All posts filed under: Tilbehør

Torsk i ny drakt

Har du ein favorittfisk? Min favorittfisk er torsk. All fisk går fort å lage til, men torsken er så utruleg takknemmeleg både å krydre og å lage til at den kjem ofte på bordet heime hos oss. Og ikkje minst, alle, store og små, gjestar og fastbuande, et den med stor glede. I dag har eg brukt loin, altså ryggstykke. Butikken eg handlar i pakkar loinen i eigen emballasje, du finn også torskeloin i vakuumpakning på same måten som du får salmalaks. Det er jo litt luksus, og du kan lage din eigen loin ved å kjøpe ein heil torsk og skjere den i ulike delar. Andre delar av fisken kan du bruke til fiskemat, fiskesuppe eller gryter. Å lage denne middagen kan gå veldig fort viss du har førebudd deg litt. Særpreget ved retten er at torsken vert servert med ein saus basert på grilla paprika, og så serverer eg ein salat med aubergin og tomatrøre. Det som tek lengst tid er å grille paprikaen og å lage til auberginen. Grilla paprika får ein utruleg …

Det steikte kjøtet

Eg har ofte tenkt på kva den første homo sapiens tenkte då ho oppdaga kor godt steikt kjøt er. Kanskje var det etter ein skogbrann, at ein hjort eller ein moskus vart fanga av flammane, og vart liggande forkola og svart. Men det skjer noko magisk når kjøt vert varma opp. Det vert mørt, og får ein fantastisk smak. Reint kjemisk oppstår det ein Maillard-reaksjon, ein reaksjon mellom spesifikke sukkerartar og aminosyrer når temperaturen kjem opp i 120 grader, som gjer at nye smaks-, lukt- og fargestoff vert danna. Når du tenker over skilnaden mellom smaken på kokt kjøt, som normalt ikkje kjem over 100 grader, og steikt kjøt, som vert ein god del varmare, så er den store skilnaden nettopp denne Maillard-reaksjonen. Det er den same reaksjonen som gir den fantastiske smaken av skorpa på nybakt brød, eller den søte, deilige smaken av gyllensteikt løk. Men i dag handlar det om steikt kjøt. Storfekjøt er meir eller mindre mørt alt etter kva del av dyret det er henta frå. Samstundes er det gjerne slik …

Laks med sprø salat

Sjølv om kalenderen viser september skin sola rett som det er. Då gjeld det å nyte varmen og lyset så lenge det er her. I butikkane finn du lekre rotfrukter, frukt og bær, så du kan også nyte smakane av sommaren og. I dag har eg lagd ein lekker lakserett der eg brukar rotfrukter som salatgrønsaker. Då får du ein sprø, frisk og smaksrik salat som også mettar godt. Eg serverte laksen åleine saman med salaten og ein urtesaus, men du kan og servere poteter eller byggris til. Laks er vår tids fastfood, spesielt dei fileterte lakseryggstykka som du får kjøpt vakuumpakka og ferdige, klare for ein kjapp middag. Det har kome torsk i same type innpakning, så ferske, lettvinte fiskemiddagar er enkelt å få til, sjølv om det er billigare å filetere fisken sjølv. Filetert fisk treng minimal varmebehandling, og middagen er klar til servering på fem minutt. Det betyr at du bør vente med å lage til laksen til salaten og urtesausen er klar. Slik gjorde eg det: Laks med sprø salat 800 …

