All posts filed under: Sausar og dippar

Kjapp kvardagsmat

Trettenåringen og eg er heime åleine, og vi gjer det enkelt for oss sjølve. I dag byrja eg med tre skrelte gulrøtter, to vårløkar, ein salmalaks og ordentleg smør. Eg har fått meg eit juliennejern, ein liten dings som snittar grønsaker i lange, fine strimlar. Då kokar dei fortare, er lekrare på tallerkenen og fristar desse sære ungane mine. Gulrotpasta kallar vi det. Eg byrja med å sette på poteter til koking, og sette koketida til 25 minutt. Med dei ferske potetene du finn i butikken no er det nesten i overkant, spesielt dei som ikkje er så store og med lyst skal. Dette er ikkje vitskapeleg bevist, berre min høgst mangelfulle hukommelse frå tidlegare potetkokingar. Så lagde eg ein kjapp hollandaise. Slik gjorde eg det: Heimelaga hollandaise 4 eggeplommer (det er sikkert nok med tre, eg hadde fire, så dei gjekk i.) 2-3 ss vatn 100 g mjukt smør sitronsaft, salt og peppar Ha vatnet og eggeplommene i ein stålbolle som du set oppi ei gryte med kokande vatn. Pass på at det er …

Lekkert lam

No er det norske lammet på sitt beste, og lammefilet er perfekt til festbordet. Gå til slaktaren, viss du har slikt der du bur, og be om indrefilet av lam. Det er det lekraste du kan servere, og den milde lammesmaken er lett å kombinere med andre smakar. Vi har fest i dag, og då gjeld det å lage noko som gjer at gjestane føler at du har gjort deg føre, og som samstundes ikkje krev for mykje arbeid. Lammefilet blir best når du gjer minst mogeleg med det, så kan du heller bruke litt tid på tilbehøret. Eg serverer lammet med omnsbakte båtpoteter, som eg krydrar og bakar i langpanne som er trekt med bakepapir. Eg serverer også to ulike salatar, ein klassisk mozarella-salat og ein grøn salat med avocado og paprika. Til salatane serverer eg ein klassisk vinaigrette som vert emulgert med honning, sennep og eggekvite til ein lett, smakfull dressing. Slik lagar du den: Senneps- og honningvinaigrette Ei eggekvite 2 ts dijonsennep eller ein annan sterk sennep 2 ts honning 1 dl god …

Grøda i hus

Å få grøda frå hagen i hus er ei sann glede. I dag har eg plommer på kjøkenbenken, og lagar ein lett pai. Når det først er plommeår renn det over. Her hos oss er det plommeår i år, og dei vi får plommer av slit med å bli kvitt dei. Eg melder meg frivillig, og tek i mot det eg får. I hagebyane i Oslo står det mange frukttre, og du kan lett finne eit skilt som seier at du kan kome og plukke. Mange eldre bur med store hagar, og treng ikkje på langt nær så mykje frukt som hagen produserer. Då støttar eg prinsippet om å dele goda. Mange set også kasser med eple ved porten, slik at dei som ikkje har epletre kan få. Fint, ikkje sant? I dag har eg altså fått ein balje med plommer frå foreldra til ein kompis, og eg bestemte meg fort for å lage ein deilig pai med krema fyll. Fyllet er lagd med kesam, kremost og egg, og eg gir ekstra smak med vanilje. …

Oppdeling av lam og lammelår i omnen

Som eg har sagt tidlegare; det er ho Heidi som kan å lage mat av oss to. Eg driv berre og forenklar og eksperimenterer, ho gjer det slik det skal gjerast. I dag har ho for enkelheits skuld delt opp skrotten av eit villam, og heilsteikt låret. Eg bøyer meg i støvet, og vonar eg får smake. Alt godt Det meste av kjøtet vi et kan vi kjøpe gryteklart pakka i vakuum eller plast. Det er fort gjort å få det på plass i  kjøleskåp eller frysar. Min generasjon er vel den første som opplever denne lettvintheita. Vi slepp å tenkje på ver og vind, og bekymre oss for om kjøtet er salt nok til å hengast opp. Eg hugsar godt bekymringane til far om tørt spekekjøt og ribbe til jul, og diskusjonar med nabokarane om korleis få spekekjøtet tørt denne hausten.- Og kor grusomt vi ungane syntest det var då det kom fluger og makk i spekekjøtet. Vi trudde aldri vi skulle få ete meir spekekjøt det året. Mine ungar si erfaring med kjøt …

