All posts filed under: Mat

En foreldrekategori for all mat.

Saftige eplemuffins

Dagens kaffimat er nokre gode eplemuffins, no når hagane bugnar av eple. Eg har faktisk tenkt meg opp til Ullevål hageby på epleslang, der står epletrea tunge, og det ser ikkje ut til at dei får ete dei opp. Er dette muffins eller cupcakes? Eg veit ikkje, eg har vel eigentleg ikkje forstått skilnaden. Det viktigaste er at dei blir gode, ikkje kva ein kallar dei, spør du meg.  Eplemuffins 250 g mjukt smør 250 g sukker 250 g kveitemjøl 4 egg 2 ts bakepulver 3/4 dl mjølk 3 eple 2 ss sukker 1 ts kanel  Glasur: 100 g kremost, ikkje light 50 g smør 1 ts sitronsaft  Sett omnen på 200 grader.  Ha bakepulveret i mjølet, og bland det godt. Ha alle ingrediensane i ein bolle, og køyr røra glatt med ein handmiksar. Ha i mjølka til slutt. Er smøret ditt hardt, kan du smelte det, la det kolne litt og helle det i røra medan du miksar. Du kan også bruke flytande margarin/Bremykt på flaske. Bruk store muffinsformer, og legg ei toppa spiseskei …

Kvit bacalao

Eg fekk servert kvit bacalao ein gong, og etter det har eg med ujamne mellomrom tenkt at det må eg lage igjen.  Tradisjonell bacalao er med tomatsaus, men denne gongen skal det altså ikkje vere tomatar i gryta. Eg baserer min saus på fløte, men den kan også lagast med ein klassisk bechamel. Mange bakar kvit bacalao i omnen, då vert den meir som ein grateng.  Den varianten eg lagar i dag er bacalao fresco, som er bacalao med fersk eller lettsalta fisk. Bacalao med klippfisk skal gjerne koke lenge, klippfisken toler det. Bacalao med fersk fisk kan naturleg nok ikkje koke så lenge, fisken vert gjennomkokt på nokre få minutt. Min kokte litt for lenge, men smakar knallgodt for det.  Sjølv om denne bacalaoen er kvit og fersk skal det likevel vere litt punch i smaken. Det oppnår eg med ei klype cayennepeppar og litt røykt paprika. Røykt paprika kan du få kjøpt i krydderbutikkar på nettet, i spesialforretningar og i utlandet. Eg kjøper alltid med meg krydder heim som suvenirar, så difor har …

Ostefylt sjampinjong

Eg likar dei store soppane. Det er lettast å finne på morsomme ting med dei. I går fann eg fire store aromasoppar i butikken, og dei fekk bli med heim. Mi erfaring er at sopp som blir bakt som dei er fort får ei litt seig overflate. Difor pensla eg soppane med olje. Så fylte eg dei med ein ostekrem, og bakte dei til dei hadde fått fin farge. Denne bakte soppen er eit fint tilbehør til både fisk og kjøt, og dessutan eit godt vegetarisk alternativ på ein buffé. Finn du ikkje aromasopp kan du bruke vanleg sjampinjong. Slik gjorde eg det: Ostefylt sjampinjong Fire store sjampinjongar, aroma eller vanleg 2 ss olje til pensling 4 ss kremost, naturell 2 ts dijonsennep 1 ts tørka eller 1 ss frisk timian Set steikeomnen på 180 grader og varmluft eller 200 grader utan varmluft. Kna saman ost, sennep og timian til ein mjuk krem. Pensle soppane med olje på utsida, og legg dei i eit eldfast fat. Vri ut stilken, den kan du bruke i ei …

Huska eg på å fortelje…

…at det er (eller var) kantarellar på Eika? Lysande gule og fine sto dei der og venta på ei som kunne sette pris på slikt. Der er sikkert meir, berre du leitar. Akkurat kvar eg fann dei vil eg sjølvsagt ikkje seie, kantarellplassane kan ein ikkje dele med nokon. Men der var ein del å ta av, det kan eg seie. Gå litt utanfor grusstien, så får du noko gyldent og vakkert å ha på brødskiva, i risottoen, til pasta eller i ein god saus. Mmmm!

