All posts filed under: Fest

Den hektiske veka

No er vi på veg inn i den hektiske veka. Bryllupet står på laurdag, så det er mykje som skal ordnast dei neste dagane. I dag skal eg hente hårpynt, og eg skal treffe frisøren min. I kveld skal vi lage program til vigsla, og det tek kanskje kvelden i morgon og. Onsdag ettermiddag overtek vi nøklane til lokalet, og då må alt flyttast opp dit, drikkevarer, tørrmat, pynt og anna som må til for å lage fest. Det blir ingen liten operasjon! Så om det vert litt stilt her dei neste dagane så ha tol med meg og oss. Vi kjem sterkare attende etter helga! 😀

Skogsbæris

Til dessert lagar vi heimelaga is av bær som vi har teke vare på i frysaren. Eg er ei utolmodig sjel, så eg orkar sjeldan plukke bær lenge i gongen. Difor har eg ein boks i frysaren, der eg legg i bær når eg har tid og ork til å plukke. Der finn du litt blåbær, litt bringebær og litt bjørnebær frå hagen. Når boksen er full, tek eg den ut og lagar ein deilig sommaris av den. Du kan også lage denne isen med bær frå frysedisken. Isen vert laga på enklaste måte, utan ismaskin, men med matmølle. Eg søtar den med sommarhonning, som eg smeltar før eg har den i matmølla. Viss ikkje blir det klumpar av honning i isen, og det er ikkje noko særleg. Måla eg oppgir er omtrentlege, og du kan bytte ut bærsortar, eller supplere med dei bærsortane du har tilgang til som du likar. Men bæra du brukar må vere frosne, elles må du styre med å røre i den medan den står i frysaren. Dette er is …

Den store bryllupskaka

4. august gifta to av dei vakraste menneska eg kjenner seg, og gåva vår til dei var bryllupskaka. Det har liksom blitt ein tradisjon, det at eg lagar bryllupskaka til vennar og kjente, og det er ei like stor glede kvar gong. Denne gongen ynskte brudeparet seg ei marsipankake, og det fekk dei. Sidan det var vår gåve til dei var det naturleg å pynte den som ei gåve, med pakkeband, roser og det heile. Som dei fleste marsipankaker hadde denne sukkerbrødbotn. Den må lagast i omgangar, og har du to kjøkkenmaskiner som kan gå parallelt er det det beste. Du må også ha ei djup langpanneform, elles må den steike i veldig mange omgongar. For å gjere dette slik at den er klar til du skal i vigsla må du byrje dagen før, og då bør du ha eit kjølerom til kaka over natta. Alternativet er å fylle den på sjølve dagen, men den vert saftigare og betre om den får stå med fyllet over natta. Vi budde midt i eit bringebærland, så vi …

Lett ostekake med hylleblomstsmak

Eg venta ein gjeng med fine damer på besøk i går, og då måtte eg bruke litt av den lyse, fine hylleblomstsafta eg hadde laga tidlegare i veka. Kaka er lett, nesten som ein fromasj, med mest kesam i seg. Slik gjorde eg det: Ostekake med hylleblomstsmak Botn: 200 g søte, grove kjeks, eg brukte sibas-kjeks 80 g smelta smør 2 ss brunt sukker Fyll: Tre beger vanlig kesam (du kan også bruke vaniljekesam, dropp i så fall vaniljesukkeret) 300 g kremost, type philadelphia 2 pakkar sitrongelé 5 dl vatn 2 ss melis 2 dl hylleblomstsaft Gelélok: 5 dl konsentrert hylleblomstsaft 6 plater gelatin Vatn til bløyting Kok opp 5 dl vatn. Trekk det til side, og rør i to pakkar sitrongelé. Rør i to-tre minutt til alt er oppløyst. La det kolne eit kvarters tid medan du lagar botnen og resten av ostemassen. Smelt smøret. Knus kjeksa i ei matmølle, ha i sukkeret og smøret. Bland det godt. Sett ei 26 cm springform utan botn på det kakefatet du vil servere kaka på. Eg …

