Latest Posts

Ny sunnmørsturné!

Ja, no held Samlaget og eg på å legge planar for ein ny runde på Sunnmøre for å signere bøker og heie Smalhans ut i butikkane og under juletrea.

Dette skjer helga 18.-20. november, men no har eg akkurat fått beskjed om at det vert bokhandlartreff i Ålesund torsdag kveld, så då møter eg sjølvsagt opp dagen før. Fredag skal eg uttil Herøy vidaregåande skule, og lage mat saman med flinkisane som går på kokkelinja der.

Så jobbar vi for å få til ei signering på ein bokhandel i Fosnavåg sidan eg likevel er der, og sidan det er ein strålande fin plass. Laurdag skal eg lage haloi på skulekjøkkenet på Larsnes, der vert det ope skulekjøkken med smaksprøver, og kanskje får nokre lov til å prøve seg som assistentar og. Laurdag kveld har vi nokre idéar, men vi er ikkje heilt i boks enno.

Søndag ettermiddag, i tretida, tenker eg, er det presentasjon av Smalhans på Aasen-tunet i Hovdebygda. Der blir det også smaksprøver og anna matmoro. Etter meg kjem Arnhild Skre og skal presentere den Brage-nominerte Hulda Garborg-biografien sin, så det blir Samlagsmoro frå vegg til tak.

Så de av lesarane mine som er i området: Kom og treff meg! Det er det beste eg veit, å møte blogglesarane mine i levande live. Vi sjåast på Sunnmøre!

Meir gjenbruk

Middagen du fekk oppskrift på i går vart suksess, men sjølv om alle likte den godt så sat eg att med tre fiskebitar då eg rydda av bordet.

Dermed vart det nok til ein gjenbruksmiddag for to. Det er vel å ta i å kalle dette ein fiskegrateng, det er vel heller gratinerte middagsrestar. Men godt vart det, så eg postar det likevel. Eg putta potetene og grønsakene i forma, så du treng ikkje koke noko ekstra til. Oppvask spart! Slik gjorde eg det:

Gratinerte middagsrestar

ca. 300 g restefisk

ca. 1 dl «restesky»

8-10 kokte asparges

5 poteter

1 purre

2 ss smør

2 ss mjøl

4 dl mjølk

3 ss persille

Salt, peppar og sitronsaft

Set steikeovnen på 200 grader. Del potetene i skiver, og fordel dei i botnen av forma. Del fisken i bitar, og fordel den oppå potetene. Del aspargesane i relativt korte bitar, og ha dei i forma. Rens og skyll purren, og fordel den utover i forma.

Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og rør til det er glatt og putrar lett. Rør inn mjølka litt og litt saman med sjya frå dagen før. La det koke til mjølsmaken er borte, ca.5 minutt. Smak på sausen før du smakar til med meir salt, peppar og sitronsaft. Du kan også ha i litt muskat viss du likar det.

Hell sausen over forma, og gratiner det heile på 200 grader i ca. 25 minutt. Server med flatbrød og kanskje ein salat.

Persillebakt sei

Eg klarer ikkje alltid å variere seimiddagane våre. Vi har fast forsyning så ofte som vi vil frå Sunnmøre, så tilflyten er det ingenting å seie noko på. Men når eg lagar det til blir det fort til seibiff. Det er godt, men nye vriar er også velkomne.

I går lagde vi ei form med sei som vart veldig god. Eg var ute i hagen og fann noko som kanskje blir den siste persillen for i år, og så køyrde eg den i matmølle med heimelaga urtesalt og smør. Seien vart bakt med dette persillesmøret som topping, og med purre og kvitvin i forma. Slik gjorde eg det:

Persillebakt sei

700 g sei

4 ss meierismør

Eit knippe persille

1 ts urtesalt

Ein purre

1,dl kvitvin

Salt og peppar

Sett omnen på 200 grader. Skjer filetane i porsjonsstykke, og legg dei i forma. Ha på salt og peppar.

Klipp persillen oppi ein liten hakkebolle, og ha i smør og urtesaltet. Køyr dette glatt. Fordel persillesmøret over filetane.