Sjokolademousse

Eg har skrive om sjokolademousse tidlegare, men då har eg laga ein mjølkefri variant. Denne gongen var selskapet utan mjølkeallergikarar, og då kunne eg slå meg laus med ein sjokolademousse basert på kremfløte. Denne er også parfymert med appelsin, men det kan du utelate, eller bytte ut med andre smakar. Porsjonen i denne oppskrifta vart til 18 porsjonar, ikkje så veldig store. Eg brukar telysestakane frå IKEA som serveringsskåler. Det vert to andre dessertar og på bordet, så gjestane skal få fylt søttanna, trur eg. Slik gjorde eg det: Sjokolademousse 300 g mørk sjokolade 1 pk/ 1/3 liter kremfløte 1 dl appelsinjuice Tre små eller to store egg 3 ss sukker 2 ts kvitvinseddik 1 klype salt Del egga, og piske eggekvitene stive med litt eddik og salt. Pisk eggeplommene luftige og fine med sukkeret. Pisk kremen stiv. Kok inn appelsinjuicen til halve mengda. Set ei vid skål oppå ei gryte med kokande vatn i. Hakk sjokoladen, og ha den oppi skåla. Slå over den innkokte appelsinjuicen, og la det heile smelte til det blir …

Pasta med pestomarinert kylling og squash

Mange har for mykje squash for tida, og den er ikkje så lett å oppbevare eller konservere. Difor er oppskrifter med  squash populært blant hagefolket. Eg lagde ein god og enkel pastarett med squash i går, der eg brukte kylling, pesto og litt vårløk. Eg marinerte kyllingfileten i pesto medan eg gjorde klar dei andre grønsakene, og så fekk den ein rask tur i steikepanna for å bli gjennomsteikt. Dette er eit godt døme på at ein kjøtporsjon som kan vere snau dersom ein lagar kjøtet til på tradisjonell måte, vert akkurat passe når ein lagar det til på ein annan måte, med anna tilbehør. Normalt ville eg berekna tre kyllingfiletar til to vaksne, med mindre eg hadde eit veldig mettande tilbehør. Men her er det meir enn nok med to filetar til to personar. Eg brukte fersk pasta, men det blir like godt med tørr pasta. Sausen er basert på vin og kremost. Kremosten kan byttast ut med kokefast rømme, som sæterrømme eller creme fraiche, eller med fløte. Vinen kan byttast ut med litt …

Haustetid

No bugnar butikkar og torg av deilige, norske grønsaker. Eg er ikkje ein av nasjonalromantikarane som insisterer på at alt norsk er best, men nyhausta grønsaker er knallgodt uansett kvar ein er. I dag har eg laga ein haustpai med det eg fann på torget. Eg tok med ein pastinakk, ein fenikkel og ein pose fersk sopp, i tillegg til ein bunt løk. Med enkle middel fekk eg til ein knallgod pai som kan brukast åleine eller som tilbehør. Eg lagde den til meg sjølv opprinneleg, men dagen der på serverte eg den med røykalaks og urterømme, og det vart stor suksess. Som alle paiar er denne perfekt på eit koldtbord. Dei som er vegetarianarar slit ofte med å finne noko dei kan spise på bufféar, med denne har du laga eit godt alternativ for dei og. Paideigen min har eg frå Carl Butler, det er ingen grunn til å finne opp hjulet på nytt. Den er smidig og fin å jobbe med, og eg lagar den lynkjapt i matmølla. La den kvile før du kjevlar …

Gratinerte pannekaker

Pannekaker er ein omstridd middag i vår familie, tolvåringen vil gjerne sleppe å få det servert. I går foreslo eg å lage gratinerte pannekaker, men han  var framleis skeptisk. Stol på meg, sa eg, og gjekk i gang. Eg lagde ein stuing med sopp og kjøttdeig som eg krydra godt, og rørte inn nokre skeier kremost til slutt. Det kan du erstatte med rømme eller fløte. Det gir ein god, kremete stuing som er perfekt å fylle i desse pannekakene.  Eg lagde dei med sukker i sjølv om dei skulle brukast til middag. Eg likar kombinasjonen av søtt og salt, så salt stuing i søte pannekaker er etter min smak. I denne stuingen kan du putte alle slags sopp, den er perfekt til blandingssopp viss du har vore på sopptur. Slik gjorde eg det: Kjøtt- og soppstuing 400 g kjøtdeig 300 g sopp Ein stor løk Smør/olje til steiking 2 dl kvitvin eller 2 dl buljong 4 ss tomatpuré 1 ts timian Sukker, salt og peppar 4 ss naturell kremost, rømme eller fløte Ost til …

