All posts filed under: Sausar og dippar

Aspargespai med tomatsalat

Sjå etter dei norske aspargesane i butikken, dei er så utruleg gode, og når du puttar dei i ein pai får du mykje moro med ein bunt. Eg dyrkar faktisk mine eigne asparges, og det er så enkelt at det er nesten litt flaut. Du grev ned aspargesrøtter i sandblanda jord, så ventar du tre år (det er det vanskelege), og så kan du spise asparges med begge hender iallfall fram til jonsok. Eg har dei i ei kasse på 1×2 meter, då har eg plass til ti plantar, og det held til oss to. I ei kasse vert det mindre ugras, og sniglar og andre udyr finn dei ikkje. I midten mellom plantane har eg sådd koriander. Til aspargespaien serverer eg ein tomatsalat med rista brødterningar, eller krutongar, om du vil. Den kan minne om det italienarane ville kalla panzanella, men den er endå enklare. Eg fann nydelege, små tomatar i alle fargar, og då vart salaten berre desse vakre tomatane, med salat og dei urterista brødterningane oppå. Viss du vil utvide den, eller …

Vintersalat – Grønkålsalat med eple og chevre

Ja, det er berre å innsjå det først som sist: No er det vinter. Men vinteren har jo sine fine sider og, så eg deppar ikkje. Dessutan er eg heldig å ha hage i ei mild klimasone. Det er heilt fascinerande, alt som framleis står i hagen og byr seg fram! Eg var ute og plukka i dag, og eg fann grønkål, persille, rosmarin, timian, salat som har frøsådd seg, og den gode, pepparaktige isopen, som eg er så glad i. Alt dette står klart til hausting til fram imot jul. Det er ingen grunn til å ikkje planlegge for å ha ein frodig hage også no i november. Grønnkål kan bli litt treen og seig i rå tilstand, men eg brukar å massere den med ein god vinaigrette, og då mørnar den og blir veldig mjuk og fin i bladverket. Den taklar fint å bli blanda med litt vanleg salat og, då får du ein godt balansert salat. Eg fann nokre fine, raude eple som eg tok med, saman med litt chevre og valnøtter …

Grilla kylling med asparges

Få ting gjer meg så lykkeleg som asparges. Dei er best på sommaren, og eg har dei til og med i hagen, så på forsommaren et vi asparges med begge hendene. Asparges og kylling er ein perfekt match, sprø og smakfull asparges, med saftig grilla kylling passar veldig godt i lag. I dag har eg laga ein bulgursalat til kyllingen, og putta aspargesen i den. Det er ein veldig fin måte å servere asparges til mange, sjølv om du berre har ein liten neve. Bulgur er heile kveitekorn som er dampa på førehand, slik at koketida berre er ti minutt. Eg brukte den grove typen, men det finst også finare bulgur som tek endå kortare tid å koke. Sett på bulguren, og begynn å hakke grønsaker. Så puttar du dei i gryta etter kvart, og så er maten ferdig når bulguren er kokt. Dei grønsakene som trengst lengst koketid må i først, logisk nok, og dei som berre skal bli gjennomvarme, som paprika og sukkererter, bør gå i til slutt. På den måten blir alle …

Sommaren på eit fat

Viss du har urter i hagen, så er du heldig. Dei sprutar opp av jorda, og gir eit hav av sjansar til å heve smaken på maten du lagar. Urter er ein utruleg enkel måte å utnytte hagen på, men dei kan også trivast på ein balkong i ei krukke. Eg er sjølvforsynt med oregano og persille på balkongen, og det einaste dei krev er litt vatn no og då. Der eg har hagen min er utvalet langt større. Der dyrkar vi løpstikke, persille, timian, estragon, rosmarin, rukkola og sar, for å nemne nokre. Oreganoen er ein skikkeleg biemagnet, og myntene har fått si eiga kasse, så dei ikkje skal innføre myntenes verdsherredømme. Det gjer dei om dei får lov. Dill og koriander bør såast fleire gongar i løpet av sesongen, dei går i blomst før du får sukk for deg. Når eg skal lage middag tek eg med meg ei korg og ei saks ut i hagen, og så plukkar eg det eg vil ha som passar til det eg skal lage. Thaimat og …

