All posts filed under: Tilbehør

Skrei i ny drakt


No er skreien her, og det er berre å ete skrei, lever og rogn med begge hender. Og når du er ferdig med det kan du prøve den varianten eg foreslår, som er av det litt meir moderne slaget. Eg serverer torskefilet smørsteikt med bakte grønsaker og hummus. Hummusen kan du bytte ut med aioli, eller droppe den heilt, men den er deilig mettande, og passar godt smaksmessig til det syrlege kaperssmøret og den salta fisken. Grønsakene bakar eg i omn, og det tek litt tid. For å gjere det heile raskare kan du køyre dei ferdig krydra grønsakene nokre minutt i mikrobølgeovnen først, og så bake dei ferdige i omnen. Du kan også byrje med dei idet du går inn døra heime, når dei først står der i omnen så er det jo ikkje noko stress med dei. Resten av middagen går veldig fort å lage. Eit tredje alternativ for stressa folk er å lage både grønsakene og hummusen ferdig kvelden før. Då har du ferdig middag på eit kvarter dagen etter. Grønsakene kan …

Potetkaker – og minner frå eit bestemorskjøkken


Potetrestar har ein også ofte, og dei får bli potetkaker. Eg var så heldig at eg vaks opp i eit bestemorshus, og når ho hadde kokte poteter til overs lagde ho smakfulle, saftige potetkaker som vi fekk med ordentleg smør og sirup på. No høyrest det ut som barnemishandling, men det er det altså ikkje. Eg lagde det saman med min kjære her om dagen, og den kjensla av varm potetkake, smeltande smør og sirup i munnen fylte meg med lykke. Du kan sjølvsagt servere desse til pølser og, men det gjer deg ikkje like lykkeleg, tru meg. Slik gjorde eg det: Potetkaker/lomper 500 g kokte, kalde poteter ½ ts salt 2 dl kveitemjøl Press potetene i ei potetpresse eller mal dei med kvern opp i ein bolle. Du kan også mose dei fint med ein stappar, eller med gaffel. Elt inn salt og mjøl til du får ein passe fast deig. Ikkje elt for mykje, då blir kakene seige. La deigen kvile ein halvtime, gjerne i kjøleskap. Kjevle deigen ut på ei mjølstrødd benkeplate. …

Vilt og godt


Har du jegarar i slekta? Vi er så heldige at kjøtstykke av elg og rein av og til kjem vår veg.  Det er like kjekt kvar gong. Kjøtstykket eg fekk på benken i dag var ikkje så stilig, det var eit stykke lårsteik som var vanskeleg å få fasong på. Så enden på visa var at eg skar kjøtstykket til grytekjøt. Det vert sjeldan feil, ikkje denne gongen. Mange spør meg om kvar eg hentar inspirasjonen til å skrive om mat frå. Svaret er at det ofte er frå råvarer som eg finn, kjøper eller får. Ingenting inspirerer meg meir enn ein tur i grønsaksbutikken eller i ein velassortert kolonial. Eller ein tur i frysaren, som tilfellet var denne gongen. Grytekjøt gir meg også sjansen til å ta fram favorittkjøkkentøyet mitt, trykkokaren. Med den lagar eg ei deilig gryte på under ein halvtime, og det som tek lengst tid er å skumme av krafta og å skjere opp grønsakene. Slik gjorde eg det: Reinsdyrgryte 800 g grytekjøt av rein eller elg 2 store løkar 300 …

