All posts filed under: Mat

En foreldrekategori for all mat.

Snurrar på tur

Helgematen er ikkje berre langsteikte lammelår med innfløkte tilbehør og feite sausar. Det kan også vere den enkle maten som blir med i sekken, og gjer turpausane litt hyggelegare. I dag lagar vi to sortar snurrar, dei er lette å pakke med seg, du kan lage dei med kaldheva deig som er sett kvelden i førvegen, så går det raskare om morgonen, og du får fersk bakst med ut på tur. Eg har laga to ulike variantar, ein med smør og ost, og ein med raud pesto med litt ekstra krydring. Ostesnurrane treng å få ordentleg med ost i seg, og gjerne av den smaksrike typen. Eg brukte manchego og morbiére, men du kan også bruke parmesan eller vellagra jarlsberg eller norvegia. Det går fint å blande ostetypar, og dette er ein fin måte å få brukt opp osterestar som ligg der triste og forlatt i plasten sin i kjøleskapet. Slik gjer du det: Tursnurrar (18 stk) 5 dl fingervarmt vatn (kaldt vatn om du vil kaldheve deigen) 4 ss olivenolje 1 ts tørrgjær 1 …

Urtebakt kylling med bakte poteter og sopp

Kylling med bakte poteter og sopp Denne retten vert aller best viss du får tak i kyllingbryst med skinn. Då held fileten betre på smak og saft, og det legg seg masse smak i sjølve skinnet. Eg serverer kyllingfileten med ovnsbakte nypoteter, og dei treng litt meir tid i ovnen enn kyllingfiletane. Det løyser eg ved å bruke ei stor form, eventuelt ei langpanne, og så let eg potetene godgjere seg ei stund først, før kyllingane blir med. Dekk langpanna med bakepapir, så blir det minimalt med oppvask. 800 g poteter 250 g sjampinjongar, så små som du finn 1 dl olivenolje 1 ts salt ½ ts peppar Nokre timiankvistar Set ovnen på 200 grader. Bland olje, salt og peppar i ein vid bolle. Skyll og tørk potetene, og ha dei i bollen. Rens soppen, og ha den og i oljen. Vend dei godt rundt, slik at soppen og potetene vert heilt dekt av olje og krydder. Hell det heile over i den bakepapirkledde langpanna, og dytt dei til ei side i forma slik at …

Det grønast ute

I urtebedet mitt sprutar det opp persille, salvie og timian, eit klassisk teikn på at vi har hatt ein mild vinter. Hagen min er skuggevend, og dermed hender det at dei finslege urtene takkar for seg om vinteren vert for kald. Men i år har det vore leveleg, og alt kjem opp som bestilt. Når ein skal dyrke urter er det ingen grunn til å gjere ting komplisert. Eg kjøper potter med urter enten på mitt lokale gartneri, eller ganske enkelt i matbutikken, viss eg finn eit frodig og fint eksemplar.  Så er det berre å vatne viss det vert tørt, og gjødsle nokre gongar i løpet av sesongen,  og dermed kan eg gå ut med saksa og klippe inn smaksrikdom gjennom heile hagesesongen. Og den er lang. Eg har eit bilde av mi venninne Hilde, som hentar inn timian til andebrysta på nyttårsaftan med hovudlykt og krafse for å få bort snøen. I dag lagde eg nokre saftige kyllingbryst som eg vende i ein deilig urteolje. Den same urteoljen brukte eg også som garnityr …

Ein saftig sandwich

Why does an Englishman never starve in the desert? Because of the sand which is there. Dette var favorittvitsen til engelsklæraren min på ungdomsskulen, og eg må vel berre innrømme at både ho og oppskrifta de skal få i dag er saftigare enn den vitsen. Av og til må ein rydde i frysaren, og ofte er det inspirasjon til ei matspalte. Ved siste frysaravising fann eg nemleg ein boks med finhakka kalkunkjøt. Så framsynt kan ein vere rundt juletider, at ein tek vare på det som sit att på kalkunskroget når gjestane har fått sitt. Ein slik boks er jo ei gullgruve, det er utruleg kva ein kan få ut av ein boks fuglekjøt når idéane slår inn i hovudet på ein. Eg brukte kalkun, men du kan like gjerne bruke restar av ein kylling. Same kor flink ein er så vert slike skrog aldri reinspiste. Det er alltid masse kjøt att på beina, og reinplukkar du det så sit du att med nok kjøt til ein slik deilig salat. Det var kjæresten min som …

