Latest Posts

Italiensk potetmos

I dag får du oppskrift på ein meir avansert italiensk variant av potetmos, med urter, parmesan, kvitlauk og olivenolje. Den gir ei heilt anna oppleving, men er minst like god. Server den til godt krydra kyllinglår og ein frisk salat, eller til tynne skiver av svinefilet. Den passar også utruleg godt til eit raust stykke smørsteikt torsk og ein grønn salat.

Får du restar av potetmos så er det veldig lett å varme dei oppatt. Eg brukar å varme litt mjølk i ei gryte, og så ha i stappa og røre den glatt.

_MG_3236Italiensk potetmos

1 kg mjølne poteter

2-3 dl heilmjølk

1 dl olivenolje

1-2 fedd kvitløk

2 dl riven parmesan

2 ss hakka urter, t.d. timian eller oregano, gjerne blanding

Salt og peppar

Skrell potetene og damp dei møre på rist i vatn utan salt. Hell av kokevatnet, og ta ut rista. Ha i to dl mjølk, finhakka kvitløk, 1 ts salt og nesten all olivenoljen. Mos potetene med ein stappar. Vend inn urter og parmesan, og la den stå litt på avslått plate før du rører rundt igjen og smakar til med peppar og meir salt viss det trengst.

Ringle olivenolje over, og eventuelt dryss på litt meir friske urter før servering.

Dei dummaste bøndene

Dei dummaste bøndene får dei største potetane, seiest det. Vel, utan noko som helst forkunnskap eller erfaring har vi hausta flotte poteter i år, så då er det vel sant.

Det heile byrja med eit blomebed som i all hovudsak besto av bergenia og skvallerkål. Bergenia er ikkje min favoritt, og dette var på finaste plassen i hagen, så eg ville gjerne plante noko anna der, noko som kunne bløme lenger og glede oss gjennom heile sommaren. Så i april grov vi opp bedet, røska bort bergeniaen og sålda ut skvallerkålrøttene, og så sto vi der og glodde. Kva gjer vi no? Jau, vi set poteter, var den lyse idéen vi fekk.

Jakta på settepoteter var kortvarig, dei spira og var klare til å bli lagt i jorda, så første mai hadde vi fem flotte rader med mandelpotet klar. Å sette poteter ein plass du vil forbetre jorda er faktisk ein god måte å gjere den lausare og lettare å jobbe med på. Ugras trivest ikkje der potetene er, og når du har teke dei opp ligg bedet klart og fint til å plantast i.

_MG_3212Blomebedet ligg i Sverige, så vi var innom omtrent kvar fjortande dag, vatna og hyppa, og gledde oss over dei friske grøne spirane. Tidleg i august hadde risa lagt seg, og då tok eg greipa fatt. Det er heilt fascinerande, ein føler seg beint ut rik når ein kan stå der og riste forsiktig på potetrisa, og så kjem dei vakre, lyse, avlange mandelpotetane til syne. Ei stor kasse, sikkert femten liter vart det av ca. tjue settepoteter. Det må ein seie er bra avling.

Så kva gjer ein då, når ein står der med begrensa lagringsrom og femten liter poteter? Då er det poteter til alle måltid, bortimot. Har du kalde poteter kan du mose dei og lage potetkaker, du kan presse dei og elte dei inn i brøddeig, og du kan spise dei kalde med spekemat, flatbrød og rømme. Eg har laga potetmos av ulike slag, og ikkje minst omnsbakar eg dei med gode krydder og olivenolje. Til dette brukar eg dei minste potetene, då går det fort, og dei smakar fortreffeleg.

Mandelpoteter er mjølne poteter, og det betyr at dei veldig fort eksploderer viss du kokar dei i vatn. Eg skrellar dei på førehand, og dampar dei til dei er akkurat møre. Då unngår eg at dei blir til stappe før eg vil at dei skal bli det. Bruk ei klassisk pinnekjøtrist som du legg i kjelen, og fyller opp med poteter. Hell på kokande vatn frå vasskokaren, slik at det står nesten opp til rista. I min kjele er det ca. ein halv liter. La potetene stå og dampe i 12-15 minutt, før du slår av varmen og heller av vatnet. Sett gryta tilbake på plata igjen med loket halvt på, slik at potetene ikkje er for våte. Så kan du lirke ut rista, og lage stappa i gryta. Det blir færre kjørel i sving, og mindre oppvask. Brukar du kokefaste poteter er det lettare å lage mos med ei potetpresse, stapparane egnar seg best for mjølne poteter.

Den klassiske potetmosen som eg lærte av Malene på ungdomsskulen i Stokksund er min favoritt. Ho brukte heilmjølk, og var raus med smøret, det vil seie, det var nok helst margarin. Men uansett, den smakte himmelsk for holsvoltne sjuandeklassingar.

Får du restar av potetmos så er det veldig lett å varme dei oppatt. Eg brukar å varme litt mjølk i ei gryte, og så ha i stappa og røre den glatt.

Klassisk potetstappe

1 kg mjølne poteter

50 g smør

2-3 dl heilmjølk

Salt og peppar

Skrell potetene, og damp dei møre på rist i vatn utan salt. Hell av kokevatnet, og ta ut rista. Ha smør, 1 ts salt og ein dl av mjølka i gryta, og legg på loket. La det stå eit par minutt på avslått plate. Mos potetene med ein stappar. Spe mosen med meir mjølk viss den vert for fast, og smak til med peppar og meir salt viss det trengst. Server med ein gong.

Bringebærkake

No er det bringebær over alt! Ta med eit litermål eller ein liten isboks når du går tur i skogen, du finn garantert nok til å lage denne deilige og friske bringebærkaka.

Kaka er naturleg glutenfri, sidan den er laga med potetmjøl. Du kan også lage den med vanleg kveitemjøl viss alle toler gluten, då blir den litt fastare i fisken. Godt smakar den uansett.

_MG_3191Bringebærkake

2 egg

1,5 dl sukker

1,5 dl (120 g) potetmjøl eller kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ss vaniljesukker

Ei klype salt

100 g smelta smør

250 g bringebær

Smelt smøret, og sett det til side. Du kan gjerne la det stå litt slik at det blir litt brunt, det gir berre god smak, så lenge det ikkje blir brent. La det kolne før du har det i kaka.

Skill egga. Ha plommene i ein bolle, og kvitene i ein annan. Ha sukkeret i bollen med kvitene. Pisk eggekviter og sukker halvstivt.

_MG_3160Ha potetmjøl, bakepulver, vaniljesukker og smelta, avkjølt smør i den andre bollen. Rør dette saman med vispen. Vend eggekviteblandinga inn i eggeplommeblandinga med ei skei.

Fordel røra i ei smurd kakeform, ca. 20-22 cm i diameter. Fordel bæra i forma. Steik kaka midt i omnen på 175 grader i 20 minutt. La den kolne litt før servering. Server den lun med piska fløte eller vaniljeis.

God helg!

Linsesalat med koriander og kokosmjølk

Jonas i kantina på jobb brukar å lage ein utruleg god linsesalat med kokosmjølk og koriander, og eg berre elskar den. No har eg eksperimentert meg fram til ein variant som smakar nesten som hans, slik at du og får smake den. Den vart mellom anna servert i bursdagen min, og fleire av gjestane var over seg over smaken, og kom bort ville vite korleis den var laga, så her er mi oppskrift.

Salaten er vegansk, og har eit hint av thaismak, med kokosmjølk, lime og chili som sender tankane til søraustasia. Server den åleine med ris, med grilla kylling, eller med ein godt krydra svinefilet og nudlar. Som ein god del av min mat ser den ikkje fantastisk ut, men smaken! Den er veldig bra.

_MG_3169Linsesalat med koriander

2 pakkar kokte linser

Ein bunt koriander

To vårløkar

1 boks kokoskrem eller kokosmjølk

1 ss raud currypaste

1 ts soyasaus

Safta av ein halv lime

Ei klype chiliflak

Evnt salt og peppar

La linsene renne av i eit såld. Hakk korianderen, og finsnitt vårløken.

