Latest Posts

Ledig i ettermiddag?

Og du er i Oslo? Då har eg eit forslag til deg.

Denne veka, torsdag og fredag, framfører Oslo-filharmonien Mahlers åttande symfoni. Det er eit fantastisk verk, med kor, solistar og heile bøtteballetten. Min tidlegare korkollega Marianne Kielland er alt-solist, og ho har bortimot den vakraste røysta eg veit om.

I dag er det open, gratis generalprøve! Møt opp ved hovudinngangen til Konserthuset før klokka fem, og få med deg denne flotte produksjonen. Å vere til stades på ei generalprøve er også gøy fordi du får eit inntrykk av korleis dirigenten, i dette tilfellet Jukka Pekka Saraste, arbeider med kor og med orkester. Det er utruleg spennande å oververe.

Så viss du har tid, og er i Oslo, så er dette noko du definitivt bør få med deg. Ha ein fin dag!

Sursøt grønsakssuppe

Eg veit ikkje om denne tittelen vart så veldig freistande, men suppa eg lagde her om dagen vart iallfall veldig god. Som så ofte før kom den til etter ei opprydding i kjøleskapet, min favorittmetode for å lage mat, som den elendige planleggaren eg er.

Eg brukte rivjernet på matmølla mi, og på den måten gjekk det utruleg raskt å lage denne suppa. Du kan godt lage den ved å kutte alt i bitar på manuell måte. Dette er ei stor oppskrift, det vart over tre liter suppe. Rikeleg til seks svoltne, altså. Droppar du fløten er denne suppa mjølkefri. Slik gjorde eg det:

Sursøt grønsakssuppe

1 stor søtpotet

4 gulrøtter

1 stor, gul løk

1 pastinakk

3 stilkar stangselleri

Olje til steiking

4 ss sursøt chilisaus

4 ss grønsaksfond

Ca. 1 liter vatn

2 dl kremfløte

Salt og pepar

Rens og riv eller finhakk alle grønsakene. Varm opp oljen i ei stor gryte. fres grønsakene i nokre minutt. Slå på vatnet, og ha i fond og sursøt chilisaus. La dette koke opp, og koke til grønsakene er møre, ca. 10 minutt. Eg skumma av skummet som danna seg, men det er eigentleg ikkje naudsynt.

Smak til med salt og pepar, og ha i kremfløten. Køyr suppa glatt med stavmiksar. Server med godt brød.

Gje-bort-dag!

Av ein eller grunn har eg kome på mailinglista til ei messe som heiter Gjør din bolig bedre. Den går av stabelen på Hamar helga 17.-19. februar.

Messa er sikkert fin, den. Det er berre at eg er ikkje på Hamar den helga. Men eg har fått ein bunke fribillettar!

Viss du er på Hamar eller har tenkt deg til Hamar den helga, og kan tenke deg å gå på messa så vil eg meir enn gjerne gje deg min fribillett. Legg inn ein kommentar under her, og så får du den tilsendt til den mailadressa du oppgir.

-Og når er morsdag i 2012?

I serien Alt godt minner om merkedagar har vi i dag kome til morsdagen.

Morsdag for 2012 er førstkomande søndag, altså andre søndag i februar. Datoen er 12. februar.

Og ja, eg kjem tilbake med oppskrifter som gjer at dei som bur saman med desse fine mødrene sine kan gjere mødrene lykkelege med god mat og søtsaker. Heilt sikkert. 🙂

Blodappelsinene er her! Dei smakar himmelsk, kjøp ein pose og lag deg ein god dessert med friske, saftige blodappelsiner.

Forfallsestetikk

Tidlegare syntest eg det med avskorne blomar inne berre var trist. Dei døydde så fort. Eg klarte ikkje å passe på dei, og samstundes levde eg eit hektisk liv, så eg fekk ikkje tid til å nyte dei noko særleg.

Med åra har eg i større grad lært meg å kose meg med blomane så lenge dei står. Enkelte blomar er også fine i det dei døyr. Tulipanar er slik, dei døyr utruleg vakkert.

Sjå på desse, som har stått ei veke i vindauget. Dei er som fuglefjør som slyngar seg ut frå stilken. Fargen lysnar og kronblada vert nesten gjennomskinelege. Alt må døy ein gong, ein må berre lære seg å nyte livet medan det er her.

Come to mama

Vel, det har eigentleg allereie komt.