Marokkansk geitefilet

Eg er fast kunde hos Anni’s pølsemakeri, dei har utruleg gode pølser med ulike smakar og teksturar. Så nokre gode pølser derfrå med ein coleslaw og heimelaga potetmos er hurtigmiddagen heime hos oss. Sist eg var der fekk eg med meg ein geitefilet heim, det var ei heilt ny råvare for meg. Vi har spist både svinefilet, lammefilet og reinsdyrfilet, men geit er sjelden vare. Slike freistingar klarer eg ikkje stå mot, så eg byrja med ein gong å drodle idéar om korleis eg skulle lage den til. Geitekjøt er faktisk ganske vanleg i Afrika, så eg tenkte at ein marokkansk variant måtte vere bra. Kjøtet er mildt, men ikkje for nøytralt. Det er ikkje så markant i smaken som sauekjøt. Eg hadde eit glas mosa chili i kjøleskapet, og lagde ein harissakrydra filet med couscous. Vel, det var planen, inntil eg oppdaga at vi ikkje hadde couscous i huset. Tabbe! Tørrvarer brukar eg å vere god på. Vi hadde ikkje bulgur eller quinoa ein gong, så no må det handlast tørrvarer, note to self. Men …

Champagnebakte pærer med karamellsaus

No skal eg lære deg å lage verdas enklaste og raskaste karamellsaus. Slik gjer du det:  Enkel karamellsaus 2 dl brunt sukker 1 dl kremfløte 2 ss smør 1 ts vaniljesukker Ei klype salt Ha alt i ei gryte, og la det koke forsiktig opp medan du rører. Hald fram med å røre medan karamellen putrar, og la det koke forsiktig i 5-6 minutt til sausen er tjukk og fin. La den kolne. Champagnebakte pærer Ei pære per person 2-3 dl champagne eller ein annan musserande vin (evnt. 1 dl vatn, 2 ss sukker og 2 ts sitronsaft) Skrell pærene, del dei i to og fjern kjernehuset og blomsten. Legg dei med snittflata ned i ei eldfast form, og slå over champagnen. Dryss eventuelt litt sukker på viss du vil ha desserten ekstra søt. Bak pærene på 210 grader i 8-10 minutt. Er pærene dine ikkje så modne, må dei kanskje stå litt lenger i ovnen for å bli møre. Mine hadde lege på fruktfatet ei stund, og då var 8-10 minutt perfekt tid. Du …

Steikeovnen fiksar alt

Kan ein lage ein full middag i steikeovnen, utan å skitne til gryter og vispar? Ja, klart ein kan! Det er praktisk å bruke steikovnen. Det blir mindre oppvask, maten står der utan behov for røring og visping, og medan du gjer andre ting vert maten ferdig heilt av seg sjølv. Trikset for å lage fleire ting i steikeovnen samtidig er å bruke små former, og å steike kjøtet i steikepose, slik at det ikkje avgjev alt for mykje smak og aroma. I det siste har kjøt komt i butikkane der innpakninga er ein steikepose. Det er praktisk, sjølv om du kan oppnå det same med ein vanleg steikepose som du får kjøpt i butikken. Fordelen med steikepose er at all safta frå kjøtet blir i posen, den er med på å gjere kjøtet saftig og smakfullt, og det gjev grunnlag for ein førsteklasses saus. Når eg lagar middag av seige kjøttypar brukar eg som regel å la kjøtet få lang tid i omnen, ved låg temperatur. Då får du mørt og saftig kjøt på …

Tante Gretes banankake

Eg treng alltid noko søtt etter middagen, og ein av favorittane mine er tante Grete si banankake. Denne kaka er ein smart måte for å bli kvitt brune bananar som har blitt liggande for lenge på fruktfatet. Eg har utvikla tante Grete si kake vidare ved å tilsette ”drita fulle rosiner”, altså rosiner som har fått ligge i ei eller anna form for alkohol og godgjere seg. Rom er det beste, men dei fleste typer sprit fungerer til slik bruk. Fyll eit glas med rosiner, gjerne nokre inntørka, triste frå forrige jul, og slå over rom, brandy eller vodka. La dette stå minst over natta, gløymer du det så held denne blandinga seg i kjøleskapet i årevis. Desse rosinene er kjempegode i gløgg, i juleformkaker eller i punsj, men i dag skal vi altså kombinere dei med banan. Droppar du rosinene er kaka nesten like god for det, og då likar ungane den også. Glasuren er basert på ferskost, og den syrlege smaken balanserer godt mot den ganske søte kaka. Du har sikkert forstått at …

Den store pannekakedagen!