Rens og kutt purren i tynne skiver, og fordel rundt og imellom filetane. Slå vinen over. Har du ikkje vin, kan du erstatte den med 1,5 dl vatn og 1 ss sitronsaft.

Bak filetane på 200 grader i 15 minutt. Server med kokt asparges og poteter. Syns du det blir for lite sjy kan du supplere med ein klatt rømme på tallerkenen. Serverer du den med kokt blomkål er den kanskje til og med lav-karbo? 😉

Graskarsuppe

På oppmoding legg eg ut oppskrifta mi på graskarsuppe. Å kaste innmaten som du grev ut av graskaret for å lage lykt er synd og skam, den massen kan bli til ei deilig suppe. Slik gjer du det: gresskarsuppe

Graskarsuppe

Ca. 1,5 kg graskarkjøt

To løkar

4 fedd kvitløk

1 ss tomatpuré

2 ts spisskummen

1 ts paprika

Smør eller olje

1,5 liter vatn

Buljong

Fire-fem salvieblad

Riven muskat

Salt, peppar og sukker

Finhakk løken og kvitløken. Fres den i smør eller olje i ei vid gryte. Ha i tomatpuré, paprika og spisskummen. Grovhakk graskarkjøtet. Fres nokre minutt før du har i graskarbitane. Slå på vatn og det du måtte ha og like av buljong samt riven muskatnøtt. Hakk salvieblada, og ha dei i. Har du ikkje salvie, så kan du bytte det ut med litt timian.

La suppa koke i 20 minutt. Køyr den glatt med stavmiksar før du smakar den til med salt, peppar og ei klype sukker. Server med godt brød og smør til. Brukar du olje i suppa er denne suppa mjølkefri, og den er naturleg glutenfri.

Jøss!

Syns du livet er litt for mykje i vater? Det kan eg fikse.

 

Og vinnaren er…

Eg hadde eigentleg satt påmeldingsfristen til onsdag ved midnatt. Men så plukka forlaget opp at eg hadde laga konkurranse, og så vart det plutseleg fleire deltakarar som meldte seg på.

Då vart eg nøydd til å gjennomføre eit jurymøte med meg sjølv, og fann ut at eg lot etterslengarane vere med i trekninga. Men då eg gjekk inn på http://www.random.org så valde den automatiske tallgeneratoren talet to. På andreplass på mi liste sto Lise! Så Lise er vinnaren av av boka Frie kaker. Gratulerer! Eg legg ved skjermdump som dokumentasjon.

Moderne vilt

Urinnstinktet kjem fram i oss når vi får samle og jakte.

For min del handlar det mest om samling, men eg har folk i nær familie som også vil jakte, og då dryp det på oss når viltet skal parterast og fordelast. To dugelege stykke reinsdyrkjøt fekk vi ta hand om, og det vart mat til seksten svoltne vaksne og ein liten gjeng med barn i tillegg.

No har eg tilpassa oppskriftene til eit alminneleg søndagslag, så du kan gjenta suksessen om du får tak i godt kjøt. Viss du følgjer denne oppskrifta har du mat til iallfall åtte personar.

Det moderne ved den er at eg serverer den med ein plommechutney i staden for det klassiske tyttebærsyltetøyet, og at eg smakset sausen med blåmuggost i staden for meir tradisjonelle ingrediensar.

 Denne oppskrifta kan brukast både på hjort og elg. Ikkje bruk den på det aller finaste kjøtet, dette kjøtet vert kokt lenge, og alt vert mørt med så lang koketid. Å lage gryte til mange er ei logistisk utfordring, det er eit stort og grisete arbeid å steike kjøt i bitar til så mange.

Etter inspirasjon frå ei flink matdame i slekta gjorde eg det enklare for meg sjølv, og lot kjøtet kose seg på låg temperatur i langpanne før eg gjekk i gang med sjølve gryta. På denne måten sparte eg meg arbeid og nedvask av kjøkkenet. Den måten å lage elggryte eller reinsdyrgryte på er genial.

 Ei gryte som dette har nokre viktige ingrediensar. I tillegg til kjøtet kjem bein og avskjer, som er perfekt til å koke kraft på. Sausen er basert på kraft og fløte eller rømme, eg brukte begge delar i mi oppskrift. Sausen må smaksettast, og då kjem dei klassiske smaksemna inn; noko søtt, noko surt, noko salt og noko bittert.

