Focaccia med løk
Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia. Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. i dag har eg laga ein variant med løkringar på. Det er godt til enkel mat, den lett bruna løken vert eit spennande smakselement til supper og slikt. Slik gjorde eg det: Focaccia-brød 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker eller honning ca 7 dl kveitemjøl 1 gul løk i skiver 3 ss olivenolje Flaksalt til å drysse på toppen Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i …