Mitt heimelaga urtesalt

Kva skal ein bruke alle desse urtene til? Enkelte av dei kan vekse seg høge på kort tid, og allereie no treng nokre av mine å bli tukta ein smule. Dess meir ein brukar, dess meir avling får ein seinare i sesongen. Eg brukar å lage urtesalt av mine urter. Det går med mykje urter til ein slik prosess, så når eg kappar ned løpstikke og persille som blomstrar blir eg kvitt ein heil del. Her er det eg byrja med: Ein bunt ruccola, eit knippe grasløk, masse løpstikke, masse bladpersille, litt kruspersille og nokre salvieblad. Salvien skal blomstre, og då er den så vakker at eg får lage urtesalt av den seinare når den er avblomstra. Den er som hortensia, og blomstrar på fjorårsgrein. Husk på alt det spiselege ugraset vårt og. Både skvallerkål og brennesle kan gå i dette urtesaltet, skyll begge delar godt først, brennesle i vatn som nyleg har kokt opp. Men ikkje føl deg bunden av mi urteliste. Bruk det du har, og det som er klart akkurat no. Når det …

Focaccia med løk

Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia. Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. i dag har eg laga ein variant med løkringar på. Det er godt til enkel mat, den lett bruna løken vert eit spennande smakselement til supper og slikt.  Slik gjorde eg det: Focaccia-brød 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker eller honning ca 7 dl kveitemjøl 1 gul løk i skiver 3 ss olivenolje Flaksalt til å drysse på toppen Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i …

Jordbær- og rabarbrasyltetøy

Vi er mange som har vakse opp med mødre og bestemødre som sylta og safta. Eg har sterke minner frå eit kjøkken fullt av bøtter med bær, bilturar heim frå Valldal med den intense og etter kvart kvalmande lukta av jordbær, og kamp med bringebærkjerr i hagen. Då bestemor mi døde i 1995 fann vi ripsgelé med vokslok frå 1964 i kjellaren. I mange år har safting og sylting vore ute av livet mitt, bortsett frå eitt og anna frose glas med bringebærsylte som kom nedover frå Sunnmøre. Men etter kvart har eg teke opp denne tradisjonen sjølv, og gjort den til min eigen. For meg som bur midt i byen, med begrensa fryse- og lagringskapasitet og utan eigen hage, kunne eg ikkje gjere dette slik mor mi gjorde. Kanskje var det det som gjorde at eg venta så lenge med å gå i gang. Eg trudde eg måtte gjere dette slik formødrene våre gjorde det, i store mengder og med huset på hovudet medan det sto på.  Etter kvart kom eg til at eg …

Raud svinefilet med grilla squash

I denne varianten av svinefilet har eg brukt røykt paprika. Eg veit om folk som har leita etter det ei stund, men ein får tak i det i nettbutikkar som sel krydder, og i spanske og britiske supermarknader. Denne retten kan du veldig gjerne lage på grill, då lar du kjøtet få ein runde på høg varme, før du ettersteiker fileten på indirekte varme til den har nådd ønska kjernetemperatur. Eg blanda kryddera, og sikta dei over kjøtet. Det fungerer når du vil ha eit raust lag med krydder. La kjøtet ligge med krydderet på i to-tre timar, det gir smak og fin farge. Eg serverte svinefileten med ein plommesaus og grilla squash. Plommesausen kan serverast varm eller kald, og viss du lagar den som du lagar syltetøy er den langtidsholdbar. Perfekt til svin og til ulike wok-rettar. Slik gjorde eg det: Raud svinefilet 1 kg ytrefilet av svin 2 ts røykt paprika 2 ts vanleg paprika 2 ts urtesalt Olje til steiking Bland saman kryddera. Sikt først eit dryss på tallerkenen, legg så kjøtet …

Kylling med coleslaw

Coleslaw er ein av mine tilbehørsfavorittar. «Det er berre italiensk salat», var det ein som sarkastisk sa til meg, men eg syns coleslaw er mykje betre. Her har eg servert coleslaw med ein veldig enkel kyllingvariant, med krydra filetar som får kose seg i ein fløtesaus. Mange kjøper saus på pose, men det er utruleg mykje betre å kjøpe ein pakke kremfløte, og lage sausen frå botnen av. Det tek ikkje lenger tid heller, og smaken er utruleg mykje betre. Denne coleslawutgåva er veldig enkel, med berre kål i. Du kan variere med å ha i strimla gulrøtter, rive eple eller grasløk. Denne porsjonen er til fire svoltne personar. Slik gjer du det: Coleslaw 300 g kvitkål, eg brukte nykål som har tynne, fine blad 300 g raudkål Litt sitronsaft 3 ss majones 3 ss kesam 1 ts honning Salt og peppar Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke, eller ein sylskarp kniv. Legg dei to ulike kålsortane lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du …