Her om dagen gjorde eg eit innkjøp som eg har hatt lyst til å gjere lenge. Dette lekre objektivet vart mitt.

Eg har lenge vore ein fotoamatør, og det er eg verkeleg framleis. Men med tida har eg sakte men sikkert fått meg litt betre utstyr. No har eg eit Canon 500D kamera med standardlinse, og i tillegg har eg eit 30 mm Tamron fastobjektiv som kan ta bilde under dei mørkaste tilhøve.

Dette objektivet, Canon EF-S 17-55mm f/2.8 IS USM, har stått på ønskelista mi lenge. Det tek utruleg klare og fine bilde, og ikkje minst gir det ein fleksibilitet som standardobjektivet ikkje mestrar.

Så viss det framleis er dårlege bilde i bloggen er det ikkje lenger kameraet eller objektiva sin feil. Då er det fotografen det er noko gale med. 🙂

 

Ein smart dings

Denne innretninga har vore her i huset lenge. Kvar den kjem frå veit eg faktisk ikkje.

Men den er veldig smart. Opprinneleg vart den kjøpt for å ha til å oppbevare sko i, hekta på ivarhyllene i kjellaren. Etter kvart vart bruken endra. No heng den i augeskruar under skrivebordet på arbeidsrommet, og passar på ledningar, ein ruter og forskjellig anna rusk som vert liggande under eit skrivebord.

Eg har ikkje sett slike som denne etter at den var kjøpt, og eg kan heller ikkje huske kvar den vart kjøpt. Den kan sjå ut som noko som kan kome frå Clas Ohlson eller liknande, men der har dei den tydelegvis ikkje no. Har du sett slike i butikkane? Sannsynlegvis er dei merka som skohyller, men dei kan altså brukast til meir enn det.

Saftige nøttescones

Heidi ga meg denne oppskrifta for lenge sidan, den må du ha i bloggen din, sa ho.

Sidan då har den lege og vansmekta på kjøkkenet mitt. Men laurdag morgon kom eg på at eg ikkje hadde bakt brød kvelden før. Då passa det godt med Heidi sine scones.

Scones er bakverk som vert heva med bakepulver, og treng dermed verken heve eller kvile. Det skal rett i omnen etter at deigen er rørt saman. Tradisjonelt vert scones servert til Afternoon tea, men her i huset fungerer dei altså også perfekt som frukostbrød.

Då eg opna kjøleskapet fann eg ein halvliter med melonyoghurt, og den fekk vere med i scones-deigen. Den erstatta sukker i min deig, elles kan du godt ha litt sukker i deigen. I Heidi si oppskrift er det også rosiner, men det droppa eg.

Heidi si oppskrift er stor, og eg var i eksperimenteringsmodus, så eg lagde full porsjon, og putta halvparten i kjøleskapet for å sjå om scones som hadde kvilt i eit døgn vart etande. Det gjekk fint, det var ingen skilnad på smak og heveevne på søndagsscones og laurdagsscones. Slik gjorde eg det:

Nøttescones

5 dl (300 g) kveitemjøl

3 dl (200 g) grovt mjøl, eg brukte sammalt grov kveite

100 g smør

2 ts bakepulver

2 dl mjølk

5 dl yoghurt

100 g valnøtter

30 g hasselnøtter

Sett steikeomnen på 220 grader. Varm ei tørr steikepanne, og ha i nøttene. Rist dei til dei byrjar skifte farge og lukte aromatisk. La dei kolne litt før du hakkar dei i ei matmølle. Set til side i ei skål.

Ha mjøl, smør, salt og bakepulver i matmølla, og køyr det til smøret er heilt smuldra. Då eg kom så langt hadde eg mjølblandinga over i ein stor bolle, og rørte inn nøttene, mjølka og yoghurten.

Du kan sikkert gjere deigen ferdig i matmølla og, men det vert eit styr å gjere reint (deigen er ganske fuktig) og dessutan skal mjølet ikkje eltast mykje når det våte har kome i.

Legg bakepapir på ei bakeplate, og sett deigen utover i passe store haugar med to spiseskeier. Sett brettet i omnen, og sett temperaturen ned til 200 grader. Steik sconesa høgt i omnen i ca. 20 minutt.

Server sconesa med godt smør, appelsinmarmelade og ein kopp te.