I serien sommarfriske supper: Agurksuppe

Agurksuppe er lett og frisk, og overraskande smaksrik til å vere laga av noko så enkelt som agurk. Den kan varierast i det uendelege, i dag har eg laga den med ruccola og løk. Server suppa i små glas, heilt kald. På varme dagar kan du til og med legge ein isbit i. Den passar veldig godt på ein buffé med ulike andre typar mat ein kan servere små porsjonar av. Bruk gamle likørglas eller små raudvinsglas, dei passar godt til ein slurk agurksuppe. Slik gjer eg det: Agurksuppe 2 agurkar ½ finhakka løk Ein neve ruccolablad 3 ss kesam 2 ss olivenolje Salt og peppar Kutt agurken i bitar, og legg dei i matmølla. Skyll ruccolaen, og legg til side nokre fine blad til pynt. Ha ruccolaen i matmølla saman med kesam, løk og olivenolje, og køyr det heile glatt. La suppa stå kjøleg fram til servering. Hell den opp i pene glas, og pynt med ruccola eller andre urter.

Saftig sjokoladekake med appelsin

Denne kaka vart utruleg god, så god at den vart borte før eg kom på at eg burde teke eit bilde av den. Men ta mitt ord for det, du burde prøve denne oppskrifta! Sjokoladekake med appelsin 150 g smør 300 g sukker 3 store egg 2,5 dl appelsinjuice 100 g kokesjokolade 250 g kveitemjøl 3 ts bakepulver Rive skal av ein appelsin Til dynking 0,5 dl appelsinjuice Sjokoladekrem: 1 ts pulverkaffe 2 ss kokande vann 100 g kokesjokolade 250 g melis 50 g smør 1 egg Pisk mjukt smør og sukker til smørkrem. Pisk inn egga, eitt om gongen. Varm opp appelsinjuicen,  og smelt sjokoladen i den varme juicen. Avkjøl litt og rør deretter inn i smørkremen saman med skalet. Sikt mjøl og bakepulver saman og vend inn i deigen til slutt. Ha deigen i ei rund form (26 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka midt i ovnen ved 180°C i ca 45 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne at kaka er gjennomsteikt. Pinnen skal vere tørr når du tek den …

Rabarbrapai

Du får to rabarbrakaker på rappen denne helga, denne er ein klassisk pai, som eg aldri blir lei av. Den er også krydra, i dag har eg brukt kardemomme. Slik lagar du den: Rabarbrapai med kardemomme Paideig: 150 g mjøl 75 g smør 30 g sukker ½ dl vatn Topping: 1,5 dl havregryn, lettkokte 3 ss sukker 50 g smør 1 ts kardemomme Fyll: 700 g rabarbra 100 g sukker ½ ts kardemomme Set steikeomnen på 200 grader. Ha mjøl, sukker og smør i ei matmølle, og køyr det til ein smulete deig. Ha i vatnet, og la matmølla gå litt til, slik at deigen samlar seg om kniven. Form deigen til ein diskos, og legg den i kjøleskapet ein halvtimes tid. Ha ingrediensane til toppingen i matmølla, og køyr dei til ein grynete masse. Ha den over i ei skål og set den i kjøleskapet. Kjevle ut paideigen, og dekk ei 25 cm paiform med den. Kutt av det overflødige som heng ut over kantane, prikk botnen og legg nokre erter eller glassteinar i …

Ostekake med rabarbrakompott

Få ting varslar våren som feite, fine rabarbraknoppar som sprenger seg opp av jorda. Og no står den i si fulle prakt, hos meg har den til og med gjort seg klar til bløming. Det set eg ein stoppar for, eg kuttar vekk blomestenglane så snart eg ser dei. Eg vil ha flottast mogelege stilkar, eg vil ikkje at rabarbraen skal bruke krefter på å bløme. Rabarbra kan saftast, syltast eller brukast i chutney, men i dag skal du få oppskrift på ei ostekake som eg dekker med eit lok av rabarbrakompott. Rabarbra har ein tydeleg, syrleg smak. Det betyr at den kan godt kombinerast med feitare smakar som rømme, kremost eller smør. Den må sukrast godt, elles vert den utoleleg sur. Men den toler og godt å spele på lag med ulike krydder med varme smakar. I dag har eg kombinert rabarbraen med vanilje og kanel, begge passar godt til den syrlegfriske rabarbrasmaken. Når eg skal lage fine kaker med rabarbra brukar eg å plukke dei raudaste stilkane. Dei gir penast farge, og når …

Ja, vi elskar!