Har du kokoskrem, så opne boksen, og ha den i ein bolle. Har du ikkje, så kan du bruke kokosmjølk. Då er det eit poeng å prøve å bruke berre det tjukke av kokosmjølka. Opne kokosmjølkboksen utan å riste den først. Har den skilt seg, som den ofte gjer, så er det flott. Ta ut det faste av kokosmjølka, og ha det i ein bolle, det er det du skal bruke. Sett resten til side. Har den ikkje skilt seg, så går det bra, då vert salaten litt lausare i fisken, som du ser at min vart.

Rør currypaste, soyasaus, limesaft, chiliflak, finhakka koriander og snitta vårløk inn i kokosmjølka, og smak på den. Smak til med salt og peppar. Rør inn linsene, og la salaten stå litt. Smak igjen, kanskje trengst det litt meir limesaft, soya eller chili.

Salat med bringebær og avokado

Kva skal vi ha til? Å finne ut kva vi skal ha til middag går som regel greit, men det å finne eit godt tilbehør er ofte der fantasien sviktar.

Bringebær finn du over alt no, og det er ein fryd å bruke bringebæra både i søt og salt mat. Så send barna ut for å plukke, barnearbeid er berre av det gode i slike tilfelle. Bringebæra kan syltast, saftast, du kan lage ein deilig eddik med dei, og du kan ha dei i gode kaker. Det aller enklaste er berre å drysse dei på ei skål med vaniljeis, eller servere dei med vaniljesaus.

Men visste du at du også kan bruke bringebær i ein salat? Min bringebærsalat er ein klassisk salat som passar godt til biff, til grilla luksuspølser eller til dampa laks og båtpoteter. Den bør lagast rett før servering, avokadoane vert brune og triste, og med vinaigrette på vert salaten fort blaut og trist. Denne porsjonen er tilbehør til fire, og lunsj til to.

_MG_3161Salat med bringebær og avokado

Eit halvt issalathovud eller to små hjertesalatar

Ein bunt bladpersille

100 g fetaost

100 g artisjokkar i lake

Ein avokado

200 g bringebær

Snitt salaten slik du vil ha den, og vask og tørk den. Ha den i eit vidt fat med kantar. Knip av blad på persillebunten, og fordel blada i salaten.

Smuldre fetaosten over salaten. Del artisjokkane i smale båtar, og fordel dei over salaten. Del avokadoen i to. Fjern steinen, og grav ut passe store bitar med ei teskei og fordel dei over salaten. Dryss på bringebæra til slutt. Server med ein god vinaigrette.

Vinaigrette

2 dl god olivenolje

1 dl kvitvinseddik (eller bringebæreddik om du har ei flaske ståande)

½ ts sennep

½ ts honning

salt og peppar

Bland saman alt til dressingen i eit glas med lok, og rist dressingen saman. Ringle over salaten, og server det som er igjen i ei skål ved sidan av.

Korleis koke ris

Ein matskribentkollega av meg, Andreas Viestad, ga for nokre år sidan ei veldig bra kokebok under tittelen Hvordan koke vann. I dette innlegget tek eg det opp eit knepp, Det er spørsmålet om korleis ein kokar ris eg har gitt meg ut på å svare på.

Det overraskar meg stadig, eg treff på vaksne menneske som ikkje kan å koke ris. Dei har ofte delegert det bort til dei lever saman med, eller så har dei berre droppa ris frå menyen. Det høyrest trist ut, syns eg.

Denne oppskrifta er på heilt vanleg basmatiris som tilbehør til gryterettar av ulikt slag, den fungerer også på uncle ben-ris og liknande parboiled-sortar. Sushiris og risotto kokast annleis. Eg beskriv riskokinga slik eg gjer det, det kan godt hende at andre har andre metodar, og det er heilt ok. Eg har berre funne ut at dette fungerer, og då brukar eg denne metoden. Noko av forvirringa rundt fenomenet riskoking skuldast nok nemleg at det finst så mange råd og oppskrifter, og mange er veldig bastante, mi løysing virkar, alt anna er feil. Eg tenker ikkje slik, men eg har funne ein måte som fungerer og som gir eit godt resultat. Har du ein annan måte som fungerer, så er det strålande. Dette innlegget er meint som eit tips til dei som ikkje får det til å fungere.

Denne oppskrifta gir ris til fire svoltne personar (eg har ein tenåringsson i huset, eg berre nemner det).

IMG_3770Kokt ris

8 dl vatn

1 ts salt

1 ts sitronsaft (kan sløyfast)

4 dl ris

Ha vatnet i ein tjukkbotna kjele, og la det koke opp. Ha i salt og sitronsaft. Ha i tørr ris, og rør forsiktig med ein flat spade i botnen til du ser at det kokar friskt igjen. Skru varmen ned så lågt at det berre så vidt kokar. Min komfyr har plater med nivå 1-9, kokepunktet er 2,5. Legg på loket. La risen stå i 12 minutt. Skru varmen heilt av, og la risen stå og dampe med loket på i 6-8 minutt før du rører opp risen forsiktig, og serverer den.

Vil du ha krydder i risen, så rist krydderet i ei tørr steikepanne, knus det lett, og ha det i vatnet samstundes med saltet. Då kan du droppe sitronsafta. Ha i ris, og kok som beskrive over.

Får du ris til overs, så lag gjerne steikt ris eller rislappar med restane.

 

 

Cæsarsalat

Sommaren er ikkje sommar utan eit rikt utval salatmiddagar. Når barna mine får velge salat, så vel dei ofte Cæsarsalat. Cæsarsalaten kjem frå Mexico, der kokken Cæsar Cardini lagde denne salaten med ein enorm suksess.

Salaten er enkel, med salatblad, krutongar, parmesanost, kylling og ein karakteristisk dressing. Dressingen er av majonestypen, men tynnare, og skal etter tradisjonen smaksettast med ansjos. Det må du gjerne gjere, eg er ikkje så glad i ansjos, så her får du ei forenkla oppskrift utan.

Cæsarsalat kan også lagast vegetarisk, då kan du bytte ut kyllingen med tofu eller steikt halloumi. Då bør du også droppe worchestershiresausen, den er laga på ansjos.

Det er tre viktige triks for å få ein cæsar-salat til å smake heilt fantastisk:

  • Det eine er å få til gode krutongar. Berre tørre brødterningar gjer ikkje nytta her, du må krydre dei, og ha på olje.
  • Det andre trikset er å krydre kyllingen godt, og steike den så den får ei ordentleg skorpe.
  • Det tredje trikset er å vende salaten i dressing, slik at alt bladverket tek til seg den gode smaken av Cæsardressingen. Cæsar Cardini hadde dette som eit slags show-nummer, ”tossing the salad” ved bordet. Er du i det artistiske hjørnet, så gjer alt ferdig på førehand, og lag ditt eige ”tossing”-nummer, det imponerer heilt sikkert gjestane dine.

_MG_3137Cæsarsalat

Krutongar:

Fire skiver grovbrød

3 ss olivenolje

1 ts urtesalt

Sett steikeomnen på 200 grader med varmluft.

Kutt brødet i terningar. Ha olivenolje og urtesalt i ein bolle, og bland det saman. Ha i terningane, og vend dei rundt. Legg bakepapir på ei steikeplate, og hell terningane utover papiret. La terningane steike i 7-8 minutt på 200 grader til dei er sprø og gylne.

Vinaigrette/Cæsardressing

2 dl olivenolje

1 dl god eddik

1/2 ts salt

1 ts honning

1 ts worchestershiresaus

Ei klype nykverna, svart peppar

2 ts majones

1 ss hakka vårløk

Pisk saman olivenolje, eddik, salt, peppar og honning. Smak om dressingen er passe salt, søt og syrleg. Pisk inn majones og hakka vårløk til slutt.