Fletteloff

Eit godt brød må alltid vere med på ein buffé, og viss du supplerer med litt god skinke, nokre marinerte reker og godt drikke har du festen klar. Har du dårleg råd, og blir beden om å ta med noko til ein buffé, så tilby deg å bake loff. Det er alltid populært, og kostar nesten ingen pengar. Fletteloff er nostalgi for meg, ei av tantene mine brukte å lage det, så den minner meg om henne. Ein fletteloff ser flott ut på bordet, og er enkel å lage. Slik gjer du det: Fletteloff 4 dl lunka vatn 1 ts salt 1 ss maltekstrakt 2 ss olivenolje 9 dl kveitemjøl 1 ts tørrgjær Sett steikeomnen på 220 grader. Ha vatnet i bakebollen. Ha i salt, maltekstrakt og olje. Maltekstrakten kan sløyfast, men gir god smak og fin farge, pluss at den inneheld b-vitaminar. Elt inn mjølet litt og litt, saman med tørrgjæra. Kna det heile til det er ein glatt og spenstig deig som ikkje er for blaut, men heller ikkje for fast. La deigen …

Berre oss to

Eg elskar ungane mine, men det er også fint å vere berre oss to. I går vart det ein enkel middag, med ein saftig og syrleg salat ved sidan ein klassisk spagetti carbonara. I salaten hadde eg ein slags sylta raudkål. Eg lot raudkålen ligge i ein søt eddik eit kvarters tid før eg hadde den i salaten, eg har det for meg at den då vert lettare å fordøye. I tillegg smakar det veldig godt, om eg skal seie det sjølv. Eg høvlar raudkålen først med ostehøvel, då får eg lekre tynne strimlar. Har du ein mandolin på benken kan du også bruke den. På salaten dryssa eg litt av dette japanske krydderet, furikake frå Renée Voltaire. Det gir ein god salt smak på salaten, du kan lage noko liknande ved å riste sesamfrø i ei tørr steikepanne og drysse på litt finsalt på til slutt. Syrleg salat 50 g raudkål 1/2 dl eddik, til dømes kvitvinseddik 3 dl blanda salat, eg brukte feldsalat og ruccola To plommetomatar 1 ss rista sesamfrø Vinaigrette Eddiken …

Meir scones

Eg fekk fleire søketreff på gunda grove scones i går, så no må eg ut med ei oppskrift på grove scones også. Dei fine er gode, men ein føler seg litt sunnare og kanskje også mettare med grove scones i magen. Eit triks er å lære barna i huset å lage desse. På den måten kan du vakne til nybakte scones laurdag morgon. Eg er for barnearbeid, eigentleg. Særleg når det handlar om baking. Slik gjer du det: Grove scones 5 dl surmjølk 50 g smør 1 ss bakepulver 1 ts salt 2 ts maltekstrakt 5 dl kveitemjøl 2,5-3 dl grovbakst eller sammalt kveite 2-3 ss av det du måtte ha av frø, eg brukte solsikkefrø, linfrø og sesamfrø. Set steikeomnen på 220 grader. Bland saman alt det turre i ein romsleg bolle. Smuldre smøret inn i mjølblandinga. Rør inn surmjølka, bruk gjerne maskin til dette, utan å la den elte for lenge. Då hevar den ikkje så bra. Form deigen som du vil. Du kan kjevle den ut og stikke ut runde, fine scones, …

