All posts filed under: Allergi

Tre middagar i ein

Har du tenkt på kor mykje tid du sparer viss du lagar tre middagar i slengen? Det beste er at du sparer pengar og, så i dag skal eg lære deg eit skikkeleg sunnmøringstriks. Eg tek utgangspunkt i ein kylling eller ei høne. Når eg er i butikken sjekkar eg to ting: halv pris-disken og frysedisken. Finn eg ein landkylling med kjøttfulle lemmer i halv pris-disken så er det ingenting å lure på, den blir med heim. Ein slik kylling kan fort bikke to kilo, og når dei er på halv pris er det mykje mat for pengane. Alternativet er å sjekke frysedisken. Der kan du nemleg vere heldig å finne frosne høns. Dei er ofte ikkje så store, dei ligg og vakar i underkant av ein kilo, men ta med tre stykke. Det tek nemleg ikkje noko meir tid å koke tre enn å koke ei, så då er det berre plassen i gryta som begrensar deg. Kor mange middagar ein får av ein diger kylling eller tre verpehøns varierer sjølvsagt med kor stor …

Dine eigne kjeks

Har du tenkt på at du kan lage dine eigne kjeks? Det er veldig enkelt, og kjeksa blir veldig gode. Det finst masse gode kjeks i butikkane, men av og til er det kjekt å slå til med heimebakte. Desse kjeksa held seg i to-tre veker i tett boks, og smaken på dei kan varierast i det uendelege. Du kan også drysse ting på kjeksa, til dømes flaksalt, paprikapulver eller urter. Då blir det smak både av det du har tilsett i deigen, og av det du drysser oppå. Vinn-vinn! Kjeksa er bakte med litt grovt mjøl, det gjer at dei mettar, og dei har ein god konsistens i munnen. Eg brukar dei når eg skal servere fingermat eller kanapéar, då får du heilt perfekt storleik, og dei toler litt meir av væte enn ”kjøpekjeks”. Eg legg likevel eit salatblad mellom pålegget og kjeksen, då er du sikker på at den ikkje går i oppløysing, og du kan gjere dei klare litt før gjestane kjem. I dag serverte eg kanapéane med rømme, lodderogn og vårløk, …

Sunn vårsnacks – ferske vårrullar

No er butikkane fulle av friske, fine vårgrønsaker, og kva lagar vi då? Ferske vårrullar, sjølvsagt! Ferske vårrullar er passe eksotisk, passe sunt og med deilig frisk, sprø smak. Du kan fylle det med det du har i huset, eller gå bananas i grønsaksbutikken, og finne masse spennande som kan puttast i rispapiret. Utgangspunktet er nemleg asiatisk rispapir. Det er ein enkel deig av rismjøl og vatn, som er tørka til stive flak. Dei skal fort fuktast, og så er dei klare til å bli fylt med gode greier. Dei klassiske vårrullane er friterte, men desse skal spisast usteikte, med tynt snitta fine grønsaker inni. Det som verkeleg løftar dei ferske vårrullane er sausen du dyppar dei i. Eg har laga to ulike, ein som er basert på søt chilisaus, og ein som er basert på hoisinsaus. Enkle greier, altså, men du må ein tur i den eksotiske hylla i butikken, eller innom din næraste eksotiske matbutikk. Der finn du eit enormt utval av sausar, dippar og krydder, og ikkje minst fersk koriander, som er …

Ei saftig tekake

Eg elskar ein god kopp te, og med ei saftig tekake til er det den perfekte trøysta når dagane er mørke og våte. Dette med te og kaffe har vore ei stor greie for meg opp igjennom åra. Kaffe har eg aldri klart å lære meg, eg klarer det ikkje ein gong i kaker. Får eg ein kaffetrukken tiramisu får eg migrene med ein gong, kaffesmaken overveldar meg fullstendig. Eg må alltid sjekke konfektesker nøye, for plutseleg har nokon kome på den geniale idéen å lage ein cappucino-bit, og håra reiser seg på hovudet mitt. Så dei beste selskapa eg inviterer til er teselskap. Då er det liksom ikkje tvil om kva som vert servert, og eg har enno ikkje funne nokon som ikkje orkar å drikke ein kopp te. Til eit teselskap passar det med salt og søt mat, og denne tekaka er perfekt i tillegg til nokre lette smørbrød og lekre sjokoladebitar. Oppskrifta er ein bearbeidd (og forbetra, vil eg seie) versjon av ei eg fann i boka “Afternoon tea” som er utgjeve …

