Author: Alt godt

Haustsylting med pærer

Syltetøy er min favoritt på helgefrukostbordet, på ostefatet og til dessert. Pæretre kan bere enormt med frukt enkelte år, og då er det ikkje så lett å få brukt alt. Har du ikkje pæretre sjølv, så sjekk med naboen. Spør om du får plukke, i bytte mot nokre glas syltetøy. Pærene kan hermetiserast, du kan lage deilige dessertar, og ikkje minst kan du lage spennande variantar av syltetøy. Har du eple kan du også blande eple og pærer i syltetøyet. Eg lagar heller fleire ulike sortar syltetøy i små porsjonar enn masse av ein sort. Pæresyltetøy er ikkje så vanleg, men har du pærer for handa bør du prøve å lage dette. Dette syltetøyet passar perfekt til ein moden brie, men det er også godt på brunost eller på gräddost. Det passar også perfekt til tilslørte bondepiker, den ultimate haustdesserten. Syltetøy er den perfekte gåva, ta med eit glas viss du vert invitert til middag hos nokon, eller gi eit glas bort til jul. Alt syltetøy skal på sterile glas. Eg samlar glas heile året, …

Gratinerte godsaker – blomkål og brokkoli

Akkurat no er brokkoli og blomkål på sitt finaste, og spør du meg bør dei definitivt gratinerast. Møtet mellom dampa grønsaker, ein tjukk, god saus og sterk varme er magisk, dessutan blir det ein ganske kjapp og enkel middag. Å lage ein bechamelsaus, eller kvit saus er ein del av almenndanninga, og når du brukar den oppå desse gode grønsakene vil sjølv matvande tenåringar forstå poenget. Eg brukar sprøsteikt bacon oppå, den røykte baconsmaken passar perfekt til den mjuke, milde ostesausen. Du kan bytte den ut med skinke om du har det, eller du kan steike litt spekepølse og smuldre over. Har du ein spansk chorizo vil det også kunne fungere. Om du brukar blomkål eller brokkoli er ikkje så viktig, og du kan til og med lage ein grateng med begge delar, viss du skal mette mange. Det viktigaste er å ikkje koke grønsakene for lenge, og å få til ein god smak på sausen. Eit tips er å ta vare på kokevatnet til grønsakene. Du kan til og med koke det inn litt, …

Fylt squash

Har du squash i hagen? Då veit du at du får squash slik du får ketsjup ut av ei gamaldags ketsjupflaske. Ingenting, ingenting, ingenting, og så plutseleg alt på ein gong. Då er gode råd dyre, og eg får uendeleg mange søketreff på squash i bloggen min for tida. Alle som har squash i hagen treng oppskrifter for korleis ein brukar den. Squash er jo velsigna på den måten at eigensmaken er ganske nøytral, så den tek villig til seg det du måtte ha å smaksette den med. Du kan rive den, og bake den inn i kaker, muffins eller brød. Du kan eddiksylte den, eller du kan bruke den som det finaste tilbehør, steikt i smør og krydra med urter. I dag får squashen spele hovudrolla hos meg, og eg har fylt den med deilige sausar. Lukka er at soppen er i skogen samtidig som squashen er moden, og då er det å lage ein god fløtesoppstuing perfekt fyll. Eg har også laga ein variant med kylling, viss du har kjøtetarar du skal mette. …

Jegermat – kylling cacciatore

Eg fekk tak i ein heil kylling på benken her om dagen, og hagen er full av tomatar. Kva gjer ein då? Ser til Italia! Kylling cacciatore er ein kylling laga i jegerstil. Du kan sikkert bruke denne oppskrifta på sjølvskote vilt, men eg syns den er god med kylling, og vil gjerne sleppe å skyte den sjølv. Eg har gjort det litt komplisert i dag, eg delte opp kyllingen i porsjonsstykke, og beina ut både bryst og lår. Det gjorde eg for å behalde det gode skinnet, det sit utruleg mykje smak der. Kylling cacciatore kan lagast i ulike variantar, men eg likar å panere kyllingstykka. Dei får den deilige sprø skorpa oppå, og mjølet på undersida er med på å jamne sausen. Viss du syns det blir for mykje styr kan du lage dette med kyllinglår frå frysedisken og. Men bruk helst kyllingbitar med skinn, dei har mest smak. Eg brukte sjampinjong i sausen, men har du vore ein tur i skogen og funne sopp, passar både steinsopp og kantarell perfekt til denne …