Det er i dag! Og eg lagar jo dei aller beste pannekakene, så då er det berre rett og rimeleg at det var meg Østlandssendingen ringte til då dei ville ha nokon til å kome i studio og snakke om pannekaker. Så slår du på radioen litt over tre i dag får du meg med pannekaker i steikepanna på lufta på NRK P1. Eller som podkast. Eller på nett. Her har du mi perfekte pannekakeoppskrift: Eg likar pannekakene tynne, lette, litt søtlege og med ei god klype salt i røra. Slik får eg dei berre viss eg lagar dei sjølv. Andre vil ha dei tjukke, dei syns det er unødvendig med salt i røra og dei steiker pannekakene i store mengder margarin. Dei om det, slik gjer eg det: Pannekaker 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. …

På burgerkurs!

Eg har heilt gløymt å fortelje at eg var på eit aldeles førsteklasses burgerkurs her om dagen! Nortura/Gilde inviterte meg og nokre fleire matskribentar inn på utviklingskjøkkenet sitt, og det var utruleg gøy. Der fekk vi halde på med dei flottaste råvarene, og leike oss fram til saftige, gode burgerar som vi steikte på det proffe utstyret som dei brukar der i garden. Sjefen sjølv, Steve Westerby, lærte oss det grunnleggande om korleis ein handterer kjøt som skal brukast i ein burger. Vi fekk bli med inn i det aller heilagste, krydderrommet, og prøve oss fram med alt som var der. Det var utruleg gøy, og resultata vart deretter. Det viktigaste eg lærte var at generelt krydrar eg litt lite. Å vere litt meir vågal er vegen å gå for å få spennande og velsmakande burgerar. Og burgeren eg endte opp med vart sånn cirka slik: Hamburger 200 g kjøttdeig 200 g karbonadedeig 1 ts salt 1 ts paprikapulver 1 ts oregano 1/2 ts peppar 1/2 ts løkpulver Ha kjøtet i ein bolle, og elt …

Fastelaven på pinterest!

Ja, eg er vel eigentleg litt treigare enn folk flest, men eg har altså tre år etter at alle andre fann det ut komt til at pinterest er ein grei måte å organisere postane mine om eit bestemt tema på. Førstkommande søndag er det fastelaven, og sidan eg har eksperimentert med fastelavensbollar og laga feit og deilig fastelavensrømmegraut så fann eg ut at eg kunne dele fastelavenstavla mi. Så her finn du alle mine fastelavenspostar.

Epla som ingen vil ha

Kjøper du med litt frukt? Seier eg til min kjære. Og det gjer han. Han kjem heim med eple, bananar og appelsiner, og fruktfatet bugnar. Bananane vert fort borte, appelsinene tekk litt lengre tid. Men det slår ikkje feil. Ved slutten av veka ligg det ein appelsin og nokre lett rynkete eple att. Så då er det opp til meg å finne på noko kreativt med det som ligg på fatet. Vi har tilbrakt nokre sommarar i Stor-Britannia, og den beste maten får du faktisk på dei lokale pubane. Der får du tradisjonell engelsk kost, som Sheperd’s pie, bangers and mash, og den retten eg har laga i dag, toad in the hole. Min versjon av retten består av gode pølser som vert bakt med løk og eple i ei krydra pannekakerøre, ikkje ulikt den dei brukar når du får Yorkshire pudding, eit vanleg tilbehør til engelsk søndagssteik. Toad in the hole betyr ”padde i holet”, kanskje kan det sjå ut som ei padde som tittar opp av eit jordhol når pannekakerøra hevar seg opp …

