All posts filed under: Mat

En foreldrekategori for all mat.

Godt nytt år! Og når er fastelaven, då?

Godt nytt år! Eg er lei for at det har vore så stille her i bloggen ei stund, men det heng saman med at vi har overteke eit fantastisk hus i Sverige som har teke nesten all ledig tid. Vi feira ein utruleg fin nyttårsaftan der, og vi skal tilbake så ofte vi kan for å tilbringe helger og fridagar i fredelege Bengtsfors kommun. Men det slår ikkje feil, når eit nytt år er på plass så byrjar søketreffa å kome: Når er fastelaven i år? Slik går det når ein har samla på bolleoppskrifter og grautoppskrifter i årevis. No har eg forresten samla alle fastelavensinnlegga mine på Pinterest, så du kan finne ei oppsummering der. Det viktigaste er likevel dette: I år er fastelaven søndag 15. februar. Det er berre å byrje å øve på gjærdeigskillsa!

Sjølvaste ribba

No er det like før den store kvelden, då ribba med tilbehør skal på bordet. Eg prøver å vere prinsippfast, men gong på gong vert eg overstyrt. Eg vil at vi skal velge på julaftan, enten fåreribbe med tilbehør, eller svineribbe med tilbehør. Men der eg vaks opp blandar dei alt, så rabbestappe og raudkål står side om side på bordet. Dei mange åra eg har tilbrakt på austlandet har gjort at eg har lært noko om svineribbe, så difor lagar eg det i år. Her skal du få dei triksa eg har lært meg for å få den perfekt. Eigentleg er svineribbe svært enkel mat. Men ribbeprodusentane prøver å rote det til som best dei kan, og dei presenterer stadig nye variantar av ribba med vekslande resultat. To gongar før jul har eg prøvd ut dei ferdigkrydra ribbene, den eine frå ein Rimi-butikk, den andre vart kjøpt hos Coop. Begge gongane har det blitt mislykka. Den eine bles seg opp som ein sperreballong i god tid før utløpsdato. Eg sende ein mail til produsenten, …

Krydra dessertklementinar

Desse dessertklementinane er deilige etter ein tung julemiddag. Dei er også fine å gi bort, enten som julegåve til dei som har alt, eller som vertinnegåve. Legg dei på eit pent glas, og slå eit band rundt. Du kan også ta dei med til ein buffé viss du vert spurt om eit bidrag. Eg har skore mine i skiver, men har du god tid slik at dei får ligge på glas nokre dagar, så lag dei gjerne heile. Når du skal lage denne desserten, så sjå om du finn ganske små klementinar. Sjekk dei på førehand om dei er bitre på smak, eller om dei er fulle av steinar. Det er ikkje så stas. Bruk dei små, søte klementinane, så får du det beste resultatet. Dessertklementinar 10 klementinar Lake 6 dl vatn 4 dl sukker 3 kanelstenger 3 stjerneanis Ei vaniljestang Splitt vaniljestanga. Kok opp vatn og sukker, og legg i krydderet. La det småkoke i fem minutt. Skrell klementinane med kniv ved at du skjer av toppen og botnen, og så lar du kniven gli …

Sjokoladecookies med aprikos

Det blir jul i år og, sjølv om vi ikkje akkurat er i rute. I år er eg skikkeleg bakpå, har ikkje meir enn to slag kaker i boks. Så eg måtte finne nokre enkle ting eg kunne lage fort og gale som gir familien kjensla av jul tilbake. Ein treng nemleg ikkje gjere ting så komplisert. Det viktigaste med jula er trass alt å kose seg. Invitere vennar og familie innom på enkel servering, lage noko enkelt, men smakfullt til dessert, og kanskje gi bort noko av det du har laga sjølv. Folk har jo alt dei treng, og det dei treng det skaffar dei seg sjølve. Då kan gåvene like gjerne vere spiselege, som til dømes desse gode sjokoladekjeksa. Eller cookies, som ungdommane og kjeksfabrikantane kallar dei. Det å få ein boks med deilige heimelaga kjeks er den beste gåva, syns eg. Desse er intenst søte og rike på sjokoladesmak, og då vert den friske smaken av aprikos ein god smaksmessig variasjon. Har du mjukt smør ståande på benken så går desse overraskande …