Mine favorittsnurrar

”Det e so snerte”, brukte ei tante av meg å seie når ho hadde funne ein ny og praktisk måte å gjere ting på. Eg syns det er eit svært treffande uttrykk, og elskar alt som er ”snerte”, altså enkelt og lettvint. No når  jula snart står for døra og det tetnar til med julebord, avslutningar, marknader og andre samanstøt av ulikt slag må ein gjere det litt snerte. Då tek eg meg god tid ein søndag, og bakar nokre posar fulle med desse knallgode snurrane. Dei er så enkle å ta i handa når ein spring ut døra, dei går i matpakken, og dei kan til og med vere familiens bidrag til ein klassefest som kom litt brått på. Eg lagar ein slags pizzadeig, og her kan du variere kor grovt mjøl du brukar. Eg brukar ofte ei blanding av kveitemjøl og fint sammale mjøl, det gjer snurrane meir mettande, og gjev litt meir fiber i kosten. På den utkjevla leiven smører eg ein oliventapenade eller ein raud pesto, og snurrar saman til fine, …

Den tapte salaten

Du veit den kjensla, når du får noko som smakar fantastisk, og alt du vil er å smake det igjen? Slik hadde eg det med denne salaten. Eg laga den i sommar, og den vart snyta god, som far min ville sagt det. Då veit ein jo som rutinert matskribent at det er berre å gå og skrive ned oppskrifta med ein gong, men feriekjensla må ha teke meg, for på datamaskinen fann eg ingen spor av oppskrifta. Eg fann eit bilde, men det var det heile. Kva gjer ein då? Ein må berre prøve seg fram, eksperimentere og smake seg fram. Eg har gjort det før, og det blir alltid litt prøving og feiling før ein treff. Men no har eg oppskrifta på plass, og septembersalaten er like god som julisalaten. Så no er det din tur, og eg trur du kjem til å like den like godt som eg gjer. Du kan servere den åleine med godt brød til, eller som tilbehør til fisk eller kylling. Droppar du osten er den til og …

Bringebærkake

No er det bringebær over alt! Ta med eit litermål eller ein liten isboks når du går tur i skogen, du finn garantert nok til å lage denne deilige og friske bringebærkaka. Kaka er naturleg glutenfri, sidan den er laga med potetmjøl. Du kan også lage den med vanleg kveitemjøl viss alle toler gluten, då blir den litt fastare i fisken. Godt smakar den uansett. Bringebærkake 2 egg 1,5 dl sukker 1,5 dl (120 g) potetmjøl eller kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ss vaniljesukker Ei klype salt 100 g smelta smør 250 g bringebær Smelt smøret, og sett det til side. Du kan gjerne la det stå litt slik at det blir litt brunt, det gir berre god smak, så lenge det ikkje blir brent. La det kolne før du har det i kaka. Skill egga. Ha plommene i ein bolle, og kvitene i ein annan. Ha sukkeret i bollen med kvitene. Pisk eggekviter og sukker halvstivt. Ha potetmjøl, bakepulver, vaniljesukker og smelta, avkjølt smør i den andre bollen. Rør dette saman med vispen. Vend …