Ein ny, gamal Kenwood i huset

Min kjære Kenwood Major har tent meg villig og lojalt i femten år. Den luktar litt rart når den må gjere skikkeleg tunge jobbar, men førebels har den klart seg utan anna oppdatering enn ein ny kremvisp. I England hadde vi brødbakemaskin, og vi vart litt tent på idéen om å vakne til velduftande, ferskt brød om morgonen. Tilfeldigvis fekk vi tilbod om å kjøpe ein brukt Kenwood BM 250 rett etter at vi kom heim, og slo til på det. No har vi brukt den to gongar, og har hatt ei 50% suksessrate. Det skræmer ikkje oss, i Oxford sleit vi og litt i byrjinga, men etter kvart fekk vi teken på det. Det blir spennande å bli kjent med dette vesenet dei neste vekene. Eg er ikkje ein presisjonskokk, så instinktet mitt seier at det umogeleg vere så nøye om det er 385 eller 400 ml væske. Andre i hushaldet vårt er meir nøye, og veg nøyaktig opp kva som skal vere i bollen. I kveld skal eg vere skikkeleg rampete, og bruke …

Det er i utide trolla skal drepast

Det sa mora til ei venninne av meg når venninna mi og eg gjekk i gang med vidløftige prosjekt seint på kvelden. Av ein eller annan grunn var det då arbeidslysta kom over oss. Eg har det slik framleis. I går kveld, då eg gjekk over plenen heim, sto det ei kasse flotte, mørkeblå plommer og venta på meg. Kven som hadde plassert dei der veit eg ikkje, men eg tilbrakte iallfall eitt par timar med å rense plommer medan eg såg på ein eller annan dameserie. Eg enda opp med ganske nøyaktig 2,5 kg plommer, og fann fram ein kilo sukker og ein og ein halv pose syltepulver. Frå krydderhylla fann eg fram nokre stjerneanis. Min kjære vart sendt i kjellaren etter tomglas, og eg gjekk i gang med syltinga. I strid med alle oppskrifter hadde eg mesteparten av sukkeret i gryta saman med plommene og stjerneanisen, og lot det putre på svak varme medan eg gjorde klar glasa. Eg kokte opp ei stor gryte med vatn, og hadde i pastaglas, sildeglas, tacosausglas og …

Honningloff med oliven

Faktorenes orden er likegyldig, lærte ein mattelærar meg ein gong, så om dette er ein honningloff med oliven eller ein olivenloff (eller eit olivenbrød?) med honning er kanskje likegyldig, det og. Greia er iallfall at denne loffen smakte så godt at eg er plent nøydd til å dele oppskrifta med dokke blogglesarane. Smaken blir nesten litt brioche-aktig, nesten, men ikkje som bollar. Honningen har ein intens søtsmak som gjer at brødet får ein utruleg rik og fyldig smak. I kombinasjon med dei salte olivenane var det ein fulltreffar. Slik gjer du det: Honningloff med oliven 5 dl fingervarmt vatn 1/2 pakke gjær, tørr eller vanleg Mjøl til passe deig 1 ss honning 1 ts salt 2 ts provence-krydder Ein neve svarte oliven utan stein Løys opp gjæra i vatnet i bakebollen, eller ha den i mjølet om det er tørrgjær. Ha i salt, honning og mjøl litt etter litt. Elt inn nok mjøl til at du har fått ein god deig, ikkje for fast og ikkje for laus. La den heve i 40 minutt. Del …