Julehuset

Pepparkakehus høyrer alltid med til vår jul, sjølv no etter at borna mine har blitt store. Det er viktig å ha ein god deig som er lett å jobbe med, og som rekk til eit hus, mange store hjarte og endå nokre figurar som kan illudere dei som bur i det fine huset. Det finst mange pepparkakeoppskrifter, og resultatet kan variere. Eg har gode erfaringar med deigen under, der ein kokar opp sukker, smør og sirup. I nokre oppskrifter har ein også i fløyten når ein kokar det heile opp, då tek kolninga lenger tid. Når ein kokar opp smør, sirup og sukker vert sukkerkorna løyst opp godt. Eg har prøvd deigar der smør og sukker er rørt kvitt. Då vert steikeflata meir ujamn, og ein ”ser” spora etter sukkeret. Uansett lønner det seg å lage deigen dagen før ein skal bake. Då rekk den å bli kald og fin, og ”sette seg”, slik at den er lett å jobbe med. Pyntinga av huset foregår etter alle kunstens reglar. Vi limar huset i hop på …

Sabayonnegratinerte blåbær

Å, får vi dessert! Ja, dei er ikkje så bortskjemte desse tenåringane. Dessert har vi berre av og til. Denne er superenkel, men den må ferdigstillast medan sausen vert skrapa av tallerknane. Eg lagar ein sabayonne, ein slags eggedosis som eg brukar til å gratinere bær med. Superenkelt! Sabayonnegratinerte blåbær Ca. 75 g bær per person 1 ts honning per person 2 dl kvitvin 2 egg 4 ss sukker Før middagen: Ha kvitvinen i ei lita gryte, og kok opp. La den koke til litt under halv mengde, du skal ha att ca. 0,8 dl vinsirup. Dette kan du gjere i god tid. Legg bæra i små eldfaste former. Ringle over ei teskei honning i kvar form. Når du tek paien ut av omnen slår du omnen av, og set inn formene. La dei stå for å falle saman medan middagen vert spist. Når hovudretten er servert: Ta formene ut av omnen. Set grillen i steikeovnen på full pinne, oppunder 250 grader. Ha egg og sukker i ein bolle, og pisk det stivt. Pisk inn …

Kjøt med saus

Eg er lei meg for den kjedelege overskrifta, men her er greia: Eg har fått to barn, no er begge tenåringar, og når dei spør om kva vi skal ha til middag er dette den beste måten å gjere dei lykkelege på; ved å svare kjøt med saus. At dei ikkje ville bli vegetarianarar visste eg tidleg. Dessutan har eg skjemt dei bort ved å servere store, saftige kjøtstykke skorne i skiver med saus basert på fløte eller creme fraiche. Dei har aldri fått kjensla av at at kjøt er komplisert eller dyrt. Kjøt er noko ein krydrar, puttar i omnen og så lagar det seg sjølv meir eller mindre. Skal dei imponere kjæresten steiker dei biff, og til bursdagane er desse store krydra kjøtstykka det viktigaste ønsket å oppfylle. Og viss eg kan ta livet av ei myte så er det nettopp denne, at det å steike kjøt er vanskeleg. Det er faktisk veldig lett, og det blir endå lettare viss du har eit steiketermometer å hjelpe deg med. Med svinekjøt treng du ikkje …

