All posts filed under: Mat

En foreldrekategori for all mat.

Har du sylta i år?

Ja, eg veit det er tidleg, men likevel: nokre ting må syltast akkurat no. Fenomenet sesong har nesten blitt borte for oss, vi importerer asparges frå Peru heile året, og jordbæra kjem for å gjere oss glade frå Belgia eller kvar det no er til morsdagen. Men ein ting får du kun tak i i månadane frå januar til mars, det er blodappelsin. Finn du ein pose så kjøp han med deg. Du vil ikkje angre. Blodappelsin har ein utruleg intens smak, mykje kraftigare og meir aromatisk enn sin overvektige bror den vanlege appelsinen. Blodappelsinen er mindre, du kan finne steinar i den, og den er altså så lunefull at den berre vitjar oss ei kort periode. Då gjeld det å nytte høvet. Eg er ein forkjempar for sylting året rundt, og når du finn saftige, perfekte blodappelsiner så er den beste måten å ta vare på den på å sylte den. Du får ein sødmefull, aromatisk og lett bitter marmelade som er heilt uovertruffen på brie, på brunost eller på scones med godt smør …

Dei aller beste pannekakene

Pannekaker, det er vel lett? Tja, eg har smakt gode pannekaker, og eg har smakt dårlege. Tjukke, utan salt eller sukker, sviddsteikte utan kjærleik, då blir det ikkje bra. For meg er pannekaker luksus. Ikkje fordi det er så råflott på nokon måte, men fordi eg prøver å passe på kva eg et, og då har eg det for meg at pannekaker ikkje er så bra for meg. Det er sikkert berre tøys, men det fører iallfall til at eg et det ganske sjeldan. Då vert lukka desto større dei få gongane eg lagar det. Denne oppskrifta har eg frå mi eiga notatbok med matoppskrifter, som eg opprinneleg fekk på skulekjøkkenet. Det er den første oppskrifta eg har eit klart minne av å ha laga og skrive ned sjølv. Ei venninne og eg eksperimenterte på kjøkkenet over fleire dagar, og konkluderte med at denne ga den optimale balansen, pannekakene vart passe salte, passe søte og passe tjukke. Den dag i dag slår eg opp når eg skal flotte meg med pannekaker. Og i dag er høvet …

Ein einaste stor bolle

Like visst som at jul og påske kjem rullande, så har vi fastelaven midt imellom. Fasting er det kanskje ikkje så mange som driv med lenger, bortsett frå at fem-to-dietten ga ein slags faste eit oppsving. Men ei triveleg fastelavensfeiring med gode bollar, fargerike ris frå sanitetsdamene og lysare dagar, det høyrer med. Mange seier dei slit med å få gode, luftige bollar. Då har eg berre eit råd å gi: Smør deg med tolmod. Ein feit, søt deig må få god tid på seg til å heve, og det å stresse gjer berre at ting går i ball. Heving kjem an på så mange ting, mjølet, gjæra, temperaturen på væska, temperaturen i rommet, om det er trekk i rommet og mykje meir. Eg blir oppgitt over oppskrifter der det står at deigen skal heve i 30 minutt. Mine deigar har stort sett berre så vidt vakna etter 30 minutt. Dei treng lengre tid, og då vert resultatet bra. I år gjorde eg ein ny vri på bollane, eg lagde ei fastelavenskake! Det var veldig …

Fastelaven! I år igjen!

Ja, tenk det, det blir fastelaven i år og. Eller er det fastelavn det heiter? Det er jammen ikkje godt å seie. Dagen i år er søndag 7. februar, så det er berre å byrje planlegginga av kva type bollar du planlegg å servere. Viss du treng inspirasjon, så kan du sjå på mine fastelavensoppskrifter, som eg har samla på Pinterest. Ha ein fin søndag!