Ein brukar ofte brunost i slike sausar, men eg har ein mjølkeallergikar ved bordet, så den kunne ikkje bli med. Rognebærgelé eller ripsgelé derimot, er perfekt til slikt bruk. Uansett bør det vere noko søtt i sausen. Ei skei solbærsaft kan også gjere susen.

Som salt ingrediens brukte eg roquefort, den er aromatisk, litt bitter, skarp og veldig god.  Den er laga av sauemjølk, mange mjølkeallergikarar toler den godt. Fløte og rømme får du utan laktose. Viss du vil bytte den ut med noko kan du til dømes bruke soyasaus, til dømes soppsoya.

Og kva var mitt bidrag bortsett frå kokkeleringa? Ein raus porsjon traktkantarellar. Dei finn du overalt i skogen, lær deg dei og gled deg over å kunne samle denne smakfulle og enkle soppen. Den gir utruleg mykje aroma med lite volum, og er ein viktig ingrediens i alle mine haustgryter. Denne oppskrifta er nok til åtte personar.

Slik gjorde eg det:

 Viltgryte

2 kg viltkjøt i terningar

1 ss salt og 1 ts peppar

3 ss kveitemjøl

Til kraft:

Det du har av bein og avskjer

1 ts heil peppar

2 laurbærblad

2 gulrøtter

Ein løk

Ein kvist timian

1 beger rømme

1 pk matfløte

2 ss roquefort

1 ss rognebærgelé eller ripsgelé

1 ss oksefond

Salt og peppar

3 løk

2 paprika

200 g sopp

Set omnen på 125 grader.

Ha kjøtet i ein vid bolle. Ha i mjøl, salt og peppar, og vend det rundt til alt kjøtet er dekka av mjølblandinga. Legg bakepapir i ei djup langpanne, og ha i kjøtet. Legg på tett folielok, og ha det i omnen. La det stå på 125 grader i ca. 3 timar.

Skyll bein og avskjer, og ha det i ei gryte. Ha i krydder, gulrøtter og løk, og slå på vatn slik at det dekker kjøtet. La det koke opp, og skum av. La det trekke i eit par timar. Ta ut bein, avskjer og grønsaker, og kast det. Sil krafta, først gjennom ei finmaska sil og så gjennom eit klede. Ha krafta i ei gryte.

Ta det ut, fjern folieloket og hell av krafta som har danna seg. Ha kjøtet i ei gryte saman med krafta du har kokt og krafta frå forma. La det koke opp. Slå på rømme og matfløte, og ha i fond, roquefort og det søte du vil ha i. Rens grønsakene og ha dei i. La det trekke i ein times tid. Smak til sausen med salt og peppar, og eventuelt meir av det søte. Jamn sausen med litt meir mjøl som er rista ut i vatn viss det er nødvendig.

Server gryta med ein god chutney, potetmos og kokt rosenkål.

Potetmos

3 kg kokefaste poteter

100 g smør

3 dl heilmjølk

Salt og peppar

Skrell potetene, og kok dei møre. Eg brukte ein mandolin og kutta dei i strimlar før eg kokte dei, det reduserer koketida betrakteleg. La potetene renne av, og ha dei tilbake i gryta. Ha i smør og heilmjølk, og bruk ein potetstappar til å lage ein grov mos. Smak til med salt og peppar.

Årets halloweenlykter

Eg elskar å skjere ut graskarlykter!  Graskarlykter er fine, og sjølv om eg ikkje har dyrka mine eigne graskar så føler eg ikkje eg er med på kjøpefesten av den grunn. Det er gøy å sløkke lyset i oppgangen, ha nokre smålys i glas oppover trappa og så nokre skikkeleg skumle lykter innimellom.

Det er ikkje så vanskeleg og tidkrevande som det kan sjå ut heller, dei tre lyktene eg viser her lagde eg og gjestane mine i løpet av ein kveld. Du kan lage motiv på frihand, eller du kan søke etter pumpkin carving stencils, så finn du masse fine eksempel.