Faktorenes orden – laks med pestobakte poteter og brokkolikrem

Faktorenes orden er likegyldig, lærte mattelæraren min meg. Med tida kan eg lært at den påstanden ikkje gjeld på kjøkkenet. Når ein lagar mat er faktorenes orden slett ikkje likegyldig. Å gjere ting i feil rekkefølge lagar meirarbeid, ekstra oppvask og alt tek lengre tid. Å gjere ting i rett rekkefølge gjer at ting flyt, og ein jobbar meir effektivt. Middagen i dag er eit døme på det. Her kan ein ikkje utan vidare bytte om på oppgåvene, då går det i ball, ein må vaske steikepanna to gongar, og alt blir ikkje ferdig til same tid. Men følgjer du instruksane mine så blir det perfekt, det kan eg love. Eg serverer laks med brokkolikrem, rista brokkolibukettar, mandeldryss og poteter bakt med raud pesto og honning. Som så ofte når ein skal ha med poteter må ein byrje med dei. Eg vender potetene i blandinga med raud pesto og honning før dei får bake i omnen. Deretter ristar eg mandlane, dei treng tørr panne, så då kan eg ikkje steike noko i panna først. Så …

Islandskake

Når ein har fest er det staseleg å servere ei god kake til dessert. Første gongen eg fekk servert Islandskake så vart eg reint euforisk, så god var den. Den er ei bombe, så du treng ikkje så stort stykke, men det stykket du et er tilgjengjeld knallgodt. Viss du vil lage ei lettare (og raskare) utgåve av kaka kan du bytte ut smørkremen med vaniljekrem. Slik gjer du det: Islandskake 6 eggekviter 3 dl sukker ½ ts salt 1 ts søtleg eddik 3 dl kokosmasse 75 g kokesjokolade – grovhakka 1 ss potetmjøl ½ ts bakepulver Fyll: 6 eggeplommer 1 ¼ dl kremfløyte 150 gram sukker 1 ts maisennamjøl 2 ts ekte vaniljesukker 150 gram smør (skal piskast inn til slutt) 200 g svisker 3-4 dl vatn Til pynt: 3 dl kremfløte Ein pose daimkuler Litt nøtter, eg brukte macadamia-nøtter Set omnen på 175 grader. Pisk eggekvitene med salt og eddik, ha i sukkeret litt og litt, og pisk vidare til du har ein seig og fin marengsmasse. Vend inn kokosmasse, hakka sjokolade, potetmjøl …

Andebryst med plommesaus og dobbeltbakte poteter

Å kose seg med vener og god mat blir berre viktigare dess mørkare og våtare det vert ute. Vi har invitert til festmiddag, og her er menyen. Eg elskar andebryst, og eg tek det alltid med heim når eg er i utlandet. Sist storejenta var ute og reiste forsto eg at eg har oppdrege henne godt, ho kom heim frå reise med fire andebryst i kofferten. Betre gåve får eg ikkje. Får du ikkje tak i andebryst kan du lage denne oppskrifta med enten kyllingbryst eller kalkunbryst. Juster steiketida etter kor tjukt kjøtstykket du brukar er. Sausen eg lagar i dag har eg laga i mange år. Eg lærte den av Arne Brimi, og den er veldig enkel, samtidig som den smakar heilt fantastisk. Først for kort tid sidan lærte eg at den (eller iallfall startpunktet på sausen) har eit ”pent” fransk namn, gastrique. Du lagar den ved å smelte sukker i panna, og så koke ut med raudvinseddik, eller viss du vil ha den litt mildare, raudvin. Så let du den koke vidare med …

