Dei dummaste bøndene
Dei dummaste bøndene får dei største potetane, seiest det. Vel, utan noko som helst forkunnskap eller erfaring har vi hausta flotte poteter i år, så då er det vel sant. Det heile byrja med eit blomebed som i all hovudsak besto av bergenia og skvallerkål. Bergenia er ikkje min favoritt, og dette var på finaste plassen i hagen, så eg ville gjerne plante noko anna der, noko som kunne bløme lenger og glede oss gjennom heile sommaren. Så i april grov vi opp bedet, røska bort bergeniaen og sålda ut skvallerkålrøttene, og så sto vi der og glodde. Kva gjer vi no? Jau, vi set poteter, var den lyse idéen vi fekk. Jakta på settepoteter var kortvarig, dei spira og var klare til å bli lagt i jorda, så første mai hadde vi fem flotte rader med mandelpotet klar. Å sette poteter ein plass du vil forbetre jorda er faktisk ein god måte å gjere den lausare og lettare å jobbe med på. Ugras trivest ikkje der potetene er, og når du har teke dei …
























