Ein saftig biff
Har du det som meg? Då elskar du biff. Ein godt tillaga biff gjer meg ganske enkelt lukkeleg. Det er ikkje spesielt komplisert heller, om ein berre passar på nokre viktige detaljar: Kjøtet må vere mørt. Det betyr at dess nærare utløpsdatoen du kjem dess betre er kjøtet. Til og med ein flatbiff kan bli saftig, mør og god med rett handsaming og steikt på forskriftsmessig vis. Kjøtet må vere romtemperert når du steiker det. Kaldt kjøt kjøler ned steikefeittet og panna, og dermed får ikkje biffen den fine steikeskorpa som held saftene og smakane på plass. Kjøt som er marmorert av feitt, til dømes entrecote, er saftigare og betre på smak enn magert kjøt utan synleg feitt. Feittet er ein viktig smaksberar, og det innsprengte feittet ber fram kjøtsmaken på ein strålande måte. Så øv deg på å steike biff nokre gongar, og ikkje miss motet om du lagar eitt par skosålar ein gong i blant. Her som på alle andre område i livet gjeld prinsippet om at ein må øve, skal ein bli god. …


