All posts filed under: Middag

Pizza i svingane

Sjølv om jula nærmar seg så treng ein normal laurdagsmat likevel, ikkje sant? I kveld vert det pizzasnurrar på bordet her hos oss, det er enkel og lettvint laurdagsmat. Eg set ofte pizzadeigen i brødbakemaskina, då står den og passar seg sjølv, og eg slepp å tenke meir på den før det pip og den er ferdig heva. Men viss du ikkje har brødbakemaskin kan du gjere det slik: Pizzasnurrar (12 stk) 2,5 dl lunka vatn 2 ss olivenolje 1 ts salt Mjøl til passe deig 1 ts tørrgjær 100 g bacon 1 ts tørka oregano 2 fedd kvitløk 2 ss grøn pesto Ein halv løk 200 g riven ost Ha vatnet, oljen og salt i bakebollen. Elt inn tørrgjæra saman med mjøl til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 30 minutt. Elt deigen saman att, og kjevl den ut til eit stort rektangel. Steik bacon på relativt høg varme i ei steikepanne. Press i kvitløken, og ha i oregano. Sett …

Lørdagspizza

Nei, eg har ikkje skifta målføre, men eg vart inspirert av ein gamal reklamesong eg høyrde her om dagen. I går var det pizzakveld her hos oss, og eg lagde to variantar, som vanleg. Den «barnslege» skriv eg ikkje så mykje om, den var med tomatsaus, bresaola (italiensk speka oksekjøt) og litt grønsaker som vårløk og squash. Vaksenpizzaen var ein variant av kvit pizza, sjølv om den eigentleg heller såg grøn ut då eg var ferdig. Eg brukte krydra rømme som saus, og så hadde eg på squash, soltørka tomatar, pesto og bresaola. Vi tok med oss eit dugeleg stykke frå Italia, og no har eg skore det i tynne skiver for å bruke som pålegg, i pizza og til andre gode greier. Vil du ha pizzaen vegetarisk droppar du berre kjøtet. Den er deilig og smakfull sjølv utan det. Slik gjorde eg det: Kvit pizza med bresaola og pesto Pizzabotn til to pizzzaer: 4 dl vatn, lunka 1 ts tørrgjær ca. 8 dl kveitemjøl 1 ts salt 2 ss olivenolje Ha vatnet i ein …

Nesten-sunn mac «n» cheese

Eg har skrive om mac «n» cheese før, denne amerikanske makaronigratengen som kan varierast i det vide og det breie. I går lagde eg ein semi-sunn versjon, ved at eg putta brokkoli i gratengen. Gratengen serverte eg som tilbehør til kyllingkarbonader. Dei har eg lært å lage av bror min, og oppskrifta finn du her. I gratengen kan du putte dei grønsakene du har og likar, berre tilpass koketida til det du vil ha oppi. Eg har brukt cheddar i, men du kan bruke andre smaksrike ostar, som gruyere, jarlsberg eller liknande. Mac «n» cheese-grateng med brokkoli 3 ss smør 2 ss mjøl 6 dl mjølk 150 g cheddar Salt, peppar og muskat 400 g brokkoli 200 g makaroni Strøkavring/griljermjøl Set omnen på 220 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør i mjølet. Spe med mjølk og rør godt til sausen er jamn og klumpefri. La den koke opp og putre i 6-8 minutt for å koke bort mjølsmaken. Smak til med salt, peppar og riven muskatnøtt. Rør inn osten til slutt. Etter …

Italiensk fastfood

Vi trengte ein kjapp middag. Ein lang dag med besøk i vatikanet, Peterskyrkja og eit kjøpesenter som eigentleg var skuffande (men ein finn jo alltids noko) var nesten omme. Eg fekk med meg panchetta, som har blitt ein basisingrediens i kostholdet oss her nede. Så gjekk eg innom egyptaren som driv grønsaksutsal på nedsida av nabogata vår. Han har to kasser i butikken som er veldig smarte. Den eine er full av ferdig rensa og oppkutta salat, den andre er full av suppegrønsaker. Eg tok med meg ein pose av dei i tillegg til ein pakke gnocchini frå Sardinia og ei flaske passata. Kva var det i blandinga? Ja, heilt sikker kan eg ikkje vere. Men det eg klarte å identifisere var gulrot, selleri, bladpersille, blomkål, romanescokål (den grøne som liknar på blomkål, men som har spisse bukettar), grønnkål, raude og kvitstripete ferske bønner og litt raudkål. Vil du lage denne suppa så hakkar du det du har og det du finn i butikken, slik at du får ei passe fin blanding med variert tekstur …