17. mai-buffé

Det blir ein annleis 17. mai, men den kan bli like fin, berre på ein annan måte. Kanskje blir det mindre stress, kanskje slepp vi å stå så tidleg opp, og vi kan ta vare på kvarandre og samlast for å feire nasjonaldagen likevel. Unngå buffé, står det i alle smitteråd. Når ein skal servere 17. maimat er det vanskeleg å unngå buffé, iallfall viss ein skal ha litt forskjellig å smake på, og og alle skal finne noko dei likar. Utgangspunktet må vere at viss du er sjuk, snufsar, hostar og ikkje er allergisk, så kan du ikkje vere med på festen. Det er synd, men slik er det. Å møtast og spise saman så lenge ein held ein meters avstand når alle er friske og har nyvaska hender er uproblematisk. Viss du vil vere ekstra forsiktig, og har mykje servise, kan du porsjonere ut maten. Legg hummus med grilla grønsaker og litt spekemat på tallerknar som folk kan forsyne seg med. Bak 17. maikaka som muffins, slik eg har gjort. Det blir hendige …

Tre salatar og ein kebab

Kva er ein salat? Vi som vaks opp på syttitalet fekk servert hakka kinakål med tomat og agurk, utpå åttitalet vart den friska opp med litt mais frå boks. Men ein salat kan vere så mykje meir enn det. Bestemødrene våre laga råkost til fisken, waldorfsalat og potetsalat, for ikkje å snakke om italiensk salat, som mest vart brukt som pålegg. I ettertid har vi forstått at den liknar ganske mykje på amerikansk coleslaw. Svenskane har sin fantastisk gode kålsalat til pizza, og sildesalat, som eg må innrømme at eg kan styre meg for. Etter som vi har blitt meir verdsvande har vi reist, og fått servert cæsarsalat, salat nicoise, italiensk caprese og gresk salat med fetaost og tomatar. Sidan eg byrja å lære meg meir om kjøkenet i midt-austen, har eg blitt meir og meir glad i tabouleh. Tabouleh er ein finhakka salat med tomat, agurk, bladpersille og bulgur eller couscous. Den finst i like mange variantar som det finst kokkar, og diskusjonen går ofte på kor mykje urter og kor mykje gryn ein …

Coronamat – ein god vinaigrette

Når eg står og lagar mat så har eg lært meg nokre triks for at det skal gå raskt og effektivt. Eit av dei er å “preppe”, altså gjere enkeltelementa i maten klare, enten ved å rense og kutte opp, eller ved å lage enkeltting heilt ferdig på førehand. Ein slik ting som det lønner seg å ha laga ferdig på førehand er ein god vinaigrette. Eg brukar å lage ein halvliter i slengen, gjerne to ulike variantar, og så fyller eg dei på desse smarte flaskene. Dei har eg kjøpt på Culina, men sist eg var på IKEA såg eg dei i topakning der. Du kan også bruke andre typer flasker, viss du har. Pass på å merke godt, det kan by på skuffelse viss du har fylt vinaigrette i ketsjupflaska. Då går det veldig kjapt å gi salatane mine eit skikkeleg smaksløft. Når eg lagar ein salat med ulike typar gryn, blir vinaigretten spesielt viktig. Gryn og belgfrukter tek lett til seg smak, og då må ein supplere med noko som verkeleg gir …