Pasta carbonara

Pasta Carbonara er ein enkel rett, men det krev litt handlag å kontrollere temperaturen i panna når du lagar det. Trikset er at egga er med på å tjukne sausen, men vert det for varmt vert sausen klumpete på grunn av at egget koagulerer, og det er ikkje så stilig. På grunn av dette bør gjestane vente på middagen, og ikkje omvendt. Denne retten er ikkje noko særleg å varme opp att som restemiddag, men nylaga er det noko med det beste eg får. Pasta carbonara er fin å lage viss du har lagd noko som krev eggekviter, då har du eggeplommer til overs, og det passar strålande til pasta carbonara. Vi lagar det alltid når eg bakar plettar til jul, då står eg der plutseleg med seks eggeplommer for mykje. Kolesterolbombe, ville vel ein lege kalle den middagen. Første gongen ei av kusinene mine fekk dette til middag sukka ho og sa: Eg visste ikkje at det fantest så god mat! Mange hevdar at det ikkje er pasta carbonara når det er fløte i …

Åtte slag

Kva gjer ein når ein har laga åtte slag syltetøy (vel, eigentleg elleve, men tre kom ikkje på bordet) og vil nyte det heile mest mogeleg? Ein lagar vafler, sjølvsagt. Vafler med åtte slag syltetøy, det er god helgamat!

Vi held på

Eg må berre seie det, det er ein sann svir å jobbe med ei så kreativ og fin dame som GundaM. Ho er proppfull av idéar, ho har eit utval av ting og tang som du ikkje kan forestille deg, og oppsetta ho lagar er knallfine. Vi syltar og saftar, lagar gelé og andre ting av fleire kilo bær og frukt. Eg kan ikkje forstå anna enn at dette må bli bra. I tillegg kosar vi oss med god middag, god vin og skravling. Eg har ei fin helg i Trøndelag, altså.

På andre sida av plenen

I oktober 2009 drog eg til Paris for å lukte på parfymer og kose meg. Gjennom boligbytte.no kom eg i kontakt med ein journalist som var bortreist i den perioden eg ville vere i Paris, og som derfor ville låne meg husværet sitt. Så eg koste meg i hans ungkarshusvære i fem dagar. Denne sommaren har eg tilbode han gjengjeld, og han kom i går kveld saman med ein kamerat. Så vi har midlertidig flytta ut og over plenen til kjære Ovedia. Ho er heime åleine, og har ledig gutterom på loftet der vi får bu. No har vi fine middagar i hagen, med caprese-salat, grilla kylling, aioli og rista landbrød. Lykka er å ha gode vener! Caprese a’la Ovedia 400 g søte cherrytomatar Ein raud løk Ein kinesisk kvitløk To ballar bøffelmozarella Ein neve basilikumblad Ein raud chili Sitronsaft Olivenolje Salt og peppar Rens løk og kvitløk, og kutt dei i små bitar. Del chilien i to, og fjern frøa. Hakk den relativt fint, og bland med løk på eit vidt fat. Skjer tomatane …

Biffsalat

Salatar har sin sjarm som tilbehør og som smårettar, men det er også godt med ein salat som fullverdig middag. I så fall må ein supplere med gode proteinar i salaten, og det kan vere både fisk, kjøt og ulike typar bønner. Her om dagen lagde eg ein smakfull og saftig biffsalat, og det vart suksess i heimen. Eg kjøpte mørbrad som var på tilbod fordi kjøtstykka gjekk ut på dato same dag. Finn du slikt er det berre å ta det og springe. Biffkjøt er aldri så mørt som når det er på eller bittelitt over utløpsdato. Eg fann to biffar på ca. 100 g kvar, for lite til ein biffmiddag, men perfekt til ein biffsalat. I salaten putta eg også sopp, og soppen steikte eg i same panne som kjøtet, utan å vaske panna i mellom. Det gjorde at soppen fekk ein deilig kjøtsmak. Slik gjorde eg det: Biffsalat 200 g mørt biffkjøt 200 g sopp Litt timian 200 g blanda salat, eg brukte baby leaves Eit beger cherrytomat Ein avocado Eit beger …

Deilig blomkålsuppe

No er blomkålen kjempebillig, så det er tid for å kjøpe med seg heim eit hovud eller to, og lage ei deilig suppe. Denne suppa er tilbehør til fire, til dømes til pannekaker, slik vi hadde den, eller middagssuppe til to. Det er ein enkel versjon, ikkje noko fiksfakseri, berre ei smakfull, «gamaldags» suppe, lett å lage med ting ein har i huset, berre ein finn eit blomkålhovud. Suppa er jamna med smør og mjøl som er knadd saman, ein klassisk Beurre Manié på kokkespråket. Det er ein enkel måte å jamne ei suppe på, når det ikkje passar å lage ein roux, altså å smelte smør og så ha i mjøl, og spe med kraft. Grunnen til at eg brukar Beurre Manié er sjølvsagt for å spare tid og oppvask, elles måtte eg ha brukt ei gryte til for å lage rouxen. Beurre Manié lagar du med mjukt smør og vanleg kveitemjøl, eg hadde flytande Bremykt i skapet (fy skam), så eg brukte det. Ta det i suppa litt og litt, det er ikkje sikkert …