Cæsarsalat

Fire kyllingfiletar

Salt og peppar

Smør til steiking

To store hjartesalathovud

Ein avokado

Ein neve spirar av brokkoli

40 g skiva parmesan

Krutongar

Cæsardressing

Krydre kyllingfiletane godt med salt og peppar, og la dei gjerne ligge litt på ein tallerken før du steiker dei. I mellomtida kan du vaske, tørke og kutte opp salaten i passe store bitar.

Legg all salaten i ein vid bolle. Del avokadoen i to, og grav ut kjøtet med ei skei. Fordel det over salaten saman med brokkolispirane. Hell på halvparten av dressingen, og vend salaten rundt i den, til all salaten har fått dressing på seg. Ha resten av dressingen i ei skål, og sett til side.

Steik kyllingen i smør til den er gyllen og gjennomsteikt. La den kolne litt, før du skjer den i skiver på skrå. Fordel kyllingen over salaten, og dryss på krutongar og skiva parmesan. Kverne godt med svart peppar over. Server salaten med ekstra krutongar og dressing.

 

Pasta med mais og chevre

I late sommardagar er det godt med enkel, smakfull sommarmat der vi brukar grøda som har sesong akkurat no.

Eg elskar å la meg inspirere i butikken. Eg vandrar rundt, først i grønsaksavdelinga, så går eg gjennom diskane med kjøt og fisk, og let fantasien vandre. Då kjem ofte dei beste idéane.

Eg fann mais i grønsaksavdelinga her om dagen. Mais er blant dei tinga som er tilgjengeleg heile året, men den ferske, med dusk som viser at den er moden, og bladverket som passar på den, den er berre her ein kort periode. Då er det berre å kaste seg utpå, og vere kreativ. Å grille mais er ein klassikar, og kombinasjonen med søt mais og salt smør er uslåeleg. Men eg laga ein pastarett som løftar kombinasjonen mais og smør til nye høgder, der maisen vert kutta rett av stilken medan den er rå. Prøv det, du vil garantert ikkje angre.

Maisen fekk selskap av squash, som også har tida si no. Den elskar også smør, og med løk og selleri i små terningar får du ein utruleg god og enkel pastasaus. Du kan også lage dette som risotto, surr maisen i smør, suppler med løk og selleri, ha i ris, kvitvin og kraft, og så rører du inn vårløk, parmesan og endå litt smør til slutt. Men i dag var planen pasta, og då hadde eg i chevre, som gir ein deilig fjellgeitsmak til pastasausen.

_MG_3133Pasta med mais og chevre

 400 g bandspagetti

To maiskolbar, ukokte

Ein squash

Ein liten løk

Tre-fire stilkar stangselleri

Tre vårløk

1 dl kvitvin

2 dl fløte

100 g chevre utan skorpe eller sot

Ein neve bladpersille

Smør til steiking

Skjer maiskorna av kolben ved å stille den på høgkant, og la kniven gli ned langs kolben. Gjenta til heile kolben er fri for korn. Del squashen i to på langs, og så kvar halvdel i to på langs. Kutt stengene i bitar slik at dei blir som ein slags trekantar. Finkutt løk og stangselleri og sett til side. Kutt vårløken og ha den i ei skål for seg.

Kok opp rikeleg med vatn til pastaen. Salt vatnet, og kok pastaen slik det står beskrive på pakken.

Ha smør i ei steikepanne, og steik maiskorna møre på ganske sterk varme. Ha dei over i ei skål. Steik squashen slik at den er gyllen på begge sider. Ha i same skål som maisen. Smelt litt meir smør i steikepanna, og fres løk og stangselleri mørt. Ha i mais og squash, og slå på vinen. La den koke inn. Du kan bytte ut vinen med eit pr auser kokevatn frå pastaen. Ha i fløte, og la det koke nokre minutt. Ha i chevre og vårløk til slutt, og la det koke til chevren er smelta.

Hell kokevatnet av pastaen, og ha den i ein vid bolle. Slå over pastasausen. Server med rikeleg med hakka bladpersille, og ferskt brød til.

Gode grovbrød

Ein får liksom aldri nok gode brødoppskrifter. Og ingenting er deiligare enn å skjere opp eit nysteikt brød til frukost.

Dette er det brødet eg bakar kvar gong vi kjem til Sverige. Svenskane kan ikkje brød, det er berre sørgeleg. Dei har alt for mykje sirup i dei, og så har dei ikkje butikken full av ferske brød om morgonen slik vi er vande med, iallfall ikkje her ute på glesbygden der vi held til.

Vi kjem som regel hit til svenskehuset om kvelden, og viss klokka er før åtte, så set eg ein brøddeig. Då rekk den å heve, og eg får bakt ut brøda og steikt dei før vi legg oss. Å stå opp til frukost med brød som berre har vore ute av ovnen nokre timar, det er ei stor glede. Når ein har bakt brød ein del gongar så tek ein det litt på frihand. Ein brøddeig er ganske robust, og toler å stå lenger enn ein trur. Eg stikk gjerne og handlar viss eg bakar brød midt på dagen, om deigen hevar i to-tre timar så er det berre å køyre den saman igjen, og byrje på nytt att.

Eg brukar ein god, gamaldags bakemetode, ikkje eltefritt, ikkje fold og brett og bøy heilt tilbake. Her går brøddeigen i kenwooden, og får elte lenge og vel før den hevar ein times tid. Mange som mislukkast med brød hevar dei for lite. Spesielt viss du brukar tørrgjær er det berre å gi seg god tid. Å elte deigen lenge betyr at du får ut mykje av forklistringsevna til mjølet, og dermed får brød som heng godt saman.

I oppskrifta mi brukar eg kveitekli. Det vert selt i butikken som kruskakli, og består av det ytre skalet av kornet som er sikta frå når kornet vert malt. Det er rikt på kostfiber, protein, vitaminar og mineral, og virkar i tillegg «befordrande på fordøyelsen», som ein elegant kan kalle det. Har du ikkje det i hus, kan du bytte det ut med havrekli, ha i meir havregryn, kveitevals eller andre grove mjøltypar. Du kan bytte ut alt det grove i deigen med same mengde Grovbakst frå ferdigblanding.

Sidan eg ofte har mjølkeallergikarar i hus, så bakar eg brød med berre vatn. Men vil du ha dei meir næringsrike, t.d. pga kalsiuminnhaldet, kan du bruke søt eller sur mjølk. Bruk gjerne mjølk som har gått ut på dato. Alt går i grisen, seier folk. Alt går i brøda, sa vi heime der eg vaks opp.

Litt søtt i deigen gir ikkje så mykje smak, men det gjer at gjæra har mykje mat, og det og gir luftigare brød. Spesielt viss du bakar grove brød er det viktig å litt honning eller sirup i. Så svenskane er ikkje heilt på bærtur med sirupen sin, dei har berre for mykje i. Har du maltekstrakt ståande, kan du også bruke det. Eg likar å bake brøda i form. Då får dei skorpe heile vegen rundt, og held seg nokolunde samla.

Brøda kan også formast til fire vanlege brød, leggast i langpanne med smør eller olje mellom kvart brød, og så steiker du dei på vanleg måte. Elt inn litt ekstra mjøl, ein slik deig kan godt vere litt fastare enn ein deig for brødfomer. Dekk forma med bakepapir, eller smør også forma med smør eller olje. Du kan også bruke strimlar av bakepapir mellom brøda viss du steiker dei i langpanne.

Denne oppskrifta gir tre store brød i form.

image1Grovbrød

50 g gjær eller 1 pakke tørrgjær

1,6 liter deigvæske

100 g kveitekli eller havrekli

100 g havregryn

300 g grov, sammalt rug

500 g grov sammalt kveite

1,2-1,5 kg kveitemjøl

3 ts salt

1 ss honning, sirup eller maltekstrakt

Frø om du har

Lunk væska, og løys opp gjæra og honningen eller sirupen i det.  Brukar du tørrgjær så bland gjæra i mjølet. Ha væska i bakebollen saman med saltet, og elt inn alt det grove mjølet først, og så har du i kveitemjøl til deigen er passe fast. Det kan hende du treng litt meir eller litt mindre kveitemjøl, det kjem an på kvaliteten på mjølet. Du kan bytte ut alt det grove mjølet i deigen med same mengde Grovbakst frå ferdigblanding.