Surt og søtt


Hausten er tida for dei gode grytene, med kjøt, fyldig saus og saftige rotgrønsaker. Og til ei god gryte høyrer det med noko sursøtt. I Norge har ein tradisjonelt servert tyttebær til slik mat, men litt variasjon er jo berre av det gode. No er det graskar over alt. Halloween er over, og det som ikkje har blitt kutta med skumle fjes på får du billig. Kjøp deg eit, og fyll opp glasa med krydra graskar. I butikken fann eg ein pose med ganske små raudløk, så når eg først gjekk i gang med syltelake og hermetisering tok eg med dei og i same slengen. Då eg fekk sylta graskar for første gong i min grøne ungdom, var den grovt skoren, i store bitar. Eg kuttar bitane litt mindre, då blir dei litt meir handterlege. Slike sursøte godsaker smakar nydeleg til kjøt , patéar og alle typar mat som du ville hatt tyttebær til. Det er og kjempegodt i små bitar i lys fiskesuppe. Sylta graskar 1 kg graskar 5 dl 7 % eddik 700 …

Ein saftig biff


Har du det som meg? Då elskar du biff. Ein godt tillaga biff gjer meg ganske enkelt lukkeleg. Det er ikkje spesielt komplisert heller, om ein berre passar på nokre viktige detaljar: Kjøtet må vere mørt. Det betyr at dess nærare utløpsdatoen du kjem dess betre er kjøtet. Til og med ein flatbiff kan bli saftig, mør og god med rett handsaming og steikt på forskriftsmessig vis. Kjøtet må vere romtemperert når du steiker det. Kaldt kjøt kjøler ned steikefeittet og panna, og dermed får ikkje biffen den fine steikeskorpa som held saftene og smakane på plass. Kjøt som er marmorert av feitt, til dømes entrecote, er saftigare og betre på smak enn magert kjøt utan synleg feitt. Feittet er ein viktig smaksberar, og det innsprengte feittet ber fram kjøtsmaken på ein strålande måte. Så øv deg på å steike biff nokre gongar, og ikkje miss motet om du lagar eitt par skosålar ein gong i blant. Her som på alle andre område i livet gjeld prinsippet om at ein må øve, skal ein bli god. …

Ferskt kjøt og suppe med klot


Ferskt kjøt og suppe kan serverast med eller utan klot. Klot er små bollar av mjøl, egg og krydder som får koke med i suppa, og som gjer retten meir mettande. Dette er tradisjonskost frå slaktetida, sidan retten er laga med ferskt, ikkje salta kjøt. Ein byrjar måltidet med suppa, som er laga på krafta frå kjøtkokinga.  Det kokte kjøtet vert servert til slutt, med grønsaker i grove bitar og ein nydeleg sursøt løksaus.  Ferskt kjøt og suppe med klot er eit heildagsprosjekt å lage, så du kan gjerne lage dobbelt porsjon. Då har du restar til neste dag. 1,5 kg beinfritt oksekjøt, gjerne bog eller høgrygg 1 lite kålhovud 2 persillerøter eller pastinakkar 4 gulrøter 1 purre 1 lita sellerirot 1 ss salt 1 ts peparkorn Sursøt løksaus 3 ss smør 1 løk 3 ss kveitemjøl 6 dl kraft frå kjøtkokinga 1 ss kvit eddik 2 ss sukker 1 ts salt (hald tilbake litt salt om kjøtkrafta er svært salt) grovkverna peppar Klot 50 g smør 1 dl mjølk 1 egg 100 g mjøl …

Svineschnitzel med capunata


I dag var eg innom den lokale slaktaren. Han hadde teke ei fersk skinke, og skore den i tynne skiver til schnitzel. Tradisjonelt vart schnitzel laga med kalv, men det  lyse, fine svinekjøtet passar like godt panert med mjøl, egg og brødsmular. Denne paneringsmetoden kallast dobbeltpanering, og kan brukast på både kjøt og fisk. Eg lagar ofte mitt eige griljermjøl. Når brødet byrjar å bli kjedeleg og tørt skjer eg det i små terningar,  og let det tørke enten over ein varmeovn eller på eit brett i steikeomnen på låg varme. Desse terningane kan brukast som musli, som dryss på salatar eller bløytt i mjølk til å spe kjøtdeig til kjøtkaker med. Når eg treng strø til gratengar eller til panering køyrer eg ein neve terningar til smular i matmølla. Det blir ein mykje betre smak enn det vanlege griljermjølet ein får kjøpt, som ofte kun er knust flatbrød. Har du ikkje samla brødterningar kan du ganske enkelt knuse to-tre knekkebrød. Til schnitzelen serverer eg capunata. Capunata er eit døme på dei magiske smakseigenskapane til …