Linsesalat med koriander og kokosmjølk

Jonas i kantina på jobb brukar å lage ein utruleg god linsesalat med kokosmjølk og koriander, og eg berre elskar den. No har eg eksperimentert meg fram til ein variant som smakar nesten som hans, slik at du og får smake den. Den vart mellom anna servert i bursdagen min, og fleire av gjestane var over seg over smaken, og kom bort ville vite korleis den var laga, så her er mi oppskrift. Salaten er vegansk, og har eit hint av thaismak, med kokosmjølk, lime og chili som sender tankane til søraustasia. Server den åleine med ris, med grilla kylling, eller med ein godt krydra svinefilet og nudlar. Som ein god del av min mat ser den ikkje fantastisk ut, men smaken! Den er veldig bra. Linsesalat med koriander 2 pakkar kokte linser Ein bunt koriander To vårløkar 1 boks kokoskrem eller kokosmjølk 1 ss raud currypaste 1 ts soyasaus Safta av ein halv lime Ei klype chiliflak Evnt salt og peppar La linsene renne av i eit såld. Hakk korianderen, og finsnitt vårløken. Har du kokoskrem, …

Tunfiskrøre

Tunfiskrøre er eit av dei enkle heimelaga pålegga som ein burde lage langt oftare. Den smakar deilig, går fort å lage, og sidan den ikkje ser så spennande ut, så kan du få den litt lekrare ved å pynte med litt urter eller noko anna fargerikt som passar til. Eg har hatt mine største lykkeopplevingar matmessig med tunfisk, så eg er fan uansett. Prøv den som eit bidrag til ein buffé, som søndagsmorgon-pålegg eller i ei smørbrødkake. Den er også perfekt i sandwich når du serverer afternoon tea. Denne er mjølkefri og lav-fodmap viss du brukar berre det grønne på vårløken. Tunfiskrøre 2 boksar tunfisk i vatn 1 dl majones 2 ts sennep To stilkar vårløk Salt og peppar Fersk basilikum til pynt La tunfisken renne godt av. Finhakk vårløken. Bland saman majones, sennep og finhakka vårløk til ei glatt røre. Vend inn tunfisken, og bland alt godt. Smak til med salt og peppar. Pynt med basilikum.

Skagenrøre

I dag har eg laga ein dansk-svensk spesialitet: Skagenrøre. Skagenrøra lagar eg med krepsehalar i lake, supplert med raud og lekker lodderogn. Finn du ikkje krepsehalar kan du bruke reker. Dei du pillar sjølv er dei beste til denne salaten. Skagenrøre passar godt på ein buffé der alle skal finne noko dei likar. Den er mjølkefri og glutenfri, og er eit alternativ for dei som vil spise mindre kjøt. Denne oppskrifta er også low fodmap. Den smakar fortreffeleg på toast, og har du laga ein stor porsjon kan du også bruke den i smörgåstårta, eller smørbrødkake. Skagenrøre 1 dl majones 2 ss finklipt fersk dill 2 ts sitronsaft 1 ts riven pepparrot, gjerne frå tube 50 g raud lodderogn/løyrom 200 g krepsehalar, avrent Salt og peppar Ha majonesen i ei romsleg skål, og ha i dill, sitronsaft, pepparrot og lodderogn. Vend inn krepsehalane. Får du ikkje tak i krepsehalar, kan du bruke rensa reker i staden. Smak til med salt og peppar.

Syrleg fiskesuppe

I dag lagar eg ei deilig fiskesuppe, der eg har prøvd å leite fram den litt gamaldagse syrlege smaken som det var meir vanleg å framheve før i tida. Det var slik mi bestemor laga fiskesuppe, så eg har prøvd å gjenskape den smaken. Suppa er jamna med egg, det er også litt ”gamaldags”, men gir ein veldig fin og glatt tekstur, og passe konsistens på suppa. Denne måten å jamne supper og sausar på er også fin fordi den gir ei glutenfri suppe, for dei som treng det.  I suppa har eg brukt søtpotet og persillerot, saman med purre. Søtpoteten har ein rund og tiltalande smak som passar godt til den syrlege smaken på suppa. Persillerota gir ein krydra aroma som også passar veldig godt. Fiskesuppa er rask å lage, både persillerot og søtpotet kokar fort når dei er kutta i terningar. Du kan bytte ut søtpoteten med gulrot, viss det er det du har i kjøleskapet, og persillerota kan byttast ut med sellerirot eller pastinakk. Viss du har det skikkeleg travelt, kan du bruke …