La gjerne deigen elte lenge viss du har tid, min sto i maskinen i eit kvarter og surra, då får du ordentleg mjuk og god deig. Hald litt tilbake på mjølet, og elt heller inn litt ekstra etter at det har heva ferdig første runde.

La deigen heve til dobbel storleik, det tek ca. ein time.

Del deigen i tre og form brøda. Smør formene dine med matolje eller smør, og legg i eit og eit brød. Set omnen på 210 grader. Snitt brøda på skrå med ein gong du har lagt dei i forma, det gjer at dei ikkje sprekk ukontrollert. (som du ser av bilda gløymde eg det, og snitta dei like før dei gjekk i omnen. Det fungerer ikkje så bra. Ikkje gjer som eg gjorde.)

La brøda etterheve ca ein halvtime til. Dusj dei med vatn, eller hell ein kopp vatn inn i botnen på steikeomnen, for å skape damp. Det gjer skorpa sprø og fin.  Har du frø i skapet, så dryss på dei rett etter at du har dusja dei med vatn, då festar frøa seg. Solsikkefrø eller sesamfrø er perfekt til dette.

Steik brøda nederst i omnen i 45-50 minutt til dei er ferdige. Når dei er gjennomsteikte har dei ein hol lyd viss du bankar på dei.

La brøda kolne på rist.

 

Søtpotetsuppe med sprø kylling

Kyllingrestane frå i går passar perfekt i ei søtpotetsuppe. Søtpotet har blitt veldig lett å få tak i, og er ein perfekt smaksbase for krydder, andre grønsaker og proteinar av ulikt slag. Denne varianten er ganske hot, kor hot den blir bestemmer du sjølv med mengda chiliflak.

Søtpotetsuppe er ein  perfekt fellesmiddag for vegetarianarar og kjøttetarar. Server suppa i rause skåler, og ha eit eige garnityr som er utan kjøt eller fisk, t.d. rista nøtter, solsikkekjerner eller osteterningar.

_MG_2864Søtpotetsuppe

Ein raud løk

Ein stor søtpotet

1 ts hakka kvitløk

1 ts hakka ingefær

Fire gulrøtter

Ei klype chiliflak

2 ts tomatpuré

1 liter grønsakskraft

salt og peppar

200 g kyllingbitar

Smør eller olje til steiking

Varm opp olivenoljen i ei gryte. Rens løken, og kutt den i bitar. Skrell søtpoteten, og kutt den i terningar. Rens kvitløk og ingefær, og finhakk dei. Ha løken i gryta saman med ingefær, kvitløk, chiliflak og tomatpuré. La det frese til alt har fått fin farge, og det luktar godt. Ha i søtpotetterningane, og slå på kraft og fond. La suppa koke i femten minutt.

Har du bakt alle grønsakene på førehand, fresar du krydder, kvitløk og ingefær i olje, og har i tomatpuré. Så kokar du opp krafta, har i grønsakene og let det heile koke opp på nytt. Køyr suppa glatt med stavmiksar. Smak til med salt og peppar. Rist kyllingbitane raskt i smør i ordentleg varm steikepanne. Server suppa med rista kyllingbitar.

To middagar i ein

Oppattevarma greinaløyse, kalla bestefaren min restemat han fekk servert. Jubelen sto altså ikkje i taket når middagsrestar kom på bordet.

Men går det å gjere restematen spennande? Kanskje ikkje all restemat, men i dag skal du få forslag til korleis ein middag kan bli to gode. Eg byrja med ein kylling, eg fann ein stor, fin ein i kjøledisken. Den vart steikt, men sjølv om vi var fire vart det ein god del kjøt til overs.

Det er ei eiga glede å stå der med ein delvis oppeten kylling, og pille den rein for kjøt. Kjøtet eg pillar av samlar eg i ein boks i kjøleskapet, og så brukar eg det i ei deilig suppe dagen etter. Den får du oppskrift på i morgon.

Kyllingen går berre rett i omnen med salt og peppar, men eg tek den ut når den har stått ein time, og glaserer den før eg puttar den inn i omnen att. Glaseringa gir deilig smak, men sidan den er litt søt bør den ikkje vere med heile steiketida. Då vert den brent. Litt mørk kan den bli, smaken er god likevel.

Mange vegrar seg mot å gå i gang med ein heil kylling, men det er eigentleg veldig enkel mat. Den lagar seg sjølv når du har krydra den og putta den i omnen, og du får masse mat for pengane. Det er lett å skjere filetane og låra av kyllingen når den har fått stå litt på benken etter at du har teke den ut av omnen.

_MG_2871Når eg likevel varmar opp omnen og skal steike kyllingen, er det enkelt å ha grønsakene i omnen samtidig. Mindre oppvask vert det, og grønsakene får ein nydeleg smak av kyllingen. For at dei skal bli møre må dei ha væske, og væska blir god kraft til suppa som du kan lage neste dag. Vil du gjere som meg og lage to middagar i ein, så bruk alle grønsakene, også dei til søtpotetsuppa, i kyllingforma. Då går det raskare å lage suppa, sidan grønsakene allereie er kokte.

Dei grønsakene eg foreslår til kyllingen kan byttast ut med det du har som måtte passe. Du kan ha ulike fargar paprika, og gjerne bruke persillerot, purre eller pastinakk om du har.

Til kyllingen lagde eg ein krem av yoghurt med ramsløk og syre. Eg har raud gaukesyre som ugras i hagen, og den gir ein god, frisk smak. Bruk ikkje for mykje av den, syra den smakar av er oksalsyre, og kan vere med å danne nyrestein viss du et mykje av den.

_MG_2877Heilsteikt glasert kylling

Ein kylling, ca. 1,2 kg.

Salt og peppar

To paprika

Fire gulrøtter

Tre raude løk

2,5 dl kvitvin eller eplejuice

2,5 dl vatn

1 buljongterning

Til glasering:

1 ss balsamico, gjerne lys

1 ss sennep, så sterk som du vil ha den

Sett omnen på 200 grader. Rens grønsakene, og kutt dei i grove bitar. Legg dei i ei eldfast form. Hell i vin/juice og vatn, og ha i buljongterningen. Legg kyllingen oppå, og dryss på raust med salt og peppar. Bak kyllingen i ein time. Bland saman sennep og balsamico i ei skål. Ta kyllingen ut, og smør den inn med sennepsglaseringa. Steik kyllingen i ti minutt til på varmluft. Då får du fargen på kyllingen litt jamnare fordelt. Eg lot den stå på vanleg varme, og då vart den litt ujamnt steikt.

Ta kyllingen ut, og la den kvile på benken i tjue minutt før du skjer den opp og serverer den.

_MG_2880Yoghurtkrem

1 dl gresk eller tyrkisk yoghurt

½ ts salt

½ ts honning

8-10 ramsløkblad

15-20 syreblad

Rør yoghurten glatt med salt og honning. Finhakk ramsløkblada, og ha dei i. Spar eit par gaukesyreblad til pynt, og rør resten inn i yoghurtkremen.

Ein primørsalat

Primørane er dei første, heilt ferske, gjerne små grønsakene som kjem tidleg på sesongen.

Ein kan tenke at dette er berre kokkeprat, men får du tak i dei heilt ferske, små saftige grønsakene er det ingenting som slår dei i smak og konsistens. Dei treng berre så vidt varmebehandling, og du får tilbake mange gongar ved å behandle dei forsiktig.

IMG_3675I denne salaten får du brukt dei aller nyaste nypotetene, den grøne, smekre vårløken, friske, sprø reddikar og nydelege, friske asparges. Eg fann nokre lekre, tynne norske asparges. Dei var ikkje billige, men dei kjem berre nokre få veker om året, så bruk litt av feriepengane på ein bunt eller to. Finn du ikkje dei tynne, så bruk dei tjukkare, og del dei i to på langs.