Urteaioli


Aioli er aldri feil, den passar som saus, på brødet og i ei god suppe. I dag proppa eg den med gode urter, det gir den endå rikare smak. Urteaioli 2 eggeplommer (frys kvitene, eller lag marengs med dei) 2 fedd kvitløk ½ dl jomfruolivenolje 3 dl nøytral olje 1-2 ss sitronsaft 1 lita ts salt ½ ts honning 3 ss hakka, friske urter, basilikum, oregano, timian, toppløk Press kvitløken, og bland alt som står over unntatt oljen saman i ein bolle. Bruk ein handmiksar, og miks ingrediensane over med nokre få dropar olivenolje.  Du kan byrje med ein god, kaldpressa jomfruolivenolje, ca. 1/2 dl.  Så tek du ein mildare olje, enten ein mild olivenolje eller ein annan smaksnøytral olje, til dømes raps eller soya, til saman 3 dl. Drypp i oljen medan du miksar jamnt og trutt. Det viktige for å få eit godt resultat er å byrje å ha i oljen dropevis og så auke på litt etter litt til du har rørt inn all oljen. Smak til med salt, litt sitronsaft, (syra …

Osterøre med granateplekjerner


Denne osterøra ser enkel og grei ut, men den er ein nydeleg smakseksplosjon! Ein av gjestane mine kommenterte at då ho las oppskriftene så syntest ho denne såg kjedeleg ut. Ho vart desto meir imponert då ho fekk smake den. Røra kan også lagast som eit tiltygg til eit glas vin og litt brød i all enkelheit, den treng ikkje vere del av ein stor buffé. Osterøre 200 g chevre utan skorpe 200 g philadelphiaost 1 dl mjølk Ein liten bunt grasløk Salt Eit granateple Rør saman ostane, og rør i mjølka litt til kremen har ein fin konsistens. Smak til med salt viss det trengst. Finhakk halvparten av grasløken, og bland det i ostekremen. Del granateplet i to, og bank/kryst ut kjernene. La safta renne av, og legg dei avrente kjernene på eit kjøkkenpapir.  Fordel osterøra på ein asjett, og dryss på grasløkstrå og granateplekjernene.  Sett fram godt brød, grønsakspinnar eller grissini som gjestane kan ta av røra med.

Laks med asparges- og vårløksrisotto


Risotto er ein av mine favorittrettar, og eg har laga mange ulike variantar. I dag har eg laga ein med asparges og vårløk. Til risottoen serverer eg smørsteikt laks, det er både godt og raskt å lage. Til å lage denne retten brukte eg salmalaks, for det er enkelt og går fort. Men finn du fersk og fin heil fisk eller filetsider så bruk like gjerne det. Pass på å krydre fisken godt med salt og peppar, smaklaus fisk er kjedeleg. Når du lagar dette er det smart å byrje med risottoen, for det tek lengst tid. Eg brukar soppmjøl, det er tørka traktkantarellar frå i fjor som eg har knust til mjøl. Har du ikkje det kan du i staden bruke ein eller annan soppvariant som du finn i butikken eller skogen, og smørsteike den saman med løk i risottoen. Denne risottoporsjonen er nok til fem-seks personar. Slik gjer du det: Asparges- og vårløkrisotto 5 dl arborioris 15 dl kyllingbuljong Ein liten løk 2 ss smør 1 dl kvitvin Ein bunt asparges to stilkar …