Søt og salt sommarpai

Kva er betre enn ein saftig og smakfull pai? Den kan vere søt eller salt, eller du kan lage begge to variantar.  Eg har vore ute og plukka bær i dag, og planen var å lage ein dessertpai med sprø topping av kvit sjokolade. Då eg hadde laga den paien sto eg med deig til overs. Kva gjer du då? Lagar pai til middag og! Eller til ein lett lunsj, om det er tidleg på dag.  Paideig er fort gjort å lage, særleg viss du har ei matmølle. Det fine med denne varianten er at den kan brukast både søt og salt, og når du har byrja på deigen kan du ta av litt smør- og mjølblanding til den sprø toppingen. Smart, ikkje sant? Både søt og salt pai kan varierast i det uendelege. Den søte paien kan lagast med eple, plommer, aprikosar eller rabarbra, om du har i frysaren. Du kan også lage eit karamellfyll som du har hakka nøtter i. Den salte kan lagast med berre ost og grønsaker, med røykt fisk eller …

Retrokos – harde vafler

Huskar du dei harde vaflene, spurte mannen min meg. Om eg gjer. Naboen vår laga alltid harde vafler, eller hardevafler, som mange kalla det. Harde vafler var ikkje vanlege vafler som hadde lege ute for lenge. Dei vart laga for å halde seg lenge, dei kunne ligge i boksen sin lenge og vel, og vart tekne fram når det kom gjestar på besøk. Når det kom verkeleg fine gjestar, langvegsfarande, då vart det bakt mjuke, gode kaker, fleire sortar, om ein fekk vite om besøket i god tid. Dei harde vaflene var til når naboen stakk over, når ein berre skulle ha noko lite til kaffien. Ofte vart dei servert med smør og ost på, både brunost og kvitost gjekk fint. Mange laga harde vafler til jul, men i vår familie har det alltid vore kvardagskos, slik eg kan huske det. Vi bestemte oss for å prøve å lage hardevafler, og sende ut ei melding for å samle inn familieoppskrifter. Det kom oppskrifter på mange ulike variantar, nokre vert kjevla, andre skal berre leggast i …

Grilla kylling med asparges

Få ting gjer meg så lykkeleg som asparges. Dei er best på sommaren, og eg har dei til og med i hagen, så på forsommaren et vi asparges med begge hendene. Asparges og kylling er ein perfekt match, sprø og smakfull asparges, med saftig grilla kylling passar veldig godt i lag. I dag har eg laga ein bulgursalat til kyllingen, og putta aspargesen i den. Det er ein veldig fin måte å servere asparges til mange, sjølv om du berre har ein liten neve. Bulgur er heile kveitekorn som er dampa på førehand, slik at koketida berre er ti minutt. Eg brukte den grove typen, men det finst også finare bulgur som tek endå kortare tid å koke. Sett på bulguren, og begynn å hakke grønsaker. Så puttar du dei i gryta etter kvart, og så er maten ferdig når bulguren er kokt. Dei grønsakene som trengst lengst koketid må i først, logisk nok, og dei som berre skal bli gjennomvarme, som paprika og sukkererter, bør gå i til slutt. På den måten blir alle …

Sommaren på eit fat

Viss du har urter i hagen, så er du heldig. Dei sprutar opp av jorda, og gir eit hav av sjansar til å heve smaken på maten du lagar. Urter er ein utruleg enkel måte å utnytte hagen på, men dei kan også trivast på ein balkong i ei krukke. Eg er sjølvforsynt med oregano og persille på balkongen, og det einaste dei krev er litt vatn no og då. Der eg har hagen min er utvalet langt større. Der dyrkar vi løpstikke, persille, timian, estragon, rosmarin, rukkola og sar, for å nemne nokre. Oreganoen er ein skikkeleg biemagnet, og myntene har fått si eiga kasse, så dei ikkje skal innføre myntenes verdsherredømme. Det gjer dei om dei får lov. Dill og koriander bør såast fleire gongar i løpet av sesongen, dei går i blomst før du får sukk for deg. Når eg skal lage middag tek eg med meg ei korg og ei saks ut i hagen, og så plukkar eg det eg vil ha som passar til det eg skal lage. Thaimat og …