Å sette saman ein salat handlar om ulike fargar, former, smakar og teksturar. Det må vere noko syrleg, noko salt, noko sprøtt, noko mjukt, noko bittert og så må det vere masse fargar. Du får masse smak frå grønsakene, men dei treng litt hjelp.

Det viktigaste hjelpemiddelet du har når du lagar gode salatar er urter. Har du tilgang til ein hageflekk, så plant nokre urter der. Har du timian, graslauk og salvie er det som å spele i eit rockeband med fleire instrument, du kan leike deg med smakane og gjere maten så mykje meir interessant.

I dag har eg også brukt sar, ein gamal kultururt som også kallast pepparurt, treffande nok. Har du sar i salaten treng du ikkje pepre, det er meir enn nok pepparsmak frå saren. Eg finhakkar den og vender den inn i salaten, har den i dressingen eller vender ting eg steiker i hakka sar. Finn du den, så kjøp den og grav den ned ein plass der det er lett å gå ut og hente. Vatne den med jamne mellomrom i byrjinga, etter kvart klarer den seg heilt sjølv, og treng berre å få luka bort litt ugras rundt seg.

I alle salatar må det vere proteinar, det kan vere kjøt, fisk, ost eller belgfrukter. I dag har eg hatt i egg og den greske osten halloumi. Den byrjar å bli lettare å få tak i no, og den er utruleg fin om sommaren. Du kan nemleg steike den utan at den smeltar! Den har ein intenst salt og aromatisk umamismak, som verkeleg løftar salaten. Eg kuttar den i terningar, men du kan også skjere den i skiver. I terningar blir den aldeles sprø og deilig, verkeleg verd å ha med i ein primørsalat.

Egga har eg kokt smilande, og for å effektivisere kokar eg dei heilt enkelt saman med potetene. Kos deg med det du finn i din butikk, og komponer gjerne din eigen variant av denne salaten med det du har tilgjengeleg.

_MG_3028Primørsalat

To store hjertesalatar

8-10 små nypoteter

Tre egg

Ein liten bunt små asparges

To vårløkstilkar

8 reddikar

250 g cherrytomatar

Ein stor bit halloumi

Grasløk, timian og sar

Vinaigrette

0,5 dl god olivenolje

0,5 søt eddik, eg brukte bringebæreddik

1 ts sennep

Ei klype salt

Pisk alt saman, og ha det i eit glas med lok, slik at dressingen kan ”ristast opp” når ein skal forsyne seg.

_MG_3025Skyll hjertesalaten, og tørk den i ei salatslynge. Ta til side dei største hjertesalatblada, og legg dei rundt kanten på eit stort fat. Snitt resten av hjertesalatblada fint, og ha dei i ein bolle saman med det du har av ferske, finhakka urter. Ha på to-tre spiseskeier dressing, og vend det heile rundt. Fordel på fatet.

Vask nypotetene godt, og skrubb av alt laust skal. Kok nypotetene i godt salta vatn i fem minutt. Stikk hol i enden på egga, og legg dei oppi potetvatnet. Kok vidare i ti minutt. Ta ut egga, og skyll dei i kaldt vatn. Hell vatnet av potetene, og la dei kolne på ein asjett.

Kutt botnen av aspargesane, og del dei i bitar, ca. 3-4 cm lange. Kok opp litt vatn, salt det godt, og kok aspargesbitane i to minutt. Ta dei ut og la dei renne av.

Snitt vårløkstilkane fint. Del reddikane i tynne skiver, og del kvar cherrytomat i fire båtar.

Kutt halloumien i små terningar, og sprøsteik dei på sterk varme i tørr steikepanne. Sett til side.

Del potetene i to. Fordel dei oppå salaten. Dryss på asparges, reddikskiver, tomatbåtar og halloumiterningar. Del egga i fire, og legg båtane utover salaten. Dryss på litt urter, og ringle over dressing.

 

Tunfiskrøre

Tunfiskrøre er eit av dei enkle heimelaga pålegga som ein burde lage langt oftare.

Den smakar deilig, går fort å lage, og sidan den ikkje ser så spennande ut, så kan du få den litt lekrare ved å pynte med litt urter eller noko anna fargerikt som passar til. Eg har hatt mine største lykkeopplevingar matmessig med tunfisk, så eg er fan uansett.

Prøv den som eit bidrag til ein buffé, som søndagsmorgon-pålegg eller i ei smørbrødkake. Den er også perfekt i sandwich når du serverer afternoon tea.

Denne er mjølkefri og lav-fodmap viss du brukar berre det grønne på vårløken.

Versjon 3Tunfiskrøre

2 boksar tunfisk i vatn

1 dl majones

2 ts sennep

To stilkar vårløk

Salt og peppar

Fersk basilikum til pynt

La tunfisken renne godt av. Finhakk vårløken. Bland saman majones, sennep og finhakka vårløk til ei glatt røre. Vend inn tunfisken, og bland alt godt. Smak til med salt og peppar. Pynt med basilikum.

Sildesalat med rødbeter

Sildesalat er ein sildebordklassikar som du enten elskar eller avskyr. Både smaken av raudbeter og smaken av sild er det ein på nynorsk kallar «an acquired taste». Eg bur saman med ein raudbetelskar, så her går den ned på høgkant.

Den kan også lagast i vegetarisk versjon, altså utan sild. I den utgåva, som raudbetsalat, er den fast tilbehør i kjøttbollar i Sverige, men også deilig på leverpostei eller til ein fancy paté.

Vil du lage denne utan sild i vegansk utgåve, kan du bytte ut kremfløten med soyarømme, eller kompensere med litt meir majones. Då vert den også laktosefri.

_MG_2849 (3)Sildesalat

Ein stor salta sildefilet, utvatna

300 g raudbeter, enten sylta i skiver, eller heile

Eit stort, grønt eple

Ein sjalottløk

To-tre kokte, kalde poteter

1/2 dl majones

1 dl piska (usøta!) kremfløte

Salt og peppar

Fjern skinnet, og del sildefileten i små bitar. Sett til side.

Rens eplet og løken. Kutt eplet, potetene, raudbetene og løken i omtrent like store terningar, altså ganske små. Bland saman majones og piska fløte. Vend inn sildebitane og grønsakene, og smak til med salt og peppar.

Skagenrøre

I dag har eg laga ein dansk-svensk spesialitet: Skagenrøre. Skagenrøra lagar eg med krepsehalar i lake, supplert med raud og lekker lodderogn. Finn du ikkje krepsehalar kan du bruke reker. Dei du pillar sjølv er dei beste til denne salaten.

Skagenrøre passar godt på ein buffé der alle skal finne noko dei likar. Den er mjølkefri og glutenfri, og er eit alternativ for dei som vil spise mindre kjøt. Denne oppskrifta er også low fodmap. Den smakar fortreffeleg på toast, og har du laga ein stor porsjon kan du også bruke den i smörgåstårta, eller smørbrødkake.

_MG_2850Skagenrøre

1 dl majones

2 ss finklipt fersk dill

2 ts sitronsaft

1 ts riven pepparrot, gjerne frå tube

50 g raud lodderogn/løyrom

200 g krepsehalar, avrent

Salt og peppar

Ha majonesen i ei romsleg skål, og ha i dill, sitronsaft, pepparrot og lodderogn. Vend inn krepsehalane. Får du ikkje tak i krepsehalar, kan du bruke rensa reker i staden. Smak til med salt og peppar.

Festdessert med kvit sjokolademousse

Den lekre, fluffy sjokolademoussen som du finn oppskrift på her kan godt brukast åleine med bær på. Men sist eg lagde ein stor porsjon lagde eg også denne lekre festdesserten.

Desserten kan du lage i enkeltporsjonar eller i ei stor skål, og den kan varierast med dei bæra du har. Finn du grøne stikkelsbær, så prøv det. Eller kok ein søt og frisk rabarbrakompott, og bruk den mellom laga. Her er det berre fantasien som set grensene.