Coleslaw med eple og fenikkel


Coleslaw i alle variantar er vårt favorittilbehør no om sommaren. Det går kjempefort å lage, du kan ha ingrediensane i kjøleskapet, og dei held seg lenge. Klassisk impulstilbehør, altså. Denne varianten vart til fordi vi hadde både nykål og raudkål i kjøleskapet, og jammen låg det ikkje ein litt slakk fenikkel innerst i grønsaksskuffen. Når eg då i tillegg hadde eit grønt eple i fruktskåla vart dette ein heldig og smakfull kombinasjon. Slik gjorde eg det: Coleslaw Ein skalk nykål Ein skalk raudkål Ein halv fenikkel Eit halvt eple 1 ts dijonsennep Litt sitronsaft 3 ss majones 3 ss kesam 2 ts honning Salt og peppar Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke. Riv fenikkel og eplet, eller bruk eit juliennejern og snitt dei fint. Legg alt lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering. Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing og snitta grønsaker, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, …

Squashsalat med nøttevinaigrette


Denne squashsalaten er ein annleis salat, der rå squash vert brukt som salatgrønsak, heilt tynt høvla i strimlar. Kombinasjonen mellom rå squash, fetaost og mynte er frisk og god. Med ruccola innblanda får du ein skarp smak som kompletterer det heile. Eg har pynta salaten med fiolar, dei er spiselege, i tillegg til at dei gir ein annleis og artig farge i salaten. Dressingen her er heilt fantastisk om eg skal seie det sjølv, den må du prøve til denne salaten eller din vanlege. Squashsalat med mynte og feta 1 beger ruccola 1 squash 150 g fetaost Ein neve frisk mynte Fiolar til pynt 2 ss olivenolje Salt og peppar Fordel ruccolaen på eit vidt fat. Skjer squashen i tynne strimlar med ein potetskrellar, og fordel over ruccolaen.  Smuldre fetaosten over, og dryss på finhakka mynte. Ringle over olje, og dryss på flaksalt og nykverna peppar. Pynt salaten med fiolar rett før servering. Vinaigrette med eple, valnøtter og fikeneddik 2 dl olivenolje 1 dl fikeneddik eller ein annan søt eddik 3 ss hakka valnøtter Eit …

Det enklaste…


…Er ofte det beste. Hos meg får du ofte idéar til enkel mat, og denne veka er ikkje noko unntak. I dag grilla vi kyllingbryst, enkelt og greitt. Kunsten er å ikkje bruke for høg varme, slik at maten vert svidd før den er gjennomsteikt. Kylling bør vere gjennomsteikt, for det kan vere skumle bakteriar i kylling som ein helst ikkje vil ha i seg. Vert gjestane utolmodige, så legg heller ein gjeng med pølser på grillen, slik at dei får seg det vi  i vår familie kallar ei ventepølse. Til kyllingen serverer eg ein salat der eg kombinerer pasta og bakte grønsaker.  Den er mettande og smakfull, og det er lettvint å servere alt på eit fat. Tsatsiki er perfekt til, denne lette, syrlege sausen som smakar sommar for alle som har vore i Hellas. No finn du matyoghurt i dei fleste butikkar, viss du ikkje finn det kan du la vanleg naturell yoghurt henge i eit kaffefilter i ei trakt nokre timar, slik at mesteparten av væta renn av, eller du kan bruke …

Torsk i ny drakt


Har du ein favorittfisk? Min favorittfisk er torsk. All fisk går fort å lage til, men torsken er så utruleg takknemmeleg både å krydre og å lage til at den kjem ofte på bordet heime hos oss. Og ikkje minst, alle, store og små, gjestar og fastbuande, et den med stor glede. I dag har eg brukt loin, altså ryggstykke. Butikken eg handlar i pakkar loinen i eigen emballasje, du finn også torskeloin i vakuumpakning på same måten som du får salmalaks. Det er jo litt luksus, og du kan lage din eigen loin ved å kjøpe ein heil torsk og skjere den i ulike delar. Andre delar av fisken kan du bruke til fiskemat, fiskesuppe eller gryter. Å lage denne middagen kan gå veldig fort viss du har førebudd deg litt. Særpreget ved retten er at torsken vert servert med ein saus basert på grilla paprika, og så serverer eg ein salat med aubergin og tomatrøre. Det som tek lengst tid er å grille paprikaen og å lage til auberginen. Grilla paprika får ein utruleg …

