Ovnsbakt kylling med paprikasaus
Heile, store kyllingar kan ein få kjøpt ganske billig rundt omkring. Når dei har ei vekt på 1,4-1,5 kg er det akkurat passe med mat til fire personar. Ein slik vart med heim i går, og fekk ein tur i omnen før den kom på bordet. Eg kokte kraft på skroget. Den brukar eg både i sausen, og det som blir til overs sparer eg og brukar i ei suppe eller i ein saus ein annan dag. Slik gjorde eg det: Ovnsbakt kylling med paprikasaus Ein kylling, ca. 1,5 kg Fem raude løkar To paprika 2 stilkar stangselleri Litt purre om du har 1 ts pepparkorn 1 ts smør 1 ts paprika, mild type Vatn, salt, peppar og timian 3 ss creme fraiche Set steikeomnen på 200 grader. Del opp kyllingen. Skjer filetane av skroget, og del dei og låra i to. Skjer av vingane. Ha skroget og anna avskjer i ei gryte. Slå over vatn, ha i ein raud løk som du har delt i båtar, oppkutta stangselleri og purre, og la det koke …