Pasta alla Fabricio

Vi har fått ein ny venn. Han heiter Fabricio, og er den einaste i kjøttdisken i vår vesle lokale supermarknad som kan nokre få ord engelsk. Eg blir stadig like overraska og glad over kor lite som skal til for at ein skal klare å ha ein meiningsfull dialog med italienarar. I dag dro vi inn til Colosseum, og vart overraska av eit heidundrande regnver. Menn som selde paraplyar gjorde gode pengar, og vi prøvde så godt vi kunne å la dei medbrakte tynne sykkeljakkene våre halde regnet ute. Det var fåfengt. Colosseum er fint, men kaotisk lagt opp, trass i at det er ein pengemaskin. Informasjonen er ustrukturert og dårleg. Vi leigde audioguidar, men vi fann aldri heilt ut når vi skulle trykke på kva knappar og kva som var nord, sør, aust og vest. Etter at vi hadde betalt for audioguidane fekk vi vite at vi måtte leige nye for Forum Romanum og Palatinerhøgda, trass i at all informasjonen låg inne i dei vi opprinneleg leigde. Slikt provoserer ein sunnmøring, og spesielt to. …

Kjærleiken brenn

-fast på ett bra sätt, som svenskane seier. I går spiste vi brennande kjærleik til middag, det er alltid godt. Ein god, heimelaga potetmos med ei grønsaksrøre med skinke på er min brennande kjærleik. Denne røra bar preg av at ting i kjøleskapet måtte spisast opp. Når du les dette sit vi nemleg på flyet til Roma, og skal vere der  ei veke på vaksenferie. Macen er med, så eg kjem til å kome med stemningsrapportar frå den evige staden. Men først, slik lagde eg brennande kjærleik: Brennande kjærleik 2 raude løkar 2 gulrøtter Ein paprika 150 g skinke i strimlar Smør/olje til steiking Ein kvist timian 1/2 dl vatn Salt og peppar Tyttebær, rørte eller «single» Skrell grønsakene og kutt dei i bitar. Varm opp ei steikepanne, og fres løken blank. Slå på vatnet. Ha i gulrotbitane, og la dei surre i nokre minutt til dei er møre. Ha i paprikabitane, og dryss over timian. Ha i skinka, og fres det heile til skinka og paprikaen er gjennomvarm. Smak til med salt og peppar. …

Lakseterte

Eg hadde masse fine damer med nokre medfølgande fine menn på selskap for nokre veker sidan. Då serverte eg ei lakseterte, og no har eg blitt utfordra til å hoste opp ei oppskrift. Det er ikkje så lett når ein ikkje tok notatar medan ein heldt på, men eg skal prøve. Lakseterta vart iallfall veldig god, og den holdt seg i fire dagar i kjøleskapet, då var den spist opp. Dette er ein fin rett å servere på eit koldtbord eller ein buffé. Skal du ha skalldyrbord, men er uroleg for at ikkje alle vil ha skalldyr, kan denne terta passe godt som alternativ. Eg serverte den med rømme smakt til med litt urtesalt, men det er eigentleg unødvendig. Viss du vil kan du også vende inn lakserogn eller løyrom, eller du kan pynte den med det. Lakseterte 200 g knekkebrød, grov type 75 g smør 400 g kremost, naturell 400 g røykelaks 3 dl lettrømme 8 plater gelatin Ein bunt dill Ein bunt grasløk Ein liten, gul løk To eggekviter Salt og peppar Knus …