Det virkar kanskje råflott å steike formkakeskivene, men det gjer stor skilnad når du får den salte, gode smørsmaken saman med friske bær og den søte sjokolademoussen. Slik gjer du det:

_MG_2852Festdessert

Ein porsjon kvit sjokolademousse

200 g formkake i skiver

Smør til steiking

Syltetøy, jordbær eller bringebær

Bær til pynt

Steik formkakeskivene lysebrune i smør i ei varm steikepanne. Legg formkakeskiver, mousse og syltetøy lagvis i pene glas. Set kaldt fram til du skal servere dei. Pynt med det du har av bær.

 

Pannekaketårn

Desse søte, små pannekaketårna krev litt jobb, men er veldig fine til fest, og vel verd slitet det er å steike mange, små pannekaker. Det kan du også gjere på førehand, slik at du har dei klare til du skal legge opp desserten. Finn ei akkurat passe stor ause, så får du like pannekaker kvar gong.

Pannekakerøra kan sjølvsagt brukast til vanlege pannekaker og.

_MG_2858 kopiPannekaker

2 egg

3 ss sukker

½ ts salt

3 dl kveitemjøl

5 dl mjølk

2 ss smelta smør, eller flytande bremykt

Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Bruk ei lita ause for å få passe mengde røre til små pannekaker. Pannekakene skal vere ca. 10 cm i diameter.

Kvit sjokolademousse

300 g kvit sjokolade, finhakka

3 dl kremfløte

3 dl kesam

Ei korg jordbær til anretting

Ta til side ca. 50 g sjokolade. Smelt 250 g i vassbad. Det gjer du ved å ha sjokoladen i ei skål, gjerne ein stålbolle, som du set opp i ein kjele med nesten kokande vatn på låg varme på komfyren.

Medan sjokoladen smeltar, piskar du kremfløten nesten heilt stiv. Når sjokoladen er rennande vender du den inn i kremfløten saman med kesam. Vend inn 50 g finhakka kvit sjokolade til slutt. Sett moussen i kjøleskapet i minst ein halvtime.

Når du skal anrette pannekaketårna rører du sjokolademoussen forsiktig mjuk. Begynn med ei pannekake. Legg på ei skei mousse, og nokre tynne skiver jordbær. Legg på ei ny pannekake, ei ny skei med mousse, og så jordbær igjen. Eg slutta ved fire pannekaker. Topp med ei skei mousse og eit heilt, ikkje altfor stort bær. Sett pannekaketårna kaldt fram til servering.

 

Heilt krise!

Det er heilt krise! Eg har 250 kroner att til mat i veka som kjem!

Dette sto i ein e-post eg fekk her om dagen. Avsendaren er student, studielånet er oppbrukt, sommarjobben er ei veke fram i tid, og lønninga kjem sikkert ei god stund etter det og. Kva gjer ein då?

Mai er full av festdagar, men er du student så betyr det også at kontoen er skrapa. I gamle dagar kunne vi skrive ut ein sjekk, det går ikkje lenger. Er det tomt så er det tomt. Då er gode råd dyre, og ein må ha vareopptelling for seg sjølv for å finne ut korleis ein skal sikre føda dei næraste vekene.

Triks nummer ein når ein er student er sjølvsagt foreldre, eg huskar framleis dei handlerundane då mamma sa ”eg kan betale”. Då gjekk det mykje basisvarer som havregryn, ris, pasta, tomatpuré, buljong, smør, løk og gulrøtter i handlekorga. Men det er ikkje alltid dei kan trø til. Då er neste steg å bruke dei få pengane ein har på matvarer som mettar, og som sikrar at ein får ein nokolunde balansert diett fram til kontoen vert fylt opp igjen.

Sjekk i skapet før du handlar. Har du mjøl, grovt og fint? Då treng du berre gjær, så kan du bake brød for nesten ingen pengar. Har du havregryn? Då har du frukost og middag dei næraste dagane, graut er godt og næringsrikt. Har du olje, smør eller margarin? Feitt gjer deg mett, og ein klatt smør på havregrauten gjer smaken betre og livet lysare. Har du krydder, buljong, sukker og salt? Då får du smak på sjølv dei kjedelegaste råvarene.

Eit siste triks er å lage ein middagsklubb. Det kostar lite å lage middag til to eller tre til. Avtal med vennar i same situasjon at de byttar på å lage middag. Då får du gratis middag tre av fire dagar, og det er supersosialt i tillegg. Ein klassisk vinn-vinn-situasjon.

I dag får du oppskrift på ei deilig krema suppe med rotgrønsaker, og oppskrift på havregraut. Begge er basisoppskrifter for krisetider, som kan oppstå for andre enn studentar. Feriepengar er kjekt, men det kan vere lågvatn på kontoen før dei kjem. Då er det greit å knipe inn på matbudsjettet med rimelege variantar.

Eit tips når det knip er å følgje med når butikkane set ned varer som går ut på dato. Eg fekk med meg tre gode ostar til halv pris her om dagen, dei skal eg bruke i pasta carbonara, i ein god risotto og kanskje til smakfulle ostesmørbrød ei roleg kveldsstund. Kremfløte og heilmjølk til halv pris plukkar eg også med meg. Dei kan frysast, og brukast i supper, sausar og gryter. Eg er forsiktig med marinert kjøt, det har eg dårleg erfaring med. Men oksekjøt som er sett ned er ofte på sitt beste på utløpsdatoen. Då kan du lage ei smakfull suppe, ei raus gryte eller skeie ut med biffstrimlar. Pøs på med grønsaker, så er det nok med 100 g kjøt per person. Grønsaker kostar mindre per kilo i innkjøp, og mettar og gir gode vitaminar og mineralar. Det er ofte billige grønsaker i posar som har billiglogoen til butikkjedene på seg.

Det å tenke kilopris er eit godt utgangspunkt, sjekk alltid kiloprisen før du kjøper noko. Først då kan du vite om du gjer eit godt kjøp eller ikkje.

Mikrohavregraut

3 dl vatn

Snautt 2 dl lettkokte havregryn

1/4 ts salt

1 ts sukker

Ha alt i ei skål, og rør godt. Trekk plastfolie over skåla, og sett den i mikrobølgeovnen på full effekt i 4-5 minutt. La grauten stå nokre minutt. Rør godt, og spis grauten med sukker, smørauge og eventuelt kanel eller rosiner viss du har og likar det. Grunnen til at det er sukker i oppskrifta er at eg syns eg brukar mykje mindre sukker på viss grauten er litt søt i utgangspunktet. Dette er ei smakssak, likar du den mindre søt så droppar du det berre.

Vanleg havregraut

Ha ingrediensane i oppskrifta over i ei gryte, men bytt gjerne vatnet ut med mjølk. Det gir ein meir mettande og velsmakande graut. Sett varmen på litt under full guffe. Rør medan grauten kokar opp, skru av varmen og la den småputre i to-tre minutt med lokk på. Dette er til ein person, gang opp viss du lagar til fleire.

_MG_2859 kopiKrema grønsakssuppe

Ein purre

Ein gul løk

4 store poteter

Ei persillerot eller ein sellerirotbit

3 ss olivenolje

1 grønnsaksbuljongterning

1 liter vatn

2 dl fløte

1 ts tørka persille (eller frå frysaren om du har frå i sommar)

1 ts tørka graslauk (eller frå frysaren…)

Salt og peppar

Rens purren ved å skjere bort det som er stygt, splitte den i midten og skyll ut jord og anna rusk mellom laga. Rens løken, og skrell potetene og persillerot/sellerirot. Kutt alle grønsakene i terningar. Varm opp olivenoljen i ei romsleg gryte, og fres grønsakene i den. Dei skal ikkje ta farge. Ha i buljongen og vatnet. La det koke til grønsakene er møre. Køyr suppa glatt med stavmiksar, og ha i fløten og urtene. Server med godt brød. Har du ikkje fløte, så bruk 6 dl vatn og 6 dl mjølk.