Urtebakt skrei

  Eg elskar torsk i alle variantar, så no midt i skreisesongen et eg det så ofte eg kan. All skrei er torsk, men ikkje all torsk er skrei, seier dei som kan det. Skreien er torsk som lever i Barentshavet, men som kjem inn til norskekysten for å gyte. For meg er det ikkje så nøye med lever og rogn, men dei store, flotte skreifiletane er fantastiske å lage gode rettar med. Torsken har ikkje så sterk eigensmak, så då er det desto lettare å leike med den ved å tilføre nye, spennande smakar som vert framheva av det milde fiskekjøtet eg likar å bruke urter saman med torsk, og i dag har eg bakt porsjonsstykke med ein urtetopping. I dag blanda eg estragon og bladpersille. Persillen er grøn og frisk, estragon har eit anisaktig drag som er ganske karakteristisk. Det vart veldig godt, og er ein fin match til den søte ertepuréen eg serverte den med. Urtene fekk også vere med i smøret eg serverte torsken saman med. Fiskekjøtet er så magert at …

Seinsommargleder – Italiensk brødsalat

Når ein har tilgang til gode råvarer er det berre å leike seg med maten. Eg er så heldig å ha tilgang til mange ulike typar tomatar, og det gjer at eg har fått smake på både gule, mørkebrune, gule, oransje og raude tomatar i alle storleikar og fasongar. I dag har eg laga ein deilig italiensk salat med tomatar, bønner og brød. I Italia vil du finne denne på menyen som “panzanella”. Den er veldig enkel, og nydeleg på ein varm seinsommardag. Italienarane er ekspertar på å utnytte det dei har i huset, til dømes gamalt brød, og tomatar. Denne salaten skal du lage når tomatane er veldig modne, like før dei vert blaute. Då er dei aller best, og har ein frisk, søtleg og aromatisk smak. Og så må du finne fram den beste olivenoljen din. Her er det ikkje så mange ingrediensar, så då må dei som er med vere ekstra gode. Husk på å bruke oljen du har, den vert harsk viss den vert ståande på benken og vansmekte. Berre litt brød, …

Glutenfri sjokoladekake

I dag har eg laga ei sjokoladekake med Rice Krispies. Den er både glutenfri og mjølkefri viss du brukar mjølkefri sjokolade, og droppar kremtopping. Til dei som toler mjølkeprotein men ikkje laktose kan du bruke laktosefri fløte. Oppskrifta liknar på dei klassiske risbollane som ein får servert til jul, men den er ein million gangar betre med Rice krispies, og ikkje minst litt salt i sjokoladeblandinga. Mmmm! Sjokoladekake med Rice Krispies 250 g delfiafeitt 200 g mørk sjokolade ¼ ts salt 1 egg 2 dl melis 1 l rice Krispies Til pynt: 3 dl kremfløte 2 ts ekte vaniljesukker 2 bananar 100 g hakka nøtter, t.d. peanøtter Smelt delfiafeittet på låg varme. Finhakk sjokoladen, og rør den i feittet. Sett til side så det får kolne litt. Pisk eggedosis av egg, melis og salt. Vend sjokoladeblandinga inn i eggedosisen medan du rører godt. Vend inn rice krispies. Legg eit bakepapir på ei steikeplate eller eit brett, og form sjokoladekaka slik du vil. Sett kaka kaldt til den stivnar. La den kome til romtemperatur før servering, elles …

