Skrei i ny drakt
No er skreien her, og det er berre å ete skrei, lever og rogn med begge hender. Og når du er ferdig med det kan du prøve den varianten eg foreslår, som er av det litt meir moderne slaget. Eg serverer torskefilet smørsteikt med bakte grønsaker og hummus. Hummusen kan du bytte ut med aioli, eller droppe den heilt, men den er deilig mettande, og passar godt smaksmessig til det syrlege kaperssmøret og den salta fisken. Grønsakene bakar eg i omn, og det tek litt tid. For å gjere det heile raskare kan du køyre dei ferdig krydra grønsakene nokre minutt i mikrobølgeovnen først, og så bake dei ferdige i omnen. Du kan også byrje med dei idet du går inn døra heime, når dei først står der i omnen så er det jo ikkje noko stress med dei. Resten av middagen går veldig fort å lage. Eit tredje alternativ for stressa folk er å lage både grønsakene og hummusen ferdig kvelden før. Då har du ferdig middag på eit kvarter dagen etter. Grønsakene kan …