Sylt i veg! Grunnleggande om sylting

Ta vare på gleda og smaken Mat som er tillaga vil alltid gjennomgå ein nedbrytingsprosess, anten på grunn av oksygen, lys, bakterievekst, soppvekst (mugg og gjær) eller endra smak/utsjånad. Å konservere mat har vore ei utfordring for menneska til alle tider. Dei klassiske metodane er tørking, salting og bruk av sukker, eddik, sitronsyre og andre naturlege kjemikaliar i det ein vil konservere.  I tillegg vil steril oppbevaring (hermetisering) alltid konservere svært godt. Mange av dei konserveringsmidla som vert brukt trengst ikkje viss ein er nøye og brukar best mogeleg hygiene og oppbevarer produkta i små porsjonar.  Hjelpemidla våre I dag har vi også mange tilsetjingsstoff som kan hjelpe oss med å oppbevare mat over lengre tid. Mange av desse kjem i enkle pakningar som er lette å bruke i vanleg sylting. For å vere sikker på at det du lagar ikkje vert skjemd, er det fint å vite kva dei ulike stoffa er, og kva nedbrytingsprosessar dei forhindrar.  Det finst to seriar med syltepulver i handelen, Tørsleff og Jam. Det er ikkje store skilnader på …

17. mai-buffé

Det blir ein annleis 17. mai, men den kan bli like fin, berre på ein annan måte. Kanskje blir det mindre stress, kanskje slepp vi å stå så tidleg opp, og vi kan ta vare på kvarandre og samlast for å feire nasjonaldagen likevel. Unngå buffé, står det i alle smitteråd. Når ein skal servere 17. maimat er det vanskeleg å unngå buffé, iallfall viss ein skal ha litt forskjellig å smake på, og og alle skal finne noko dei likar. Utgangspunktet må vere at viss du er sjuk, snufsar, hostar og ikkje er allergisk, så kan du ikkje vere med på festen. Det er synd, men slik er det. Å møtast og spise saman så lenge ein held ein meters avstand når alle er friske og har nyvaska hender er uproblematisk. Viss du vil vere ekstra forsiktig, og har mykje servise, kan du porsjonere ut maten. Legg hummus med grilla grønsaker og litt spekemat på tallerknar som folk kan forsyne seg med. Bak 17. maikaka som muffins, slik eg har gjort. Det blir hendige …

Tre salatar og ein kebab

Kva er ein salat? Vi som vaks opp på syttitalet fekk servert hakka kinakål med tomat og agurk, utpå åttitalet vart den friska opp med litt mais frå boks. Men ein salat kan vere så mykje meir enn det. Bestemødrene våre laga råkost til fisken, waldorfsalat og potetsalat, for ikkje å snakke om italiensk salat, som mest vart brukt som pålegg. I ettertid har vi forstått at den liknar ganske mykje på amerikansk coleslaw. Svenskane har sin fantastisk gode kålsalat til pizza, og sildesalat, som eg må innrømme at eg kan styre meg for. Etter som vi har blitt meir verdsvande har vi reist, og fått servert cæsarsalat, salat nicoise, italiensk caprese og gresk salat med fetaost og tomatar. Sidan eg byrja å lære meg meir om kjøkenet i midt-austen, har eg blitt meir og meir glad i tabouleh. Tabouleh er ein finhakka salat med tomat, agurk, bladpersille og bulgur eller couscous. Den finst i like mange variantar som det finst kokkar, og diskusjonen går ofte på kor mykje urter og kor mykje gryn ein …

Pai med varmrøykt laks og asparges

Når du som meg har for mykje egg i hus, så er det å lage ein saftig og god pai den beste måten å få brukt dei opp på. Denne paien er perfekt å servere til lunsj, eller til ein fancy laurdagskveldsmat. Mange syns det med paiskal er litt skummelt, og vegrar seg for å prøve. Etter at eg lærte å lage det i kjøkkenmaskin eller matmølle, så har vegringa mi blitt borte. Du køyrer mjøl og smør til ein grynete masse, og når du så har i vatn (og i nokre oppskrifter, særleg dei søte, skal du også ha egg) så klumplar deigen seg enkelt rundt kniven. Ikkje la matmølla køyre for lenge. Vi vil ikkje at deigen skal bli seig, altså at glutenbindingane i mjølet byrjar å jobbe. Paibotnen skal vere sprø og lett. Skulle botnen sprekke når du legg den over i forma, så kan du berre lappe den med deig som har blitt til overs. Eg har alltid brukt å forsteike paideigen, men sist eg laga pai droppa det, og det …