Iskake med pistasjbotn

No står konfirmasjonane i kø, og kakeborda bugnar. Det frydar eit sunnmørshjarte å sjå eit vakkert og velfylt kakebord. Men kva står det på desse kakeborda? Dei som bakar har sine spesialitetar, den eine har alltid med suksessterte, den andre kvæfjordkake, den tredje er ekspert på bløtkake. Men har nokon spurt konfirmanten? Kva har konfirmanten lyst på? Alle har sine favorittar, så pass på å ta ein prat med den konfirmanten du skal bake til, og spør kva han eller ho likar best. Kakene eg kjem med oppskrift på dei næraste dagane er blitt til etter at eg har konferert med ungdommar i konfirmasjonsalderen rundt meg, og spurt kva deira favorittar er. Iskaka med pistasjbotn kom til fordi konfirmanten eigentleg berre ville ha is, han syntest ikkje det var så nøye med desse kakene. Og så lurte han på om det fantest appelsinis. Då komponerte eg denne kaka, og den fall i smak. Ein bonus er at den er glutenfri. Har du mjølkeallergikarar i huset kan du bytte ut appelsinisen med ein god sorbet. Eg …

Äntligen!

Endeleg er den her, den laktosefrie kremosten frå Tine! I Sverige har dei hatt den lenge, og eg hadde ingen problem då eg skulle lage ein deilig krem av pepparrot og varmrøykt laks, ikkje så ulik den eg fylte i denne smørbrødkaka, til nyttårsmiddagen vår i fjor. Då hadde vi nemleg mi kjære laktoseintolerante venninne med mann som gjestar, og det var lett å lage noko som ho kunne tole med svensk laktosefri ost. No er den altså komt i produksjon i Norge og, etter mykje om og men, og lang ventetid. Så no kan Hilde få laktosefri tiramisu og alt mogeleg anna godt med kremost. Hurra!

Appelsinostekake med mandelbotn

Denne kaka er ein rein nytelse, med den klassiske kombinasjonen av sjokolade og appelsin som eg og mange med meg er utruleg glade i. Men stort sett kjem kombinasjonen i ei sjokoladekake, i dag kjem den i ei ostekake. Appelsinene er på sitt beste akkurat no, så då gjeld det å utnytte den gode smaken no på etterjulsvinteren. Då passar det som hand i hanske å lage denne gode ostekaka med appelsinsmak. Denne kaka er glutenfri. Appelsinostekake med mandelbotn Kakebotn: 5 eggekviter ½ ts salt 1 ts eddik 125 g sukker 1 ss potetmjøl 100 g mandlar 100 g kokesjokolade Ostemasse: 400 g kremost 5 eggeplommer 1 dl kremfløte 125 g sukker 1 ss vaniljesukker 2 ts rive appelsinskal Pynt: 20 g kokesjokolade Halve valnøtter Pisk eggehvitene stive med eddik og salt. Ha i sukkeret litt og litt. Pisk vidare til du har ein stiv og fin marengs. Hakk mandlane i ei matmølle. Dei skal vere ganske finhakka. Knekk sjokoladen i bitar, og hakk den og oppi same bolle. Bland inn ei skei potetmjøl og …

Focaccia med tomat og rosmarin

Vi skal på fest laurdag kveld, det var eg overtydd om. Eg sette ein focacciadeig, og ringte til vertinna for fortalte at eg ville ta den med. Skal eg ta med noko meir? spurte eg. Ups, det viste seg at festen er neste helg! Dermed hadde vi ein stor, deilig focaccia å kose oss med laurdag kveld. Saman med ein lasagne var det heilt perfekt, sjølv om fest hadde vore gøyare. Ein focaccia skal alltid ha noko på toppen. Denne gongen hadde eg restar av ein dressing med soltørka tomatar ståande. Eg sika av tomatane, og fordelte dei over leiven saman med det klassiske focaccia-krydderet, rosmarin. Tomatane var så salte i seg sjølv at eg lot vere å drysse på flaksalt slik eg brukar å gjere. Derimot ringla eg over olje av det gode, jomfruelege slaget. Dette brødet er perfekt til supper, til pasta eller til å momse åleine attåt eit godt glas vin. Slik gjorde eg det: Focaccia med soltørka tomatar og rosmarin 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær …

Heimelaga medisterkaker

Heimelaga medisterkaker er berre noko av det beste, altså. Det går langt utanpå dei du får kjøpt i butikken. Med ei god krydring og med medisterdeig frå den same gode slaktaren som leverer ribba di har du kontroll på kva du set på bordet. Denne porsjonen held til ti-tolv medisterkaker, to til kvar ved bordet, og ei til kvar til nattmat. Husk på at viss du kjøper medisterfarse treng du ikkje spe og krydre den. Den er ferdig spedd frå butikken. Medisterdeigen vert altså til farse undervegs. Medisterdeig som du kjøper skal vere utan salt, vatn og krydder. Det er krydringa som gjer susen med heimelaga medisterkaker. Rå deg gjerne nytt, ferskt krydder i staden for å bruke det som har lege i skapet leeenge, og mist smaken. Eller bruk heil muskatnøtt som du riv, og allehånde som du knusar i mortar. Då blir det skikkeleg smak på medisterkakene. Slik gjer eg det: Medisterkaker 500 g medisterdeig 1 strøken ts salt Eitt egg 2 ss potetmjøl 1/2 dl vatn eller mjølk 1 krm malt allehånde 1 krm …

Graskarsuppe

På oppmoding legg eg ut oppskrifta mi på graskarsuppe. Å kaste innmaten som du grev ut av graskaret for å lage lykt er synd og skam, den massen kan bli til ei deilig suppe. Slik gjer du det: gresskarsuppe Graskarsuppe Ca. 1,5 kg graskarkjøt To løkar 4 fedd kvitløk 1 ss tomatpuré 2 ts spisskummen 1 ts paprika Smør eller olje 1,5 liter vatn Buljong Fire-fem salvieblad Riven muskat Salt, peppar og sukker Finhakk løken og kvitløken. Fres den i smør eller olje i ei vid gryte. Ha i tomatpuré, paprika og spisskummen. Grovhakk graskarkjøtet. Fres nokre minutt før du har i graskarbitane. Slå på vatn og det du måtte ha og like av buljong samt riven muskatnøtt. Hakk salvieblada, og ha dei i. Har du ikkje salvie, så kan du bytte det ut med litt timian. La suppa koke i 20 minutt. Køyr den glatt med stavmiksar før du smakar den til med salt, peppar og ei klype sukker. Server med godt brød og smør til. Brukar du olje i suppa er denne suppa …

Moderne vilt

Urinnstinktet kjem fram i oss når vi får samle og jakte. For min del handlar det mest om samling, men eg har folk i nær familie som også vil jakte, og då dryp det på oss når viltet skal parterast og fordelast. To dugelege stykke reinsdyrkjøt fekk vi ta hand om, og det vart mat til seksten svoltne vaksne og ein liten gjeng med barn i tillegg. No har eg tilpassa oppskriftene til eit alminneleg søndagslag, så du kan gjenta suksessen om du får tak i godt kjøt. Viss du følgjer denne oppskrifta har du mat til iallfall åtte personar. Det moderne ved den er at eg serverer den med ein plommechutney i staden for det klassiske tyttebærsyltetøyet, og at eg smakset sausen med blåmuggost i staden for meir tradisjonelle ingrediensar.  Denne oppskrifta kan brukast både på hjort og elg. Ikkje bruk den på det aller finaste kjøtet, dette kjøtet vert kokt lenge, og alt vert mørt med så lang koketid. Å lage gryte til mange er ei logistisk utfordring, det er eit stort og …

Brokkolisuppe med roquefort

Eg er glad i å bruke blåmuggost som krydder eller smakstilsetting i matrettar. Den har ein fin, feit, salt og fyldig smak. I dag har eg brukt blåmuggosten i ei suppe med brokkoli som hovudingrediens. Denne suppa går fort å lage, og er mettande og god. Server den med kvitløksbrød eller rista brød med litt av den same osten som du har brukt i suppa. Her har eg brukt klassisk roquefort, då blir den mogeleg å ete for dei som ikkje toler kumjølk så godt. Treng du ikkje ta slike omsyn kan du bruke alle typar blåmuggost, dei gode gamle norzola- og normanna-ostane kan også brukast i denne suppa. Slik gjer du det: Brokkolisuppe med roquefort 1 løk 2 store poteter Ein bukett brokkoli, ca. 400 g Olje til steiking 100 g roquefort eller annan blåmuggost 1 liter kraft eller kokande vatn med buljong/fond Skrell og finhakk løken og poteten. Ha dei i ei gryte saman med oljen, og surr det nokre minutt. Slå på kraft, og la det koke til grønsakene er møre. Ha …