Her i huset fekk eg bestilling på ein minecraftfigur som heiter Creeper. Gjestane våre lagde ei fin kattelykt, også den på frihand, og den siste vart enkelt dekorert med stjerner og ein måne.

Når du skal lage ei lykt er utgangspunktet eit stort, fint graskar. Det treng ikkje vere like vakkert frå alle sider, men det bør ha ei klar og ganske symmetrisk forside. Prisane varierer veldig, eg har sett alt mellom ti og førti kroner kiloen. Når eit graskar veg fem kilo har kiloprisen litt å seie for utgiftene. Innvandrarbutikkane er billegast, no som alltid.

IMG_2429

Det første eg gjer er å skjere av loket. Skjer det med kniven skrått innover i graskaret, ikkje rett ned i det. Den skrå kanten hindrar at loket fell nedi når du legg det på til slutt.

Loket kan også skjerast i mønster.

IMG_2539

Det største av mine har eg kutta i stjernemønster. Begynn med å lage to prikkar ovanfor kvarandre passe langt frå stilken. Lag så to til, nitti grader på dei to første. Så lagar du to til midt imellom dei igjen.

IMG_2542

Då kan du lett skjere ei jamn stjerneform ved å kutte skrått inn mot stilken frå kvar prikk.

Ikkje gjer som meg, og kjøp eit graskar utan stilk. Eg hadde eit svare strev med å få loket ut av graskaret. Inni det ligg det nemleg tusen oransje, seige trådar som held loket fast, og eg måtte verkeleg lirke for å få det av. Då er det lettare å ta tak i stilken, og vippe det opp.

Når du så har fått eit fint hol må du grave ut dei oransje trådane og fjerne frømassen. Eg tek det grøvste med hendene, og finrensar med melonkulejern. Når dei oransje trådane er borte går eg laus på fruktkjøtet med melonkulejernet mitt. Du kan også bruke ei isskei dersom du har ei med ganske skarp kant.

Eit gjennomsnitts graskar har fire-fem cm tjukt kjøt, og klarer du å skrape deg ned til to cm er mykje arbeid med sjølve kuttinga spart. Det er mykje lettare å skjere eit pent mønster i graskaret når veggane er tynne. Fruktkjøtet tek du til side, det går an å lage mykje spennande med det.

Slik brukar du «stencils: Når eg finn eit mønster eg kan skrive ut, festar eg det på graskaret med to nåler. Pass på at du plasserer eller teiknar motivet på øvre del av graskaret. Lyset fell finare, og du ser ikkje telyset i “munnen” på lykta dersom motivet sit eit stykke opp på lykta.

Så tek eg den skarpaste gaffelen i skuffen (den var ny…) og stikk med nokre millimeters mellomrom langsmed der eg skal kutte. Då ser du lett kvar du skal føre kniven når du går i gang med sjølve kuttinga.

Frihandsteikningane mine er endå enklare. Eg teiknar på med penn, og har som hovudmål å få det nokolunde symmetrisk.

Ta fram det du har av små knivar, det varierer kva som er godt å bruke. Jobb med kniven innover i graskaret, ikkje nedover eller oppover. Du har betre kontroll når du lar kniven gli innover og så forsiktig i rett retning. Elles kan du fort kutte for langt, og når du har lys i lykta visest slike lange kutt.

Kutt på utsida av pennestrekane, og dytt det du skjer ut inn i graskaret med enden av skaftet på ei tresleiv eller liknande. Skjer gjerne reint rundt opningane viss fruktkjøtet har flisa seg opp, og det ser stygt ut. Vil du at lykta skal vare lenge og ikkje mygle, kan du gni den inn med vaselin både utanpå og inni.

Set lys i lyktene, og legg på loket. Ha ein koseleg halloween!

Kva gjer du når du går tom for Keso?

Du spelar på tomgodset.

Brokkolisuppe med roquefort

Eg er glad i å bruke blåmuggost som krydder eller smakstilsetting i matrettar. Den har ein fin, feit, salt og fyldig smak.

