All posts filed under: Veggis

Gode grovbrød

Ein får liksom aldri nok gode brødoppskrifter. Og ingenting er deiligare enn å skjere opp eit nysteikt brød til frukost. Dette er det brødet eg bakar kvar gong vi kjem til Sverige. Svenskane kan ikkje brød, det er berre sørgeleg. Dei har alt for mykje sirup i dei, og så har dei ikkje butikken full av ferske brød om morgonen slik vi er vande med, iallfall ikkje her ute på glesbygden der vi held til. Vi kjem som regel hit til svenskehuset om kvelden, og viss klokka er før åtte, så set eg ein brøddeig. Då rekk den å heve, og eg får bakt ut brøda og steikt dei før vi legg oss. Å stå opp til frukost med brød som berre har vore ute av ovnen nokre timar, det er ei stor glede. Når ein har bakt brød ein del gongar så tek ein det litt på frihand. Ein brøddeig er ganske robust, og toler å stå lenger enn ein trur. Eg stikk gjerne og handlar viss eg bakar brød midt på dagen, om …

Søtpotetsuppe med sprø kylling

Kyllingrestane frå i går passar perfekt i ei søtpotetsuppe. Søtpotet har blitt veldig lett å få tak i, og er ein perfekt smaksbase for krydder, andre grønsaker og proteinar av ulikt slag. Denne varianten er ganske hot, kor hot den blir bestemmer du sjølv med mengda chiliflak. Søtpotetsuppe er ein  perfekt fellesmiddag for vegetarianarar og kjøttetarar. Server suppa i rause skåler, og ha eit eige garnityr som er utan kjøt eller fisk, t.d. rista nøtter, solsikkekjerner eller osteterningar. Søtpotetsuppe Ein raud løk Ein stor søtpotet 1 ts hakka kvitløk 1 ts hakka ingefær Fire gulrøtter Ei klype chiliflak 2 ts tomatpuré 1 liter grønsakskraft salt og peppar 200 g kyllingbitar Smør eller olje til steiking Varm opp olivenoljen i ei gryte. Rens løken, og kutt den i bitar. Skrell søtpoteten, og kutt den i terningar. Rens kvitløk og ingefær, og finhakk dei. Ha løken i gryta saman med ingefær, kvitløk, chiliflak og tomatpuré. La det frese til alt har fått fin farge, og det luktar godt. Ha i søtpotetterningane, og slå på kraft og fond. …

Ein primørsalat

Primørane er dei første, heilt ferske, gjerne små grønsakene som kjem tidleg på sesongen. Ein kan tenke at dette er berre kokkeprat, men får du tak i dei heilt ferske, små saftige grønsakene er det ingenting som slår dei i smak og konsistens. Dei treng berre så vidt varmebehandling, og du får tilbake mange gongar ved å behandle dei forsiktig. I denne salaten får du brukt dei aller nyaste nypotetene, den grøne, smekre vårløken, friske, sprø reddikar og nydelege, friske asparges. Eg fann nokre lekre, tynne norske asparges. Dei var ikkje billige, men dei kjem berre nokre få veker om året, så bruk litt av feriepengane på ein bunt eller to. Finn du ikkje dei tynne, så bruk dei tjukkare, og del dei i to på langs. Å sette saman ein salat handlar om ulike fargar, former, smakar og teksturar. Det må vere noko syrleg, noko salt, noko sprøtt, noko mjukt, noko bittert og så må det vere masse fargar. Du får masse smak frå grønsakene, men dei treng litt hjelp. Det viktigaste hjelpemiddelet du …

Heilt krise!

Det er heilt krise! Eg har 250 kroner att til mat i veka som kjem! Dette sto i ein e-post eg fekk her om dagen. Avsendaren er student, studielånet er oppbrukt, sommarjobben er ei veke fram i tid, og lønninga kjem sikkert ei god stund etter det og. Kva gjer ein då? Mai er full av festdagar, men er du student så betyr det også at kontoen er skrapa. I gamle dagar kunne vi skrive ut ein sjekk, det går ikkje lenger. Er det tomt så er det tomt. Då er gode råd dyre, og ein må ha vareopptelling for seg sjølv for å finne ut korleis ein skal sikre føda dei næraste vekene. Triks nummer ein når ein er student er sjølvsagt foreldre, eg huskar framleis dei handlerundane då mamma sa ”eg kan betale”. Då gjekk det mykje basisvarer som havregryn, ris, pasta, tomatpuré, buljong, smør, løk og gulrøtter i handlekorga. Men det er ikkje alltid dei kan trø til. Då er neste steg å bruke dei få pengane ein har på matvarer som …