Søt sitrussalat

Til dessert i dag serverer eg ein sitrussalat, no når sitrusfruktene er på det beste. I butikken fann eg blodappelsin, vanleg appelsin og rosa grapefrukt, det gir eit fint fargespel og ein god smaksvariasjon i appelsinsalaten.

«Dressingen» til salaten er ein sukkerlake krydra med kardemomme. Slik gjorde eg det:

Sitrussalat

To appelsiner

To blodappelsiner

To grapefrukt

2 dl vatn

1 dl sukker

Safta av ½ sitron

Tre kardemommefrø

1 ts ekte vaniljesukker, eller frø frå ei halv stang

Skjer topp og botn av appelsinene, og skjer så kjøtet av ned på sidene. Press gjerne safta av det du skjer av oppi ei lita gryte. Den kan du bruke til å ha i laken etterpå. Kutt appelsinene først i to frå topp til botnar, og så i tynne skiver. Anrett fruktskivene i ei serveringsskål, dekk den til og set den til side.

Kok opp vatn og appelsinsaft, til saman 2 dl, i gryta, og ha i sukker, kardemommefrø og vanilje. La det koke nokre minutt, og så kan du slå av plata. La laken kolne. Når den er avkjølt, iallfall lunka, kan du slå den over frukta.

Server med ein klatt piska krem med vanilje og litt riven sjokolade.

Don’t forget the Mexican spices

Med ein så diger porsjon med kokte bønner som eg sat att med hadde eg nok til fleire middagar. Ein rett der brune bønner høyrer naturleg med er chili con carne. Chili con carne er ei klassisk meksikansk kjøtgryte, med like mange variantar som det finst husmødre i Mexico. Den er enkel og rask å lage, og den er lett å utvide dersom du vil servere den til fest.

Den blir kanskje oftast laga med kjøtdeig, men eg syns også den blir god med ordentlege kjøtbitar. Ein gong eg hadde gjestar heilsteikte eg ein entrecote, og restane av den vart til chili con carne dagen etter. Så dette er også ein fin måte å få brukt opp kjøtrestar på.

Her ristar eg krydderet før eg har det i gryta. Det gir ein utruleg god smak, og heilt krydder held seg også lenger i skapet enn malt krydder. Med ein mortar knuser du krydderet slik at det er klart til å putte i gryta.

 Chili con carne

 2 fedd kvitløk

2 løkar

1 raud paprika

2 selleristilkar

2 gulrøtter

ca 500 gram høgrygg eller mørbrad

1 boks hermetiske tomatar

1 ts buljong

½  ts chilipulver

½ ts kanel

To ts spisskummenfrø

To ts heil, svart peppar

To ts korianderfrø

5 dl kokte, brune bønner

Litt vatn eller pils slik at det vert passe tjukt

Olje til steiking

Del opp oksekjøtet i passe bitar, og fres dei i olje i ei stor gryte. Hakk kvitløk og løk og steik han gyllen saman med kjøtet. Skjer paprikaen i terningar og tilsett.

Varm opp ei tørr steikepanne, og ha i krydderet. La det heile bli godt og varmt medan du ristar på steikepanna. Noko av krydderet vil ”poppe”, det gjer ingenting. Når det duftar intenst deilig og ser ferdig ut, etter tre-fire minutt, kan du ta av steikepanna og la det kolne. Ha krydderet i ein mortar og støt det til fint pulver. Ha pulveret i gryta.

Tilsett dei andre ingrediensane. For å få ein ekstra rik smak kan du bytte ut vatnet med pils. Det blir faktisk overraskande godt.

La gryta småputre i 25 minutt. Smak til med salt, og litt sukker viss tomatsmaken vert for skarp. Vil du ha den sterkare, så tilsett meir chili. Server gryta med ris og godt brød til.

Helgebønner

Med det nye året kjem pågangsmot og ryddevilje, iallfall ein raptus no og då.

I går fekk eg ånda over meg, og tømte ein heil skuffeseksjon på kjøkkenet. Ting som var gått ut på dato for lenge sidan vart kasta, rivna posar vart fylt over i små boksar og ting vart samla på ein litt meir intuitiv måte enn før. Baketing ein plass, ris og gryn ein annan plass og tear og liknande for seg.