Graslauk og persille er blant dei urtene som toler aller best å blir frosne. Eg klipper begge delar ned i kvart sitt glas som eg set i frysaren når dei er på sitt finaste. Så grev eg ut med gaffel det eg treng, og set resten tilbake i frysaren. Lurt! Denne suppeporsjonen mettar to innhole, fire ikkje fullt så svoltne. Er du åleine delar du porsjonen i to eller tre alt etter kor mykje du et, og set resten på kjøl. Suppa held seg i kjøleskap iallfall i fem dagar.

Ein klassisk pavlova

Pavlova er ei enkel kake å lage, og ikkje minst lett å ha som glutenfritt alternativ på festbordet. Dersom du brukar laktosefri fløte kan du også servere den til laktoseintolerante. For meg er dette den ultimate 17. mai-kaka.

Eg har også laga den med eplesirup vendt inn, det blir knallgodt. Då får du ein eplepavlova. Eplesirup kjøper du på ein fancy butikk, eller lagar sjølv ved å koke inn 1 liter eplejuice til 1 dl sirup.

IMG_2481Marengskake/pavlova

6 eggekviter

300 g sukker

2 ts god eddik, eg brukar kvitvinseddik eller eplecidereddik

1/2 ts salt

Pisk eggekvitene stive med eddik og salt. Ha i sukkeret litt etter litt, slik at det vert til ein tjukk og delikat marengs. Teikn to like store sirklar, ca. 22-26 cm, på bakepapir. Bruk ein asjett eller tallerken som mal. Smør marengsmassen utover slik at det vert to jamnt tjukke “kaker”.  Du kan også breie marengsmassen utover som eit flak, i så fall fyller det ei langpanne.

Tørk kakebotnen i omnen på 100 grader  med varmluft i 80 minutt.  Legg eine botnen på eit kakefat. Pisk 3 dl kremfløte.  Smør kremen utover marengsbotnen, og legg den andre oppå. Pynt med eit nytt lag krem, og så bær og eventuelt spisande blomar som fiolar, agurkurt, roser eller ringblomster.

Får du marengsmasse til overs, så fyll den i ein sprutepose, og lag pikekyss. Du kan også lage porsjonspavlovaer, det ser flott ut på eit festbord når du verkeleg skal imponere.

Og eggeplommene? Lag carbonara, eller aioli.

Maikaker

NRK Møre og Romsdal intervjuar meg om dugnadskaker i dag, her finn du oppskriftene!

Det er allereie for mange posar i verda

Ja, det har vore standardsvaret mitt når dei i butikken spør meg om eg vil ha ein pose, når eg likevel står der med ei veske i handa eller ein sekk på ryggen.

IMG_3832Men det eg ikkje har klart å gjere noko med er dei tynne plastposane som frukt og grønt kjem i. Når du kjøper poteter i lausvekt må du ha noko å ha dei i. No har eg funne løysinga: Eg har kjøpt handleposar for frukt og grønt hos Fjong fasong. Der finn du posar av alle slag, eg har dei lette, tynne, raude som passar perfekt saman med mine nylonhandleposar frå IKEA.

Med fire fruktnett og tre handleposar i veska er eg aldri opprådd. Slik reduserer eg plastsøppelet i huset litt og litt. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Dette er til dømes ei perfekt gåve til den som har alt. Kva skal du gi nokon som har alt? Noko å ha det i.

No i helga finn du forresten Fjong fasong på Oslo vegetarfestival, som foregår på DOGA laurdag 7. mai og søndag 8. mai. God tur!

(Innlegget er ikkje sponsa.)

Vårmat

Noko av det beste med å lage god mat er å følge sesongane, og akkurat no er det nykål som kjem i butikkane.

Den første kålen som kjem, og som vert omtalt som nykål, er som regel spisskål. Den er lett samanpakka, spiss i forma, og smakar fortreffeleg. Eit hovud delt i fire eller seks går fint til to-tre personar som einaste tilbehør, fire viss du har litt meir attåt maten. Spisskålen er best smørdampa med litt sitronsaft, og den kler også bacon veldig godt. Den er perfekt tilbehør til fisk, men i dag serverer eg den til kyllinglår i urter. Eg brukar utbeina lårfilet, det er ei billig og smakfull råvare som du må passe på å kjøpe når du finn den.

_MG_2797Kyllinglår i urter

600 g utbeina kyllinglår

1 dl kvitvin eller 1 dl eplejuice

2 dl matfløte

2 dl finhakka urter eller

½ ts tørka timian

½ ts tørka basilikum

½ ts tørka persille

2-3 stilkar fersk bladpersille

Salt og peppar

Smør til steiking

Sett steikeomnen på 200 grader.

Smelt smøret i ei steikepanne, og la det bli lysebrunt. Legg i kyllinglårfiletane, og dryss på salt og peppar. Steik dei gyllenbrune, og legg dei i ei eldfast form.

Ta steikepanna av plata. Ha urtene i smøret i steikepanna, og vend dei rundt i smøret. Hell kvitvin/eplejuice i steikepanna og vend det rundt, før du heller alt i forma. Slå på matfløte, og sett forma i omnen. Bak kyllingen på 200 grader i tjue minutt.

Server kyllinglårfileten med persillerotmos og dampa spisskål.

_MG_2794Persillerotmos

4 store poteter

2 store persillerøtter

50 g smør

1 dl matfløte

2 ts salt

½ ts malt kvit peppar

Skrell potetene og persillerøttene, og ha dei i ei gryte. Slå på vatn, og la det koke opp. Kok grønsakene møre, det tek ca. 20 minutt. Hell av vatnet, og ha smør, fløte og salt i gryta. Legg på loket eit par-tre minutt, slik at smøret smeltar. Mos grønsakene med stappar. Ikkje bruk stavmiksar, då vert det heile til lim. Har du potetpresse, så ha smør og fløte i ein bolle, og press grønsakene opp i dette. Rør godt, og smak til med salt og peppar.

Dampa nykål

Eit spisskålhovud

1 ss smør

1 dl vatn

1 ss sitronsaft

1 ts salt

Ha smøret i ei steikepanne som du har lok til, og la det smelte på middels varme. Del spisskålhovudet i fire, og ha det i steikepanna. Slå på vatn og sitronsaft, og dryss på saltet. La kålbåtane dampe i tre-fire minutt, før du snur dei og lar dei dampe tre-fire minutt til. Ta dei ut av steikepanna og la dei renne av.

Pasjonsfruktgelé

I helga laga vi ei bryllupskake til eit aldeles strålande brudepar, og der laga eg gelélok av pasjonsfruktpuré til kaka.

IMG_3518Dette smakte veldig godt, og inspirerte meg til å lage meir med pasjonsfrukt. Eg fekk besøk av NRK Møre og Romsdal på kjøkkenet i dag tidleg, og då nytta eg høvet til å lage ein gelé av pasjonsfrukt på glas. Å sylte på radio er jo ein av mine spesialitetar.

Eg har laga denne geléen på ein tropisk juice med pasjonsfrukt i. Nokre fancy plassar kan du få kjøpt pasjonsfruktpuré i posar, det var det eg brukte i bryllupskaka. Finn du det, så kjøp det, det vil gjere geléen om mogeleg endå meir intens og deilig i smaken. I så fall kan du bruke ein liter pasjonsfruktpuré og 3 dl vatn i staden for juicen. Juster sukkermengda etter smak. Eg kjøpte pasjonsfruktpuré på Sagene torg.

I og med at pasjonsfruktgeléen er ei nyoppfinning så veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke den til, men eg ser for meg at den må vere knallgod på vafler, bollar eller kanskje på scones med krem? Slik gjorde eg det:

IMG_3533Pasjonsfruktgelé

1 liter «tropiske frukter»-juice og pasjonsfruktpuré blanda

Ein pakke fruktpektin

Fire pasjonsfrukter

1-2 ss sitronsaft

400 g sukker

Ha juice og evnt puré i gryta, og la den koke opp. Ha i pektinen, og la den koke friskt i eit minutt. skum av når det dannar seg skum på kantane i gryta.