Crumblepai med cornflakes, eple og tyttebær

Desserten i dag er ein crumble-pai med eple, pærer og tyttebær. Eg har fast tyttebærleverandør i mor mi, så eg driv stadig og eksperimenterer med artige måtar å bruke tyttebær på. Viss du ikkje har din eigen tyttebærleverandør kan du kjøpe frå frysedisken, eller du kan bruke tyttebærsyltetøy som du klattar oppå frukta før du legg på loket. På fruktfatet låg det to eple og ei pære som måtte spisast fort, og då fekk dei vere med i desserten. La ditt fruktfat bestemme korleis din pai blir, denne kan godt lagast med berre eple eller berre pærer. Skal du kjøpe eple, så prøv å finne ein søtleg type. Tyttebæra er sure nok i seg sjølv, om dei ikkje skal treffe på oversure eple. Jazz, pink lady eller desse små first price-epla som du får kjøpt i ferdigpakka posar er perfekte til denne paien. Loket på crumble-paien lagde eg av corn flakes av havre, det ga meg ei deilig sunn kjensle. Du kan sjølvsagt bruke vanleg corn flakes, eller frosties om du har det. Ein god …

Skrei i ny drakt

No er skreien her, og det er berre å ete skrei, lever og rogn med begge hender. Og når du er ferdig med det kan du prøve den varianten eg foreslår, som er av det litt meir moderne slaget. Eg serverer torskefilet smørsteikt med bakte grønsaker og hummus. Hummusen kan du bytte ut med aioli, eller droppe den heilt, men den er deilig mettande, og passar godt smaksmessig til det syrlege kaperssmøret og den salta fisken. Grønsakene bakar eg i omn, og det tek litt tid. For å gjere det heile raskare kan du køyre dei ferdig krydra grønsakene nokre minutt i mikrobølgeovnen først, og så bake dei ferdige i omnen. Du kan også byrje med dei idet du går inn døra heime, når dei først står der i omnen så er det jo ikkje noko stress med dei. Resten av middagen går veldig fort å lage. Eit tredje alternativ for stressa folk er å lage både grønsakene og hummusen ferdig kvelden før. Då har du ferdig middag på eit kvarter dagen etter. Grønsakene kan …

Potetkaker – og minner frå eit bestemorskjøkken

Potetrestar har ein også ofte, og dei får bli potetkaker. Eg var så heldig at eg vaks opp i eit bestemorshus, og når ho hadde kokte poteter til overs lagde ho smakfulle, saftige potetkaker som vi fekk med ordentleg smør og sirup på. No høyrest det ut som barnemishandling, men det er det altså ikkje. Eg lagde det saman med min kjære her om dagen, og den kjensla av varm potetkake, smeltande smør og sirup i munnen fylte meg med lykke. Du kan sjølvsagt servere desse til pølser og, men det gjer deg ikkje like lykkeleg, tru meg. Slik gjorde eg det: Potetkaker/lomper 500 g kokte, kalde poteter ½ ts salt 2 dl kveitemjøl Press potetene i ei potetpresse eller mal dei med kvern opp i ein bolle. Du kan også mose dei fint med ein stappar, eller med gaffel. Elt inn salt og mjøl til du får ein passe fast deig. Ikkje elt for mykje, då blir kakene seige. La deigen kvile ein halvtime, gjerne i kjøleskap. Kjevle deigen ut på ei mjølstrødd benkeplate. …

Kreativ gjenbruk av julemat – kalkungrateng

Hadde du og kalkun i romjula? Det hadde eg, og då seks svoltne hadde blitt proppmette sto eg att med nesten ein kilo deilig kalkunkjøt i ein boks. Dette kjøtet sette eg i kjøleskapet, og i dag tok eg det fram att. kva gjer ein med slikt kjøt? Pytt i panne er eit alternativ, men det eg gjekk for i dag var å lage ein grateng av det. Eg lagar både fiskegrateng og pølsegrateng, så kvifor ikkje ein kalkungrateng? Ein grateng er basert på ein bechamel-saus, ein kvit saus som du kan smaksette på forskjellig vis. I dag brukte eg røykt paprika, muskat og salt og peppar, og så hadde eg frosne erter i frysaren og ein purre som fekk vere med på moroa. For øvrig kan ingrediensane varierast etter kva du har i huset. Har du sprøsteikt bacon etter lutefisklaget på fjerdedag, så ha det i gratengen. Har du ikkje erter, men brekkbønner, så putt dei i. Har du smørsteikt sopp så er det godt i. Stuffingrestar er knallgodt i gratengen. Bytt gjerne ut …

Karamellpudding

Årets nyttårsdessert: Karamellpudding!

Nyttårskalkunen – slik gjer du det!