Ein pose brune bønner som gjekk ut på dato i 2010 kom til overflata, og eg syns det var for gale å kaste den. Difor helte eg den i ein stor bolle, og slo godt med vatn over. I dag tidleg hadde innhaldet nesten nådd kanten på bollen, slike bønner utvidar seg når dei vert bløytte. Eg skulle ein tur i butikken, og før eg stakk ut sette eg bønnene på kok med nytt vatn, og putta oppi litt salt, nokre kvistar timian og ein halv sitron delt i to.

Då eg kom heim var bønnene klare til å bli omskapt til nydelege ting. Så fekk kjæresten min ein telefon frå ein kompis eg ikkje hadde møtt før, og inviterte han spontant på middag. ”Han er misjonerande veganar altså”, sa han då han hadde lagt på røret. Ups, eg var plutseleg glad eg ikkje hadde putta ein klatt smør i krafta, råflott som eg kan vere.

Gode råd var dyre, så eg gjekk igjennom kjøleskapet og såg kva eg fann. Der var det eine og det andre av grønsaker og tilsetningsstoff, så eg gjekk i gang med friskt mot. Og slik lagde eg min første heilveganske middag. Veganisme betyr at ein ikkje et eller brukar animalske produkt. Mjølk, egg og ost er dermed ikkje aktuelt, men heller ikkje silkeklede, lærsko eller ting med gelatin. Mange vinar er filtrerte ved hjelp av gelatin, og enkelte hudkremar inneheld dyreprodukt som dermed også er utelukka. Å gå på sirkus eller besøke dyrehagar vil ein veganar normalt avstå frå, av omsyn til dyra.

Då eg skulle til å lage mat las eg nøye på alle innhaldsfortegnelsane på buljong og ajvar, som eg bestemte meg for å bruke. Begge var mjølkefrie og utan gelatin og liknande. Ajvar får du kjøpt på innvandrarbutikkar, det er ein raud og smakfull paprikakrem som kan brukast i gryterettar og som pålegg. Den porsjonen eg lagde metta seks vaksne med byggris til. Slik lagde eg gryta:

Vegansk gryte

To gule løkar

fem gulerøtter

200 g sellerirot

Ein kålskalk, ca. 300 g

Seks fedd kvitløk

To toppa spiseskeier tomatpuré

Ei spiseskei ajvar

To terningar grønsaksbuljong

5 dl ferdigkokte bønner (eller avrente bønner frå boks)

Røykt paprikapulver viss du har

Salt, sukker og peppar

Olje til steiking

Vatn og kokekraft frå bønnene

Rens alle grønsakene, og del dei i passe store bitar. Eg hadde kvitløken heil i, når den vert kokt lenge vert den mjuk og deilig, og kan klemmast med gaffelen.

Varm opp oljen i ei gryte, og ha i løk og kvitløk. La dette surre i 8-10 minutt medan du rører. Ha i resten av grønsakene, og slå på kraft frå bønnegryta og litt meir vatn. Rør inn tomatpuré og ajvar, og smuldre buljongterningane i gryta.

La dette koke til alle grønsakene er møre. Rør inn bønnene til slutt, og la dei bli gjennomvarme. Smak til med salt, sukker og peppar.

Server gryta med byggris som du kokar etter anvising på pakken, og blandar i ein liten neve korintar i kokevatnet.

Vår dag

No har vi bestemt oss for når vi vil gifte oss.

Det blir 22. september. Mailen til dei som administrerer festlokalet er sendt, vi har avtalt med kokken, foreldra våre er informert og serveringsdamene er booka.

I tillegg er brudekjolen kjøpt og levert til sydama, skoa er i boks, bokstaveleg talt, og trettenåringen har laga logo for oss! Er han ikkje flink? (Og datoen er i ISO 8601-format, til ære for nerden i familien.)

Vi gler oss! Ha ein fin helg, og elsk din kvardag. 🙂

Er du klar?

I helga kjem eg til å kome med nokre oppskrifter som kjem til å kreve litt førebuing.

Så viss du vil vere med på moroa, så gjer slik eg gjorde: Ta ein pakke tørre, brune bønner, og skyll dei godt i eit dørslag. Ha dei i ein stor bolle, bønnene må ikkje fylle den meir enn halvfull.

Slå på vatn, og la det stå over natta. Om morgonen kan du la bønnene renne av i dørslaget. Ha dei i ei gryte, og slå på dobbelt så mykje vatn. Ha 1 ss salt, ein halv sitron delt i to og gjerne nokre kvistar timian om du har.