Smågodt til påska

Smågodt kan vere noko anna enn det du puttar i påskeegget. Det kan like gjerne vere smårettar som er enkle å lage, og som gir variasjon i den tradisjonelle påskemenyen. Eg har leika med meg egg, og laga gode ting som du kan ha på ein buffé, eller i tillegg til ost og skinke på frukostbordet. Det kan kome vel med viss du får gjestar i påska. Det er noko eige med helgefrukostar, då har eg stor glede av å lage noko godt til brødskivene, noko meir og anna enn det vi har til kvardags. Eg ser kva eg har i kjøleskapet, og finn på noko eg trur dei eg bur saman med (eller iallfall eg) vil like. I dag lagde eg ein saftig og fin eggesalat med kremost, sennep og chili. Ikkje ver redd for chilien, dei andre ingrediensane er så milde at chilien gir eggesalaten litt punch, utan at den vert overveldande. Husk at chili er mildare dess større den er. Små chiliar kan vere heilt vilt sterke. Så tilpass mengda til chilistorleiken, …

Har du sylta i år?

Ja, eg veit det er tidleg, men likevel: nokre ting må syltast akkurat no. Fenomenet sesong har nesten blitt borte for oss, vi importerer asparges frå Peru heile året, og jordbæra kjem for å gjere oss glade frå Belgia eller kvar det no er til morsdagen. Men ein ting får du kun tak i i månadane frå januar til mars, det er blodappelsin. Finn du ein pose så kjøp han med deg. Du vil ikkje angre. Blodappelsin har ein utruleg intens smak, mykje kraftigare og meir aromatisk enn sin overvektige bror den vanlege appelsinen. Blodappelsinen er mindre, du kan finne steinar i den, og den er altså så lunefull at den berre vitjar oss ei kort periode. Då gjeld det å nytte høvet. Eg er ein forkjempar for sylting året rundt, og når du finn saftige, perfekte blodappelsiner så er den beste måten å ta vare på den på å sylte den. Du får ein sødmefull, aromatisk og lett bitter marmelade som er heilt uovertruffen på brie, på brunost eller på scones med godt smør …

Frittata med vårløk, bønner og fetaost

Skal du mette mange? Då er ein frittata perfekt å servere. Frittata er ganske nær den spanske tortillaen, ein del av det spanske tapas-bordet. Då vil ein typisk få den servert romtemperert, skoren i terningar med ein liten pinne i. Som lunsjrett delar eg den i porsjonsstorleik. Då kan den serverast varm eller lunka. Skal du ha mange til bords kan du supplere med andre klassiske tapasrettar som oliven, manchego, god spekeskinke og ei skål olje med balsamico i. Ein frittata kan varierast på uendeleg mange måtar. Den klassiske er med løk, kvitløk og poteter, men ein kan også ha i kjøtrestar, bakt paprika, ulike typar ost eller bønner. I dag har eg laga to variantar, ein med paprika og poteter, og ein med vårløk, bønner og fetaost. Begge variantane du får oppskrift på i dag er vegetariske, så dei passar også som vegetaralternativ på ein buffé med mange rettar. Frittata med vårløk, bønner og fetaost To små eller ein stor paprika 1 gul løk 1 ss lys balsamico 150 g kokte kvite bønner 400 g kokte …

Piggsoppomelett

Egg er ei råvare som sopp går veldig godt overeins med. Du kan til dømes lage ein pasta carbonara med sopp i staden for bacon. I dag har eg laga ein omelett med piggsopp, der eg har supplert med vårløk, grøn paprika og urter. Det gjer at omeletten smakar friskt og grønt, sjølv om smørsteikt sopp er ein viktig ingrediens. Etter nokre ublide møte med svidd omelett i ungdommen har eg ein aversjon mot oversteikte omelettar. Difor likar eg omelettar som berre så vidt er stivna. Den kan godt vere som eggerøre, for min del. Likar du din godt steikt så er det berre å vere rausare med varmen. Piggsoppen er ein av dei artane som er lette å bestemme, på grunn av dei karakteristiske piggane. Dei er også grunnen til at eg ikkje brukar piggsopp i mørke sausar. Viss du er uheldig fell piggane av, og det ser ut som om du har kvite åmer i sausen, ikkje spesielt stilig. Men laga til som dette, raskt heilsteikte i smør, og så dryssa over ein …