It’s coming together, baby…

Det tek tid å lage ei bryllupskake. Alle variantar sjølvsagt, men den varianten eg svergar til, ostekake med gelélok, tek minst tre, helst fire dagar å lage. Iallfall viss du ikkje skal ta fri ein heil dag frå jobb. Bryllup brukar jo ofte å vere på laurdagar. Dag 1 finn eg fram formene, stativet og planlegg oppskrifta. Den varierer med kor mange etasjar eg skal ha, og kor store kvar form i kvar etasje skal vere. Når eg har bestemt meg for storleik og antall etasjar, lagar eg massen til botnane, altså kjeks og smør som vert trykt saman. Men før eg legg massen i botnane er det mykje som må planleggast. Viss eg brukar springformer må formene teipast. Viss ikkje renn geléen ut, det har eg lært av bitter erfaring. Ingenting er så ukontrollerbart som gelé som finn ein veg ut. Teipen er ståande, slik at den lukker den vertikale sprekka i springforma der den vil opne seg. Dette er litt krøkkete når formene skal av, men då kan teipen kuttast igjen med ein …

I gang igjen…

Jepp, det er bryllupskaketid igjen. I helga giftar mi fine kusine seg, og eg gjev dei ei bryllupskake i gåve. Den kjem til å likne på den du ser her til høgre, men den skal stå på eit sunnmørsk kakebord som mor og tanter har bakt til i over ei veke, så denne vert berre i tre etasjar. Oppskrifta til kaka finn du her, Eg lagde litt meir enn to porsjonar for å fylle former på 18, 24 og 32 cm. Og for de av dykk som er bekymra for forkjølinga mi, det er ingen grunn til å bli uroa. Eg har hatt assistent til alt arbeid med den så langt, så kaka har ikkje blitt hosta på. Takk til Maria for assistanse! Så til helga skal vidunderet fraktast til Lysebu, og bli fortært av ei strålande fin forsamling. Gratulerer på førehand, kjære brudepar!

Remedie nr. 3

Ok, no har eg prøvd smoothie proppa med vitaminar, og eg har prøvd ”décoction anti-infectieuse”. I dag tenkte eg å prøve noko som var basert på ei oppsummering av alle dei gode råda i går. Eg fekk mange råd, med stor variasjon, frå kvitløk og ingefær til hot whiskey og raudvin. Så då vart det eit kompromiss av alle desse råda. Eg hadde ståande ei halv flaske raudvin frå festen som var her på fredag. Den var rett nok alkoholfri, sidan den var medbrakt av ein gravid gjest, men det fekk meg eigentleg berre til å føle meg litt skikkeleg og snill, som ein skal når ein er sjukmeldt. Raudvinen vart varma opp i ei gryte, og oppi vinen hadde eg fire kardemommekjerner, fire nellikspiker, fire skiver fersk ingefær, ei kanelstang og safta av ei raus skive sitron. Dette fekk stå og trekke i 20-25 minutt. Då det hadde trekt ferdig, hadde eg i ei skei med honning, og så kom eg på at eg hadde litt rom ståande. Det var berre ein liten slant som …

Kva skal vondt fordrive?

No har eg prøvd med forkjølelsessmoothie, det hadde ingen særleg effekt. I går kveld prøvde eg mi franske venninne sin «décoction anti-infectieuse». Då kokte eg opp 0,5 l vann med sitronskall, kanelstang og 3-4 nellikspiker. Eg lot det trekke litt, før eg pressa oppi sitronsafta av ein halv sitron og raust med honning. Dette heng på greip, sitron har eteriske oljar i seg som løyser opp slim, og nellik og honning er bakteriedrepande. Mor mi tyr alltid til honning. Av og til sit ho ganske enkelt med ei skei i munnen, og let honningen smelte sakte men sikkert. Eg har også fått forslag om kamillete med honning, og timiante. Kva råd har du å by på? Kva tyr du til når sommar- (eller vinter-)forkjølelsen slår til for fullt? Eg tek gjerne imot tips og oppskrifter i kommentarfeltet. Prosit!