Når du har komt så langt er du klar til å bli med moroa. Eg kjem tilbake med to gryteoppskrifter som du kan bruke desse bønnene i. Men den enklaste oppskrifta kan du få her og no:

Opne eit glas pesto, og ha 4-5 ss i ei skål. Rør det ut med litt av kokevatnet frå bønnene. Vend det heile inn i ein passe stor porsjon med bønner, ca. 1/2 liter. Server som tilbehør til steikt kjøt eller ha det i ein salat.

Den siste reisa

Når min kjære kjem heim med roser blir eg alltid like lukkeleg.

Men det er ikkje til å kome bort frå at dei vandrar alle rosers veg. Nokre byrjar å henge med hovudet, andre spring ut, men byrjar til slutt å sleppe blad og bli visne i kantane.

Desse som spring ut brukar å få eit ekstra liv her i huset. Omtrent i det hovudet byrjar å bikke til sides klipper eg dei av. Så legg eg dei i små glasskåler som eg har nokre skeier vatn i.

Då får dei nokre dagar ekstra som bordpynt i heimen. Det er ei kjensle av luksus å spise frukost og middag på eit bord som er pynta med badande roser.

Når hagerosene kjem er det ein god idé å gjere det same med dei. Ha ein fin dag! 🙂

Ojojoj, så fine! You know the drill

Eg har kjøpt sko!

Eg har sett meg rundt når det gjeld brudesko utan å finne noko som eg har likt. Det er mange med perlebroderi, firkanta tå, slingback, ankelrem og andre ting som eg ikkje vil ha.

I dag gjekk eg innom Grensen 12, og der finn eg alltid fine ting. I brudesilkeskapet hadde dei berre ein modell eg kunne tenke meg, men den var i str. 37 og det var det siste paret dei hadde inne. Bortsett frå det hadde dei berre rare sko med unødvendige dippeduttar eller rar spiss på.

Men i hylla ved sidan av fann eg nokre fantastiske pumps frå Högl. «Til denne kjolen kan du til og med slå til med gullsko», sa sydama. Eg var skeptisk til det, men då eg såg desse var eg overbevist. Desse vil vere fantastiske til kjolen! Kjolen har nemleg eit broderi i ein gylnare tone enn sjølve kjolestoffet, og eg er sikker på at desse skoa vil passe heilt utruleg bra.

Dei du ser på bildet er altså i sølv, dei eg har kjøpt er i gull, men ikkje ein «sparkling» gull. Eg klarer ikkje å finne bilde av akkurat desse skoa, dei er visst nye for sesongen. På eska står det «taupe», men dei framstår som matte, classy gullsko. Enkle, gode å gå i og eg får laange bein i dei. Me like! <3

Bolognese-suppe?

Eg har nokre gongar sett reklame for ei suppe dei kallar bolognese-suppe.

Rare greier, for meg er bolognese kjøttsausen til det bestefar min kalte hummar og kanari. Ein klassisk italiensk kjøttsaus med tomat, løk og selleri. Korleis lagar ein ei suppe med det? Det må vel vere ein variant av minestronesuppe, men fyldigare og utan bacon, tenkte eg.

Eg jobba vidare med idéen ein dag eg kom heim, var svolten og sliten og både eg og resten av familien trengte mat fort. Eg sette barna i gang med å kutte grønsaker, og så lagde eg kjøttbollar av ein pakke kyllingkjøttdeig som eg tok med meg frå butikken i all hast. I kjøleskapet fann eg ein boks med heil bulghur som var att etter middagen dagen før. Dei gryna putta eg i suppa i staden for pasta.

Du treng ikkje ha alle grønsakene som eg hadde, dei er berre eit resultat av restar som hadde samla seg opp i kjøleskapet mitt. Du kan bruke stangselleri, du kan kutte ut selleri viss du ikkje har det eller putte i ein kålskalk eller nokre kokte poteter viss du har slikt liggande. Supper som dette er den perfekte måten for å kvitte seg med ting som burde ha blitt spist opp.  Slik gjorde eg det:

Bolognese-suppe

1,5 liter vatn

2 buljongterningar eller tilsvarande mengde fond

400 g kyllingkjøtdeig

1 egg

1 ss potetmjøl

1 dl vatn eller mjølk

1 ts urtesalt

1/2 ts malt peppar

3 gulrøter

Ei sellerrirot

Ein løk

To fedd kvitløk

100 g brekkbønner

To boksar finhakka tomatar

Ein timiankvist viss du har, viss ikkje, 1 ts tørka timian

3 dl kokte, heile bulghurgryn eller tilsvarande mengde kokt, kald pasta

Salt og peppar

1 ts sukker

Kok opp vatnet, og ha i buljongterningar eller fond, timian og tomatane.