Det steikte kjøtet


Eg har ofte tenkt på kva den første homo sapiens tenkte då ho oppdaga kor godt steikt kjøt er. Kanskje var det etter ein skogbrann, at ein hjort eller ein moskus vart fanga av flammane, og vart liggande forkola og svart. Men det skjer noko magisk når kjøt vert varma opp. Det vert mørt, og får ein fantastisk smak. Reint kjemisk oppstår det ein Maillard-reaksjon, ein reaksjon mellom spesifikke sukkerartar og aminosyrer når temperaturen kjem opp i 120 grader, som gjer at nye smaks-, lukt- og fargestoff vert danna. Når du tenker over skilnaden mellom smaken på kokt kjøt, som normalt ikkje kjem over 100 grader, og steikt kjøt, som vert ein god del varmare, så er den store skilnaden nettopp denne Maillard-reaksjonen. Det er den same reaksjonen som gir den fantastiske smaken av skorpa på nybakt brød, eller den søte, deilige smaken av gyllensteikt løk. Men i dag handlar det om steikt kjøt. Storfekjøt er meir eller mindre mørt alt etter kva del av dyret det er henta frå. Samstundes er det gjerne slik …

Laks med sprø salat


Sjølv om kalenderen viser september skin sola rett som det er. Då gjeld det å nyte varmen og lyset så lenge det er her. I butikkane finn du lekre rotfrukter, frukt og bær, så du kan også nyte smakane av sommaren og. I dag har eg lagd ein lekker lakserett der eg brukar rotfrukter som salatgrønsaker. Då får du ein sprø, frisk og smaksrik salat som også mettar godt. Eg serverte laksen åleine saman med salaten og ein urtesaus, men du kan og servere poteter eller byggris til. Laks er vår tids fastfood, spesielt dei fileterte lakseryggstykka som du får kjøpt vakuumpakka og ferdige, klare for ein kjapp middag. Det har kome torsk i same type innpakning, så ferske, lettvinte fiskemiddagar er enkelt å få til, sjølv om det er billigare å filetere fisken sjølv. Filetert fisk treng minimal varmebehandling, og middagen er klar til servering på fem minutt. Det betyr at du bør vente med å lage til laksen til salaten og urtesausen er klar. Slik gjorde eg det: Laks med sprø salat 800 …

Mitt heimelaga urtesalt


Kva skal ein bruke alle desse urtene til? Enkelte av dei kan vekse seg høge på kort tid, og allereie no treng nokre av mine å bli tukta ein smule. Dess meir ein brukar, dess meir avling får ein seinare i sesongen. Eg brukar å lage urtesalt av mine urter. Det går med mykje urter til ein slik prosess, så når eg kappar ned løpstikke og persille som blomstrar blir eg kvitt ein heil del. Her er det eg byrja med: Ein bunt ruccola, eit knippe grasløk, masse løpstikke, masse bladpersille, litt kruspersille og nokre salvieblad. Salvien skal blomstre, og då er den så vakker at eg får lage urtesalt av den seinare når den er avblomstra. Den er som hortensia, og blomstrar på fjorårsgrein. Husk på alt det spiselege ugraset vårt og. Både skvallerkål og brennesle kan gå i dette urtesaltet, skyll begge delar godt først, brennesle i vatn som nyleg har kokt opp. Men ikkje føl deg bunden av mi urteliste. Bruk det du har, og det som er klart akkurat no. Når det …

Focaccia med løk


Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia. Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. i dag har eg laga ein variant med løkringar på. Det er godt til enkel mat, den lett bruna løken vert eit spennande smakselement til supper og slikt.  Slik gjorde eg det: Focaccia-brød 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker eller honning ca 7 dl kveitemjøl 1 gul løk i skiver 3 ss olivenolje Flaksalt til å drysse på toppen Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i …

