien. Då passar det fint å lage regnverskaker. Desse kakene vart til på ein slik dag, og dei vart også til ved at vi kikka oss rundt og såg kva vi hadde i huset. Vi hadde ein rest havregrynsgraut, vi hadde overmodne bananar og vi hadde peanøttsmør. Då var det berre å gå i gang med eksperimenteringa. På toppen av det heile visste eg at ho som skulle kome på besøk ikkje toler mjølk. Då var det eit mål å ikkje stappe kakene fulle med smør eller kesam. Dette er altså mjølkefrie småkaker, eller ”cookies”, som det heiter på nynorsk. Sidan dei er smørfrie blir dei ikkje så sprø som vanlege kjeks, men dei smakar likevel veldig godt med eit glas mjølk eller ein god kopp te til. Brune bananar er det ingen som vil spise hos oss, dei må vere nesten grøne for at barna skal like dei. Det er synd, for bananar er på sitt beste og sunnaste når dei …

Kan eg få minne om…

at det er tid for å gå ut og plukke hylleblomar? Lukt på dei slik at du er sikker på at det er hyll du plukkar. Her er oppskriftene du treng.

Skattar i hagen

Når ein finn skattar i hagen må ein bruke dei. Spesielt når det er vårskattar, dei varer så kort. Ein slik skatt er rabarbra. Ja, eg veit at eg skreiv om rabarbra for berre nokre dagar sidan, men får ein nok gode rabarbraoppskrifter? Eg syns ikkje det, problemet med rabarbra er ofte å få brukt den opp før jonsok kjem og oksalsyra gjer at den vert dårleg mat. I dag lagar eg ein fin rabarbrapai. I tillegg til at den smakar fantastisk, er den glutenfri. Det gjer at den er fin å sette på festbord der glutenintolerante ofte slit med å finne noko til kaffien. Eg lagde den med flytande margarin, og dersom du brukar Euroshopper sin flytande margarin er den dermed også mjølkefri. Det er også fort gjort å lage den. Det vanskelegaste er å piske eggekvitene, og det får du vel til? Slik gjer du det: Rabarbrapai 8 dl/400 g skylt og hakka rabarbra 175 g sukker 100 g smør eller margarin 100 g mandlar 3 små egg Sett omnen på 175 grader. …