Ein pai med alt det gode

Ein lærer stadig nye ting, sjølv om mykje matlaging går på autopilot når ein har gjort det nokre år. Her i jula lagde vi eit klassisk svensk julbord, sidan vi har feira i huset vårt i Sverige denne jula. Då lagde eg ein västerbottenpaj, med den smaksrike västerbottensosten. Eg lagde paideig etter den oppskrifta eg alltid har brukt, som eg har henta frå Carl Butlers kokbok, som eg fekk seint på åttitalet, trur eg. Eg dro i gang med 150 g smør og 300 g mjøl i matmølla, og køyrde det i hop med litt vatn. Eg kjevla deigen ut, og lagde paien, og alle var nøgde. Deigen som var att då eg hadde kjevla over forma og teke til sides “kantane”, trykte eg i hop, og la i kjøleskapet, eg kan tenke meg at det var ca. 200 g, kanskje. Nokre dagar seinare rydda eg i kjøleskapet, og fann deigklumpen. Eg kjevla og kjevla, og den vart tynnare enn sirupssnippar. Den dekte akkurat forma slik at litt hang utanfor, så eg klipte bort frynsene, men …

Dei siste julegåvene

Desse gode heimelaga gåvene fiksar du i løpet av ein kveld, viss du har gjort innkjøpa på førehand. Kanskje det blir ei gåve til deg sjølv? Gløggekstrakt treng ikkje koste to kroner på lokalbutikken, du kan enkelt lage ditt eige. Med ein raudvinslant som står att etter eit førjulselskap og litt krydder og sitrusfrukter er du godt i gang med ei original og smakfull julegåve. Sjekk i skuffer og skap før du handlar inn, ofte vert slike heile krydder liggande og slenge i skuffene, og å sende dei ut av tida ved å bruke dei i gløggekstrakt gir god meining. Kanskje har du fersk ingefær, eller inntørka ingefær frå eit thaimåltid i grønsaksskuffen, den kan du også gjerne bruke. Skjer den i skiver og kast skivene i gryta. Pomeransskal kjøper eg på apoteket, finn du ikkje det kan du droppe det, eventuelt ha i litt meir appelsinskal. Eg pyntar gåvene med fine lappar, som eg lagar med utstansa papir og påskrift med gullpenn. Bak på lappen kan du skrive korleis gløggekstrakten skal brukast; Varm opp …

Ribberull på norsk

I dag skal eg snakke på Østlandssendingen (slå på radioen kl. 16:30!) om kva ein kan bruke dei rimelege svineribbene vi finn rundt om i butikkane til, og det å lage ein ribberull er både juletradisjon og god økonomi. Ribberull er eit godt pålegg i julehelga, og når ribbene vert selt med rabatt så er det berre å kaste seg utpå. Går du til ein ordentleg slaktar, som eg syns ein bør gjere, kan du be slaktaren beine ut ribba for deg, og du må gjerne bruke ruta ribbe. Det gjer at rullen ser pen ut når den er klar til oppskjering. Eg er ikkje så glad i ferdig krydra ribbe, men den kan sjølvsagt brukast. Då bør du droppe å tilsette salt og peppar i ribberullen. Eit tips for å sikre ein god og kraftig kryddersmak er å kjøpe nytt krydder. Ofte har ein krydderposar liggande i skapet, som vart kjøpt inn i forfjor, eller året før der. Krydder oppbevart i papirposar i ein krøll misser smaken, og gir lite punch. Vil du bruke …

Sitronkake med macadamia-nøtter

Denne kaka vart veldig god, om eg skal seie det sjølv. Og sjølvskryt skal ein som kjent høyre på, for det kjem frå hjarta. Kaka er basert på ei klassisk formkakeoppskrift, som svenskane kallar sockerkaka og engelskmennene kallar pound cake, fordi dei rausaste variantane er laga med like mengder smør, sukker og mjøl. I og på kaka har eg macadamia-nøtter. Eg kjøper dei når eg er i utlandet, eg har enno til gode å sjå dei i norske butikkar. Får du ikkje tak i kan du bruke hasselnøtter som du ristar og gnir skalet av, men eg lovar deg, får du tak i macadamia-nøtter blir dette ein smakseksplosjon. Alle rundt bordet tok to stykke sist eg lagde den, og då var opptil fleire visstnok på slankekur. Men denne kaka avlyser alle slankekurar. Toppingen er ein variant av toscakaketopping, som skal bake med kaka dei siste minutta slik at den karamelliserer seg. Nyt den! Sitronkake med macadamia-nøtter 150 g mjukt smør 200 g sukker 3 egg 1 ts vaniljesukker 200 g mjøl 1 ts bakepulver Skalet …