I dag har eg brukt blåmuggosten i ei suppe med brokkoli som hovudingrediens. Denne suppa går fort å lage, og er mettande og god. Server den med kvitløksbrød eller rista brød med litt av den same osten som du har brukt i suppa.

Her har eg brukt klassisk roquefort, då blir den mogeleg å ete for dei som ikkje toler kumjølk så godt. Treng du ikkje ta slike omsyn kan du bruke alle typar blåmuggost, dei gode gamle norzola- og normanna-ostane kan også brukast i denne suppa.

Slik gjer du det:

Brokkolisuppe med roquefort

1 løk

2 store poteter

Ein bukett brokkoli, ca. 400 g

Olje til steiking

100 g roquefort eller annan blåmuggost

1 liter kraft eller kokande vatn med buljong/fond

Skrell og finhakk løken og poteten. Ha dei i ei gryte saman med oljen, og surr det nokre minutt. Slå på kraft, og la det koke til grønsakene er møre. Ha i grovhakka brokkoli, og la det koke 3-4 minutt til brokkolien er mør, men framleis grøn. Ha i blåmuggosten og køyr det heile glatt med ein stavmiksar.

Server suppa med smuldra blåmuggost i, og med brød til.

Verdas beste trøffelkake

Vi må ha trøffelkake! sa kjæresten min då vi drodla om kva kaker vi skulle lage til familieselskapet på søndag.

Eg byrja å leite etter oppskrifter, og fann mange, mange variantar. Trøffelkake kan lagast med mandelbotn eller med vanleg sjokoladekakebotn. Dei villaste lagar til og med italiensk marengs som dei har på toppen, og brunar den med brulée-brennar.

Eg gjekk for den moderate varianten, med sjokoladekakebotn. Men det er kremen som gjer susen her, ein fyldig, fin smørbasert krem med eit hint av rom. Du kan velge om du vil bruke lys eller mørk sjokolade i denne kaka, alt etter kva du syns er best.

Skal kaka serverast til vaksne vert det nok best med nokre dropar ekte vare. Men i dette selskapet skulle det naturleg nok vere barn til stades, og sjølv om eg brukar å kome unna med å seie at den kaka er for vaksne og ikkje noko god for barn, så brukte eg essens denne gongen. Det hender nemleg at dei ikkje går på slikt lureri.

Slik gjorde eg det:

Trøffelkake

Kakebotn:

300 g sukker

2 egg

2 dl mjølk

150 g smør

100 g kokesjokolade

2 ts bakepulver

300 g kveitemjøl

Fyll:

100 g romtemperert smør

400 g melis

2 ss kakao

100 g kokesjokolade, eg valde lys type

3 ss kaffe

1 egg

Nokre dropar romessens

Set steikeomnen på 175 grader. Finn fram ei rund form på 24 cm, og legg matpapir eller bakepapir over botnen. Fest kanten på, og smør den lett med smør.

Pisk egg og sukker til ein luftig eggedosis. Bland saman alt det tørre. Smelt sjokoladen i smøret i ein kjele på svak varme. Ta kjelen til side. Slå i mjølka, og la det kolne litt. Vend mjølblandinga og smørblandinga inn i eggedosisen vekselsvis. Ha kakedeigen i forma og steik kaka i ca. 40 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne om den er ferdig. La den kolne.

Rør saman det mjuke smøret, kakaoen og melisen i ein bolle. Smelt sjokoladen i kaffen i vassbad. Rør inn sjokoladeblandinga og egget i smørkremen, og ha i romdropane til slutt. La kremen stå romtemperert til kakebotnen er kald.

Legg kakebotnen på det fatet du skal servere kaka på. Viss du vil kan du dele den i to, og smøre eit ikkje alt for tjukt lag med glasur inni kaka. Bruk eit langt stykke matpapir, brett det i tre på langs, og fest det rundt kakebotnen. Ha på resten av kremen, og set kaka kaldt med ein gong.

Kaka kan pyntast på mange måtar, eg valde den enkle måten, og klipte eit hjarte i matpapir som eg dryssa melis over. Du kan gjere det avansert og, og til dømes dyppe jordbær i sjokolade og legge på.

Innan midnatt! I morgon!