Snøggbakst

Har vi ikkje brød? Eg trudde du hadde handla. Rundstykke då? Sjekk i frysaren. Nei da, det var tomt der og. Det er søndag morgon, og ingen har lyst på ein tur i butikken. Kva gjer ein då? Då tyr ein til snøggbakst. Snøggbakst driv ein med når ein bakar utan gjær, men med bakepulver som hevemiddel. Den klassiske snøggbaksten er scones, desse engelske rundstykkeliknande bakelsane som er eit fast element i ”Afternoon Tea”, når ein får det servert på finare serveringsstader. Scones er gode til te, men med godt smør og syltetøy på er det også ein framifrå frukost. Når ein lagar scones skal ein ikkje elte deigen slik det er vanleg å gjere med gjærdeig. Med bakepulver hevar deigen seg først i omnen, og då går det fort. Er deigen for seig då vert ikkje sconesa luftige slik vi vil ha dei. Så berre rør så vidt saman det turre og det våte, slik at ikkje glutenet får utvikle seg. Det er ingenting i vegen for å lage scones i kjøkkenmaskin, så lenge du …

Ovnsbakt kylling med paprikasaus

Heile, store kyllingar kan ein få kjøpt ganske billig rundt omkring. Når dei har ei vekt på 1,4-1,5 kg er det akkurat passe med mat til fire personar. Ein slik vart med heim i går, og fekk ein tur i omnen før den kom på bordet. Eg kokte kraft på skroget. Den brukar eg både i sausen, og det som blir til overs sparer eg og brukar i ei suppe eller i ein saus ein annan dag. Slik gjorde eg det: Ovnsbakt kylling med paprikasaus Ein kylling, ca. 1,5 kg Fem raude løkar To paprika 2 stilkar stangselleri Litt purre om du har 1 ts pepparkorn 1 ts smør 1 ts paprika, mild type Vatn, salt, peppar og timian 3 ss creme fraiche Set steikeomnen på 200 grader. Del opp kyllingen. Skjer filetane av skroget, og del dei og låra i to. Skjer av vingane. Ha skroget og anna avskjer i ei gryte. Slå over vatn, ha i ein raud løk som du har delt i båtar, oppkutta stangselleri og purre, og la det koke …

Focaccia med tomat og rosmarin

Vi skal på fest laurdag kveld, det var eg overtydd om. Eg sette ein focacciadeig, og ringte til vertinna for fortalte at eg ville ta den med. Skal eg ta med noko meir? spurte eg. Ups, det viste seg at festen er neste helg! Dermed hadde vi ein stor, deilig focaccia å kose oss med laurdag kveld. Saman med ein lasagne var det heilt perfekt, sjølv om fest hadde vore gøyare. Ein focaccia skal alltid ha noko på toppen. Denne gongen hadde eg restar av ein dressing med soltørka tomatar ståande. Eg sika av tomatane, og fordelte dei over leiven saman med det klassiske focaccia-krydderet, rosmarin. Tomatane var så salte i seg sjølv at eg lot vere å drysse på flaksalt slik eg brukar å gjere. Derimot ringla eg over olje av det gode, jomfruelege slaget. Dette brødet er perfekt til supper, til pasta eller til å momse åleine attåt eit godt glas vin. Slik gjorde eg det: Focaccia med soltørka tomatar og rosmarin 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær …

Spinatfylt kotelettkam med bakt paprika

I gode slaktarforretningar kan du få ein utbeina kotelettkam som ikkje er skoren i skiver. Dette er eit mørt og godt stykke svinekjøt, som det er lett å lage gode ting med. Eg hadde ein pose spinat liggande, og nokre paprikaer som heldt på å bli rynkete og triste. Dermed vart det spinatfylt kotelettkam med bakt paprika som tilbehør. Vi er glade i saus her i huset, og det fine med denne retten er at det blir mykje deilig sjy som du kan lage ein god saus av. Dette er ein fin søndagsmiddag. Det tek litt tid å lage den, men den spinatfylte kotelettkammen smakar fortreffeleg. Samstundes får ein lurt barna til å spise spinat. What’s not to like? Slik gjorde eg det: 1 kg utbeina kotelettkam 150 g fersk spinat 2 ts paprikapulver 1 ts tørka salvie 4 paprikaer, raude eller gule Olje og smør til steiking Salt og peppar Til sausen: Sjy frå spinat, kjøt og paprika 3 ss crème fraîche 2 ts rognebærgelé Vatn Sett steikeomnen på 180 grader. Skyll og tørk …