Tradisjonelt på nytt – kålrulettar med savoykål

Nye råvarer kjem i butikkane, det inspirerer til å lage velkjende klassikarar på nye måtar. Eg elska kålrulettar då eg var lita. Eg syntest eigentleg vi hadde det alt for sjeldan. No lagar eg sjølv mat til min familie, og gløymer at det går an å lage ein klassikar som kålrulettar. Men då eg fann eit stort, saftig savoykålhovud vart eg inspirert. For eg må innrømme det, ein av grunnane til at eg ikkje lagar kålrulettar så ofte er at det er så styrete å få blada av kålhovudet. Men savoykål er ikkje så tettpakka som eit klassisk kålhovud, og er lettare å bruke. Viss du ikkje finn savoykål i din butikk kan du bruke spisskål, den er også lausare og lettare å bruke i denne retten. Det lønner seg å forvelle kålblada fort i kokekrafta før du lagar rulettane, det gjer dei lettare å jobbe med. Viss du ikkje er ein trena kålrullar kan det vere ein fordel å vere to første gongen ein rullar rulettane. Det er litt knotete å knytte tråden rundt …

Mat frå Syria

Flyktningar frå Syria kjem til oss på flukt frå krig og naud. Kva har dei i bagasjen? Mellom sorg og smerte finn du og ein heilt fantastisk matkultur, som det er vel verd å bli kjend med. Syria er arnestaden for det gode kjøkkenet i aust-middelhavet. Her finn du ein eksplosjon av smakar, gode råvarer og ein heilt spesiell måte å krydre og smake til maten på. Finn deg ein syrisk ven, så vil du lære masse om dette, og bli kjent med dette folkeslaget som lever for å ete godt og saman med andre. Syrisk mat har mange kjenneteikn. Bruken av krydder er allereie nemnt, i tillegg er dei flinke til å kombinere frukt eller safta av frukt med kjøt og fisk. Sitrusfrukter i alle variantar set smak på både hovudrettar, tilbehør og dessertar. Kvitløk er eit veldig viktig element, og blir brukt i praktisk talt all salt mat. Nøtter og pinjekjerner er også mykje brukt. Denne dressingen med sitron og kvitløk vert mykje brukt til kyllingrettar og til fisk. Den er ei skikkeleg …

Clafoutis

Franskmennene har mange gode og enkle dessertar, og clafoutis er ein av dei. Eigentleg er det bær eller frukt som får ei slags eksklusiv vaffelrøre helt over seg, og så blir det heile bakt i omnen til det blir gyllent og pent. Clafoutisen er best når den er nysteikt, litt kolna, men framleis lun. Eg serverer den med piska crème fraïche, som eg har smakt til med vaniljesukker og litt melis. Vil du ha ein litt friskare smak kan du også ha i litt sitronsaft eller skalet av ein sitron. Clafoutis 200 g mjøl 1 dl sukker 3 egg 2,5 dl matfløte 1 ts vamiljesukker 300-400 g plommer Melis til dryss Crème fraïche, is eller fløte til servering Bland saman alt det tørre til røra. Pisk raskt saman fløte og egg, og sikt det tørre i røra. Rens plommene, kutt dei i båtar og legg dei i ei eldfast form. Hell røra over, og bak det heile i omnen på 200 grader i ca. 30 minutt. La den kolne litt, før du drysser på melis, …

Klassisk svinesteik med bakte grønsaker

Når det blir mørkare ute blir det desto viktigare å ha det triveleg innandørs. Denne helga har eg gjort det enkelt, eg steiker ei stor svinesteik som vi delar med gode vener. Denne middagen vart nesten berre tillaga i omnen. Det går fint viss du planlegg litt, og har gjort ting klart på førehand. Både hovudretten, tilbehøret og desserten vert gjort ferdig i omnen utan steikeos og gryteoppvask. Svinesteiker kjem ofte i eit nett, men eg er ikkje så glad i det. Eg vil gjerne ha sprø svor, og då blir det berre gris med nettet. Bruk eventuelt eit par rundar med hushaldshyssing, men viss steika er pent skoren treng du ikkje binde den opp. Eg skjer av svora før eg skjer opp kjøtet, og så bryt eg opp svora, og sender den rundt på eit separat fat slik at dei som set pris på slikt kan få nyte den deilige, sprø svora. Du kan gjerne lage kjøtet klart til steiking kvelden før, eller om morgonen før du skal servere det. Å salte svora godt …