Coronamat -Variantar av ribbe

Gjekk du i frysaren og såg kva du fann? Var det ei ribbe der? I så fall er saka enkel: Då er det berre å legge den i saltlake, og bruke den såkalla Gundametoden. Når du først har steikt den har du først eit klassisk krunamåltid med ribba, og så får du restar som du kan ha det uendeleg mykje artig med. Ein av mine favorittar er desse ferske vårrullane, eller heller sommarrullar, som mange kallar dei. Rispapir er enkelt å få tak i no til dags, og held seg eviglenge i skapet. Sjekk om du har noko ståande. I sommarrullane kan du bruke det du har i hus av grønsaker, ribberestar og ulike asiatiske sausar som hoisin, soppsoya eller du kan lage ein heimelaga peanøttsaus. Slik gjer eg det: Heimelaga peanøttsaus 3 toppa ss peanøttsmør 1 ss varmt vatn 1/2 dl soyasaus 2 ts riseddik Cayennepeppar Ha peanøttsmøret i ei skål, og ha i det varme vatnet. Rør det jamnt før du “sper” med soyasaus og riseddik. Smak til med litt cayennepeppar.

Fatteh med kikerter

Som eg har nemnt tidlegare, så har eg fått ein forkjærleik for mat frå Midt-austen i det siste. Eg går ut frå at du allereie har testa ut den syriske tacoen eg la ut i forrige veke, og her kjem ein vegetarisk variant. Denne er veldig enkel, men her kan du leike deg med dei grønsakene og belgfruktene du har i huset. Prøv den til dømes med mjuksteikt gyllen løk, squash og aubergine. Eg laga den heilt enkel, og det er også veldig godt og mettande. Det er noko med smaken av tahini og kikerter, den gjer meg berre lykkeleg. Ha ein fin laurdag! Fatteh med kikerter To store libabrød eller fire små pitabrød Olje til pensling viss du vil   Tahinidressing: 1 dl tahini 4 dl naturell yoghurt Eit finhakka kvitløksfedd 1 ts sukker Salt, peppar og sitronsaft   Ein boks kikerter ½ ts røykt paprika ½ ts vanleg malt paprika ½ ts svart peppar ½ ts salt 1 ss olivenolje Mynte og/eller bladpersille til dryss Pensle brøda med olje, og legg dei på …

Syrisk taco

Dette er kjempegodt, det smakar betre enn fredagstaco, sa min kjære då han fekk dette servert. Så då vart det syrarane kallar fatteh omdøypt til syrisk taco her heime hos oss. Eg har alltid vore glad i maten frå midt-austen. Eg har vore eit døger i Istanbul, då budde eg på eit veldig fint hotell. Då eg kom til frukost var det som å vere i London, bacon, egg, tomatbønner og ein eigen omelettkokk. Men eg såg at dei som var tyrkiske gjekk rett forbi omelettkokken. Eg følgde etter dei, og lengst inn og til venstre kom eg til den mest fantastiske frukostbufféen eg nokon gong har sett. Frukt skore opp på kunstferdig vis, store skåler med ulike yoghurtar og dippar, Falafel, hummus og ein eigen fatteh-stasjon. Eg var i himmelen. Fatteh betyr eigentleg smular, og denne retten er ein måte å bruke opp gamalt brød på. Brødet er eit tynt, mjukt flatbrød, og vert servert til alle måltid. Brødet er veldig godt ferskt, men i heile midtausten har dei gjort det å bruke gamalt …

Spinatstuing med ein vri

Eg veit ikkje om du huskar Heidi Brunstad Øyehaug, som skreiv matspalte saman med meg for altfor mange år sidan. Ho lærte meg den geniale kombinasjonen av eplejuice og créme fraïche. Créme fraïche har den fordelen framfor rømme at den toler koking, og sausar med créme fraïche får ein utruleg rund og samtidig frisk smak på grunn av syra i den. Når du då blandar den med eplejuice, og smakar til med fond eller buljong så blir dei du har rundt bordet garantert veldig lukkelege.  Eg lagar denne sausen som ein spinatstuing, og det passar perfekt til all steikt fisk. No er det lett å få tak i fersk spinat, så bruk det om du finn. Viss ikkje kan du også bruke frosen spinat, då kan den bli litt meir sausete, men det gjer ingenting. Smaken er like god. Så neste gong du serverer steikt fisk bør du prøve dette ved sidan av. Du vil ikkje angre, eg lovar.  Spinatstuing 1 ss smør Ein sjalottløk 200 g rensa spinat 2 dl eplejuice 2 dl créme …