Kantarellrisotto

No er skogen full av sopp, og du har flotte opplevingar i vente når du veit kva som kan plukkast og kva du bør gå i frå. Hovudregelen når ein plukkar sopp er enkel: Plukk berre sopp du er heilt trygg på er spiseleg. Dei første gongane bør du gå saman med nokon som kan sopp, og finn du ei lokal nyttevekstforening er det å melde seg på eit kurs eller organiserte turar ein god idé. Nokre soppar er veldig enkle å artsbestemme. Eg byrja med traktkantarell, og gjekk vidare til gul kantarell, piggsoppar og steinsopp. Etter kvart kan ein utvide repertoaret, alt etter kva som er lett å finne i ditt område. Ei låg, vid korg er fin å plukke i, og eg har ofte med meg små plastboksar som står i korga for å skilje ulike typar frå kvarandre. Men det går fint å berre plukke i ein isboks og. Ha med ein liten, skarp kniv, noko å tørke med og gjerne ein liten bakepensel eller liknande for å rense undervegs. Det er …

Syltekurs i Sverige – vil du bli med?

Har du lyst til å bli med meg på syltekurs/matkurs til huset vårt i Sverige helga 18.-20. september? Huset har plass til åtte personar i tillegg til meg, og det beste er om du får med deg nokon du kan tenke deg å dele seng med. 🙂 Du får med deg masse syltetøy og forhåpentleg masse matinspirasjon heim. Send meg ein mail på gunda.djupvik@getmail.no viss dette freistar deg.

Seinsommargleder – Italiensk brødsalat

Når ein har tilgang til gode råvarer er det berre å leike seg med maten. Eg er så heldig å ha tilgang til mange ulike typar tomatar, og det gjer at eg har fått smake på både gule, mørkebrune, gule, oransje og raude tomatar i alle storleikar og fasongar. I dag har eg laga ein deilig italiensk salat med tomatar, bønner og brød. I Italia vil du finne denne på menyen som “panzanella”. Den er veldig enkel, og nydeleg på ein varm seinsommardag. Italienarane er ekspertar på å utnytte det dei har i huset, til dømes gamalt brød, og tomatar. Denne salaten skal du lage når tomatane er veldig modne, like før dei vert blaute. Då er dei aller best, og har ein frisk, søtleg og aromatisk smak. Og så må du finne fram den beste olivenoljen din. Her er det ikkje så mange ingrediensar, så då må dei som er med vere ekstra gode. Husk på å bruke oljen du har, den vert harsk viss den vert ståande på benken og vansmekte. Berre litt brød, …

Heimelaga sylteagurkar

Eg har sylta små agurkar heilt sidan studietida på hybel. Vi budde nær ein fin grønsakshandlar som fekk inn det meste, og då var vegen kort til å lage desse fine agurkane. Akkurat no og ein månad framover er dei i sesong, så då er det berre å kaste seg rundt. Dersom du ikkje finn små agurkar i butikken, så be butikksjefen ta det inn. Det er utruleg enkelt å lage sylteagurkar, og det er ei eiga godkjensle ved å servere dei heimelaga. Sylteagurkar passar til roastbeef, leverpostei og andre patéar. 2 kg agurkar 2 liter vatn 200 g salt Kok opp vatnet med salt. La det kolne. Prikk skalet på agurkane med ein spiss gaffel slik at saltlaken lettare trenger inn og gjev smak, og legg dei i laken i ei gryte. Legg ein tallerken oppå, slik at agurkane er under vatn. La dette stå over natta. Eddiklake: 6 dl 7% eddik 8 dl vatn 400 g sukker 4 ts salt 6-8 dillkroner 2 ss sennepsfrø 1 ss heil kvit pepar Kok opp alt …