Gull i skogen

Før vi veit ordet av det er haustetida over oss. No er skogen full av gull i form av kantarellar og liknande, som står og ventar på å få kome i grytene våre. Dei siste åra har eg plukka mykje sopp, og byrjar få taket på det. Nokre hovudreglar må ein alltid følgje: Plukk aldri sopp du ikkje er 100% sikker på, og gå alltid med erfarne soppfolk dei første turane. Ei bok er fint, og skal alltid vere med i korga, men likevel kan ein ta feil når ein bestemmer soppar etter bok dersom ein er for rask og unøyaktig. Ta med ein liten, skarp kniv og ein bakepensel på tur, så har du gjort unna den verste rensinga før du kjem inn, og det vert mindre rusk og rask inne. For å få til det med sopplukking løner det altså å snakke med erfarne soppfolk som går i det same terrenget som du skal gå i. Det varierer frå stad til stad kva som er vanleg å finne, og då må ein lære …

Haustleg overflod

På laurdag hadde vi det som sannsynlegvis vart den siste hagefesten for i år, og i dag regnar det. Sommaren er over, og vi sat inntulla i pledd med bål på grillen for å halde varmen. Men det er fint med ein slik fest, der vi set på bordet haustleg overflod av god mat og godt drikke. Vi markerer overgangen til hausten og feirar den årstida då vi kan hauste alt som har modna. Hos meg bugnar det av plommer, og eg leitar stadig etter nye, gode måtar å bruke dei på. Dei er søte og saftige, men må plukkast når dei er modne, og dei held ikkje lenge. Min kjøpmann frå Kashmir klagar over dei norske plommene, dei vert så fort skjemte i butikken, meiner han. Så kjøp dei når du finn dei, eller plukk dei i hagen viss du er så heldig å ha eit plommetre. I dag får du oppskrift på deilige bakte plommer, og viss du lagde plommeedikken eg foreslo for eitt par veker sidan så kan du faktisk bruke den …

Nepalmat

Eit husbyte brakte oss til Nepal for tre år sidan. For eit fantastisk land! Venlege folk, vakker, gamal arkitektur, eit yrande dyreliv og behageleg temperatur gjorde at vi følte oss heldige som fekk oppleve dette. Vener og familie er allereie plaga med lysbildeframvising, eksotisk krydder, historier om levande gudinner og ville aper. No er det dokke matglede-lesarane som står for tur. I dag skal du få lære litt om nepalesisk matkultur. Nepal er eit fjelland, og for oss nordmenn er det lett å føle seg heime der. Det er eit gjestfritt folk, og kjem du rundt på landsbygda kan du vere sikker på å bli boden ein porsjon med Dal Bath. Dal betyr linser, viss du ser på linseposane i dei norske innvandrarbutikkane står det ofte dal på pakken. Linsene kokar dei til ei tjukk suppe, som dei krydrar på tradisjonelt vis. Dei gule linsene er vanlegast, men du kan og brune brune eller grøne linser viss du har det i skapet. Bath er ris, og den vanlegaste ristypen i Nepal er den aromatiske basmati-risen. …