Frittata, tortilla, potato, tomato

Då eg posta frittataen med vårløk, bønner og fetaost i går,  vart eg gjort merksam av ein observant lesar at eg blanda saman det spanske og det italienske namnet på denne retten. Lesaren har sjølvsagt heilt rett, og det opprinnelege er etter fattig evne forsøkt korrigert. Men korleis kan ein gå seg så vill? Eg trur ganske enkelt det er fordi eg syns det er så utruleg ulogisk at denne omelettvarianten heiter tortilla. For meg er tortilla ei lefse, som ein pakkar ting inn i. Dessutan var eg i Italia då eg lagde desse deilige rettane, så det spørs om eg ikkje vart litt påverka av akkurat det. Viss eg hadde løfta kameraet litt då eg tok bildet nedanfor så hadde du sett dei toscanske åsane i det fjerne. Så då held vi oss til det italienske, og held fast på frittatanamnet på desse saftige, smakfulle omelettane. Frittata med paprika, kvite bønner og poteter To små eller ein stor paprika 4 fedd kvitløk 1 gul løk 1 ss lys balsamico 400 g poteter Ein boks …

Frittata med vårløk, bønner og fetaost

Skal du mette mange? Då er ein frittata perfekt å servere. Frittata er ganske nær den spanske tortillaen, ein del av det spanske tapas-bordet. Då vil ein typisk få den servert romtemperert, skoren i terningar med ein liten pinne i. Som lunsjrett delar eg den i porsjonsstorleik. Då kan den serverast varm eller lunka. Skal du ha mange til bords kan du supplere med andre klassiske tapasrettar som oliven, manchego, god spekeskinke og ei skål olje med balsamico i. Ein frittata kan varierast på uendeleg mange måtar. Den klassiske er med løk, kvitløk og poteter, men ein kan også ha i kjøtrestar, bakt paprika, ulike typar ost eller bønner. I dag har eg laga to variantar, ein med paprika og poteter, og ein med vårløk, bønner og fetaost. Begge variantane du får oppskrift på i dag er vegetariske, så dei passar også som vegetaralternativ på ein buffé med mange rettar. Frittata med vårløk, bønner og fetaost To små eller ein stor paprika 1 gul løk 1 ss lys balsamico 150 g kokte kvite bønner 400 g kokte …

Saftig sjokoladekake

Det nærmar seg helga, og då er det rom for kaker, iallfall hos meg. Og ei saftig sjokoladekake er aldri feil. Denne mørke sjokoladekaka er så enkel å lage, og så smakar den intenst sjokolade. Og det endå det ikkje er sjokolade i sjølve kaka, berre kakao. Den mørke sjokoladen får vere med i den lekre, glatte kremen som eg har fylt og dekt kaka med. Når du lagar denne kaka må du planlegge litt. Botnane må få kolne i forma, og dei må vere kalde før du legg kaka saman. Sjokoladekremen bør også få stå nokre timar, for at den skal vere god å jobbe med. Så lag kaka dagen før du skal servere den, er mitt beste råd. Du syns kanskje det er rart at kaka ikkje inneheld bakepulver, men det er altså ei tung, mektig sjokoladekake som eigentleg er meir som konfekt enn ei kake. Den vert heva med egga, som skal piskast til eggedosis. Og når kaka har kolna er den ikkje høg og luftig, men mørk og kompakt. Det er akkurat …

Piggsoppomelett

Egg er ei råvare som sopp går veldig godt overeins med. Du kan til dømes lage ein pasta carbonara med sopp i staden for bacon. I dag har eg laga ein omelett med piggsopp, der eg har supplert med vårløk, grøn paprika og urter. Det gjer at omeletten smakar friskt og grønt, sjølv om smørsteikt sopp er ein viktig ingrediens. Etter nokre ublide møte med svidd omelett i ungdommen har eg ein aversjon mot oversteikte omelettar. Difor likar eg omelettar som berre så vidt er stivna. Den kan godt vere som eggerøre, for min del. Likar du din godt steikt så er det berre å vere rausare med varmen. Piggsoppen er ein av dei artane som er lette å bestemme, på grunn av dei karakteristiske piggane. Dei er også grunnen til at eg ikkje brukar piggsopp i mørke sausar. Viss du er uheldig fell piggane av, og det ser ut som om du har kvite åmer i sausen, ikkje spesielt stilig. Men laga til som dette, raskt heilsteikte i smør, og så dryssa over ein …