Sommarveggis

Eg har som målsetting i sommar å spise litt grønare, litt mindre kjøt til kvart måltid, heilt enkelt. Då må ein bruke fantasien, og finne nye måtar å sette saman eit måltid på, slik at det vert balansert og godt, samtidig som det mettar. I dag har eg laga burgerar eller lappar av squash og chevre, som eg serverer med bakte grønsaker, dobbeltbakte poteter og ein deilig coleslaw til. Finn du ikkje chevre i butikken så sjå etter den norskproduserte osten Haukeli. Du kan også bytte ut chevren med fetaost. Burgerane har eg henta inspirasjon frå Green Bonanza til, men laga min eigen vri på dei. Du kan også servere burgerane med brød, men eg hadde kokte poteter liggande, og med litt blåmuggost på vart dei eit knallgodt tilbehør. Er du ikkje så glad i blåmuggost kan du godt bruke ein annan smaksrik ost. Eg har gjort dette med brie eller med rause mengder parmesan, begge delar vart knallgodt. Coleslaw er ein amerikansk spesialitet som kjem i uendeleg mange variantar. I dag fann eg nykål …

Inspirasjon frå Green Bonanza: Lasagne med spinat og tre ostar

Eg elskar det når eg finn nye, spennande bloggar, og ein av dei relativt ferske er Mia som skriv på bloggen Green Bonanza. Sjølv om ho har blogga berre sidan juni 2014 så har bloggen verkeleg tatt av, og er i toppsjiktet blant dei ledande norske veggisbloggane. Det syns eg er gøy, det er så flott med folk som satsar på det dei elskar og gjennomfører det. Bloggen har ein heilt eigen estetikk som eg likar godt, og Mia tek veldig gode bilde. I dag har eg laga ein av hennar lasagne-variantar, og eg vart freista av denne klassiske ostelasagnen med tre ostar og spinat. Den vart knallgod, gjestane mine berre akka og oia seg i fryd når måltidet var over. Mia kallar det ein Rolls Royce-lasagne, og det har ho heilt rett i. Lasagne med tre ostar og spinat Fyll: 400 gram fersk spinat 200 gram (1 boks) kremost 250 gram (2 stk) fersk mozarella 4 egg En neve bladpersille 3 ss hakka ramsløk 1 ts salt 1 ts grovkverna peppar 12 lasagneplater Saus: …

Påskemat

No i påska er det koseleg å samlast rundt eit bord med gode vener og gode rettar. Når ein har fri kan maten gjerne ta litt tid å lage, det viktigaste er at det ikkje er for komplisert, og at ein har tid til å gjere hyggelege ting innimellom. Og sjølvsagt må maten smake godt og gjer alle rundt bordet glade. Eg let meg ofte inspirere av råvarer, og ikkje minst råvarer som må etast, fordi dei held på å avgå ved døden. Må noko etast fort så kjem eg opp med dei artigaste kombinasjonar, og ofte blir det veldig bra. Denne gongen var inspirasjonen ein pose raudbeter som hadde lege for lenge, og ein salmalaks som holdt på å gå ut på dato. Kva gjer ein då? Vel, eg sjekka kjøleskapet, og fann ut at eg hadde chevre, løk og reddikar liggande, og når sant skal seiast sang reddikane også på siste verset. Men i ein salat gir dei ein deilig sprø og bitter smak, perfekt i kombinasjon med den jordprega smaken av raudbeter …

Vårleg buffé

Det er den tida vi deler med dei vi er glade i som vi huskar og som gjev livet meining. Så i dag har vi invitert ein liten gjeng vener på lunch. Ikkje noko pretensiøst eller staseleg, men god, smakfull mat som det er lett å like. Eg dekte opp til ein buffé, då står maten på eit bord eller ein benk, og så set folk seg litt rundt omkring. Det er enkelt, og gjestane kan forsyne seg som dei vil. Får ein ein favorittrett på bufféen kan ein forsyne seg dobbelt utan å vere flau. Og ser ein noko ein er skeptisk til kan ein styre unna. Eg hadde eit raust stykke røykalaks frå Herøy i frysaren, det vart vel lagt der rett over jul, tenker eg. No fann eg ut at det var på tide å ta den fram, og den var like god. Eg serverte den med ein fenikkelsalat med ein syrleg dressing. Det gjekk veldig godt til den salte og feite laksen. Nokre få kapers gjev eit lite ekstra sting i fenikkelsalaten. …