Kalv med frisk melonsalsa

I dag har vi spist noko av det aller beste eg veit: Entrecote av kalv. Kalvekjøtet er lyst, mørt og saftig, og blir utruleg godt på grillen eller i steikepanna. Det er synd at kalv skal vere så vanskeleg å få tak i. Har du ein god slaktar nær deg så prøv å godsnakke med dei og få dei til å ta det inn. Eg kjøper mitt kalvekjøt hos Strøm-Larsen på Torshov i Oslo, eller i Sverige. Der er det av ein eller annan grunn heilt vanleg i butikkane. Til kalven laga eg ein salsa med melon. Salsa betyr saus, og melonsalsaen min liknar kanskje ikkje heilt på ein saus. Men den liknar på ein tomatsalsa, som ein lagar ved å finhakke tomatar og røre saman med krydder og urter. Melonsalsaen er laga på same måte. Eg hadde ein skalk av vassmelon og ein stor piel de sapo-melon til disposisjon. Piel de sapo har sesong ganske seint, og har lyst, aromatisk og søtt fruktkjøt. Eg tok dei urtene eg hadde, litt oregano, litt rosmarin, timian og persille. Skal du servere salsaen til meksikansk mat ville eg brukt koriander, men her …

Bakt salat

Salat kan vel ikkje vere bakt? Jau, det kan den, og det er ei sjakktrekk for å utvikle gode smakar. Salatar kan varierast i det uendelege, men nokre hovudelement må vere med. Grønsaker av ulikt slag, proteiner og noko som gjer deg mett, ein god dressing, og så noko sprøtt på toppen. Nokre seier at bladgrønt alltid må vere med, men denne salaten er eit døme på at det trengst ikkje. Det hadde ikkje skada om det var grønt i denne og, men for å vere heilt ærleg så gløymde eg det. Slik er det når ting går litt fort av og til. For at ein salat skal vere mettande må ein ha med både karbohydratar og proteinar. Karbohydratane kan vere pasta, ris eller ulike typer gryn. I dag har eg brukt grov bulgur. Den tek veldig lett til seg smak, og mettar godt. I tillegg vender eg inn linser. Eg syns den kombinasjonen er veldig god, og er lett å leike seg vidare med. I denne salaten har eg brukt heil bulgur, men bulgur …

Italiensk porchetta

Italia er mitt favorittland når det gjeld mat. Frankrike er fint, og kokkane og smakane er i verdstoppen, men italienarane gjer ting så enkelt, og får mykje ut av lite. Det likar eg. Porchetta kan omsettast til ribberull på norsk, for ribba er jo ei flott råvare heile året, ikkje berre til jul. Har du ein slaktar i nærleiken, så gå til han eller henne, og be om å få kjøpe ei utbeina ribbeside. Det er rimeleg mat, og fantastisk godt. No er ribbene på plass både i kjøledisken og i frysedisken, så for å ikkje ta juleribba på forskot kan du jo lage denne enkle og gode kjøttrullen. Haustprosjektet mitt, som er grunnleggande teknikkar, har i dag kome til det å steike kjøt. I følge bioantropologane var det det at menneska oppdaga at å steike kjøt og fisk betra smaken, som gjer at vi utvikla så store hjerner. Steikinga gjorde at vi tok opp næringsstoffa betre, og med tida har det gitt oss verdsherredømme. Dei kjøtstykka som er musklar som i dagleg bruk som …

