Bulghursalat med saltsylta sitronar
I dag har eg laga ein bulgursalat. Den er laga med bakte grønsaker, og ein ganske intens og smakfull krydring som gjer at dette vert eit tilbehør utanom det vanlege. Ulempa er at du teknisk sett ikkje kan lage dette før om ein månad. Det er nemleg så lang tid det tek å lage saltsylta sitronar, som er ein viktig ingrediens i denne retten. Til gjengjeld har du saltsylta sitronar i årevis når du først lagar det, så eg kan ikkje anna enn å tilrå at du tek deg på tak og lagar eit stort glas fullt. Då har du ein aldeles magisk ingrediens i hus som løftar dei fleste middagsrettar til høgder du ikkje visste fantest. Saltsylta sitronar er eit marokkansk fenomen. I Marokko er det standard tilbehør i ein klassisk tagine, denne gryta med geitekjøt og grønsaker som vert bakt i eit stort leirfat med pipe på som vert plassert på eit bål. Men eg brukar saltsylta sitronar i salatar, i dressingar, gryterettar og som her, i ein bulgursalat. Bortsett frå dei saltsylta sitronane …