Krydra dessertklementinar

Desse dessertklementinane er deilige etter ein tung julemiddag. Dei er også fine å gi bort, enten som julegåve til dei som har alt, eller som vertinnegåve. Legg dei på eit pent glas, og slå eit band rundt. Du kan også ta dei med til ein buffé viss du vert spurt om eit bidrag. Eg har skore mine i skiver, men har du god tid slik at dei får ligge på glas nokre dagar, så lag dei gjerne heile. Når du skal lage denne desserten, så sjå om du finn ganske små klementinar. Sjekk dei på førehand om dei er bitre på smak, eller om dei er fulle av steinar. Det er ikkje så stas. Bruk dei små, søte klementinane, så får du det beste resultatet. Dessertklementinar 10 klementinar Lake 6 dl vatn 4 dl sukker 3 kanelstenger 3 stjerneanis Ei vaniljestang Splitt vaniljestanga. Kok opp vatn og sukker, og legg i krydderet. La det småkoke i fem minutt. Skrell klementinane med kniv ved at du skjer av toppen og botnen, og så lar du kniven gli …

Kosemat

Sommaren er på hell, og det er tid for litt kosemat igjen. I mi bok er kosemat alt som handlar om sjokolade, steikte poteter eller smelta ost, og i dag er det ost som er temaet. Vi var på ferie i USA i sommar, og hadde nokre fantastiske (og nokre mindre fantastiske) møte med amerikansk matkultur. Ein av mine favorittar er når eg får ein verkeleg vellaga mac’n cheese, altså ein makaronigrateng. Her er det osten som gjer susen, med kjedeleg ost vert retten kjedeleg, og omvendt. Så grav igjennom kjøleskapet, og sjå om du har noko cheddar, feta, ridderost, parmesan eller vellagra jarlsberg liggande. Dess meir smaksrik dess betre. Er det mugg på så kan du skjere bort muggen viss det er ein fast ost. Eg brukte ei blanding av parmesan, cheddar og nokre uidentifiserbare bitar som nok vart med heim frå Italia i juni. Nokre kjøper kjøleskapsmagnetar som souvenirar frå utlandet, eg kjøper stinkande ostar. Eg la som vanleg planar utan å sjekke matskapa, så det vart ikkje makaroni til gratengen. Det var …

Jordbær- og rabarbrakompott med krem

Eg hadde planar om å servere jordbær med fløte på til dessert i dag, men så hadde ein tenåring vore innom og gått til åtak på jordbærkurven, så det var berre halvparten igjen. Då var gode råd dyre, så eg stakk ut i hagen og fann litt rabarbra. Eg lagde ein deilig kompott av det som var att av jordbæra og rabarbra, og så la eg den lagvis med ein kremostkrem (artig ord!) og knuste kjeks til ein slags bondepikevariant. Slik gjorde eg det: Rabarbra- og jordbærkompott med krem 200 g jordbær 200 g rabarbra ½ dl vatn 125 g sukker 1 ss maisenna 100 g kremost 1,5 dl kremfløte 1 ts vaniljesukker 1 ss sukker 4-5 knuste grove kjeks Rens jordbær, og del dei i bitar. Kutt rabarbraen i bitar. Ha jordbær og rabarbra i ei gryte med ½ dl vatn og sukkeret, og kok opp. La det koke i 5 minutt, til det er mørt.  Rør ut maisenna i 2 ss vatn, og ha det i gryta medan kompotten kokar. Når den har …

Kaffefri tiramisu

Italienarane er veldig dyktige til å lage gode dessertar. Ein som alltid står på menyen er Tiramisu, men eg har hatt eit anstrengt forhold til den desserten så lenge eg kan huske. Grunnen til det er at den består av fingerkjeks dynka i kaffe, og eg har aldri lært meg å like kaffe. Men sist vi var i Italia fekk eg den servert dynka i appelsinkaramell, og så lagt lag på lag med jordbær, og det var ei heilt anna oppleving. Så no har eg gjenskapt denne desserten her heime, til stor glede for dei eg bur saman med (og meg sjølv.) Denne desserten vert tradisjonelt laga med mascarpone, ein italiensk ferskost. Eg syns den er litt smaklaus og kjedeleg, så eg har eksperimentert med å lage min eigen ferskost. Denne har eg basert på ein gamaldags seterost som eg har lært av ei matvenninne. Slik gjer du det: Seterost/ferskost 1 liter kefir 1 beger seterrømme Ha seterrømme og kefir i ei gryte, og varm det opp til kokepunktet medan du rører. Når det har …

I Italia!