Ha kjøttdeigen i ein bolle. Rør inn urtesaltet og pepparen, og rør kjøtdeigen seig. Knekk i egget og rør inn potetmjøl og væske.  Ha farsen i dobbel plastpose. Klipp hol (mindre enn du trur…) og klem ut litt og litt deig som du slepp ned i gryta med ei skei. Kjøtbollane skal ikkje vere stort større enn ei hasselnøtt, dei hevar seg i gryta.

Rens og skrell grønsakene, og hakk dei fint. La dei koke i krafta til dei er møre, og kjøtbollane er kokte. Smak suppa til med salt, peppar og sukker. Server gjerne med flatbrød eller anna brød du måtte ha i huset. God middag!

Fiskegrateng

Eg forsto plutseleg at eg ikkje har ei skikkeleg fiskegratengoppskrift her i bloggen. Det er jo ei skandale!

Vi er mange som har vakse opp på fiskegrateng, fiskebollar og liknande, og så lenge den er fri frå bein syns eg det er ein kjempegod middag. Når du lagar fisk til middag er det smart å koke litt ekstra fisk. Fiskegrateng er jo restemat, og då kan du bruke opp restane i ein grateng.

Eg likar å ha alle grønsakene, også potetene i gratengen. Det gjer eg enkelt ved at eg brukar ein pose frosen lapskausblanding, den inneheld poteter, selleri, gulrot og litt purre. Purre er godt i grateng, så det puttar eg i litt ekstra av. Droppar du lapskausblandinga så er det til dømes godt med erter i gratengen, i tillegg til purre. Om sommaren er det godt å ha i urter som persille, graslauk eller topplauk.

Bechamelsausen, som er det korrekte namnet på den enkle, kvite sausen kan piffast opp på forskjellige måtar. Muskat er eit vanleg krydder i kvit saus til fiskegrateng, og eg syns det er veldig godt i. Ein sprut sitronsaft gir eit ekstra løft, du kan også ha litt riven ost i sausen om du har.

Eg piskar ikkje eggekvite og har i, slik enkelte gjer. Eg fyller heller gratengen godt slik at den held fasongen, og så rører eg egga i smeten. Dette er ein grateng til fire personar. Slik gjer du det:

Fiskegrateng

3 ss smør

3 ss mjøl

8-9 dl mjølk

Ein buljongterning, helst grønsaksbuljong

Litt riven muskatnøtt

500 gram kokt, kald fisk

To egg

Ein halv purre

1 pakke frosen lapskausblanding

2 dl tørr makaroni

strøkavring

Litt ekstra smør til forma

Salt, sitronsaft og peppar

Sett steikeomnen på 200 grader.

Skyll purren og skjer den i skiver. Del fisken i passe store bitar.

Smelt smøret i gryta på ikkje alt for sterk varme. Rør inn mjølet og la det frese litt utan at det skiftar farge. Ha i mjølka, og rør godt. Sett opp varmen, og rør flittig medan sausen kokar opp. La sausen koke i 4-5 minutt medan du rører av og til. Smak den til med ein knust buljongterning, muskat, litt sitronsaft og eventuelt meir salt og peppar.

Kok makaronien i salta vatn etter oppskrifta på pakken. La den renne av, og sett den til side. Ta sausen av plata, og rør raskt inn egga. Vend inn fisken, purre, makaronien og lapskausblandinga.

Ha smeten over i ei smurd eldfast form, vi doblar oppskrifta og brukar ei lita langpanne når vi er mange. Strø over strøkavring, finknuste knekkebrød eller liknande. Legg nokre små smørklattar på toppen, og sett forma inn i steikeomnen. Steik gratengen i 40-45 minutt til den får ei fin, gylden overflate og byrjar å bli fast.

Server gratengen som den er, eventuelt med smelta smør på. Får du fiskegrateng til overs, så held den seg også godt i kjøleskapet to-tre dagar. Å lage to i slengen er også smart, har du aluminiumsformer så kan du putte den eine i frysen til ein dag då ting må gå kjapt.