Pick-me-up

Ja, eg veit ikkje om dette fungerer, men ei vitaminbombe til frukost må vel kunne bidra til å kurere ein sjukling? Eg har sutra over forkjølelsen min tidlegare, og den er framleis ikkje gått over. Dette blir frukosten min i dag, og så krysser eg fingrane for at kombinasjonen væske og vitaminar gjer susen. Væska gjenopprettar balansen i kroppen, og vitaminane styrkar immunforsvaret. Det er iallfall teorien min. Slik lagar eg min forkjølelsessmoothie: Forkjølelsessmoothie 2 nektarinar To nevar steinfrie, raude druer 1 dl mana-juice 1 dl melonyoghurt Rens frukta, og del den opp grovt. Putt alt i ein blender. Køyr det glatt. Drikk det frå eit romsleg glas med sugerør medan du ligg på sofaen med dyne på.

Nytt prosjekt!

Eg har tidlegare fortalt om Smalhans, kokeboka mi med oppskrifter på god mat for trange tider. Samlaget vil ha fleire bøker frå meg, og det neste prosjektet er allereie i gang. Det skal handle om korleis vi handterer ting vi har i hagen og i skogen, og eg skal mellom anna skrive om svarthyll. GundaM skal ta bilda til boka mi, og ho er i Trøndelag. Difor treng vi tilgang til svarthylltre i Trøndelag som ho kan fotografere, og som vi kanskje kan få plukke av til vi skal lage svarthyllsaft. Veit du om eit slikt tre, og kan vi få lov til å boltre oss med det midt i juli?

Ja, vi et Rudolf

Mine amerikanske vener ser med sjokk og vantro på at vi et Rudolf. I svigerfamilien finst det jegerar, og jegerar kjem attende med slakt, deriblant reinsdyr. Nokre bitar av desse reinsdyra endar opp i frysaren hos oss. I helga tok vi opp ei diskret lita steik, i utgangspunktet var den nærare to kilo. Etter at den var reinskoren, mellom anna for eit stykke ribbein, var den 1,2 kg. Perfekt storleik for ein liten familie. Når ein skal skjere reint kjøt er det fleire ting ein bør tenke på. For det første; fjern alt bein. Å steike kjøt på beinet tek lengre tid, og dessutan kan ein koke kraft på beinet. Klassisk vinn-vinn-situasjon. For det andre; alt kjøtet treng ikkje henge saman. Har du bomullstråd kan du knyte steika saman slik du vil ha den. Får du bitar av kjøt som ikkje heng saman med sjølve steika så gjer det ingenting. Skjer steika opp, legg bitane inni, krydre og bind i hop. For det tredje; fjern alle perlemorsfarga sener. Gjennom kjøtet går det kvitaktige sener som …

Kveldskos med rabarbra

No er rababraen på sitt beste, om ikkje så lenge bør den få stå i fred. Blomstrar rababraen din, så fjern blomane. Bruk dei grovaste stilkane no, så stimulerer du til ny vekst. Dei nye stilkane kan du ete ei stund utover sommaren, det er dei gamle stilkane som har mest oksalsyre, og som bør få stå i fred når vi har passert jonsok. Uansett er no tida for å bruke rabarbraen, gjerne i kombinasjon med jordbær, kvann eller pære. I går kveld lagde eg ein liten porsjon rabarbragraut til tre av oss. For meg er det eit barndomsminne, syrleg og søt graut med mjølk på. Vi hadde berre ekstra lett mjølk, og det er berre sånn passe godt til rabarbragrauten. Men eg tok litt vaniljeyoghurt på, og det vart veldig godt. Du kan godt bruke vaniljekesam og. Det viktigaste er at du et litt av noko mjølkeprodukt når du et rabarbra, så vert oksalsyra nøytralisert i kroppen. Slik lagde eg rabarbragrauten: Rabarbragraut 1/2 l rabarbra, rensa og kutta i bitar 3 dl vatn sukker …