Påskerestar

Det slår ikkje feil, når høgtida er over er kjøleskapet framleis ganske fullt. Dels av restar, dels av ting vi berre handla for mykje av, eller ikkje fekk brukt opp. Hos meg kom det alt for mykje egg i hus denne påska. Både eg og han eg bur saman med handla egg, så då hopa det seg opp. Men det er jo ei smal sak å få brukt opp egg! Då lagar eg ein god omelett. Det blir alltid suksess. Noko anna eg hadde liggande att var varmrøykt laks. Det er ei utruleg fin råvare, full av smak, og så held den seg godt i kjøleskapet. Der eg brukar varmrøykt laks kan du like gjerne bruke varmrøykt makrell viss du har det, eller du kan bruke vanleg røykt laks. Finstrimla blir den varmebehandla i omeletten eller i paien, og gir den same, fyldige smaken. Saman med laksen er det alltid godt med litt grønsaker. Eg brukar det eg har, ulike typar løk, spinat, sukkererter, vanlege erter eller bønner, alt passar i ein omelett eller ein …

Paprikasuppe

Neida, vi er ikkje ferdige enno, men dette er den siste oppskrifta med dei berømmelege oransje paprikaene. Det siste eg hadde igjen brukte eg i ei suppe. Og kjære vene, den vart god! Det fine med å lage suppe med bakte grønsaker er at når du køyrer suppa glatt med stavmiksar, så vert suppa jamna heilt av seg sjølv. Du treng ikkje tjukne den på noko vis, den vert fløyelsmjuk og fyldig av seg sjølv. Eg har laga saus på den måten og, når eg har langtidssteikt kjøt, så lar eg kjøtet ligge på ein haug med grønsaker, og når kjøtet er ferdig, og grønsakene er møre, heller eg grønsaker og sjy i ei gryte, og køyrer det glatt til saus. Så enkelt, og så godt. Og den same teknikken brukte eg med denne suppa. Dette er ein fin lunsjrett, og viss du serverer den med godt brød til så vert alle mette og fornøgde. Den passar også godt på ein buffé, då kan du servere den i små glas, og toppe med mandlar. Og …

Salat med skinke og grilla paprika

There is no rest for the wicked, og vi har meir grilla paprika å bruke opp. Det blir overraskande mykje ut av to kilo rensa og grilla paprika, det kan eg seie. Her er ein kjempegod salat, som passar perfekt til lunsj ein fin påskedag. Oppskrifta er til tre personar, omtrent. Har du ikkje fersk asparges, kan du bruke hermetisk, i så fall treng du ikkje å varmebehandle den. Om du manglar vårløk, kan du bytte den ut med gul løk, raudløk eller purre, som du finsnittar. Gul løk og raudløk passar best i salat når dei har fått seg eit lite bad i eddik først. Det kan du løyse på den måten at du snittar løken og lagar vinaigretten tidleg på dag, og så lar du løken ligge i vinaigretten til salaten skal leggast opp. Og som eg har sagt før: Når du først går i gang med å lage vinaigrette, så lag ein stor porsjon. Då har du det klart til neste salat. Bønnene kan du variere med det du måtte ha av …

Krema pasta med paprika

Måtte du leve i interessante tider, skal visstnok vere eit kinesisk ordtak. Vi lever i sanning i interessante tider akkurat no, og ting som var fornuftig for to veker sidan er gått ut på dato. For to veker sidan tenkte eg at vi kjem til å leve mest på tørrmat, alt det vi hadde hamstra. Det kan vi jo gjere, men er det smart? Eg har tenkt mykje på korleis eg brukar pengane mine for tida. Eg er blant dei heldige som kan ha heimekontor, som får mi faste lønn og som klarer meg godt. I det siste har eg bestilt blomar til folk eg syns fortener det, eg har sendt «kosepakkar» til barna mine og vennar som eg ikkje får møtt i påska, og eg har handla to kilo oransje paprika. Men kva i alle dagar, tenker du kanskje. Kva har coronatidene vi lever i med oransje paprika? Jau, her er greia: I vår lokale butikk hadde dei tydelegvis bomma, og teke inn for mykje oransje paprika. Den var dessutan litt dyrare enn dei …

Har du sådd karse?

Det har eg! Og få ting gjer meg så lukkeleg som litt pepparfrisk karse å drysse på brødskiva med skinke, eller på salaten. Sjekk frølageret ditt, og elles i skuffer og skap der frøposar brukar å hamne. Plutseleg finn du ein pakke karsefrø. Du treng berre karsefrø, ein tett, flat boks og litt bomull, gjerne frå ein slik gamaldags pakke med tråd i, der bomulla er eit langt flak. Du kan også bruke handklepapir i nokre lag. Legg det du vil så i oppi boksen, og hell på vatn slik at det du skal dyrke på blir godt fuktig. Dryss frøa på bomulla eller papiret. Plasser boksen lyst, og hald den jamnt fuktig. Om nokre dagar har du masse karse å bruke. Lykke til!