På kjølelager

Min kjære kom heim frå Amsterdam i slutten av november med to flotte amaryllisknollar.

Akkurat då dei kom i hus var eg litt stressa, hadde ikkje jord til hands og difor vart eg glad då han fortalde at dei kunne oppbevarast i kjøleskap fram til planting. Så dei vart ståande i kjøleskap sikkert i eitt par veker, før eg fekk tak i jord og fekk dei i potter.

Då fekk dei stå lyst og fint i vindauga, dei fekk både vatn, varme og omsut. Men det skjedde ingenting. Dei sto der grøne og saftsprengte, men ingenting stakk opp. Til slutt, då vi kom heim frå juleferie, stakk det opp eit lite blad.

Først no, to månader etter kjøleskapsopphaldet, spring den eine ut. Til gjengjeld er det ein veldig fin amaryllis, til og med med tre blomestilkar. (Det er ein til blomestilk lenger ned, som ikkje kom med på bildet.)

Så den som ventar på noko godt, ventar iallfall ikkje forgjeves. Er den ikkje flott?

Tiddelibom

Det snør, det snør over heile byen.

Vi har tenkt oss ein tur ut, men jammen kan det bli ei utfordring. Bussen er ikkje alltid til å stole på når det er slik, sykkelen taklar sporsnø dårleg og parkeringsplassar er heller ikkje lette å oppdrive. Kanskje bør vi ta det som ein spasertur?

Denne vakre narsissen er min favorittblome no for tida. Bridal crown heiter den, og er ein liten narsiss på ein uendeleg lang stilk, iallfall her hos meg. Eg har fjerna jorda og satt røttene rett i ein glasbolle med steinar i, som eg har litt vatn i. Det er nok til at dei veks og trivest.

Elles ventar eg på nyhende, ei venninne ligg på Ullevål avd. B, og viss dei ikkje har blitt tre i familien allereie så blir dei det i dag. Eg kryssar fingrane for at alt går bra, og gler meg til å sjå og bli kjent ned dette vidunderet som eg føler eg har kjent lenge.

Til alle lesarane mine: Kos deg i snøen, kjøp deg ein bukett blomar og nyt den fine helga.

Eit nyttårsmeme

Suziluz har posta eit meme i bloggen sin, og sidan ho seier at kven som helst kan ta det vidare så gjer eg det. Det forklarar kvifor det er på svensk, iallfall. Veit du forrresten at ho kjem med bok i mars? Det kjem eg til å skrive meir om, heilt sikkert.

1) VAD GJORDE DU FÖR TIO ÅR SEDAN? Farta til og frå, hadde barnehagebarn som måtte hentast og leverast, ein travel jobb og eit enormt press på meg. Eg anar ikkje korleis eg sto det over.

2) VAD GJORDE DU FÖR ETT ÅR SEDAN?

Elska livet, akkurat som eg gjer no, med verdas finaste kjæreste, og dei to fine ungdommane mine.

Eg hadde akkurat møtt ei som var med meg gjennom heile smalhans-prosjektet, og som var ei uvurderleg støtte.

3) FEM SNACKS DU GILLAR: Sørlandschips, macadamianøtter, smash, Walthers mandler og heimepoppa popcorn.

4) FEM SÅNGER DU KAN HELA TEXTEN TILL: Det er ikkje mange. Eg er faktisk veldig dårleg på tekstar. Men eg prøver: Misty, Little Green, Embraceable you, En myk manns sang (!!) og Promise me.

5) FEM SAKER DU SKULLE GÖRA OM DU BLEV MÅNGMILJONÄR: Å, så mange ting. Betale ned gjeld, sette av boligfond til barna mine, reise, betale to andre eg kjenner si gjeld og donere til SOS barnebyar.

6) FEM DÅLIGA VANOR: Eg legg meg for seint, eg trenar ikkje nok, eg ser på dårlege tv-seriar, eg kan utsette ting eg burde ha gjort og eg stryk ikkje skjortene og blusane mine.

7) FEM SAKER DU GILLAR ATT GÖRA: Å sykle, å synge, å lage mat, å klø kjæresten min på ryggen og å gi nattakos til barna mine. (Ups, ungdommane)

8) FEM SAKER DU ALDRIG SKULLE KLÄ DIG I, ELLER KÖPA: Rosa ting, turkise ting, gule ting, kongeblå ting og grå ting. (Eg er ganske sær når det gjeld fargar.)