Ja vi gjer faktisk det. No meir enn nokon gong. 🙂 Ha ein fin syttandemai!

Lekker ostepai

Denne ostepaien er perfekt til ein maibuffé, som vegetaralternativ på 17. mai eller som smårett når venninnene møtest for å dele ei flaske vin. Det er lett å variere smaken etter kor smaksrik ost du brukar. Eg blanda litt fetaost og ein edamer som eg har gøymt unna sidan jul, den paien fekk skikkeleg punch. Viss du brukar mildare ostar kan du garnere paien med salte smakar som spekeskinke eller lodderogn og rømme. I så fall kan du lage paien med naturell kremost, til dømes. Versjonen eg lagde i dag står heilt på eigne bein, du treng berre eit godt glas kvitvin ved sidan av. Paien får ein luftig og lekker konsistens på grunn av egga og den piska fløten. Denne porsjonen passar akkurat til mi paiform, som er 25 cm i diameter. Slik gjorde eg det: Ostepai Paiskal: 80 g smør, kaldt og i terningar 160 g kveitemjøl 2-3 ss kaldt vatn Fyll: 250 g riven/smuldra ost 1,5 dl kremfløte, ”naturell” 1,5 dl kremfløte, piska 3 egg ¼ ts kayennepeppar Sett omnen på 200 …

Fletteloff

Eit godt brød må alltid vere med på ein buffé, og viss du supplerer med litt god skinke, nokre marinerte reker og godt drikke har du festen klar. Har du dårleg råd, og blir beden om å ta med noko til ein buffé, så tilby deg å bake loff. Det er alltid populært, og kostar nesten ingen pengar. Fletteloff er nostalgi for meg, ei av tantene mine brukte å lage det, så den minner meg om henne. Ein fletteloff ser flott ut på bordet, og er enkel å lage. Slik gjer du det: Fletteloff 4 dl lunka vatn 1 ts salt 1 ss maltekstrakt 2 ss olivenolje 9 dl kveitemjøl 1 ts tørrgjær Sett steikeomnen på 220 grader. Ha vatnet i bakebollen. Ha i salt, maltekstrakt og olje. Maltekstrakten kan sløyfast, men gir god smak og fin farge, pluss at den inneheld b-vitaminar. Elt inn mjølet litt og litt, saman med tørrgjæra. Kna det heile til det er ein glatt og spenstig deig som ikkje er for blaut, men heller ikkje for fast. La deigen …

Vaniljepudding med krydra topping

Desserten du får oppskrift på i dag er veldig enkel, og veldig god. Det er ein pudding med vaniljesmak, som eg serverer med ein krydra sprø topping på toppen og litt jordbær. Puddingen kan sjølvsagt også smaksettast på mange vis, men når toppingen er krydra er det fint med ein mild ”base”. Denne porsjonen gir vaniljepudding til ca. 8 små former. Slik gjer eg det: Krydra topping 3 ss lettkokte havregryn 2 ss sukker 2 ss smør ½ ts malt kardemomme ½ ts kanel Sett omnen på 220 grader. Smuldre alt saman i ein bolle. Legg eit bakepapir i langpanna. Fordel smulane utover i forma. Bak det heile på 220 grader til det har fått ein fin brunfarge. Dette går fort, så pass på. Sett ringeklokka på ti minutt først, og så passar du på til fargen er der. Når du tek det heile ut av omnen har det sannsynlegvis flytt saman. Bruk ein bordkniv, og fordel det utover bakepapiret medan det er mjukt. La det kolne. Smuldre det mellom fingrane når det har blitt …