Kalkun er det mest populære å servere på nyttårsaftan, i følge Prior sin statistikk. Det er ikkje utan grunn, det ser flott ut, og smakar veldig godt. Det kan  lett gå gale med kalkun, det verste er eigentleg om den blir tørr og trist. Det blir den viss du steiker den for lenge. Samtidig vil ein jo at maten skal vere trygg, og då bør ein ha oppnådd ein viss temperatur. Kjernetemperaturen på kalkunbrystet bør vere ca. 64-66 grader. Viss du googlar litt vil du finne alle variantar av teknikkar for å få til den perfekte kalkunen. Enkelte læmar han sund, og steiker bryst og lår for seg, andre styrer med isposar eller andre nedkjølingsmekanismer for å halde brystet litt kaldare enn resten av kalkunen. Eg har funne ut at det beste er å bruke steiketermometer, ikkje det innebygde, men eit eige som du brukar for å måle meir nøyaktig. Den steiketida som vanlegvis vert oppgitt, 1/2 time per kg. fugl, er litt mykje syns eg. Ta kalkunen ut etter to timar viss den er …

Årets julesnop – Fruktgelé og salte mandlar

Rett før jul er det fint å lage nokre nye variantar av julesnop. Ein treng jo ikkje kjøpe alt godteriet ferdig, heimelaga snop høyrer jula til. Eg vart freista til å prøve å lage min eigen variant av seigmenn, altså fruktgelé med ulike smakar og fargar. No får ein kjøpt mange ulike sortar juice som er fine å bruke til å gi naturleg smak og farge. Eg kjøpte klementinjuice, men du kan like gjerne presse ut saft av klementinar som du allereie har. Klementinsafta smaksette eg med ingefær, eg hadde sylta, søt ingefær på glas som er fint å bruke både i julekaker og i gelésnop. I tillegg fann eg ein blodappelsinjuice, og eg elskar blodappelsin i alle variantar, så då vart det blodappelsingelé og. Slik gjorde eg det: Blodappelsingelé 1 kg sukker 5 dl blodappelsinjuice 3 pakkar (75 gram) gelatinpulver 1 ts sitronsyre 200 gram sukker med 2 ts sitronsyre til å rulle terningane i Rør saman 3 dl juice og ein kilo sukker (unntatt 2 ss) i en kjele. La dette koke til …

Franske pepparkaker

I kveld bakar eg dei franske pepparkakene. Det luktar heilt rett i huset, og førjulsstria kjennest ikkje så stri lenger. Dei har eg laga heilt sidan eg var rundt tjue, trur eg, og mi kjære venninne Unn og eg regjerte på kjøkkenet på Leikong rett før jul. Etter å ha smakt desse deilige vaksenpepparkakene er det ingen veg tilbake til dei vanlege. Eg kan til nød sette mine tenner i ein sirupssnipp, elles er det desse som gjeld.  Dei skal verken ha non-stop eller glasur på seg, dei skal nytast som dei er til ein rykande kopp darjeeling eller fransk earl grey. Franske pepparkaker Første del: 250 g smør 125 g lys sirup 1 dl kremfløyte 250 gram melis Andre del: 100 g skålda og hakka mandlar 400 g kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts kardemomme 1 ts kanel 2 ts nellik Bland alt i første del i ei gryte, og la det koke opp medan du rører. Set gryta i kaldt vatn og rør innimellom til massen er lunken. Bland alt det turre, ha …

Førjulstapas

Førjulstida er alltid travel, og juleborda byrjar tidlegare og tidlegare. Dei juleborda vi skulle på var unnagjorde før advent. Alle meiner at desember er så travel, så arrangementa vert lagt til november i staden. Det er bra, for då kan ein invitere på førjulstapas i desember. Kunsten med slike samkomer er å gjere det enkelt. Vi serverte champagne og gløgg, og eplemost til dei som køyrde. Matlaginga gjekk fort, og ein kan til og med invitere gjestane til å vere med på den. Skriv oppskriftene på kvar sitt ark, og gi gjestane kvart sitt og råvarer når dei kjem, og så er maten ferdig før du veit ordet av det, utan for mykje stress. Ein delegert fest, som eg er så glad i. Starten på denne festen var eit fenalår som vi salta sjølve, og hengde til tørk. Det er eit fint utgangspunkt, og det gjer at ein kan bruke både skiver av ulik tjukkleik, og bitar av fenalår. Til potetene brukte vi ganske tjukke skiver som vi skar i porsjonsbitar, og til salaten brukte …