Eg hadde gløymt å sette ein frist for deltakinga i konkurransen om å få Frie kaker av Anne Spurkland. Gå inn i dette innlegget, og legg att ein kommentar om at du vil vere med før midnatt i morgon.

Dersom du fortel om konkurransen i bloggen din og lenkar hit får du to lodd, det same får du viss du deler på facebook. I så fall må du seie frå her, slik at eg får telt det med. Fyr laus, og få bok! 🙂

Mitt vidundermiddel

Av og til kjem ein over overraskande enkle løysingar på ting som irriterer.

Eg har lenge vore oppgitt over at det er så vanskeleg å få bort den sure lukta som lett set seg i klutar, handkle og treningsklede. Men for ei stund sidan oppdaga eg den magiske løysinga: Bruk eddik som skyllemiddel!

Dette er særleg praktisk når eg vaskar mikrofiberklutar, som ikkje skal ha vanleg skyllemiddel. Etter nokre rundar med klesvask der skyllemiddelet er erstatta med eller supplert med eddik luktar alt av tekstilar reint og friskt her i huset.

Når eg i tillegg huskar på å ikkje late att luka på vaskemaskinen, slik at ståande fukt får tørke ut, så er det ikkje meir vond lukt i klesvasken vår.

Eddik kan kjøpast som essens, og blandast ut i forholdet 1:4 for å brukast i skyllemiddelkammeret.

Men eg har høyrt at eddik kan brukast på andre måtar og. Har du funne ein smart måte å bruke eddik på?

Eg gir bort Frie kaker!

Milde gåver er alltid av det gode, og no har eg fått ei gåve som eg gjerne vil gje vidare.

Eg har fått boka Frie kaker av Anne Spurkland. Denne boka er gitt ut på Spartacus forlag, og inneheld oppskrifter på kaker utan ulike ingrediensar som enkelte er allergiske mot, eller som ein ganske enkelt ikkje har i skapet.

Sjeldan har eg funne ei så genial bok! Kokebøker er så mangt. Nokre er luftige i teksten, du får 50 oppskrifter for 300 kroner, og masse fine bilde. Det er fint og flott, men ikkje særleg økonomisk og praktisk. Anne Spurkland si bok er på ein annan planet.

Den er tettpakka med faktastoff, den er lekker og gjennomarbeida, og den inneheld enormt mange oppskrifter, minst 150, utan at eg har telt. Den er også utruleg variert, med alt frå dei alminnelege ostekakene og muffins til gulrotkuler, pakora og ei lang rekke rå kaker lagt etter raw food-prinsippa.

Har du ein allergikar i huset, i vennekrinsen eller ganske enkelt av og til går tom for basale ingrediensar som egg, smør eller mjøl, så bør du ha denne boka.

Det er nesten ingenting å pirke på i boka, men den er satt med relativt liten font, så du bør ha godt syn eller godt lys for å lese den. Råvarepresentasjonane og kjeldehenvisingane er nyttige, og bilda er enkle og ikkje for «styla». Ei flott bok, altså!

For å vere med i trekninga av boka vil eg at du skal skrive ein kommentar i dette innlegget om at du vil vere med i konkurransen. Dersom du har ein blogg, og lenkar til min blogg og denne konkurransen, har du to «lodd» i konkurransen. Har du lyst på denne boka, så kast deg utpå i kommentarfeltet!

Tenåringsfeiring

I dag er det stort familieselskap i heimen, han som til og med i går var tolv, vert tretten i dag.

Det er han fine som då han var fire sa til bestemora si: Jeg er en luring, men jeg er snill. Det er han verkeleg. Han er ein tvers igjennom fin fyr som har vokst voldsomt i det siste, men framleis vil ha nattakos av mammaen sin, og som har onsdagsjobb med å gå tur med Pixie, ein fin hund vi kjenner.

I går hadde vi fest med gutta, så kom alle frå klassen pluss eitt par til, og vi hadde bruskasseklatrekonkurranse, fem langpanner med pizza og ei med brownies, og PS3-turnering. For ein fin gjeng! Sjølv om desibelnivået var høgt, så var dei i godt humør, dei oppførte seg fint, takka og var glade for å få kome.