Kantarellrisotto

No er skogen full av sopp, og du har flotte opplevingar i vente når du veit kva som kan plukkast og kva du bør gå i frå. Hovudregelen når ein plukkar sopp er enkel: Plukk berre sopp du er heilt trygg på er spiseleg. Dei første gongane bør du gå saman med nokon som kan sopp, og finn du ei lokal nyttevekstforening er det å melde seg på eit kurs eller organiserte turar ein god idé. Nokre soppar er veldig enkle å artsbestemme. Eg byrja med traktkantarell, og gjekk vidare til gul kantarell, piggsoppar og steinsopp. Etter kvart kan ein utvide repertoaret, alt etter kva som er lett å finne i ditt område. Ei låg, vid korg er fin å plukke i, og eg har ofte med meg små plastboksar som står i korga for å skilje ulike typar frå kvarandre. Men det går fint å berre plukke i ein isboks og. Ha med ein liten, skarp kniv, noko å tørke med og gjerne ein liten bakepensel eller liknande for å rense undervegs. Det er …

Sprø laks

Fersk laks er noko av det enklaste å lage gode kvardagsmiddagar av. Og når det i tillegg er sunt er det berre å gå i gang. I dag har eg steikt laksen sprø i smør, og så har eg laga ein asiatiskinspirert saus til. Viss du er i søraust-Asia vil du få denne typen saus servert til nudlar, men eg hadde spagetti i skapet, så her vart det ein pastarett. Har du nudlar kan du sjølvsagt bruke det. Når du lagar til laks på denne måten er det berre ein ting du må huske på: Bruk høg varme, og steik den fort. Den skal få farge, men den skal ikkje bli tørrsteikt. Så feittet må vere ordentleg varmt når du har fisketerningane i, rist på panna så alle sidene av laksen vert steikt, og ta opp bitane etter kvart. Eg veit ikkje korleis det er heime hos deg, men hos meg et ungane mykje meir grønsaker når dei er blanda i retten, og det heile er vendt i ein god saus. Serverer eg grønsakene ved sidan …

Syltekurs i Sverige – vil du bli med?

Har du lyst til å bli med meg på syltekurs/matkurs til huset vårt i Sverige helga 18.-20. september? Huset har plass til åtte personar i tillegg til meg, og det beste er om du får med deg nokon du kan tenke deg å dele seng med. 🙂 Du får med deg masse syltetøy og forhåpentleg masse matinspirasjon heim. Send meg ein mail på gunda.djupvik@getmail.no viss dette freistar deg.

Ripskake med salt karamell

Aldri har eg sett rips så seint som i år, det er fordelen med ein sein sommar. Du syns kanskje det er rart eg kallar det ein fordel, men grunnen er enkel: Vi har som regel alltid sein ferie, altså slutten av juli og tidleg i august. Då rekk vi ikkje ripsa. Den kosar fuglane seg med medan vi er bortreiste. Men i år gjorde vi det, og no er frysaren full. Sjølvskryt skal ein høyre på, for det kjem frå hjartet. Av og til lagar eg mat som eg blir lukkeleg av å smake på. Denne ripskaka var slik. Eg tok utgangspunkt i framgangsmåten eg brukar når eg lagar ei sjokoladekake som eg har kalt den raskaste sjokoladekaka. Då er det ikkje eggedosis eller smør og sukker kvitt, eg brukar flytande smør, og rører alle ingrediensane saman på enklaste vis. Så tenkte eg at den må jo kunne brukast som basis for ei lys kake og, sidan eg hadde så mykje rips som burde spisast opp. Det kunne blitt ei ganske normal kake, men …

Ripsgelé til dessert

Det er ikkje berre ripsa som er moden i hagen min, bringebæra er også klar til å plukkast. I skogen fann vi blåbær, og då fann eg ut at å blande alt dette i ein gelé må bli ein deilig frisk og god dessert. Du kan sjølvsagt bruke ein ferdig gelépakke til dette, men eg syns det er artigare å eksperimentere med ulike smakar. Gelé er jo berre stivna saft, så du kan gi den akkurat den smaken du vil. Skal du servere berre til vaksne kan du lage ein deilig vingelé, det er alltid suksess. Rosévingelé med bær i er ein sikker vinnar Men i dag hadde eg barn til bords, og då henta eg fram ei god ripssaft, og lagde gelé med den. Bland safta ganske sterk, det skal jo vere ein dessert. Eg syns det er pent å servere denne geléen i porsjonsglas, det ser så flott ut på bordet. Når du jobbar med dette må glasa litt inn og ut av kjøleskapet for å sikre at ikkje alle bæra berre flotnar opp og legg …