Det er i utide trolla skal drepast

Det sa mora til ei venninne av meg når venninna mi og eg gjekk i gang med vidløftige prosjekt seint på kvelden. Av ein eller annan grunn var det då arbeidslysta kom over oss. Eg har det slik framleis. I går kveld, då eg gjekk over plenen heim, sto det ei kasse flotte, mørkeblå plommer og venta på meg. Kven som hadde plassert dei der veit eg ikkje, men eg tilbrakte iallfall eitt par timar med å rense plommer medan eg såg på ein eller annan dameserie. Eg enda opp med ganske nøyaktig 2,5 kg plommer, og fann fram ein kilo sukker og ein og ein halv pose syltepulver. Frå krydderhylla fann eg fram nokre stjerneanis. Min kjære vart sendt i kjellaren etter tomglas, og eg gjekk i gang med syltinga. I strid med alle oppskrifter hadde eg mesteparten av sukkeret i gryta saman med plommene og stjerneanisen, og lot det putre på svak varme medan eg gjorde klar glasa. Eg kokte opp ei stor gryte med vatn, og hadde i pastaglas, sildeglas, tacosausglas og …

Honningloff med oliven

Faktorenes orden er likegyldig, lærte ein mattelærar meg ein gong, så om dette er ein honningloff med oliven eller ein olivenloff (eller eit olivenbrød?) med honning er kanskje likegyldig, det og. Greia er iallfall at denne loffen smakte så godt at eg er plent nøydd til å dele oppskrifta med dokke blogglesarane. Smaken blir nesten litt brioche-aktig, nesten, men ikkje som bollar. Honningen har ein intens søtsmak som gjer at brødet får ein utruleg rik og fyldig smak. I kombinasjon med dei salte olivenane var det ein fulltreffar. Slik gjer du det: Honningloff med oliven 5 dl fingervarmt vatn 1/2 pakke gjær, tørr eller vanleg Mjøl til passe deig 1 ss honning 1 ts salt 2 ts provence-krydder Ein neve svarte oliven utan stein Løys opp gjæra i vatnet i bakebollen, eller ha den i mjølet om det er tørrgjær. Ha i salt, honning og mjøl litt etter litt. Elt inn nok mjøl til at du har fått ein god deig, ikkje for fast og ikkje for laus. La den heve i 40 minutt. Del …

Eit bidrag til bufféen

Ja, det sto det på invitasjonen til klasseavslutninga til tolvåringen. Eg hadde det så travelt at gode råd var dyre. Men eg hadde ei skål med kokte poteter i kjøleskapet, og masse deilige urter i hagen. Dermed vart det ein potetsalat med tre sortar løk, og med vinaigrettedressing. (På bildet ser det ut som ein rømmedressing, men det er ein emulgert vinaigrette. Det er berre litt overeksponert.) Slik gjorde eg det: Potetsalat med tre sortar løk og vinaigrette 6-8 kokte, kalde poteter 6 blad ramsløk Ein lang stilk toppløk eller to stilkar vårløk Ein liten bunt grasløk Dressing: 1 dl kvitvinseddik 2 dl olivenolje 1 ts honning 1/2 ts salt Nykverna peppar Nokre duskar kruspersille Ei eggekvite Skrell potetene, og kutt dei i terningar. Legg dei i ei skål. Kutt opp løken, og ha den i skåla. Hald unna litt grasløk til pynt. Ha alle ingrediensane til vinaigretten i ein høg, smal bolle, unntatt eggekvita. Køyr dei glatte med ein stavmiksar. Ha i eggekvita til slutt, og køyr stavmiksaren litt til slik at det vert …