Når ein har tilgang til gode råvarer er det berre å leike seg med maten. Eg er så heldig å ha tilgang til mange ulike typar tomatar, og det gjer at eg har fått smake på både gule, mørkebrune, gule, oransje og raude tomatar i alle storleikar og fasongar. I dag har eg laga ein deilig italiensk salat med tomatar, bønner og brød. I Italia vil du finne denne på menyen som «panzanella». Den er veldig enkel, og nydeleg på ein varm seinsommardag. Italienarane er ekspertar på å utnytte det dei har i huset, til dømes gamalt brød, og tomatar. Denne salaten skal du lage når tomatane er veldig modne, like før dei vert blaute. Då er dei aller best, og har ein frisk, søtleg og aromatisk smak. Og så må du finne fram den beste olivenoljen din. Her er det ikkje så mange ingrediensar, så då må dei som er med vere ekstra gode. Husk på å bruke oljen du har, den vert harsk viss den vert ståande på benken og vansmekte. Berre litt brød, …