Jordbær- og rabarbrasyltetøy


Vi er mange som har vakse opp med mødre og bestemødre som sylta og safta. Eg har sterke minner frå eit kjøkken fullt av bøtter med bær, bilturar heim frå Valldal med den intense og etter kvart kvalmande lukta av jordbær, og kamp med bringebærkjerr i hagen. Då bestemor mi døde i 1995 fann vi ripsgelé med vokslok frå 1964 i kjellaren. I mange år har safting og sylting vore ute av livet mitt, bortsett frå eitt og anna frose glas med bringebærsylte som kom nedover frå Sunnmøre. Men etter kvart har eg teke opp denne tradisjonen sjølv, og gjort den til min eigen. For meg som bur midt i byen, med begrensa fryse- og lagringskapasitet og utan eigen hage, kunne eg ikkje gjere dette slik mor mi gjorde. Kanskje var det det som gjorde at eg venta så lenge med å gå i gang. Eg trudde eg måtte gjere dette slik formødrene våre gjorde det, i store mengder og med huset på hovudet medan det sto på.  Etter kvart kom eg til at eg …

Raud svinefilet med grilla squash


I denne varianten av svinefilet har eg brukt røykt paprika. Eg veit om folk som har leita etter det ei stund, men ein får tak i det i nettbutikkar som sel krydder, og i spanske og britiske supermarknader. Denne retten kan du veldig gjerne lage på grill, då lar du kjøtet få ein runde på høg varme, før du ettersteiker fileten på indirekte varme til den har nådd ønska kjernetemperatur. Eg blanda kryddera, og sikta dei over kjøtet. Det fungerer når du vil ha eit raust lag med krydder. La kjøtet ligge med krydderet på i to-tre timar, det gir smak og fin farge. Eg serverte svinefileten med ein plommesaus og grilla squash. Plommesausen kan serverast varm eller kald, og viss du lagar den som du lagar syltetøy er den langtidsholdbar. Perfekt til svin og til ulike wok-rettar. Slik gjorde eg det: Raud svinefilet 1 kg ytrefilet av svin 2 ts røykt paprika 2 ts vanleg paprika 2 ts urtesalt Olje til steiking Bland saman kryddera. Sikt først eit dryss på tallerkenen, legg så kjøtet …

Kylling med coleslaw


Coleslaw er ein av mine tilbehørsfavorittar. «Det er berre italiensk salat», var det ein som sarkastisk sa til meg, men eg syns coleslaw er mykje betre. Her har eg servert coleslaw med ein veldig enkel kyllingvariant, med krydra filetar som får kose seg i ein fløtesaus. Mange kjøper saus på pose, men det er utruleg mykje betre å kjøpe ein pakke kremfløte, og lage sausen frå botnen av. Det tek ikkje lenger tid heller, og smaken er utruleg mykje betre. Denne coleslawutgåva er veldig enkel, med berre kål i. Du kan variere med å ha i strimla gulrøtter, rive eple eller grasløk. Denne porsjonen er til fire svoltne personar. Slik gjer du det: Coleslaw 300 g kvitkål, eg brukte nykål som har tynne, fine blad 300 g raudkål Litt sitronsaft 3 ss majones 3 ss kesam 1 ts honning Salt og peppar Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke, eller ein sylskarp kniv. Legg dei to ulike kålsortane lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du …