Min kjære og eg har tilbrakt ei veke i Italia, nærare bestemt i Roma. Her har vi det strålande, og nyt livet. Denne kassa med steinsopp klarte vi ikkje å gå forbi, så då vart det pasta med steinsopp til middag. Pasta med steinsoppsaus 200 g pasta 300 g steinsopp 2 ss smør Litt sitronsaft Nokre skiver aubergine Olivenolje 2 dl kremfløte Salt og peppar Pecorino Skjer auberginen i tynne skiver, og grill dei fort i ei grillpanne med litt olivenolje. Legg dei til side. Rens soppen, og del den i små bitar. Smelt smøret i ei steikepanne, og steik soppen til den er lysebrun og lekker. Ha i meir smør viss det trengst. Ha på litt sitronsaft. Skjer aubergineskivene i strimlar, og ha dei oppi saman med soppen. Slå på fløten, og la det koke eitt par minutt. Smak til med salt og peppar. Kok pasta, og la den renne av. Ha den i ein bolle, og slå sausen over. Server med riven pecorino eller parmesan, og eit godt glas vin.

Snurrar på tur

Helgematen er ikkje berre langsteikte lammelår med innfløkte tilbehør og feite sausar. Det kan også vere den enkle maten som blir med i sekken, og gjer turpausane litt hyggelegare. I dag lagar vi to sortar snurrar, dei er lette å pakke med seg, du kan lage dei med kaldheva deig som er sett kvelden i førvegen, så går det raskare om morgonen, og du får fersk bakst med ut på tur. Eg har laga to ulike variantar, ein med smør og ost, og ein med raud pesto med litt ekstra krydring. Ostesnurrane treng å få ordentleg med ost i seg, og gjerne av den smaksrike typen. Eg brukte manchego og morbiére, men du kan også bruke parmesan eller vellagra jarlsberg eller norvegia. Det går fint å blande ostetypar, og dette er ein fin måte å få brukt opp osterestar som ligg der triste og forlatt i plasten sin i kjøleskapet. Slik gjer du det: Tursnurrar (18 stk) 5 dl fingervarmt vatn (kaldt vatn om du vil kaldheve deigen) 4 ss olivenolje 1 ts tørrgjær 1 …

Det grønast ute

I urtebedet mitt sprutar det opp persille, salvie og timian, eit klassisk teikn på at vi har hatt ein mild vinter. Hagen min er skuggevend, og dermed hender det at dei finslege urtene takkar for seg om vinteren vert for kald. Men i år har det vore leveleg, og alt kjem opp som bestilt. Når ein skal dyrke urter er det ingen grunn til å gjere ting komplisert. Eg kjøper potter med urter enten på mitt lokale gartneri, eller ganske enkelt i matbutikken, viss eg finn eit frodig og fint eksemplar.  Så er det berre å vatne viss det vert tørt, og gjødsle nokre gongar i løpet av sesongen,  og dermed kan eg gå ut med saksa og klippe inn smaksrikdom gjennom heile hagesesongen. Og den er lang. Eg har eit bilde av mi venninne Hilde, som hentar inn timian til andebrysta på nyttårsaftan med hovudlykt og krafse for å få bort snøen. I dag lagde eg nokre saftige kyllingbryst som eg vende i ein deilig urteolje. Den same urteoljen brukte eg også som garnityr …

Champagnebakte pærer med karamellsaus

No skal eg lære deg å lage verdas enklaste og raskaste karamellsaus. Slik gjer du det:  Enkel karamellsaus 2 dl brunt sukker 1 dl kremfløte 2 ss smør 1 ts vaniljesukker Ei klype salt Ha alt i ei gryte, og la det koke forsiktig opp medan du rører. Hald fram med å røre medan karamellen putrar, og la det koke forsiktig i 5-6 minutt til sausen er tjukk og fin. La den kolne. Champagnebakte pærer Ei pære per person 2-3 dl champagne eller ein annan musserande vin (evnt. 1 dl vatn, 2 ss sukker og 2 ts sitronsaft) Skrell pærene, del dei i to og fjern kjernehuset og blomsten. Legg dei med snittflata ned i ei eldfast form, og slå over champagnen. Dryss eventuelt litt sukker på viss du vil ha desserten ekstra søt. Bak pærene på 210 grader i 8-10 minutt. Er pærene dine ikkje så modne, må dei kanskje stå litt lenger i ovnen for å bli møre. Mine hadde lege på fruktfatet ei stund, og då var 8-10 minutt perfekt tid. Du …