I dag står det ei gryte med reinsdyrkjøt på menyen, servert med heimelaga potetmos. Eg har laga ei trøffelkake for første gong i mitt liv, så viss den vert vellykka så dukkar den nok opp her. I tillegg kjem bestemor med gode rundstykke, og ein bløtkakebotn som skal fyllast med hermetisk pære, tradisjonen tru. Ha ein fin innsamlingssøndag!

You know what to do…

I morgon er det søndag, og som nordmenn flest har du kanskje tenkt å gå søndagstur?

Eg har eit forslag til deg: Registrer deg som bøsseberar i ditt nabolag, og gå søndagstur med bøsse for TV-aksjonen. Det blir årets viktigaste søndagstur.

I år går inntektene frå aksjonen til mineryddingstiltak i regi av Norsk Folkehjelp. For å bli bøsseberar ringer du 02025, eller du kan registrere deg på www.blimed.no.

Får du ikkje gått søndagstur med bøsse kryssar eg fingrane for at du tek imot dei som kjem på døra di med kontantar i lommeboka og eit smil. Er du ikkje heime kan du gi ei gåve til konto 8380 08 09005. 

Eg har prøvd å finne ein givartelefon, for eg syns det er ein enkel måte å bidra på viss eg ikkje er heime. Det har eg ikkje funne, men viss du veit nummeret så skriv det i kommentarfeltet. Uansett: God TV-aksjon!

Gjenbruk på kjøkkenet

Eg er ganske flink til å bruke restar, men enkelte restar er vanskelege å bruke opp.

Då hamnar dei lett i søpla, men eg mislikar sterkt å kaste mat, så eg prøver så godt eg kan å få brukt dei på ein fornuftig måte.

Når ein lagar pai er det ganske vanskeleg å ikkje site att med litt paideig. Du kjevlar den ut, og så skjer du rundt kanten , og så sit du der med ein liten neve deig. Her om dagen fann eg ein fin måte å bruke opp paideigen på: Bland den med havregryn og litt sukker, og lag ein smuldredeig til ei epleform!

Slik gjorde eg det:

Epleform

Ein neve paiskalrestar

75 g havregryn

50 g sukker

4 store eller åtte små syrlege hageeple

Sukker og kanel til strøing

Ha paiskalrestane i ein bolle. Ha i havregryn og sukker, og smuldre det heile saman med fingrane til det er ein grynete masse.

Skrell epla, del dei i to og fjern kjernehuset. Skjer dei i tynne skiver. Legg skivene utover i ei smurd, eldfast form. Dryss sukker og kanel mellom laga. Fordel smuldredeigen oppå epla. Steik epleforma på 210 grader i 20 minutt. Server med is, vaniljesaus eller vaniljekesam.

Eg berre minner om…

at det er tid for å lage syltetøy av grøne tomatar. Iallfall viss du har tomatplantar. Dette syltetøyet er så vilt godt at det er galskap å la tomatane gå på komposten. Eg har eit glas i kjøleskapet, og voktar det med livet mitt.

Skinkepai med raud pesto

Denne enkle skinkepaien er ein sikker vinnar til ein vennelunsj, til ein buffet eller som kveldskos ein laurdag når verken pizza eller taco står på menyen. Eg brukte raud løk og paprika i min, i tillegg til skinke. Skinka kan byttast ut med laks eller røykt makrell. Grønsakene kan også varierast etter kva du har i kjøleskapet.

Eg har testa ut ulike variantar av paiskal, med smør, margarin og med kesam i deigen. Eg har kome til at deigen med margarin er lettast å kjevle ut. Eg veit at mange har store motforestillingar mot margarin, men til paiskal fungerer det altså strålande.

Den raude pestoen som eg hadde på toppen gir ein god tomatsmak, og passar perfekt med ostemassen og grønsakene. Raud pesto kan du kjøpe på glas, eller lage sjølv, slik eg har gjort. Rekk du ikkje å lage den, eller ikkje får tak i raud pesto i butikken, så er paien god utan og.