Kjapp ryddemiddag

No er det like før vi reiser, og franskmennene som bur i dette huset skal bu her hos oss. Då gjeld det å spise seg ut av kjøleskapet, slik at dei skal ha plass til sitt der. Vi set att eit måltid som dei kan spise når dei kjem så dei slepp å springe rett i butikken, bortsett frå det så ordnar dei seg sjølve. Vi hadde ei sommarskinke liggande, den dampa eg i krafta frå posen i form med folie over i omnen. Det går fint viss skinka er kokt og skoren i skiver, då blir den fort varm. Krafta frå forma hadde eg i sausen til slutt. I skapet hadde eg durumkveitegryn på boks, sikkert kjøpt i Sverige på ei eller anna utflukt. Det har eg aldri prøvd før, men det smakte nydeleg. Eg lagde det til omtrent som når eg lagar bulghur eller couscous, bortsett frå at gryna er ferdig bløytte og kokte, så det trengst ikkje væske i blandinga. Det blir ein slags varm grynsalat, saftig og lett å variere. I …

Veggis-tortellini

Eg er inne i ein «i all enkelheit»-stim når det gjeld matlaging, og det er kanskje like greit.  Ungane er bortreist, vi kjem oss til bordet seint, og det er fristande å ty til enkle middel. Men enkle middel kan sjølvsagt også smake godt, og det er ei slik oppskrift du får av meg i dag. Eit av mine favorittilbehør er bakte, store soppar. Du kan bruke dei fancy portobellosoppane, eller du kan bruke billige, store sjampinjongar viss du finn det. Eg dyppar dei i ei gugge av teriyakisaus eller grillsaus, og flytande bremykt, og så bakar eg dei i omnen. Dei kan spisast som dei er, eller brukast i ein salat eller ein saus.  Asparges blir heller aldri feil, og dei har noko av den same umamismaken som sopp har; ein slik kjøttaktig, mør og saftig smak som ikkje er salt, men som berre er god. Slik gjorde eg det: Veggistortellini med asparges og sopp 1 pakke tortellini med spinat og ost To store sjampinjongar  2 ss teriyakisaus eller grillsaus 2 ss flytande bremykt …

Ruccolapesto

Er du så heldig at du har stauderuccola så kjem den att år etter år. Diplotaxis tenuifolia heiter den, og kom visstnok i ballastvatnet til skip langs sørlandskysten og har etablert seg der. Den har gule blomar, og ein fin, sennepsaktig smak. Ikkje utan grunn at svenskane kallar den sandsennep. Enkelte hevdar at det norske namnet er steinsennep, men det har eg ikkje vore borti.  Ei venninne trengte opprydding i ruccolakrattet sitt, og melde meg frivillig til å eksperimentere med fangsten. Ein heil brødpose vart med heim, då eg vog den kom eg til 315 gram. Her får du oppskrift på halv mengde, det er ikkje alle som har ein heil åker å ta av. Slik gjorde eg det: Ruccolapesto 150 g ruccola 1 fedd kvitløk 1 dl olivenolje 2 ts kapers 2 ss kvit balsamico eller annan lys eddik 100 g parmesan 100 g pinjekjerner 1 ts sukker 1 ss strøkavring salt og peppar Riv osten. Køyrer du osten i matmølla risikerer du grove bitar som det ikkje er noko stilig å møte på …

i dag må vi ha noko lett…

Når termometeret passerer 30 grader i Oslo er det grunn til å løfte augnebryna. Det er lenge sidan eg har opplevd det. Her kjem ei lett men mettande salatoppskrift, det blir ein ordentleg middag av denne salaten.  Eg har slutta å plukke av aspargesen i hagen, men i butikken har dei masse. Bacon er ein favoritt i salatar, og i dag har eg supplert med squashskiver. Eg steiker baconet først, så kan eg la det trekke på eit handklepapir medan eg steiker squashen i baconfeittet. Det gir god smak. Til slutt fresar eg aspargesen litt, slik at den blir knapt mør. Slik gjorde eg det: Sommarsalat Ein skalk issalat Ein neve ruccola seks tomatar Eit lite knippe grasløk Ein lys stilk stangselleri 100 g bacon 400 g asparges Ein squash Vask salat og tomatar, og la dei renne av. Knekk aspargesen der den gjev etter nederst på stilken. Skrell den litt nederst. Skjer squashen i skrå skiver. Steik baconet på middels varme til det er sprøtt. La det renne av. Steik squashen først, og så …

