Meir snop: Nougattrøflar med rom
Kva gir ein til den som har alt? Noko å ha det i, var svaret før. Men det er vel grenser for kor mange vesker, koffertar og sekkar ein kan ha? Eg likar å gi bort gåver som ein kan spise opp. Skuffer og skap er fulle av ting vi ikkje brukar, då er det betre med gåver som ein kan nyte. I dag serverer eg ei spiseleg julegåve; nougattrøflar. Dei lagar eg med marsipan, valnøtter og nougat som du får kjøpt ferdig på velassorterte matbutikkar som Meny og Ica. Valnøttene kan du droppe viss du skal gi trøflane til nokon som er allergiske. Eg brukar også rom i trøflane. Viss du skal gje dei til fråhaldsfolk eller barnefamiliar kan du bytte ut romen med litt essens. Halve moroa med spiselege gåver er å pakke dei pent inn. Nougattrøflane kan du legge på ei skål som du pakkar inn i cellofan, eller du kan ha dei i ein cellofanpose. Dei kan du få kjøpt på nettet, men eg forhandla meg til å få kjøpe nokre slike i …