Butterdeigpai med squash

I mai kjem festdagane som perler på ei snor. I dagane framover får du nokre gode og enkle mattips, slik at du kan invitere gjestar utan å sveitte over grytene i dagevis. Den enklaste paien lagar du av smørdeig. Den kjøper du i butikken, til og med Jamie Oliver gjer det. Den ligg i frysedisken og ser ut som ei kjedeleg veggpryd, men den kan varierast i det uendelege. Eg har lagd ein enkel liten squashpai med den, som er perfekt som fingermat. Juster storleiken etter om du skal ha tallerknar eller om folk berre skal forsyne seg på servietten. Til ein fingermatbuffé kan du skjere rutene slik at det akkurat er plass til ei squashskive på dei. Osten kan varierast. Her brukte eg cheddar, den er salt og god. Du kan også bruke pecorino eller mozarella, jarlsberg er også godt. Slik gjorde eg det: Squashpai 5 plater smørdeig Ein squash 1 dl crème fraïche 1 ts urtesalt 1 ts honning 100 g ost Litt olivenolje Ruccola til pynt Eit samanpiska egg Sett omnen på …

Kvæfjordkake – verdens beste kake!

Uansett om det er bryllup eller begravelse, bursdag, dåp eller konfirmasjon, når det er fest må det stå kvæfjordkake på bordet hos oss. Den er til og med enkel å lage, det er det beste. Og så den gode smaken, då. Eg har alltid irritert meg over at det vanskelegaste med kaka er å smøre deigen til botnen tynt utover. På eit eller anna tidspunkt gjekk det sjølvsagte opp for meg; Oppskrifta mi er for lita. Eg har ei ganske stor langpanne, og då vert oppskrifta for liten. Difor får du i dag oppskrift på kvæfjordkake til stor langpanne. Eg har tidlegare fortalt om bestemora mi, som måtte ha Tate & Lyle-sukker når ho skulle bake. Når ein skal røre smør og sukker kvitt, eller lage marengs, er det ein kjempefordel å ha det sukkeret. Det er mykje finare enn vanleg sukker, og dermed får du ein luftigare og glattare marengs, og det går fortare å røre smør og sukker kvitt. Slik gjer du det: Kvæfjordkake 150 g romtemperert smør 180 g sukker 6 stk eggeplommer …

Marsipankake til fest

No nærmar konfirmasjonar og andre festdagar seg med stormsteg, så det gjeld å vere budd. Kan du ta med ei kake? På Sunnmøre er det eit heilt naturleg spørsmål. I Oslo, der eg held til, er det berre dei aller næraste ein kan spørje om slikt. Så for konfirmantforeldre er Sunnmøre langt å foretrekke. Men kva skal ein bake? Eg har lært ein tommelfingerregel: Det skal vere runde kaker til fest. Ei venninne av meg kom med ei skuffekake til ein barnedåp, det var heilt feil, fekk ho merke av blikka ho møtte då ho leverte kaka på kjøkkenet. Så i dag får du oppskrift  på to runde kaker, som vonaleg vert godkjend av damene på kjøkkenet. Den klassiske festkaka for meg er ei marsipankake. Den er fin nok til bryllup, og sjølv om den faktisk er ganske enkel å lage, så får du mykje skryt viss du har laga ei god marsipankake. Marsipankaker kan godt lagast dagen før festen, men vent med å legge på marsipanloket til sjølve festdagen. Du kan godt kjevle loket …

Mangokake

Den deilige og syndefulle baksten eg har laga i dag er ei saftig og god mango-kake. Den er ei enkel formkake som eg lagar i ringform, då blir det lett å lage lekre stykke. Bak den gjerne i ei lita rund form og, eller ei avlang form. Tilpass steiketida etter kor ”tjukk” kaka blir. Om ikkje så lenge er det sesong for dei aromatiske pakistanske mangoane. Når dei kjem i innvandrarbutikkane er det berre å slå til. Men denne kaka kan lagast med hermetisk mango og grøn bend-it-mango og. Slik gjer eg det: Mangokake 250 g mjøl 2 ts bakepulver 150 g smør 200 g sukker 2 egg 2 mangoar (ca. 150 g mangopuré) 1 ts kardemomme Saft og skal av ein halv sitron (ca. 2 ss) Glasur: 1 ss sitronsaft 300 g melis Vatn til passe tjukk glasur Set steikeomnen på 190 grader. Gjer klar forma ved å smøre den med eit tynt lag smelta smør, og så strø i ei spiseskei kveitemjøl som du ristar rundt til botn og kantar er dekt. Pisk …