Baba ganoush

Denne auberginretten har eg fått mange søketreff på, sjølv om eg ikkje har hatt oppskrift på den, berre nemnt den i forbifarta ved nokre høve. Baba ganoush finst under mange namn, i Hellas kallast den melitzanosalata. I Syria kallar dei den muttabal. Du finn ein variant av denne retten i India og, då under namnet Baingan Bartha. Eg må med ein gong understreke at baba ganoush  et ein ikkje fordi den ser så lekker ut. Den blir ein gråleg masse, tiåringen min meiner det må vere slik det ser ut inni hovudet… Men den smakar fantastisk, og då skal ikkje utsjånaden spele ei rolle, skal den vel? I baba ganoush spelar tahine ei viktig rolle, den framhevar den røykte smaken du får når du varmebehandlar auberginen. Tahine er malte sesamfrø, og er ein fast ingrediens i middelhavskjøkkenet frå Hellas og rundt med klokka til Marokko. Slik gjorde eg det: Baba Ganoush 2 store auberginar 1 fedd kvitløk, knust 1-2 ss sitronsaft 1 ts malt spisskummen (kan sløyfast) Salt og peppar 1 dl tahine Ei ts …

Den enklaste desserten

Dessert til mange er alltid ei utfordring. Eg er glad i frukt, men er ein smule lei av den klassiske fruktsalaten, sjølv om ein legg sjela si i å lage ein god lake og alt det der.  På festen vi hadde her heime her om dagen lagde vi fruktspyd med rømmesaus. Det var ein stor suksess, lett å spise, visuelt spennande og passe friskt etter eit stort måltid. Dette er ein kjempefin dessert i barnebursdagar, bursdagsbarnet kan sysselsettast med å sette saman spyda så har du fred for eventuelt mas ei periode. 😉 Denne oppskrifta vart meir enn nok til 15 personar, kvar fekk to spyd. Alle spiste ikkje to med det same, men utpå kvelden var det mange som tok seg eitt til. Rømmesausen serverte vi på ei lita skål som sto på plassane då folk sette seg. Sitronmelisseblada gløymde vi i farta, slikt skjer når ein lagar MYKJE mat på kort tid. Slik gjorde vi det: Fruktspyd 30 grillspyd 2 korger jordbær 1 kg druer Ein vannmelon Ein honningmelon Ein ananas Sitronmelisseblad Del …

Deilig nykål

No har nykålen komt! Saftig, sprø og fin ligg den i grønsaksdisken og ventar på å få bli med heim. Den passar til det meste, men alle tradisjonelle rettar med kokte poteter med saus vert betre med fersk nykål som så vidt har hatt ein liten tur i kokande saltvatn. Eg skar kålhaudet (ja, eg veit det heiter hovudet, men vi seier ikkje det…) i fire, og dampa det i to-tre minutt i godt salta vatn. To barneskeier salt til 7-8 dl vatn blir passe syns eg. Ein sprut sitronsaft i vatnet gir god smak.  La kålhaudet renne godt av, det er utruleg kor mykje vatn som gøymer seg inne i ein slik skalle. Så lagde eg ein deilig sommarsaus, og serverte med noko så enkelt som steikte fiskekaker og nypoteter frå syden.  Dette er sommarsmak for meg, sjølv om eg måtte ta på meg sokkar i ettermiddag, så kaldt var det. No må det bli sommar snart, ikkje berre kalendersommar!  