Meir tilbehør: Bakt graskar og smørsteikt squash

No finn du graskar i butikkane, sjå om du finn dei flotte, kremgule flaskegraskara. Dei er lette å bruke i mat, i dag har eg bakt dei i tynne skiver med salvie, smør og brunt sukker. Graskar har så lite eigensmak at den lett tek opp i seg den smaken du tillagar den med. Denne retten kan du også lage med søtpotet eller andre typar graskar. Slik gjer du det: Bakt flaskegraskar Eit flaskegraskar 1 ss brunt sukker 1,5 ts salt Tre-fire drag med pepparkvern 4-5 salvieblad 2 ss smør Sett steikeovnen på 180 grader med varmluft. Skrell flaskegraskaret, og del det i tynne skiver. Finhakk salvie, og legg det i ei eldfast form. Legg skivene i forma. Smelt smøret, og pensle skivene med det. Dryss på sukker, salt og peppar. Bak graskaret i omnen på 180 grader i ein time. Til sist serverer eg smørsteikt squash. Det er så enkelt å lage, og knallgodt. Squash er lett å få tak i året rundt, og kombinasjonen med smør, salt og sitron er perfekt. Slik gjer …

Det gode attåt – risotto med kantarellar

Det er rart med det, å finne ut kva proteinar ein skal ha til middag klarer ein alltids. Utfordringa er å finne noko godt å ha ved sidan av. I dag kjem eg med  tilbehørstips som du kan bruke til mange ulike middagar, som til dømes steikt laks, ein saftig biff eller kyllingfilet. I dag henta eg utgangspunktet for middagen i skogen. På ein fin tur i nordmarka fann eg ekte kantarellar, men du kan også lage dette med traktkantarellar, eller med sjampinjong frå butikken. Berre styr unna hermetisk sjampinjong, det har eigentleg ingenting med mat å gjere, spør du meg. Eg har laga ein saftig risotto med kantarellane, og det er perfekt når ein ikkje finn så frykteleg masse sopp. I denne retten brukte eg ca. 200 gram, det vart nok til tre vaksne. Ein risotto skal alltid ha base i finhakka løk, arborioris, kvitvin og kraft. I tillegg kan du tilsette erter, paprika og andre grønsaker som held seg godt under oppvarming. Lettkokte grønsaker bør tilsettast mot slutten av koketida. Å lage risotto …

Gulrotmuffins

Gulrotkake er alltid godt, og når røra vert fylt i muffinsformer i staden blir det gulrotmuffins. Då må du sette opp temperaturen 20 grader i steikeovnen, og la steiketida vere litt kortare. Også her kan du bruke spagettitesten for å finne ut om dei er ferdige. Eg brukar dei stødige amerikanske muffinsformene som eg mellom anna kjøper på ICA. Dei er solide, og når muffinsa skal selgast på loppemarknad eller korpskafé gir kvar muffins såpass mykje «mat» at ein kan ta ordentleg betalt for dei. Bildet viser gulrotkake i langpanne. Slik gjer eg det: Gulrotkake 400 g fint revne gulrøtter 3 egg 3 dl sukker 2 ½ dl matolje utan smak, raps, mais eller soya. 4 dl mjøl 2 ts bakepulver 1/2 ts salt 1 ss vaniljesukker 1 ss kanel 1 ts kardemomme Sett omnen på 180 grader, 200 grader viss du skal lage muffins. Riv gulrøttene fint. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland alt det turre. vend gulrøttene inn i eggedosisen, og rør forsiktig inn mjølblandinga vekselsvis med oljen. Sett muffinsformer ut over …

Bringebærmuffins

Muffins er alltid populære, spesielt viss du pyntar dei på ein morsom måte er det mange som får lyst på dei på ein kakebuffé. Eg lagde mine med bringebær, men her kan du bytte ut fyllet med eplebitar, blåbær, bjørnebær, ein klatt fast jordbærsyltetøy eller berre bake dei som dei er. Bringebær var sesongvare før, men no får du tak i dei i små beger året rundt, nesten. Klimamessig er det ikkje så bra, men til fest kan ein kanskje tillate seg det. Bringebærmuffins Lag ein halv porsjon basisrøre som til toscakake. Set omnen på 200 grader. Lag røra som beskrive i toscakakeoppskrifta, men fyll røra i muffinsformer i staden for i langpanne. Fyll formene ca. 1,5 cm opp, og legg eit bringebær i kvar form. Fyll etter slik at formene er 2/3 fulle. Steik muffinsa på 200 grader i ca. 20 minutt. Topping 250 g smør, romtemperert 380 g melis 1 dl fløte 2 ts ekte vaniljesukker Farge om du vil Pisk smør og melis til ein lys krem med miksar. Skrap ned frå …