Vafler i kveld?

For eksempel? Vafler er alltid godt, og når lukta breier seg i huset breier lykka seg i lag med, iallfall her hos oss. Og dessutan er det vaffeldagen i dag, så då er det ikkje noko å lure på. Slik gjer du det: Vafler 3 egg 0,75 dl sukker 1/2 liter mjølk 100 g smør 375 g mjøl (litt meir enn ein halv liter) 1/2 ts salt 1 ts vaniljesukker 1 ts bakepulver 1/2 ts kardemomme om du vil Smelt smøret, og la det kolne. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland saman mjøl, bakepulver, vaniljesukker, kardemomme og salt i ein bolle eller eit litermål. Rør vekselsvis smør, mjølk og mjølblanding inn i eggedosisen til du får ei fin røre. Viss du vil kan du bytte ut litt av mjølet med sammalt mjøl, byggmjøl eller havremjøl. Då blir vaflene litt sunnare, fordi dei mjøltypane er grovare, og inneheld meir mineralar og vitaminar. Vil du lage den mjølkefri, så bruk mjølkefritt/vegansk smør, og havremjølk. Juster evnt litt på mjølmengda, den kan bli litt tynnare med havremjølk enn med …

Coronamat – bruk-opp-alt-suppe

Denne suppa er ein klassikar hos oss, og det handlar heilt enkelt om å rydde opp i grønsaksskuffa. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg blir alltid overraska når eg tek ut skuffa, og ser kva som faktisk er der. Denne gongen fann eg til dømes ein neve sukkererter i ein pose som låg aller nederst, og eg vart overraska over kor friske og fine dei var. Det er sikkert to veker sidan eg kjøpte dei, men dei var sprø og faste i fisken. Då fekk dei vere med i suppa. Gulrøtter er alltid med, og det skal ikkje så mykje til. Dette vart suppe til tre, og det holdt med ei stor gulrot. Eg fann ei persillerot og, det er ein av mine rotfruktfavorittar. Den kan byttast ut med pastinakk eller med rotselleri om du har det. Stilksellerien kjem i tillegg, den smakar heilt annleis enn rota. Eg hadde ein pose grønkål og. Det er ei fantastisk grønsak, og ei av dei som kan haustast av heile året. Den er toårig, …

Coronamat – hirsesalat med bacon

Jepp, eg fann ein ny type gryn i skapet mitt. I dag var det hirse! Eg trur den er kjøpt i Tyskland, for på emballasjen sto det Goldhirse. Som eg tidlegare har sagt, eg har ein tendens til å ta med meg mat som suvenirar når eg reiser. Så denne er nok kjøpt i fjor sommar i Tyskland. Pakken var uopna, og hadde god dato, så det er null stress med tanke på harskning og slikt. Denne typen gryn kan jo fort harskne viss pakken vert opna, og så vert den ståande der med fri lufting. Harskning er ein kjemisk reaksjon mellom feittet i gryna og oksygen i lufta, dette er det sikkert nokon som kan forklare nøyare enn meg. Men uansett: Luktar det funky av gryna dine, så kast dei, ingenting å lure på. Hirsen har ein nøtteaktig, god smak, og ein annan fordel med den er at den er glutenfri. Så finn du hirse, så kjøp det, det er verd å prøve. Har du ikkje tysk goldhirse i skapet, og det gjeld vel dei …

Korleis brukar du pengane dine?

Ein kan grovt sett dele folk i to kategoriar no; dei som har det nokolunde som før inntektsmessig, fordi ein har fast jobb, ein kan ha heimekontor og inntekta er stabil med eller utan corona, og dei som ikkje har det slik. Frilansarar og permitterte har det tøft, sjølv om regjeringa har lova alt alt skal dekkast så tek det tid før alt er på plass. Denne artikkelen er til den første kategorien, altså vi som mottek inntekta vår som før. Akkurat no er vi i ein veldig spesiell situasjon, vi skal vere mest mogeleg inne, restaurantar og  utestader er stengt, vi drar ikkje ut anna enn for å handle nødvendige ting. Kanskje bur du slik til at du kan bruke kolonial.no, ulike matkasser eller liknande. Med andre ord: forbruket vårt går ned. Og korleis er det då smart å bruke pengane sine? Dei som har det trangt økonomisk har det kanskje endå trangare no enn før. Butikkane blir utselde for enkelte varer. Når du går i butikken: Kan du la vere å velge dei …