Fletteloff


Eit godt brød må alltid vere med på ein buffé, og viss du supplerer med litt god skinke, nokre marinerte reker og godt drikke har du festen klar. Har du dårleg råd, og blir beden om å ta med noko til ein buffé, så tilby deg å bake loff. Det er alltid populært, og kostar nesten ingen pengar. Fletteloff er nostalgi for meg, ei av tantene mine brukte å lage det, så den minner meg om henne. Ein fletteloff ser flott ut på bordet, og er enkel å lage. Slik gjer du det: Fletteloff 4 dl lunka vatn 1 ts salt 1 ss maltekstrakt 2 ss olivenolje 9 dl kveitemjøl 1 ts tørrgjær Sett steikeomnen på 220 grader. Ha vatnet i bakebollen. Ha i salt, maltekstrakt og olje. Maltekstrakten kan sløyfast, men gir god smak og fin farge, pluss at den inneheld b-vitaminar. Elt inn mjølet litt og litt, saman med tørrgjæra. Kna det heile til det er ein glatt og spenstig deig som ikkje er for blaut, men heller ikkje for fast. La deigen …

Berre oss to


Eg elskar ungane mine, men det er også fint å vere berre oss to. I går vart det ein enkel middag, med ein saftig og syrleg salat ved sidan ein klassisk spagetti carbonara. I salaten hadde eg ein slags sylta raudkål. Eg lot raudkålen ligge i ein søt eddik eit kvarters tid før eg hadde den i salaten, eg har det for meg at den då vert lettare å fordøye. I tillegg smakar det veldig godt, om eg skal seie det sjølv. Eg høvlar raudkålen først med ostehøvel, då får eg lekre tynne strimlar. Har du ein mandolin på benken kan du også bruke den. På salaten dryssa eg litt av dette japanske krydderet, furikake frå Renée Voltaire. Det gir ein god salt smak på salaten, du kan lage noko liknande ved å riste sesamfrø i ei tørr steikepanne og drysse på litt finsalt på til slutt. Syrleg salat 50 g raudkål 1/2 dl eddik, til dømes kvitvinseddik 3 dl blanda salat, eg brukte feldsalat og ruccola To plommetomatar 1 ss rista sesamfrø Vinaigrette Eddiken …

Meir scones


Eg fekk fleire søketreff på gunda grove scones i går, så no må eg ut med ei oppskrift på grove scones også. Dei fine er gode, men ein føler seg litt sunnare og kanskje også mettare med grove scones i magen. Eit triks er å lære barna i huset å lage desse. På den måten kan du vakne til nybakte scones laurdag morgon. Eg er for barnearbeid, eigentleg. Særleg når det handlar om baking. Slik gjer du det: Grove scones 5 dl surmjølk 50 g smør 1 ss bakepulver 1 ts salt 2 ts maltekstrakt 5 dl kveitemjøl 2,5-3 dl grovbakst eller sammalt kveite 2-3 ss av det du måtte ha av frø, eg brukte solsikkefrø, linfrø og sesamfrø. Set steikeomnen på 220 grader. Bland saman alt det turre i ein romsleg bolle. Smuldre smøret inn i mjølblandinga. Rør inn surmjølka, bruk gjerne maskin til dette, utan å la den elte for lenge. Då hevar den ikkje så bra. Form deigen som du vil. Du kan kjevle den ut og stikke ut runde, fine scones, …

Snøggbakst


Har vi ikkje brød? Eg trudde du hadde handla. Rundstykke då? Sjekk i frysaren. Nei da, det var tomt der og. Det er søndag morgon, og ingen har lyst på ein tur i butikken. Kva gjer ein då? Då tyr ein til snøggbakst. Snøggbakst driv ein med når ein bakar utan gjær, men med bakepulver som hevemiddel. Den klassiske snøggbaksten er scones, desse engelske rundstykkeliknande bakelsane som er eit fast element i ”Afternoon Tea”, når ein får det servert på finare serveringsstader. Scones er gode til te, men med godt smør og syltetøy på er det også ein framifrå frukost. Når ein lagar scones skal ein ikkje elte deigen slik det er vanleg å gjere med gjærdeig. Med bakepulver hevar deigen seg først i omnen, og då går det fort. Er deigen for seig då vert ikkje sconesa luftige slik vi vil ha dei. Så berre rør så vidt saman det turre og det våte, slik at ikkje glutenet får utvikle seg. Det er ingenting i vegen for å lage scones i kjøkkenmaskin, så lenge du …