Loppemarknadsbakst – Toscakake

Her hos oss er loppemarknadane i full gang, og med dei følgjer det bugnande kakebord. Alle bidreg med sin spesialitet, og det er artig å sjå alle gode kakene som vert sett fram frå kvar ein heim. I dag kjem eg med nokre forslag til kaker som gjer seg godt på eit loppekakebord, som smakar godt og som er lette å dele. Det er nokre triks som er verd å ta med seg når ein bakar for sal. For det første må ein passe på at kaka er gjennomsteikt. Eg har skrapa rå kaker i søpla, det er like trist kvar gong. Eg brukar ein spagettipinne for å sjekke at kjernen i kaka eg har bakt er tørr. Sit det røre att på spagettipinnen treng kaka nokre minutt til. For det andre er det lurt at dei som skal selge deler opp kakene. Dei veit kva prisar dei skal ta, og då veit dei kor store stykka bør vere. Ein må få valuta for pengane i loppekaféen, samtidig som det er praktisk å ha same …

Kyllingsandwich med bakte grønsaker

Av og til er ein sandwich nok som middag. Når eg har fått ein raus lunch på jobb, og resten av familien er ute på vift, treng ein ikkje så mykje meir. Kylling er mild mat, så den treng godt med krydder, utan at krydderet tek heilt over. Eg vender både kyllingen og grønsakene i same kryddermarinaden. Inni pitabrødet smører eg ein ostekrem, slik at det heile ikkje vert for tørt. Litt ruccola gjer at smaken vert litt skarpare og det er jo berre bra. Slik gjorde eg det: Kyllingsandwich med bakte grønsaker Ein kyllingfilet Ein raud paprika Ein liten fenikkel Ein raud løk 2 ts paprika 1/2 ts peppar 1 ts timian 1 ts salt 3 ss olje Ostekrem: 3 ss kremost 2 ss fløte 2 ts finhakka grasløk Eit pitabrød Varm ovnen til 200 grader. Pisk saman ingrediensane til ostekremen. Bland saman krydder og olje til marinaden. Vend grønsakene i den, og legg dei i ei eldfast form. La dei bake i 20-30 minutt, til dei er møre. Vend kyllingbrystet i marinaden, la det …

Kosemat

Sommaren er på hell, og det er tid for litt kosemat igjen. I mi bok er kosemat alt som handlar om sjokolade, steikte poteter eller smelta ost, og i dag er det ost som er temaet. Vi var på ferie i USA i sommar, og hadde nokre fantastiske (og nokre mindre fantastiske) møte med amerikansk matkultur. Ein av mine favorittar er når eg får ein verkeleg vellaga mac’n cheese, altså ein makaronigrateng. Her er det osten som gjer susen, med kjedeleg ost vert retten kjedeleg, og omvendt. Så grav igjennom kjøleskapet, og sjå om du har noko cheddar, feta, ridderost, parmesan eller vellagra jarlsberg liggande. Dess meir smaksrik dess betre. Er det mugg på så kan du skjere bort muggen viss det er ein fast ost. Eg brukte ei blanding av parmesan, cheddar og nokre uidentifiserbare bitar som nok vart med heim frå Italia i juni. Nokre kjøper kjøleskapsmagnetar som souvenirar frå utlandet, eg kjøper stinkande ostar. Eg la som vanleg planar utan å sjekke matskapa, så det vart ikkje makaroni til gratengen. Det var …