Saftige nøttescones

Heidi ga meg denne oppskrifta for lenge sidan, den må du ha i bloggen din, sa ho. Sidan då har den lege og vansmekta på kjøkkenet mitt. Men laurdag morgon kom eg på at eg ikkje hadde bakt brød kvelden før. Då passa det godt med Heidi sine scones. Scones er bakverk som vert heva med bakepulver, og treng dermed verken heve eller kvile. Det skal rett i omnen etter at deigen er rørt saman. Tradisjonelt vert scones servert til Afternoon tea, men her i huset fungerer dei altså også perfekt som frukostbrød. Då eg opna kjøleskapet fann eg ein halvliter med melonyoghurt, og den fekk vere med i scones-deigen. Den erstatta sukker i min deig, elles kan du godt ha litt sukker i deigen. I Heidi si oppskrift er det også rosiner, men det droppa eg. Heidi si oppskrift er stor, og eg var i eksperimenteringsmodus, så eg lagde full porsjon, og putta halvparten i kjøleskapet for å sjå om scones som hadde kvilt i eit døgn vart etande. Det gjekk fint, det var …

Er du klar?

I helga kjem eg til å kome med nokre oppskrifter som kjem til å kreve litt førebuing. Så viss du vil vere med på moroa, så gjer slik eg gjorde: Ta ein pakke tørre, brune bønner, og skyll dei godt i eit dørslag. Ha dei i ein stor bolle, bønnene må ikkje fylle den meir enn halvfull. Slå på vatn, og la det stå over natta. Om morgonen kan du la bønnene renne av i dørslaget. Ha dei i ei gryte, og slå på dobbelt så mykje vatn. Ha 1 ss salt, ein halv sitron delt i to og gjerne nokre kvistar timian om du har. Når du har komt så langt er du klar til å bli med moroa. Eg kjem tilbake med to gryteoppskrifter som du kan bruke desse bønnene i. Men den enklaste oppskrifta kan du få her og no: Opne eit glas pesto, og ha 4-5 ss i ei skål. Rør det ut med litt av kokevatnet frå bønnene. Vend det heile inn i ein passe stor porsjon med bønner, ca. …

Sevilla-appelsinene er i byen!

Dei bitre, sure appelsinene som er fulle av stein er sett på St.Hanshaugen! På utsida er dei knurvete, av og til med litt grønskjær og mindre enn vanlege appelsiner. På innsida er dei fulle av steinar, og dei inneheld ei saft som har syre fullt på høgde med ein sitron. Men lagar du marmelade av dei så får du eit fantastisk godt pålegg til skiva, og den intenst tifredse kjensla av å ha laga pålegget sjølv, utan tilsetjingsstoff og andre kunstige greier. Mi gryte står på omnen og putrar, eg kjem tilbake med komplett oppskrift når eg er i mål. God søndag! (Og viss du lurer, sevillaappelsinene er dei nest nederste. Nederst ser du blodappelsin, øverst ein vanleg appelsin og nest øverst sitronar.)