Eplepai

Her for ei stund sidan lagde eg ein pai med dei aller siste epla som bror min hadde att i hagen. Her kasta ein ingenting, så det vart donert til meg, dei meinte vei at eg var den einaste som klarte å få noko ut av dei. Med ein fortreffeleg epleskrellemaskin som eg har skaffa meg klarte eg å skjere tynnare og finare epleskiver enn eg nokon sinne før har klart. Du kan lage denne paien med eple frå butikken og, sjølvsagt. Grøne Granny Smith-eple er veldig gode, Jazz eller Pink Lady og. Paien er ein mørdeigspai med ein søt mørdeig smaksett med sitronskal. Fyllet er laga som ein fransk flan, altså ein slags pudding av kremost, egg, sukker og vanilje. Det gir ein lett og mild krem som er ein fin base for saftige, seine hausteple.  Denne oppskrifta passar til ei relativt lita paiform, ca. 20 cm. Slik gjorde eg det: Eplepai 120 g smør 250 g mjøl 50 g sukker 1 ts vaniljesukker 2 ss vatn Sett omnen på 180 grader. Køyr i matmølle til …

Vilt og godt – reinsdyrgryte

Har du jegarar i slekta? Vi er så heldige at kjøtstykke av elg og rein av og til kjem vår veg.  Det er like kjekt kvar gong. Kjøtstykket eg fekk på benken i dag var ikkje så stilig, det var eit stykke lårsteik av rein som var vanskeleg å få fasong på. Så enden på visa var at eg skar kjøtstykket til grytekjøt. Det vert sjeldan feil, ikkje denne gongen. Mange spør meg om kvar eg hentar inspirasjonen til å skrive om mat frå. Svaret er at det ofte er frå råvarer som eg finn, kjøper eller får. Ingenting inspirerer meg meir enn ein tur i grønsaksbutikken eller i ein velassortert kolonial. Eller ein tur i frysaren, som tilfellet var denne gongen. Skal du ha gjestar no på hausten så er det aldri feil å servere ei viltgryte. Grytekjøt gir meg også sjansen til å ta fram favorittkjøkkentøyet mitt, trykkokaren. Med den lagar eg ei deilig gryte på under ein halvtime, og det som tek lengst tid er å skumme av krafta og å skjere …

Surt og søtt

Hausten er tida for dei gode grytene, med kjøt, fyldig saus og saftige rotgrønsaker. Og til ei god gryte høyrer det med noko sursøtt. I Norge har ein tradisjonelt servert tyttebær til slik mat, men litt variasjon er jo berre av det gode. No er det graskar over alt. Halloween er over, og det som ikkje har blitt kutta med skumle fjes på får du billig. Kjøp deg eit, og fyll opp glasa med krydra graskar. I butikken fann eg ein pose med ganske små raudløk, så når eg først gjekk i gang med syltelake og hermetisering tok eg med dei og i same slengen. Då eg fekk sylta graskar for første gong i min grøne ungdom, var den grovt skoren, i store bitar. Eg kuttar bitane litt mindre, då blir dei litt meir handterlege. Slike sursøte godsaker smakar nydeleg til kjøt , patéar og alle typar mat som du ville hatt tyttebær til. Det er og kjempegodt i små bitar i lys fiskesuppe. Sylta graskar 1 kg graskar 5 dl 7 % eddik 700 …

Pærekake med macadamia-nøtter

Kvar gong eg finn macadamia-nøtter i ein butikk må eg berre kjøpe ein pakke, så gode er dei. I førtiårsdagen min var eg kompromisslaus, tre kilo macadamia-nøtter var det einaste snackset som sto framme. It’s my party, and I’ll snack as I want to, var slagordet. Dei smakar ganske enkelt så smøraktig, aromatisk og deilig at eg kunne levd på dei og friskt vatn, om eg måtte. Forutsatt at det er den salta typen, då. I denne gode pærekaka må du ha salte nøtter. Du kan salte dei sjølv, ved å riste dei i ei varm panne og rulle dei i salt etterpå. Du kan også bruke ei salt nøtteblanding, det må ikkje vere macadamia, sjølv om det er aller, aller best. Slik gjer du det: Pærekake med salte nøtter 2 dl (ca. 180 g) sukker 100 g smør 3 egg 3 dl (ca. 180 g) kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 dl pæresider (kan byttast ut med lake frå boks eller mjølk) 3 pærer 50 g salte nøtter, helst macadamianøtter 1 ss perlesukker Sett omnen …