9) FEM FAVORITLEKSAKER: Macen, iphonen, kjæresten min, sykkelen og kjøkkenknivane.

10) TIO PERSONER JAG VILL SE GÖRA DEN HÄR UTMANINGEN: Nei, dette må dokke finne ut av sjølve. Syns dokke dette var morsomt, så herm etter meg, då blir eg glad.

Når er fastelaven i år då?

Det slår ikkje feil, eit stykke ut i januar kvart år får eg masse søk i bloggen på når fastelaven er.

Så for å gjere det enkelt så seier eg det her og no: Fastelaven i 2012 er søndag 19. februar. Så du har god tid til å førebu deg med å lage ris og handle inn fersk gjær til søte deigar for å produsere dei aller beste fastelavensbollane.

Før fastelaven skal ein ete feit og god mat, her har du Heidi sine oppskrifter, mellom anna på rømmegraut og bollar.

Eg har forska ein del på bolleoppskrifter, og prøvd å finne den varianten som gir både luftige og smakfulle bollar. Denne oppskrifta er den beste til no.

Så viss du no vert freista til å gjere nokre prøvebakingar for å sikre kvaliteten på den endelege fastelavensbaksten, så har du tid til det. Ha ein fin torsdag!

Mørkt og trist?

Kaldt og stussleg? Viss det framleis er slik i morgon så veit eg ein måte du kan få det betre på. Ein måte som gjer alt grønt og fint, lyst og vakkert.

SVT2 byrjar å sende sin nye programserie Österlenska trädgårdar! Hagane i denne serien ligg i den mildaste delen av Sverige, der sjansane for at vakre og sjeldne vekstar vil trivast er store.

Første program går på lufta i morgon kveld kl. 20, så har du den kanalen tilgjengeleg er det berre å legge inn ein alarm på telefonen. Eller stille inn opptakaren, om du har slike fine greier. Du finn meir informasjon her. Og her. Kos deg med vakre hagar!

Hemmeleg, hemmeleg

Her er kjolen eg prøvde i dag, og som faktisk sklei rett på. Den må knipast inn litt  i ryggen, viss dokke ser så er det faktisk nokre klyper der som held den «i fasong».

Men eg vil ha den kort. Det vil seie kutta rett over kneet. Underskjørtet må også bort, eg kan kanskje beholde litt tyll i kanten for å få fram ein slags femtitallsstil. Og utfordringa er då at når ein først har begynt å klippe i den så er den min. Eg får altså ikkje prøve den i kort utgåve før eg har kjøpt den.

Onsdag har eg ny prøvetime (ein må visst alltid bestille tid, den salongen eg skal på på onsdag har ganske enkelt låst dør! Du må ha time for å sleppe inn.), det blir spennande å sjå kva dei har å by på.

Her er «krava» som eg hadde frå før:

Ikkje strapless, ikkje «rett v-hals»

Ikkje bløtkakeskjørt

Her er krava som eg vart klar over på prøvetimen i dag:

Eg trudde eg kunne bruke empireliv, men det ser eg gravid ut i. Glatt/drapert front er finare.

«Heartshape» eller rund/firkanta hals er finast.

Bonusen med denne kjolen er umenneskelege mengder stoff i slepet som skal klippast vekk, som eg faktisk kan få sydd ein cape eller ei jakke av.

Eg har også vore innom på Tulip og Tatamo. Deira modellar er ikkje 100% for meg, men det går an å få til noko. Eg har tenkt på om eg skal bruke min gamle (!!) brudekjole til å få sydd meg ein ny. Mitt forrige ekteskap var ikkje spesielt konfliktfylt, vi har eit slags vennskap i dag, og Kjetil har ingenting imot det. Den gongen var eg gravid, og fekk sydd meg ein kjole av eit veldig lett og lekkert silkestoff (organza? Svinedyrt, iallfall) i skjørtet, og eit nesten metallisk gullsilkestoff i overdelen.

Det eg kunne tenke meg var å bruke eit nytt stoff, t.d. ull, som T&T brukar mykje, i overdelen, og så silkeorganza i skjørtet, og så sy på eit hjarte av gullstoffet framme på bryststykket som T&T ofte har i sine design. Mange vanskelege val her… 🙂