BB-day

Jepp, det er den dagen i dag! 😀

Aspargespai til mange

Eg held framleis på med oppskriftene frå sekstenåringens bursdagsfest forrige helg. Dette er hovudretten, ein pai med asparges, bacon og raudløk. Den vart sett pris på av dei fleste, og eg tenkte at sidan dette er ei stor oppskrift kan den vere grei å ha til påkommande festar. For ein pai må ikkje lagast i ei rund form med bølgekant. Denne lagde eg i ei av langpannene mine, ikkje den som kom med omnen men ei eg har kjøpt på Jernia som kjem med lok. Den har rette, fine kantar så den er enkel å bruke, og sleppbelegget gjer at ingenting legg seg ved. Storleiken på forma er ca. 20×30 cm, og dette er mellom 12 og 16 serveringsporsjonar, alt etter kor store stykke folk tek. Aspargespai 250 g smør 500 g mjøl 1 dl vatn 1 ts salt 500 g bacon i terningar Tre raudløkar 400 g sopp 500 g ferdig rensa asparges Smør til steiking Salt og peppar 14 egg 5 dl kremfløte 2 dl mjølk 100 g riven parmesan Set omnen på …

Sjokoladekake med fudge-krem

Sekstenåringen hadde bursdagen sin for eitt par veker sidan, men på søndag hadde vi stor familiefest for henne. Favorittgodteriet hennar er fudge, dei firkanta karamellterningane som du får kjøpt i godtedisken. Difor planla eg å lage ei kake der eg brukte fudge i kaka. Eg endte opp med denne sjokoladekaka, som vart fylt og dekt med ein krem der fudge spelte ei hovudrolle. Og den vart god! Stor suksess blant både store og små. Eg brukte kaffe i kremen, sjølv om eg sjølv ikkje er nokon kaffefan. Men det vart akkurat passe, ikkje for mykje kaffesmak, men nok til at kremen fekk litt fyldigare smak. Vil du ikkje bruke kaffe kan du løyse opp fudgen i mjølk. Slik gjorde eg det: Sjokoladekake 100 g smør 200 g kokesjokolade 250 g sukker 4 egg 175 g  mel 2 ts bakepulver 1 ss vaniljesukker 50 g kakaopulver 2 dl mjølk Smelt smør og sjokolade saman. Ta blandinga av plata, og la den kolne litt. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman mjøl, kakao, bakepulver og vaniljesukker. …

Vårvindauge

Dette flaskestativet har eg stor glede av når eg skal pynte vårvindauget mitt på ein enkel og rimeleg måte. Tulipanar er takknemmelege no på denne tida, men for at det skal gi ein flott visuell effekt er det fint med mange. Det blir ofte dyrt. Eit alternativ er å kjøpe ein bukett, og sette kvar tulipan i ein slank vase slik som her. Nokre ville kanskje kalle dei flasker. Eg har over tjue av dei, dei kostar ein tiar på IKEA, og gjer seg fint på eit stort festbord. Dei har vore med på mykje moro, desse flaskene her. I tillegg til tulipanen kjøpte eg ei grein med voksblomst. Dei er små og gjer ikkje så mykje av seg ein og ein blome, men på ei grein er det mange kvistar som kan fordelast ut over slik eg har gjort her. Då har ein plutseleg våren i vindauga når sola skin sjølv om det berre er februar. Dette er også ein fin måte å arrangere blomar på eit festbord på. Kutt då gjerne stilkane litt …