På vikingevis

I dag skal vi gå drastisk til verks, vi skal lage mat slik vikingane gjorde det. Mat ute smakar best, men det treng ikkje alltid vere matpakke eller grilling når ein skal lage til eit godt måltid ute. Eg fekk vere med på å koke kjøt og fisk i kokegrop, og det er ein spennande og annleis måte å lage mat på. Du kan variere på mange måtar, og sjølv om det tek litt tid så er det spennande når alle som er med på tur gjer sitt til at måltidet vert ferdig. Å lage ei kokegrop er ikkje så komplisert, men du treng litt utstyr. Du treng ein stikkspade, ei greip og/eller ei hakke, eit par kraftige hanskar, ein sekk ved og 25-30 steinar på storleik med eitt par knytnevar kvar. Sjekk ut reglane for bålbrenning før du går i gang, det kan hende at du treng løyve. Finn ein stad der jorda er fuktig, steinfri og fin, med eit solid lag med gras på toppen. Myrjord fungerer kjempefint til å lage kokegrop i. Bruk …

Dagens enkle

I går trengte eg ein kjapp middag, og heldigvis hadde Singh, vår lokale landhandlar (viss ein kan kalle han det når han driv butikk innanfor ring 2…) ope. Eg fekk tak i fiskekaker, tomatar og hamburgerbrød. Resten hadde vi i kjøleskapet og i hagen.  Eg steikte fiskekakene i steikepanna, og rista brøda i brødristaren. Så lagde eg denne dressingen: Hamburgerdressing 2 ss majones 1 ss remulade 2 ss oppklipt graslauk 2 ss kesam 1/2 ts honning Salt og peppar Bland alt, og smak til. Ha litt dressing på nedre del av hamburgerbollen, og legg på salatblad og tomatskiver. Legg på fiskekaker, og ha på litt dressing til. Likar du ketchup i slike installasjonar så pøs på. Litt sylteagurk eller kapers er også godt. Mmmm!    

I morgen er det sommer

”I morgen er det sommer”, fortalde den austlandsfostra sonen min meg, han hadde sett ei sol på vermeldinga. Så feil kan ein ta, ute er det så vidt temperaturen kryp over 12 grader av og til, og regnet silar ned rett som det er. Men inkje er så gale at det ikkje er godt for noko. Hagen min er fin og grøn, det har til og med kome gras på nokre flekkar der det før berre var grus og groblad. Plenfrøa trivest tydelegvis med 12 grader pluss og lett regn. Rabarbraen kjem og trufast, trass i at den brutalt vart greven opp i vinter av UPC som kom for å legge inn breiband i huset vårt. Og breitt var det, vi har fått eit nytt bed som kallast UPC-bedet, ei meterbrei stripe som før var plen, men som no er fylt med fiolar, tusenfryd og alperips. Litt sitrontimian har vi og funne plass til. Graslauken syns og at veret har vore greitt, han står så strunk og fin med masse lilla blomster. Svigermor mi har …

Shish kebab

 Sjølv om det ikkje er lenge sidan snødrevet sto om øyrene på oss er det freistande å byrje tenke på å ta fram grillen frå garasjen. Ut med gammalt kol, rista må i salmiakkvatn og skrubbast med stålbørste, og så er vi klare til ny grilldyst med nye oppskrifter. Først må vi ta med nokre grunnprinsipp for grilling: Brukar du grillkol, så tenn grillen i god tid før maten skal lagast, minst ein halvtime før du skal byrje å grille. Legg kolet i ein haug på midten utan rista på når du tenner opp. Når kola er blitt kvite av oske lønner det seg å legge hovudmengda av grillkolet på eine sida av grillen. Då kan du flytte maten bort frå den mest intense varmen når kjøtet står i fare for å bli svidd, og bruke meir indirekte varme. Ha alltid ei bøtte og ei spruteflaske med vatn i beredskap, og hald ungane unna. Eg har fått meir og meir sansen for å grille lammekjøt. Det er mildt og godt på smak, og tek til …