Raudkål til ribba

Eigentleg er ein klassisk ribbemiddag ganske enkel å lage. Ribba lagar seg sjølv meir eller mindre, og å lage saus av sjya er ikkje så komplisert. Å varme opp ein pose eller to med raudkål er også lettvint. Men ordentleg heimelaga raudkål er ikkje komplisert, og det er litt stas å kunne sette heimelaga raudkål på bordet. Eg bakar min raudkål i omnen, men du kan også lage den i gryte. Då treng den litt meir stell for å ikkje svi seg. Raudkålen kan godt lagast eit par dagar før julaftan. Den blir berre betre av å få stå kjøleg frå den er ferdig til den skal serverast. Denne porsjonen er til åtte personar, og får du raudkål til overs toler den godt frysing. Slik gjer eg det: Raudkål 1 kg raudkål 2 syrlege eple, til dømes Granny Smith 1 gul løk 1 sjalottløk 2 nellikspiker 2 dl kjøtkraft eller buljong 1 dl eplecider eller eplejuice 1 ss balsamicoeddik 2 ts brunt sukker Salt og peppar Set steikeomnen på 200 grader . Snitt kålen fint. …

Sjølvaste ribba

No er det like før den store kvelden, då ribba med tilbehør skal på bordet. Eg prøver å vere prinsippfast, men gong på gong vert eg overstyrt. Eg vil at vi skal velge på julaftan, enten fåreribbe med tilbehør, eller svineribbe med tilbehør. Men der eg vaks opp blandar dei alt, så rabbestappe og raudkål står side om side på bordet. Dei mange åra eg har tilbrakt på austlandet har gjort at eg har lært noko om svineribbe, så difor lagar eg det i år. Her skal du få dei triksa eg har lært meg for å få den perfekt. Eigentleg er svineribbe svært enkel mat. Men ribbeprodusentane prøver å rote det til som best dei kan, og dei presenterer stadig nye variantar av ribba med vekslande resultat. To gongar før jul har eg prøvd ut dei ferdigkrydra ribbene, den eine frå ein Rimi-butikk, den andre vart kjøpt hos Coop. Begge gongane har det blitt mislykka. Den eine bles seg opp som ein sperreballong i god tid før utløpsdato. Eg sende ein mail til produsenten, …

Laks med ostefrakk og bakte grønsaker

Ein salmalaks låg og venta på meg i kjøleskapet då eg kom heim. Eg har allereie fortalt om dei gode ostane vi fekk med oss heim frå Roma? I dag vart det laks i ostefrakk, nærare bestemt pecorinofrakk. Til laksen serverte eg bakte rotgrønsaker, som vart søte og gode av honning og balsamico. Dei kan brukast som tilbehør til mange ting, men sødma passar veldig godt til den salte og syrlege ostefrakken som laksebitane fekk på seg. Denne oppskrifta er til to personar. Slik gjorde eg det: Gratinert laks 400 g laksefilet 50 g hard ost, pecorino, parmesan eller manchego går fint 2 ss smelta smør 1 ss strøkavring Bakte rotgrønsaker: 4 gulerøtter 1 pastinakk 6 sjalottløkar 2 ss balsamico 1 dl vatn 2 ss smør eller olivenolje 1 ts honning Salt og peppar Set steikeomnen på 210 grader. Rens og skrell grønsakene, og del dei i passe store bitar. La løkane vere heile. Ha alle grønsakene i ei eldfast form, og ha over vatn, balsamicoeddik, honning, smør, salt og peppar. Legg gjerne eit folielok …

Salt julesnop

Eg har sett på mange oppskrifter på spiselege julegåver, og mykje av dette er veldig søte greier. Når jula er på det mest intense får eg ofte behov for noko salt, og det må vere noko anna enn ribbe og medister. Desse små ostesnacksbitane vart redninga for meg. Ostesnacksbitane kan lagast med ulike typar fast ost. Eg hadde cheddar i kjøleskapet, men dei blir også gode med jarlsberg, gruyére eller pecorino. Fasongen på ostesnacksbitane kan variere, eg brukte ein sirupsnittkuttar for å få fine, taggete kantar. Ikkje lag dei for store, dette skal vere snacks, ikkje kjeks som tilbehør. Du kan også lage stenger av denne deigen, og drysse litt ekstra ost på. Då blir dei fine til suppe eller som eit alternativ til saltstenger eller grissini.  I denne oppskrifta har eg brukt røykt paprika. Det er paprikapulver som har ein distinkt røyksmak. Eg har ikkje funne det i Norge, men eg er fæl til å raide hyllene i finare matbutikkar når eg er i utlandet, og på den måten fekk eg ein boks med meg …