Meir gjenbruk

Middagen du fekk oppskrift på i går vart suksess, men sjølv om alle likte den godt så sat eg att med tre fiskebitar då eg rydda av bordet. Dermed vart det nok til ein gjenbruksmiddag for to. Det er vel å ta i å kalle dette ein fiskegrateng, det er vel heller gratinerte middagsrestar. Men godt vart det, så eg postar det likevel. Eg putta potetene og grønsakene i forma, så du treng ikkje koke noko ekstra til. Oppvask spart! Slik gjorde eg det: Gratinerte middagsrestar ca. 300 g restefisk ca. 1 dl «restesky» 8-10 kokte asparges 5 poteter 1 purre 2 ss smør 2 ss mjøl 4 dl mjølk 3 ss persille Salt, peppar og sitronsaft Set steikeovnen på 200 grader. Del potetene i skiver, og fordel dei i botnen av forma. Del fisken i bitar, og fordel den oppå potetene. Del aspargesane i relativt korte bitar, og ha dei i forma. Rens og skyll purren, og fordel den utover i forma. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og rør til det …

Persillebakt sei

Eg klarer ikkje alltid å variere seimiddagane våre. Vi har fast forsyning så ofte som vi vil frå Sunnmøre, så tilflyten er det ingenting å seie noko på. Men når eg lagar det til blir det fort til seibiff. Det er godt, men nye vriar er også velkomne. I går lagde vi ei form med sei som vart veldig god. Eg var ute i hagen og fann noko som kanskje blir den siste persillen for i år, og så køyrde eg den i matmølle med heimelaga urtesalt og smør. Seien vart bakt med dette persillesmøret som topping, og med purre og kvitvin i forma. Slik gjorde eg det: Persillebakt sei 700 g sei 4 ss meierismør Eit knippe persille 1 ts urtesalt Ein purre 1,dl kvitvin Salt og peppar Sett omnen på 200 grader. Skjer filetane i porsjonsstykke, og legg dei i forma. Ha på salt og peppar. Klipp persillen oppi ein liten hakkebolle, og ha i smør og urtesaltet. Køyr dette glatt. Fordel persillesmøret over filetane. Rens og kutt purren i tynne skiver, og …

Graskarsuppe

På oppmoding legg eg ut oppskrifta mi på graskarsuppe. Å kaste innmaten som du grev ut av graskaret for å lage lykt er synd og skam, den massen kan bli til ei deilig suppe. Slik gjer du det: gresskarsuppe Graskarsuppe Ca. 1,5 kg graskarkjøt To løkar 4 fedd kvitløk 1 ss tomatpuré 2 ts spisskummen 1 ts paprika Smør eller olje 1,5 liter vatn Buljong Fire-fem salvieblad Riven muskat Salt, peppar og sukker Finhakk løken og kvitløken. Fres den i smør eller olje i ei vid gryte. Ha i tomatpuré, paprika og spisskummen. Grovhakk graskarkjøtet. Fres nokre minutt før du har i graskarbitane. Slå på vatn og det du måtte ha og like av buljong samt riven muskatnøtt. Hakk salvieblada, og ha dei i. Har du ikkje salvie, så kan du bytte det ut med litt timian. La suppa koke i 20 minutt. Køyr den glatt med stavmiksar før du smakar den til med salt, peppar og ei klype sukker. Server med godt brød og smør til. Brukar du olje i suppa er denne suppa …

Moderne vilt

Urinnstinktet kjem fram i oss når vi får samle og jakte. For min del handlar det mest om samling, men eg har folk i nær familie som også vil jakte, og då dryp det på oss når viltet skal parterast og fordelast. To dugelege stykke reinsdyrkjøt fekk vi ta hand om, og det vart mat til seksten svoltne vaksne og ein liten gjeng med barn i tillegg. No har eg tilpassa oppskriftene til eit alminneleg søndagslag, så du kan gjenta suksessen om du får tak i godt kjøt. Viss du følgjer denne oppskrifta har du mat til iallfall åtte personar. Det moderne ved den er at eg serverer den med ein plommechutney i staden for det klassiske tyttebærsyltetøyet, og at eg smakset sausen med blåmuggost i staden for meir tradisjonelle ingrediensar.  Denne oppskrifta kan brukast både på hjort og elg. Ikkje bruk den på det aller finaste kjøtet, dette kjøtet vert kokt lenge, og alt vert mørt med så lang koketid. Å lage gryte til mange er ei logistisk utfordring, det er eit stort og …