Del pasjonsfruktene i to, og grav ut fruktkjøtet med ei teskei. Ha det i gryta, og la det koke opp igjen. Ha i sukker og smak til med sitronsaft, til geléen har den smaken du likar.

Hell geléen på heilt reine, nykokte glas, og skru loket på umiddelbart. Oppbevar geléen mørkt og kjøleg.

Å bruke heile grisen

Eg skal vere heilt ærleg, eg syns det er veldig lettvint med filetar. Om det er laks, gris, okse eller torsk, det å få beinfri råvare som det går fort å lage til er det enklaste.

Men skal vi leve berekraftig, og til og med flotte oss med å spise kjøt og fisk, så må vi faktisk også vere innstilte på å spise dei mindre populære delane av råvarene. Vi kan ikkje berre spise filet.

Når det gjeld grisen er det vår trong til bacon og juleribbe som reddar dei meir ukurante delane av grisen. Ribba blir til og med selt (og spist) med svor på, og det er veldig god ressursbruk. Men kva gjer vi resten av året? Bacon er det uendeleg etterspurnad etter, men resten av ribbesida er også full av mat. Amerikanarane har funne løysinga, dei lagar spareribs av ribbbesida. Då tek du beingrinda som er att når baconet er skore av, krydrar det godt, og så grillar du det sakte på indirekte varme. Grillsesongen er ikkje heilt her enno, men dei fleste har grillelement i omnen, så å få til dette innandørs er ingen kunst.

Slaktaren min har rå sider liggande, slik at eg kan krydre dei sjølv. Eg syns det er best, eg stolar ikkje heilt på ferdigkrydra kjøt. Ofte er det for salt, og så har det ein syrleg smak som eg ikkje set pris på.

Det finst to ”skular” innan spareribs. Dei tøffe hiv ribba rett under grillen på 225 grader, og steiker den eit kvarter på kvar side. Det er heilt ok, men då må du gnage kjøtet av beina, og ikkje alle set pris på det. Den andre skulen er å varmebehandle ribbesida lenge, slik at kjøtet er så mørt at det ramlar frå beinet. Det er det vi skal gjere i dag.

Enkelte kokar ribba, og det går også heilt fint. Eit par timar i ei gryte med godt krydra vatn og så ein tur under griller fungerer fint. Eg føretrekkjer å bruke steikepose, då får eg all den gode smaken frå grisen og krydderet til sjy, og kjøtet blir saftig og fint.

Til ribbene serverer eg stua mais, bakte rotgrønsaker og ein tjukk, ketsjupbasert saus. Mange smører også denne sausen på ribbene, og det kan du gjere. Men eg likar å ha ulike smakar på dei ulike tinga, og då krydrar eg ribba med sennep, kvitløk og mi eiga chiliblanding. Den stua maisen er søt og mild, og fungerer nesten som rømme til taco i denne retten. Den balanserer sennep og chili, og er eit klassisk amerikansk tilbehør til spareribs.

Det fine med dette måltidet er at det kan førebuast i god tid. Du kan lage ribbene ferdige (fram til grillinga), lage sausen og kutte opp og krydre grønsakene. Ein time før gjestane kjem set du grønsakene i omnen, og lagar den stua maisen. Så grillar du ribbene rett før de går til bords, og spreier deilig lukt i huset.

Husk at spareribs skal spisast med fingrane, og helst bør ein ha smekke på, så grisete er det. Men det smakar fantastisk!

_MG_2733 kopiSpareribs

Berekn 400-500 gram ribbeside per person. Denne krydderblandinga er nok til to kilo ribbe.

Rub:

2 ss sennep

3 fedd knust kvitløk

1 ss paprikapulver (gjerne røykt)

1 ss salt

1 ts sukker

1 ts svart peppar

1 ts chiliflak

1 ts oregano

1 ts løkpulver

Sett omnen på 130 grader.

Legg ribbesida i ei langpanne, og gni den inn på begge sider med ei blanding av sennep og knust kvitløk. Bland saman alt det tørre krydderet, og dryss halvparten på ribba på begge sider. Legg den inn i steikeposen, og lukk posen. Bak ribba på 130 grader i to-tre timar. La den kolne i posen. Dette kan du gjere i god tid, gjerne dagen før.

Før servering: Sett omnen på 250 grader med grillelementet på. Legg ribbesida i ei langpanne med bakepapir under. Dryss på resten av krydderblandinga.

La ribbesida bli grilla ti minutt på kvar side. Skjer ribbene frå kvarandre, og server med ein gong.

_MG_2734 kopiBBQ-saus

1 dl ketsjup

2 ss brunt sukker

1/2 ts kakaopulver

Innkokt sjy

Ha sjya frå steikeposen i ei lita gryte, og kok det til det er ca. ½ dl igjen. Pass godt på så det ikkje blir brent. Ha ketsjup, sukker og kakaopulver i gryta, og la det koke opp. Smak til sausen, den skal vere ganske sterk. Her må du bruke gamaldags kakao til baking, ikkje O’boy-typen.

Stua mais

1 ss smør

1 liten gul løk

1 ss mjøl

1 dl kvitvin

2 dl matfløte eller heilmjølk

1 ts sukker

200 g avrent mais

Salt og peppar

50 g riven parmesan

Finhakk løken. Smelt smøret i ein tjukkbotna kjele. Ha i løken, og la den surre på ikkje for sterk varme til den er blank og nesten gjennomskinneleg. Dryss på mjølet, og rør godt. Slå på kvitvin, og rør ut alle klumpar. Ha i fløten, og la det koke opp. La sausen småkoke i 4-5 minutt. Smak til med sukker, salt og peppar. Ha i maisen, og la det koke litt til. Rør i parmesanen til slutt. Smak på den på nytt, om det trengst meir salt og peppar.

Ovnsbakte grønsaker

Ein stor søtpotet

To store persillerøtter

To store eller tre små raude løkar

1 dl olivenolje

1,5 ts salt

½ ts peppar

1 ts røykt paprika

1 ts timian

Sett omnen på 220 grader med varmluft.

Rens grønsakene, og del dei i passe store terningar. Rør saman olje og krydder. Vend grønsakene i blandinga, og ha dei i ei eldfast form som er dekt med bakepapir. Bak dei i 30 minutt på varmluft. Snu rundt på dei midtvegs, så dei ikkje blir brent. La dei stå nederst i omnen medan du grillar ribba, og server dei med ribbene.

Vil du lære meir om parfyme?

Syns du det er vanskeleg å finne di duft? Har du opplevd å kjøpe ein parfyme som var deilig på nokon andre, eller som lukta godt i butikken, men når du kom heim så passa den ikkje deg i det heile tatt? Lurer du på om du skal kjøpe Eau de toilette, Eau de parfum eller rein parfyme?

IMG_2154Dette er eit tema som eg likar å snakke om, for eg har jobba mykje med å finne ut korleis ein finn den dufta som passar best til akkurat meg.

Eg har snakka om parfyme med kollegaene mine, holdt foredrag på København-båten, for venninnegjengar, på Underleir og for utdrikningslag, både for menn og kvinner. Eg har også holdt kundeseminar på Glasmagasinet.

IMG_2161I parfymeavdelinga på DFDS fortalte dei at dei hadde selt heilt andre dufter etter at eg hadde holdt kurs enn dei vanlegvis gjorde. Det syns eg var veldig gøy, då har eg inspirert folk til å snuse på nye ting, som ikkje nødvendigvis er det aller nyaste, men som passar til deg og din hudkjemi.

Eg har ei samling på rundt 200 små og store flasker med parfyme for samtlege kjønn, så sjansen er stor for at du finn ut kva du likar. blant mine dufter.

Det går altså an å leige inn meg for å lære korleis du grip det an for å finne di duft. Syns du det høyrest gøy ut kan du ta kontakt med meg, så blir vi einge om pris og tid.