Mangomarmelade med kardemomme

Midt i beste sommaren er det sesong for pakistansk mango. Resten av året får ein tak i dei dyre, sure, grøne mangoane som må modne undervegs og som kan vere rotne inni sjølv om dei framleis er grøne på utsida. Men i mangosesongen kjøper eg pakistansk mango i kassevis, og serverer til dessert, i yoghurt og i gryterettar. Denne mangomarmeladen bør altså lagast i løpet av sommaren, og har ikkje grønsakshandlaren din pakistansk mango i butikken, så be han ta det inn. Dei ligg i fine øskjer fylt opp med glitrande trådar, og ventar på å få kome heim til deg. Skal du servere marmeladen til nøtteallergikarar, så dropp valnøttene. Viss du vil ha litt krunsj i marmeladen, kan du tilsette pinjekjernar i staden. 2 mangoar 1,5 dl vatn 300 g sukker 25 g syltepulver Sitronsaft av 1 halv sitron 3 kardemommekapslar 10 grovt hakka valnøtter Del mangoen i to langs steinen, fjern steinen frå mangoen og lag eit rutemønster i fruktkjøtet. På denne måten er det lett å skjere ut fine terningar. Skjer ut alt …

Couscoussalat med reker og avokado

I ferien er det fint med lat mat, slikt som smakar godt, og er lett å lage. For meg er reker sommarmat, men det treng ikkje vere dei små, ferske som ein får kjøpt på kaia. Eg  er like glad i grønlandsreker, dei er oftast store, saftige og ikkje minst fanga på ein berekraftig måte. I dag lagde eg ganske enkelt ein couscoussalat med reker. Couscous er nordafrikanske grove semulegryn som har lite eigensmak. Difor er dei takknemmelege å bruke, det er lett å putte masse smak saman med dei og resultatet er alltid vellukka. Det einaste du må huske på er å røre dei frå kvarandre med ein gong dei er ferdige. Let du dei stå og kose seg i gryta så sit dei som støypt saman, og så er moroa over. I salaten putta eg ein del grønsaker, og dei som eg ville ha møre la eg i kokevatnet til couscousen. På den måten vart grønsakene og gryna ferdige samtidig, og grønsakene fekk god smak av kokevatnet.  Slik gjorde eg det: Couscoussalat med …

Jordbær- og rabarbrakompott med krem

Eg hadde planar om å servere jordbær med fløte på til dessert i dag, men så hadde ein tenåring vore innom og gått til åtak på jordbærkurven, så det var berre halvparten igjen. Då var gode råd dyre, så eg stakk ut i hagen og fann litt rabarbra. Eg lagde ein deilig kompott av det som var att av jordbæra og rabarbra, og så la eg den lagvis med ein kremostkrem (artig ord!) og knuste kjeks til ein slags bondepikevariant. Slik gjorde eg det: Rabarbra- og jordbærkompott med krem 200 g jordbær 200 g rabarbra ½ dl vatn 125 g sukker 1 ss maisenna 100 g kremost 1,5 dl kremfløte 1 ts vaniljesukker 1 ss sukker 4-5 knuste grove kjeks Rens jordbær, og del dei i bitar. Kutt rabarbraen i bitar. Ha jordbær og rabarbra i ei gryte med ½ dl vatn og sukkeret, og kok opp. La det koke i 5 minutt, til det er mørt.  Rør ut maisenna i 2 ss vatn, og ha det i gryta medan kompotten kokar. Når den har …

