Tante Gretes banankake
Eg treng alltid noko søtt etter middagen, og ein av favorittane mine er tante Grete si banankake. Denne kaka er ein smart måte for å bli kvitt brune bananar som har blitt liggande for lenge på fruktfatet. Eg har utvikla tante Grete si kake vidare ved å tilsette ”drita fulle rosiner”, altså rosiner som har fått ligge i ei eller anna form for alkohol og godgjere seg. Rom er det beste, men dei fleste typer sprit fungerer til slik bruk. Fyll eit glas med rosiner, gjerne nokre inntørka, triste frå forrige jul, og slå over rom, brandy eller vodka. La dette stå minst over natta, gløymer du det så held denne blandinga seg i kjøleskapet i årevis. Desse rosinene er kjempegode i gløgg, i juleformkaker eller i punsj, men i dag skal vi altså kombinere dei med banan. Droppar du rosinene er kaka nesten like god for det, og då likar ungane den også. Glasuren er basert på ferskost, og den syrlege smaken balanserer godt mot den ganske søte kaka. Du har sikkert forstått at …