Fuglefrø

”Skal vi ha fuglefrø til middag?” Jenta mi lurte storligen då ho såg meg stå med ei steikepanne full av ulike sortar frø. Eg blanda frø som eg rista og strødde over salaten. Prøv å blande graskarfrø, solsikkekjerner og pinjekjerner. Varm steikepanna opp til det ryk av den, men ikkje ha i feitt. Rist frøa medan du drysser over salt. Graskarfrøa poppar lysteleg i panna, og solsikkefrøa og pinjekjernene får ein pen, brun farge. Pass på at du ikkje brenn dei, dei skal berre så vidt skifte farge. La frøa kolne på ein tallerken. Lag ein enkel salat med ruccola, issalat og det du måtte ha i kjøleskapet. Dryss frøkjernene over, og skav litt parmesan på. Deilig! Dette kan du bruke som sunt laurdagssnop og. Pappaen påstår det er godt som snacks til øl… Som du forstår driv eg med tilbehør for tida. I går fekk du greske grønsaker, viss du poppar fuglefrø og har dei i ein sprø salat er dei fleste fornøgde. Då manglar vi berre noko vått til. Eg har ikkje lyst …

Festbord i mai

I desse glade maidagar står invitasjonane i kø, og får du ingen så lag din eigen fest og gled dei du kjenner. Eg har fått meir og meir sansen for å samle vener og familie på ettermiddagen på 17. mai for eit roleg og koseleg lag med god mat og god stemning. Eg har også stor sympati for vertskap som bakar godt brød, handlar drikkevarer og ber gjestane ta med ein rett kvar.  Berre brødet er godt og smøret mjukt kan det bli kjempevellykka.  Satsar du på lyse og lette rettar, gjerne basert på sjømat som her, passar ein kvitvin, gjerne musserande, til heile måltidet. Her kjem oppskrift på eit godt brød, og på nokre gode smårettar som er fine å ta med seg til dette kloke og gjestmilde vertskapet. Lagar du rettane sjølv, vil du sjå at eg har tenkt på at mesteparten skal kunne gjerast på førehand, slik at det vert mindre stress når gjestane kjem. Godt brød 1 liter lunka vatn             2,4 liter (ca. 1,5 kg) …

Sommarfuglar

No er aspargessesongen her for fullt, og dei skyt opp av jorda som små, lillagrøne spyd. I hagen min har fire stykke kome opp, og dei kjem snart til å bli knekt av og spist rett frå bedet. Når ein aspargesplante er ung skal aspargesane skal få stå og gjere rota sterk og skytevillig. Tre år skal det gå frå ein plantar asparges til ein kan byrje å ete av den. Før det skal stilkane få strekke seg fint opp i lufta og blomstre. På den måten samlar den krefter til verkeleg å jobbe hardt dei neste 60 somrane. Ein asparges som får stå og gro heilt til den visnar liknar nesten på dill. Likskapen med planta som heiter aspargesbregne er slåande. Har eg lært deg å lage laksesommarfuglar? Det er ein lettvint måte å lage laks på, som også ser lekker ut.  Den passar perfekt til nykokte, sprø asparges. Så lagar eg gjerne ein hollandes-saus til og, ein smørsaus som er ein klassikar frå det franske kjøkenet. Den finst på pose og, men ikkje …

Den verkeleg store festen – party til 100

Camilla kom med ei utfordring til meg: Kva skal ein servere på fest til 100? Eg er ikkje vond å be, så her kjem mitt menyforslag. Eg foreslår to salatar, ein gresk og ein libanesisk taboluleh, tre hovudrettar; laks med pesto, svinekam og kjøttbollar i tomatsaus, samt fruktsalat med ostekrem til dessert og ei kake til slutt. (Kake kan du enkelt be andre om å lage. Gje dei gjerne konkrete ønske og volum.) Litt om innkjøp først: Når ein lagar mat til 100 lønner det seg å kjenne nokon som har tilgang til engros-handel. I Oslo-området og mange andre plassar finst det storcash-butikkar, der ein må ha kort for å handle. Eg har kort der gjennom skulekorpset eg er med å administrere, og det skal ikkje mykje til for å få eit slikt kort. Alle som driv kaféar, restaurantar og kioskar får det, og alle frivillige organisasjonar får det, berre dei har eit organisasjonsnummer. Ikkje alt løner seg å kjøpe der. Nøkkelen til gode innkjøp er å vite kva ting SKAL koste. Vi blir lurt …