Pulled pork – fillegris

 Pulled pork er den nye ”fema”, alle skal grille store stykke av gris på indirekte varme.  Eg kallar det fillegris, eg likar norske namn på ting. Å steike kjøt sakte og på relativt låg temperatur er ikkje nytt, det fine med det er at du får brukt upopulære stykkingsdelar som bog og nakke, og at det vert smakfullt og saftig viss du gjer det rett. Mange insisterer på å bruke grillen til dette, men det blir for komplisert for meg. Det er eit styr med å fylle på kol, passe på at det ikkje brenn ut, at det ikkje vert for varmt og at det ikkje brenn seg. Ein har langt betre kontroll viss ein gjer det i den kjære steikeomnen. Så no får du ei idiotsikker oppskrift som sikrar deg eit perfekt resultat og ein smaksrik middag som eigentleg lagar seg sjølv. Min variant har blitt gnidd inn med sennep og honning, det gir karamellsmak, ein sterk dijon-sennep gir litt sting og det blir ei deilig sjy i botnen som kan kokast inn og …

Kaffefri tiramisu

Italienarane er veldig dyktige til å lage gode dessertar. Ein som alltid står på menyen er Tiramisu, men eg har hatt eit anstrengt forhold til den desserten så lenge eg kan huske. Grunnen til det er at den består av fingerkjeks dynka i kaffe, og eg har aldri lært meg å like kaffe. Men sist vi var i Italia fekk eg den servert dynka i appelsinkaramell, og så lagt lag på lag med jordbær, og det var ei heilt anna oppleving. Så no har eg gjenskapt denne desserten her heime, til stor glede for dei eg bur saman med (og meg sjølv.) Denne desserten vert tradisjonelt laga med mascarpone, ein italiensk ferskost. Eg syns den er litt smaklaus og kjedeleg, så eg har eksperimentert med å lage min eigen ferskost. Denne har eg basert på ein gamaldags seterost som eg har lært av ei matvenninne. Slik gjer du det: Seterost/ferskost 1 liter kefir 1 beger seterrømme Ha seterrømme og kefir i ei gryte, og varm det opp til kokepunktet medan du rører. Når det har …

Per l’Italia!

Ei veke i Italia er godt både for sjela og lekamen. Det er fint å bli kjend med ein annan kultur, og den italienske er trass alt ikkje så fjern for oss, spesielt ikkje når det gjeld mat. Pasta og pizza har blitt norske daglegrettar, og vi har teke i bruk urter som timian, basilikum og oregano som før stort sett var ukjende i vår matkultur. Men det å ete er annleis i Italia enn her. Det er eit heilt rituale, med primi (forrett), pasta, secondi (hovudrett) og dolci som er dessertar. Med fire rettar seier det seg sjølv at kvar rett må bli ganske beskjeden. Eg har lese hissige amerikanarars omtalar av italienske restaurantar der dei rasar over å ha fått servert to tynne skiver kalvefilet til hovudrett. Når ein har vore i USA og sett amerikanske porsjonar så forstår ein at her er det rom for misforståingar. When in Rome, do as the Romans er eit gamalt ordtak, og eg prøver å halde meg til det. Men ofte er eg mett etter forrett …

I Italia!

Min kjære og eg har tilbrakt ei veke i Italia, nærare bestemt i Roma. Her har vi det strålande, og nyt livet. Denne kassa med steinsopp klarte vi ikkje å gå forbi, så då vart det pasta med steinsopp til middag. Pasta med steinsoppsaus 200 g pasta 300 g steinsopp 2 ss smør Litt sitronsaft Nokre skiver aubergine Olivenolje 2 dl kremfløte Salt og peppar Pecorino Skjer auberginen i tynne skiver, og grill dei fort i ei grillpanne med litt olivenolje. Legg dei til side. Rens soppen, og del den i små bitar. Smelt smøret i ei steikepanne, og steik soppen til den er lysebrun og lekker. Ha i meir smør viss det trengst. Ha på litt sitronsaft. Skjer aubergineskivene i strimlar, og ha dei oppi saman med soppen. Slå på fløten, og la det koke eitt par minutt. Smak til med salt og peppar. Kok pasta, og la den renne av. Ha den i ein bolle, og slå sausen over. Server med riven pecorino eller parmesan, og eit godt glas vin.

Vårt daglege brød