Coronamat – ein god vinaigrette

Når eg står og lagar mat så har eg lært meg nokre triks for at det skal gå raskt og effektivt. Eit av dei er å “preppe”, altså gjere enkeltelementa i maten klare, enten ved å rense og kutte opp, eller ved å lage enkeltting heilt ferdig på førehand. Ein slik ting som det lønner seg å ha laga ferdig på førehand er ein god vinaigrette. Eg brukar å lage ein halvliter i slengen, gjerne to ulike variantar, og så fyller eg dei på desse smarte flaskene. Dei har eg kjøpt på Culina, men sist eg var på IKEA såg eg dei i topakning der. Du kan også bruke andre typer flasker, viss du har. Pass på å merke godt, det kan by på skuffelse viss du har fylt vinaigrette i ketsjupflaska. Då går det veldig kjapt å gi salatane mine eit skikkeleg smaksløft. Når eg lagar ein salat med ulike typar gryn, blir vinaigretten spesielt viktig. Gryn og belgfrukter tek lett til seg smak, og då må ein supplere med noko som verkeleg gir …

Coronamat – Salat med gryn, paprika og fetaost

Eg rydda i skapet mitt, og eg fann utruleg mange sortar frø og gryn i prosessen. Viss du finn tørre bønner, gryn og andre typer ingrediensar som du sjeldan tek deg tid til å bruke, så er det greit å huske på at no har du kanskje for første gong på lenge god tid! Det gjer ingenting at kikerter må stå i bløyt i åtte timar, og så koke i vel ein time. Du har tid til det. Og at ei høne vert best etter å ha kokt i fire timar er også heilt ok. Det betyr at du kan planlegge heilt andre rettar, med heilt andre råvarer. Og belgfrukter og gryn er i tillegg næringsrike og fulle av sunne mineralar og fiber, akkurat det dei fleste av oss treng. Fordelen med dei tørre ingrediensane er at dei er utruleg lette å oppbevare. Det er fint med boksar av papp og metall, men dei skaper søppel, og er romfræge (tek stor plass), som vi seier heime. I tillegg held dei seg veldig lenge, spesielt belgfruktene. Det …

Coronamat -Variantar av ribbe

Gjekk du i frysaren og såg kva du fann? Var det ei ribbe der? I så fall er saka enkel: Då er det berre å legge den i saltlake, og bruke den såkalla Gundametoden. Når du først har steikt den har du først eit klassisk krunamåltid med ribba, og så får du restar som du kan ha det uendeleg mykje artig med. Ein av mine favorittar er desse ferske vårrullane, eller heller sommarrullar, som mange kallar dei. Rispapir er enkelt å få tak i no til dags, og held seg eviglenge i skapet. Sjekk om du har noko ståande. I sommarrullane kan du bruke det du har i hus av grønsaker, ribberestar og ulike asiatiske sausar som hoisin, soppsoya eller du kan lage ein heimelaga peanøttsaus. Slik gjer eg det: Heimelaga peanøttsaus 3 toppa ss peanøttsmør 1 ss varmt vatn 1/2 dl soyasaus 2 ts riseddik Cayennepeppar Ha peanøttsmøret i ei skål, og ha i det varme vatnet. Rør det jamnt før du “sper” med soyasaus og riseddik. Smak til med litt cayennepeppar.

Coronamat – tortellini al brodo

Kva er din coronamat? Det er jo litt tilfeldig, kva ein har i skap og skuffer. Eg fann plutseleg ein pakke tortellini. Tortellini kjenner dei fleste som fersk pasta, men den er også å få tak i i tørka versjon. Eg er jammen ikkje sikker på kvar min kom frå, det kan hende eg har plukka den opp på ei reise, kven veit. Torellini er noko som er lett å få tak i viss du ikkje har det frå før, og dei har som regel ganske god dato. Stort sett held dei seg på kjøl i vekesvis etter utløpsdato, er mi erfaring. Sjå nøye på dei og lukt om dei luktar lite og godt når du opnar pakken, viss du er i tvil. Så å ha nokre pakkar tortellini i kjøleskapet er sjeldan feil. Du får dei også i vegetarisk versjon, til dømes med tomat og ricotta, og då kan du droppe kyllingen og lage ein veggisvariant. Denne suppa kan også lagast med andre typar pasta, som t.d. gnocchi eller spiralpasta. Tortellini kan serverast på …