Frittata

Etter at eg for nokre år sidan kom til at eg ikkje måtte gå på ski fordi om mor mi ville det, har påska fått ein heilt ny verdi i mitt liv. Eg feirar bypåske, besøke-familie-påske  og i år feira vi reise-til-våren-påske. Snøen låg framleis i hagen då vi pakka bilen og vende nasen mot Danmark. Grønt og vent var det der, og blomane var komne mykje lenger enn her hos meg. I butikkane var det knallraude, solmodne tomatar frå Spania, små, søte sukkererter og eg fann dette vinhavet som dei snakkar om i EU. Du har sikkert høyrt at dei held seg med eit smørberg, eit vinhav og ulike andre oppsamlingsstader for overproduksjon frå den europeiske landbruksmarknaden. Vinhavet ligg og skvalpar i butikkane på grensa mellom Danmark og Tyskland, der kostar 10 liter raud vin i pappkartong 70 kroner. Det er ganske sikkert ikkje første klasse, men førsteklasses vin var jammen ikkje dyr den heller. Så vi gjekk inn i sydlandsk modus, og koste oss med europeisk overproduksjon av toppkvalitet. Kloke av skade tok …

Deilige restar

Som eg allereie har fortalt om, fann eg ein flott hamburgerrygg i den lokale butikken nær der vi budde i Danmark. Hamburgerryggen er den utbeina svinekammen, som er salta og røykt før den vert kokt. Den eg fann var rå, så eg la den i ei gryte, og dampa den.  Sjølv om eg kjøpte berre 800 gram, vart det tre gode skiver til overs etter at vi åt den som middag. Kjøtet fekk vere med i ein deilig salat med tomatar, avokado og sukkererter som vi spiste til lunch. Slik gjorde eg det: Lunchsalat 200 g kokt hamburgerrygg Ein avokado 200 g blanda salat, rukkola, spinatblad og lollo rosso, til dømes 100 g sukkererter 200 g tomatar 50 g reddikar viss du har Litt hakka grasløk 50 g fetaost Dressing: 3 ss eplesidereddik eller kvit balsamico 6 ss olivenolje ½ ts salt Grovmalt peppar 1 ts honning Rens, vask og tørk salaten, og fordel den utover eit fat. Del tomatane i to, og fordel dei utover. Skyll sukkerertene, og ha dei i salaten saman med …

When in Denmark…

-do as the danes? I går gjorde vi det, med ein ekte, dansk grisemiddag. Gjestane som kjem i dag toler ikkje så godt gris av medisinske årsaker, så difor måtte vi nytte høvet og ete det før dei kom. I butikken fann vi ein heil, fersk hamburgerrygg, ca. 800 g. Den fekk selskap av ein saus som vart eit kompromiss mellom dei som ville ha sennepssaus og dei som ikkje ville ha det, og grønsaker og nypoteter frå EU. Slik gjorde eg det: Dampa hamburgerrygg 200 g fersk (rå) hamburgerrygg per person 5 dl vatn Legg hamburgerryggen i ei gryte du har tett lok til, og sett det på plata på middels varme. Slå på vatnet, og la kjøtet dampe til det er gjennomkokt, her tok det ca. 45 minutt. Større stykke krev lengre dampetid. Hamburgerrygg (og alt anna røykt svinekjøt) er så salt at det må dampast i reint vatn. Vatnet vert god kraft etterpå. Sennepssaus light 3 ss smør 2 ss kveitemjøl 1 liter mjølk ein neve hakka graslauk ei spiseskei sterk, finmalt …