Dei beste fastelavensbollane

Her er mi oppskrift på dei beste fastelavensbollane. Eg er jo totalt inhabil til å vurdere om dei er best, men eg har iallfall prøvd og feila ein del for å kome fram til denne oppskrifta, så du kan styre unna dei verste tabbane ved å bruke denne. Du kan bake dei som vanlege bollar, eller sette dei i krans og lage ein fastelavenskrans av dei. Fyllet eg har laga liknar på det du kan få i Sverige, då kallar dei bollane for semlor. Då riv du marsipan, og blandar i kremen. Deilig! Slik gjer eg det: Fastelavensbollar 600 g /11-12 dl kveitemjøl 3,5 dl mjølk 1 pk gjær til søt deig 100 g smør 100 g sukker 1 ts bakepulver 1 ts kardemomme 1 ts salt 1 egg 3 dl kremfløyte 2 ss melis 1 ts vaniljesukker 100 g riven marsipan Ha mjølet, saltet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse. Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i …

Morsdagskos

På søndag er det morsdag, og mødrene rundt om i landet fortener å bli sett pris på syns eg. (Meiner du eg er inhabil? Jepp, eg er heilt einig.) Uansett: Det er utruleg koseleg å bli vekt av ein god kopp te eller kaffe, og kunne kome ned til ferdig frukost. Her er eit forslag til korleis du kan lage ein fin morsdag for den mammaen du bur saman med. Til frukost kan du servere bakte egg. I morgon skal du få oppskrift på ei knallgod brownies-kake til ettermiddagskaffen. Pass på at det du treng vert handla inn dagen før. Det meste av dette har ein kanskje i huset, men sjekk at du har nok egg, og syt for at du har bacon i hus. Å bake egg høyrest kanskje rart ut, men det er faktisk ein veldig enkel måte å servere frukostegg til mange på. Du må finne nokre små eldfaste skåler. På fransk heiter ei slik form cocotte, og difor heiter retten oeuf cocotte på fransk. Mange har «kokottar» i huset, dei vert …

Blodappelsinene er her! Dei smakar himmelsk, kjøp ein pose og lag deg ein god dessert med friske, saftige blodappelsiner.

Søt sitrussalat

Til dessert i dag serverer eg ein sitrussalat, no når sitrusfruktene er på det beste. I butikken fann eg blodappelsin, vanleg appelsin og rosa grapefrukt, det gir eit fint fargespel og ein god smaksvariasjon i appelsinsalaten. «Dressingen» til salaten er ein sukkerlake krydra med kardemomme. Slik gjorde eg det: Sitrussalat To appelsiner To blodappelsiner To grapefrukt 2 dl vatn 1 dl sukker Safta av ½ sitron Tre kardemommefrø 1 ts ekte vaniljesukker, eller frø frå ei halv stang Skjer topp og botn av appelsinene, og skjer så kjøtet av ned på sidene. Press gjerne safta av det du skjer av oppi ei lita gryte. Den kan du bruke til å ha i laken etterpå. Kutt appelsinene først i to frå topp til botnar, og så i tynne skiver. Anrett fruktskivene i ei serveringsskål, dekk den til og set den til side. Kok opp vatn og appelsinsaft, til saman 2 dl, i gryta, og ha i sukker, kardemommefrø og vanilje. La det koke nokre minutt, og så kan du slå av plata. La laken kolne. Når …

Don’t forget the Mexican spices

Med ein så diger porsjon med kokte bønner som eg sat att med hadde eg nok til fleire middagar. Ein rett der brune bønner høyrer naturleg med er chili con carne. Chili con carne er ei klassisk meksikansk kjøtgryte, med like mange variantar som det finst husmødre i Mexico. Den er enkel og rask å lage, og den er lett å utvide dersom du vil servere den til fest. Den blir kanskje oftast laga med kjøtdeig, men eg syns også den blir god med ordentlege kjøtbitar. Ein gong eg hadde gjestar heilsteikte eg ein entrecote, og restane av den vart til chili con carne dagen etter. Så dette er også ein fin måte å få brukt opp kjøtrestar på. Her ristar eg krydderet før eg har det i gryta. Det gir ein utruleg god smak, og heilt krydder held seg også lenger i skapet enn malt krydder. Med ein mortar knuser du krydderet slik at det er klart til å putte i gryta.  Chili con carne  2 fedd kvitløk 2 løkar 1 raud paprika 2 …