Urtebrød med aks på

Laurdag kveld hadde vi besøk av dei aller beste naboane. Det å berre kunne vandre ein tur over plenen og få venskap, underhaldning, god mat og drikke gjer at eg føler meg priviligert. Denne gongen var det vi som var vertskap, og vi byrja med kokelimonke og laurdagsgodt. Men etter kvart vart vi fysne på noko salt, og vi tok fram noko god italiensk ost, litt oppskoren bresaola og meir vin. Til dette måtte det sjølvsagt serverast eit godt brød. Eg bakte eit urtebrød, som også smakte veldig godt til mulligatawnysuppa som vi hadde til søndagsmiddag. Slik gjorde eg det: Urtebrød 4 dl lunkent vatn 8 dl kveitemjøl 1,5 ts tørrgjær 1 ts salt 1 ts knust, tørr timian 1 ts tørka basilikum 1 ss maltekstrakt 2 ss olivenolje Ha det lunka vatnet i ein bakebolle, og bland i mesteparten av mjølet og alle dei andre ingrediensane. Elt deigen i nokre minutt, og tilsett meir mjøl gradvis til du har ein fin deig som ikkje er for laus og som ikkje er for fast. La deigen …

Nesten-sunn mac «n» cheese

Eg har skrive om mac «n» cheese før, denne amerikanske makaronigratengen som kan varierast i det vide og det breie. I går lagde eg ein semi-sunn versjon, ved at eg putta brokkoli i gratengen. Gratengen serverte eg som tilbehør til kyllingkarbonader. Dei har eg lært å lage av bror min, og oppskrifta finn du her. I gratengen kan du putte dei grønsakene du har og likar, berre tilpass koketida til det du vil ha oppi. Eg har brukt cheddar i, men du kan bruke andre smaksrike ostar, som gruyere, jarlsberg eller liknande. Mac «n» cheese-grateng med brokkoli 3 ss smør 2 ss mjøl 6 dl mjølk 150 g cheddar Salt, peppar og muskat 400 g brokkoli 200 g makaroni Strøkavring/griljermjøl Set omnen på 220 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør i mjølet. Spe med mjølk og rør godt til sausen er jamn og klumpefri. La den koke opp og putre i 6-8 minutt for å koke bort mjølsmaken. Smak til med salt, peppar og riven muskatnøtt. Rør inn osten til slutt. Etter …

Krydra plommechutney

Då eg skreiv om moderne vilt her for ei stund sidan  foreslo eg at du skulle servere gryta med ein god plommechutney til. I går såg eg korger med plommer i butikken, så kvifor ikkje lage ein deilig plommechutney no på førvinteren? Denne chutneyen kan du til dømes gi bort i julegåve. Den bør stå i fire veker før du byrjar å bruke den, så det passar heilt perfekt å lage chutney no i november. Chutney varierer med kor søte dei er og kor krydra dei er. Denne er ganske syrleg og ganske krydra, og passar best til kraftige kjøtrettar. Den er mellom anna perfekt til juleribba. Legg ei skive kald ribbe i ei lefse, og smør på eit lag syrleg plommechutney før du rullar den saman og kosar deg med den. Mmmm! Som vegetartilbehør kan du bruke chutneyen til ei god linsegryte, til dømes Dal bath. Har du ikkje konjakk i huset, så vert chutneyen god sjølv om du droppar den. Slik gjorde eg det: Plommechutney 1.5 kg modne plommer 1/2 kg ferdig rensa eple, …