Det grunnleggande

I skulen høyrer vi om grunnleggande dugleik, dei tinga som alle skal lære, som lesing, skriving og rekning. Men det finst grunnleggande teknikkar som ein må meistre på kjøkenet og, så i dag skal du få lære, eller repetere, nokre av dei. Eg må berre innrømme det, eg elskar saus av alle variantar. Frå barndommen av har eg eit særleg kjærleiksforhold til brun saus, denne utskjelte, kjedelege, stive og alderdommelege massen som mange avskyr. Eg elskar den, like fullt. Difor har eg også eksperimentert mykje med den, og eg huskar enno som om det var i går då eg fekk vere med ei erfaren kokke då ho laga ein bryllupsmiddag tidleg på nittitalet. Då braut ho eit stort stykke norzola opp i gryta, og eg sto med store auge og såg på. Eg treng kanskje ikkje nemne det, men sausen vart utruleg god. I dag skal du lære å lage brun saus, og viss du har laga det mykje gjennom åra, så kanskje du kan få litt inspirasjon til å justere smaken slik at den …

Sunn vårsnacks – ferske vårrullar

No er butikkane fulle av friske, fine vårgrønsaker, og kva lagar vi då? Ferske vårrullar, sjølvsagt! Ferske vårrullar er passe eksotisk, passe sunt og med deilig frisk, sprø smak. Du kan fylle det med det du har i huset, eller gå bananas i grønsaksbutikken, og finne masse spennande som kan puttast i rispapiret. Utgangspunktet er nemleg asiatisk rispapir. Det er ein enkel deig av rismjøl og vatn, som er tørka til stive flak. Dei skal fort fuktast, og så er dei klare til å bli fylt med gode greier. Dei klassiske vårrullane er friterte, men desse skal spisast usteikte, med tynt snitta fine grønsaker inni. Det som verkeleg løftar dei ferske vårrullane er sausen du dyppar dei i. Eg har laga to ulike, ein som er basert på søt chilisaus, og ein som er basert på hoisinsaus. Enkle greier, altså, men du må ein tur i den eksotiske hylla i butikken, eller innom din næraste eksotiske matbutikk. Der finn du eit enormt utval av sausar, dippar og krydder, og ikkje minst fersk koriander, som er …

Andebryst med betechips og plommesaus

Vi fekk ho som ikkje lenger er tenåring på hyggeleg besøk frå Trondheim i helga, det er alltid like stas. Dessverre hadde vi ingen gjøkalv å slakte, derimot hadde vi nokre aldeles nydelege andebryst som vi tok fram i høve besøket. Det er vel så nær gjestens favorittmat som vi kan kome, så det vart sett stor pris på. Eg hadde handla polkabeter, for å vere med på Green Bonanza si store beteutfordring, og gjesten fastslo med ein gong at ho ville vi skulle lage betechips. Så ho og broren vart sett til å kutte betane i tynne, fine skiver, og så vart dei rista med olje til dei var gylne og sprø. Til andebrysta laga eg ein klassisk plommesaus, den blir alltid suksess. Prøv den, den er veldig god til heilsteikt svinefilet og. Polkabetechips Fire polkabeter Olivenolje Nokre klyper salt Kutt polkabetene tynt, bruk gjerne mandolin om du har. Eg hadde ungdommar i huset, som kutta i veg. Legg chipsa utover bakepapir på eit brett, og pensle dei med olivenolje. La dei bake på …

Den tapte salaten

Du veit den kjensla, når du får noko som smakar fantastisk, og alt du vil er å smake det igjen? Slik hadde eg det med denne salaten. Eg laga den i sommar, og den vart snyta god, som far min ville sagt det. Då veit ein jo som rutinert matskribent at det er berre å gå og skrive ned oppskrifta med ein gong, men feriekjensla må ha teke meg, for på datamaskinen fann eg ingen spor av oppskrifta. Eg fann eit bilde, men det var det heile. Kva gjer ein då? Ein må berre prøve seg fram, eksperimentere og smake seg fram. Eg har gjort det før, og det blir alltid litt prøving og feiling før ein treff. Men no har eg oppskrifta på plass, og septembersalaten er like god som julisalaten. Så no er det din tur, og eg trur du kjem til å like den like godt som eg gjer. Du kan servere den åleine med godt brød til, eller som tilbehør til fisk eller kylling. Droppar du osten er den til og …