Raud pesto

200 g tørre soltørka tomatar

100 g parmesan

100 g pinjekjerner

Olivenolje

Legg tomatane i bløyt i ei gryte i nokre timar. La dei få eit kjapt oppkok i bløytevatnet. Sil frå tomatane, og bruk tomatkrafta i ein bolognese eller i ei suppe.

Ha dei bløytte tomatane i ei matmølle saman med riven parmesan. Eg riv parmesanen fordi viss eg har den i i bitar vert det så fort osteklumpar i pestoen. Rist pinjekjernene på tørr steikepanne til dei er pent brune, og ha dei i matmølla. Køyr alt glatt. Spe med olivenolje til massen får ein fin konsistens. Oppbevar på glas. Pestoen held seg i to-tre veker i kjøleskap viss du dekker toppen med olivenolje.

Paiskal

200 g mjøl

100 g margarin

3 ss vatn

1 ts salt

Ha mjølet i matmølla. Set den på vekta, og legg i margarinen i bitar til du har hatt oppi 100 g margarin. Ha i salt. Køyr det heile til smular. Ha i vatn, og la matmølla gå i nokre sekund til, til deigen har samla seg rundt kniven.

Ta deigen ut av bollen, form den som ei rund, flat pannekake og legg den kaldt innpakka i plast i ein halvtime medan du lagar til fyllet.

Skinkepai

6 egg

200 g kremost

200 g skinke i bitar

To paprika

Ein raudløk

Fetaost i olje

Timian

Smør til steiking

Salt og peppar

Raud pesto viss du har

Sett omnen på 210 grader.

Knekk egga og ha dei i ein bolle. Ha i kremost. Rør saman egg og kremost, og tilsett ca. 1 ts salt og rikeleg med nykverna peppar. Sett til side.

Rens løk og paprika. Del løken i båtar og paprikaene i strimlar. Varm opp litt smør i ei steikepanne. Ha i løk og paprika, dryss på timian og steik det heile forsiktig til dei har blitt mørt og fått litt farge. Sett til side.

Kjevle ut paideigen til ein sirkel som er noko større enn forma di. Trykk den godt ut i kantane. Klipp av overflødig deig med ei saks ca. 1 cm utanfor paiformkanten. Legg den overflødige deigen til side innpakka i plast. Prikk paibotnen med ein gaffel, og legg eventuelt i noko som kan halde paiskalet nede. Eg brukar glassteinar som er meint for blomstervasar til dette. (Husk å ta dei ut før du har i fyllet. Jepp, det har skjedd at eg har gløymt det…)

Forsteik paiskalet i 10 minutt. Fjern det du har lagt i forma for å halde paiskalet nede. Legg i dei steikte grønsakene og skinkebitane. La fetaosten renne av. Slå eggeblandinga over, og dryss på fetaost. Legg på skeier med raud pesto, eg brukar vel til saman 6-7 teskeier.

Steik paien i 30-35 minutt. Server med ein grøn salat.

Å vere så heldig

-at sjølv om eg er heilt i kjellaren, har vondt, er trist og åleine, så kan han reparere alt. Når han kjem heim så gir han meg massasje, trøstar og klemmer meg, og så er alt bra igjen.

Tenk å vere så heldig.

Let me introduce you to…

Plommechutney

Pærechutney

Lemon curd

Kvitvinsgelé med urter

Sursøt plommesaus

Mangomarmelade med kardemomme

Sylta sopp

Eplegelé

Appelsinmarmelade x2

Hylleblomstgelé

Tomatmarmelade

Myntegelé

Eplemos

-Ein del av produksjonen som vart gjort i helga. 🙂

Vi held på…

GundaM fotograferer, men eg snik meg til eit bilde innimellom. Heldigvis skin sola i Trøndelag. No skal vi ut og fange sollyset. Ha ein fin søndag!

Har du grøne tomatar? Er dei i Trøndelag?

Gundaene lagar safte- og syltebok, og denne helga skal vi lage og fotografere haust- og vintergreiene.

Men vi må ha grøne tomatar! Har du tomatplantar som ikkje har rukke å kome i mål med saftige, søte, raude tomatar? I så fall vil vi veldig gjerne ha dei, og sylte dei og lage marmelade av dei. Har du, eller veit du om nokon som har, så sei frå! Vi hentar. 🙂