Seinsommargleder – Italiensk brødsalat

Når ein har tilgang til gode råvarer er det berre å leike seg med maten. Eg er så heldig å ha tilgang til mange ulike typar tomatar, og det gjer at eg har fått smake på både gule, mørkebrune, gule, oransje og raude tomatar i alle storleikar og fasongar. I dag har eg laga ein deilig italiensk salat med tomatar, bønner og brød. I Italia vil du finne denne på menyen som «panzanella». Den er veldig enkel, og nydeleg på ein varm seinsommardag. Italienarane er ekspertar på å utnytte det dei har i huset, til dømes gamalt brød, og tomatar. Denne salaten skal du lage når tomatane er veldig modne, like før dei vert blaute. Då er dei aller best, og har ein frisk, søtleg og aromatisk smak. Og så må du finne fram den beste olivenoljen din. Her er det ikkje så mange ingrediensar, så då må dei som er med vere ekstra gode. Husk på å bruke oljen du har, den vert harsk viss den vert ståande på benken og vansmekte. Berre litt brød, …

Sylteboka i nytt opplag!

Samlaget har bestemt seg for å lage eit nytt opplag av sylteboka mi, og no er den ute i butikkane! Det syns eg er veldig stas, spesielt no når NTB kan fastslå at sylting faktisk er trendy. Ikkje berre trendy, men supertrendy! Eg kjenner meg som ein pionér på sylteområdet, faktisk, som kom med boka mi i 2012. Når ferien er over kjem Samlaget og eg tilbake med ein signeringsrunde, der du kan bestille boka hos Samlaget, få den signert av meg, og så tilsendt med fri porto. Boka kostar no 299,-. Blir ikkje det fint?

Heimelaga sylteagurkar

Eg har sylta små agurkar heilt sidan studietida på hybel. Vi budde nær ein fin grønsakshandlar som fekk inn det meste, og då var vegen kort til å lage desse fine agurkane. Akkurat no og ein månad framover er dei i sesong, så då er det berre å kaste seg rundt. Dersom du ikkje finn små agurkar i butikken, så be butikksjefen ta det inn. Det er utruleg enkelt å lage sylteagurkar, og det er ei eiga godkjensle ved å servere dei heimelaga. Sylteagurkar passar til roastbeef, leverpostei og andre patéar. 2 kg agurkar 2 liter vatn 200 g salt Kok opp vatnet med salt. La det kolne. Prikk skalet på agurkane med ein spiss gaffel slik at saltlaken lettare trenger inn og gjev smak, og legg dei i laken i ei gryte. Legg ein tallerken oppå, slik at agurkane er under vatn. La dette stå over natta. Eddiklake: 6 dl 7% eddik 8 dl vatn 400 g sukker 4 ts salt 6-8 dillkroner 2 ss sennepsfrø 1 ss heil kvit pepar Kok opp alt …

Den siste rababraen

I dag var eg ute og henta den siste rarbarbraen eg syns eg med godt samvit kan ete. Det er alltid vemodig, det er eit teikn på at forsommaren definitivt er over, og vi går inn i høgsommaren, som er så alt for kort. Rabarbraen er rik på oksalsyre, eit stoff som gjer at det kan bygge seg opp nyrestein i kroppen, og det vil ein jo helst ikkje ha. Eg har hatt det, og det er ekstremt smertefullt. Det einaste artige ved det var at både eg og bror min vart lagt inn på sjukehus same dag. Begge bedyra vi at ingen andre i familien hadde nyrestein, der vi låg og ynka oss kvar for seg. Oksalsyra aukar i mengde i rabarbraen etter kvart som sommaren vert varmare og vakrare, så etter jonsok sånn omtrent skal ein ikkje ete så mykje rabarbra. Så eg gjekk og henta inn det som var att på min. Det kokte eg eit aldeles deilig syltetøy av, som du også skal få oppskrifta på i dag. Desserten i dag …