Salat med bringebær og avokado

Kva skal vi ha til? Å finne ut kva vi skal ha til middag går som regel greit, men det å finne eit godt tilbehør er ofte der fantasien sviktar. Bringebær finn du over alt no, og det er ein fryd å bruke bringebæra både i søt og salt mat. Så send barna ut for å plukke, barnearbeid er berre av det gode i slike tilfelle. Bringebæra kan syltast, saftast, du kan lage ein deilig eddik med dei, og du kan ha dei i gode kaker. Det aller enklaste er berre å drysse dei på ei skål med vaniljeis, eller servere dei med vaniljesaus. Men visste du at du også kan bruke bringebær i ein salat? Min bringebærsalat er ein klassisk salat som passar godt til biff, til grilla luksuspølser eller til dampa laks og båtpoteter. Den bør lagast rett før servering, avokadoane vert brune og triste, og med vinaigrette på vert salaten fort blaut og trist. Denne porsjonen er tilbehør til fire, og lunsj til to. Salat med bringebær og avokado Eit halvt issalathovud eller …

Cæsarsalat

Sommaren er ikkje sommar utan eit rikt utval salatmiddagar. Når barna mine får velge salat, så vel dei ofte Cæsarsalat. Cæsarsalaten kjem frå Mexico, der kokken Cæsar Cardini lagde denne salaten med ein enorm suksess. Salaten er enkel, med salatblad, krutongar, parmesanost, kylling og ein karakteristisk dressing. Dressingen er av majonestypen, men tynnare, og skal etter tradisjonen smaksettast med ansjos. Det må du gjerne gjere, eg er ikkje så glad i ansjos, så her får du ei forenkla oppskrift utan. Cæsarsalat kan også lagast vegetarisk, då kan du bytte ut kyllingen med tofu eller steikt halloumi. Då bør du også droppe worchestershiresausen, den er laga på ansjos. Det er tre viktige triks for å få ein cæsar-salat til å smake heilt fantastisk: Det eine er å få til gode krutongar. Berre tørre brødterningar gjer ikkje nytta her, du må krydre dei, og ha på olje. Det andre trikset er å krydre kyllingen godt, og steike den så den får ei ordentleg skorpe. Det tredje trikset er å vende salaten i dressing, slik at alt bladverket tek …

To middagar i ein

Oppattevarma greinaløyse, kalla bestefaren min restemat han fekk servert. Jubelen sto altså ikkje i taket når middagsrestar kom på bordet. Men går det å gjere restematen spennande? Kanskje ikkje all restemat, men i dag skal du få forslag til korleis ein middag kan bli to gode. Eg byrja med ein kylling, eg fann ein stor, fin ein i kjøledisken. Den vart steikt, men sjølv om vi var fire vart det ein god del kjøt til overs. Det er ei eiga glede å stå der med ein delvis oppeten kylling, og pille den rein for kjøt. Kjøtet eg pillar av samlar eg i ein boks i kjøleskapet, og så brukar eg det i ei deilig suppe dagen etter. Den får du oppskrift på i morgon. Kyllingen går berre rett i omnen med salt og peppar, men eg tek den ut når den har stått ein time, og glaserer den før eg puttar den inn i omnen att. Glaseringa gir deilig smak, men sidan den er litt søt bør den ikkje vere med heile steiketida. Då vert …

Ein primørsalat

Primørane er dei første, heilt ferske, gjerne små grønsakene som kjem tidleg på sesongen. Ein kan tenke at dette er berre kokkeprat, men får du tak i dei heilt ferske, små saftige grønsakene er det ingenting som slår dei i smak og konsistens. Dei treng berre så vidt varmebehandling, og du får tilbake mange gongar ved å behandle dei forsiktig. I denne salaten får du brukt dei aller nyaste nypotetene, den grøne, smekre vårløken, friske, sprø reddikar og nydelege, friske asparges. Eg fann nokre lekre, tynne norske asparges. Dei var ikkje billige, men dei kjem berre nokre få veker om året, så bruk litt av feriepengane på ein bunt eller to. Finn du ikkje dei tynne, så bruk dei tjukkare, og del dei i to på langs. Å sette saman ein salat handlar om ulike fargar, former, smakar og teksturar. Det må vere noko syrleg, noko salt, noko sprøtt, noko mjukt, noko bittert og så må det vere masse fargar. Du får masse smak frå grønsakene, men dei treng litt hjelp. Det viktigaste hjelpemiddelet du …

Kjøt med saus

Eg er lei meg for den kjedelege overskrifta, men her er greia: Eg har fått to barn, no er begge tenåringar, og når dei spør om kva vi skal ha til middag er dette den beste måten å gjere dei lykkelege på; ved å svare kjøt med saus. At dei ikkje ville bli vegetarianarar visste eg tidleg. Dessutan har eg skjemt dei bort ved å servere store, saftige kjøtstykke skorne i skiver med saus basert på fløte eller creme fraiche. Dei har aldri fått kjensla av at at kjøt er komplisert eller dyrt. Kjøt er noko ein krydrar, puttar i omnen og så lagar det seg sjølv meir eller mindre. Skal dei imponere kjæresten steiker dei biff, og til bursdagane er desse store krydra kjøtstykka det viktigaste ønsket å oppfylle. Og viss eg kan ta livet av ei myte så er det nettopp denne, at det å steike kjøt er vanskeleg. Det er faktisk veldig lett, og det blir endå lettare viss du har eit steiketermometer å hjelpe deg med. Med svinekjøt treng du ikkje …

Couscoussalat med reker og avokado

I ferien er det fint med lat mat, slikt som smakar godt, og er lett å lage. For meg er reker sommarmat, men det treng ikkje vere dei små, ferske som ein får kjøpt på kaia. Eg  er like glad i grønlandsreker, dei er oftast store, saftige og ikkje minst fanga på ein berekraftig måte. I dag lagde eg ganske enkelt ein couscoussalat med reker. Couscous er nordafrikanske grove semulegryn som har lite eigensmak. Difor er dei takknemmelege å bruke, det er lett å putte masse smak saman med dei og resultatet er alltid vellukka. Det einaste du må huske på er å røre dei frå kvarandre med ein gong dei er ferdige. Let du dei stå og kose seg i gryta så sit dei som støypt saman, og så er moroa over. I salaten putta eg ein del grønsaker, og dei som eg ville ha møre la eg i kokevatnet til couscousen. På den måten vart grønsakene og gryna ferdige samtidig, og grønsakene fekk god smak av kokevatnet.  Slik gjorde eg det: Couscoussalat med …

Champagnebakte pærer med karamellsaus

No skal eg lære deg å lage verdas enklaste og raskaste karamellsaus. Slik gjer du det:  Enkel karamellsaus 2 dl brunt sukker 1 dl kremfløte 2 ss smør 1 ts vaniljesukker Ei klype salt Ha alt i ei gryte, og la det koke forsiktig opp medan du rører. Hald fram med å røre medan karamellen putrar, og la det koke forsiktig i 5-6 minutt til sausen er tjukk og fin. La den kolne. Champagnebakte pærer Ei pære per person 2-3 dl champagne eller ein annan musserande vin (evnt. 1 dl vatn, 2 ss sukker og 2 ts sitronsaft) Skrell pærene, del dei i to og fjern kjernehuset og blomsten. Legg dei med snittflata ned i ei eldfast form, og slå over champagnen. Dryss eventuelt litt sukker på viss du vil ha desserten ekstra søt. Bak pærene på 210 grader i 8-10 minutt. Er pærene dine ikkje så modne, må dei kanskje stå litt lenger i ovnen for å bli møre. Mine hadde lege på fruktfatet ei stund, og då var 8-10 minutt perfekt tid. Du …