Brokkolisuppe med roquefort

Eg er glad i å bruke blåmuggost som krydder eller smakstilsetting i matrettar. Den har ein fin, feit, salt og fyldig smak. I dag har eg brukt blåmuggosten i ei suppe med brokkoli som hovudingrediens. Denne suppa går fort å lage, og er mettande og god. Server den med kvitløksbrød eller rista brød med litt av den same osten som du har brukt i suppa. Her har eg brukt klassisk roquefort, då blir den mogeleg å ete for dei som ikkje toler kumjølk så godt. Treng du ikkje ta slike omsyn kan du bruke alle typar blåmuggost, dei gode gamle norzola- og normanna-ostane kan også brukast i denne suppa. Slik gjer du det: Brokkolisuppe med roquefort 1 løk 2 store poteter Ein bukett brokkoli, ca. 400 g Olje til steiking 100 g roquefort eller annan blåmuggost 1 liter kraft eller kokande vatn med buljong/fond Skrell og finhakk løken og poteten. Ha dei i ei gryte saman med oljen, og surr det nokre minutt. Slå på kraft, og la det koke til grønsakene er møre. Ha …

Skinkepai med raud pesto

Denne enkle skinkepaien er ein sikker vinnar til ein vennelunsj, til ein buffet eller som kveldskos ein laurdag når verken pizza eller taco står på menyen. Eg brukte raud løk og paprika i min, i tillegg til skinke. Skinka kan byttast ut med laks eller røykt makrell. Grønsakene kan også varierast etter kva du har i kjøleskapet. Eg har testa ut ulike variantar av paiskal, med smør, margarin og med kesam i deigen. Eg har kome til at deigen med margarin er lettast å kjevle ut. Eg veit at mange har store motforestillingar mot margarin, men til paiskal fungerer det altså strålande. Den raude pestoen som eg hadde på toppen gir ein god tomatsmak, og passar perfekt med ostemassen og grønsakene. Raud pesto kan du kjøpe på glas, eller lage sjølv, slik eg har gjort. Rekk du ikkje å lage den, eller ikkje får tak i raud pesto i butikken, så er paien god utan og. Raud pesto 200 g tørre soltørka tomatar 100 g parmesan 100 g pinjekjerner Olivenolje Legg tomatane i bløyt i …

Superenkel kylling

Av og til er det enklaste det beste. Kjære kom heim frå ferie, og over plenen med fersk pasta og kyllingfilet under armen. Eg hadde pesto og litt kvitvin. Ja, og så timian. Det var alt som skulle til. Slik gjorde vi det: Kylling med pasta og pesto To-tre kyllingfiletar 250 g fersk pasta 3 ss pesto 3 ss kvitvin Matolje til steiking Timian Sukker, salt og peppar Varm opp matolje i ei steikepanne. Legg i kyllingfiletane, og la dei bli pent brune på eine sida. Snu dei, og ha på salt, peppar og timian. La dei bli pent brune på andre sida og. Slå på litt kvitvin, og la det stå og trekke nokre minutt, til filetane er ferdige. Det kjenner du ved å trykke på dei, dei skal vere passe faste. Er dei for blaute i fisken er dei framleis rå. Kok pastaen i godt salta vatn. Ha den i ein bolle, og slå på litt olivenolje. Rør rundt. Ha i pesto og skya frå kyllingen. Rør rundt, og fordel på to varme …

Søndagsmat

Frikassé er klassisk haustsøndagsmat for meg, nydeleg kokt kjøt i ein sursøt saus og raust med grønsaker som er på sitt beste akkurat no. Frikassé kan lagast med storfekjøt, sauekjøt eller kylling/høne, og denne gongen lagde eg den på ein stor kylling frå Prior. Dei har store ferske kyllingar som er perfekte til frikassé. Høns er nesten ikkje råd å få tak i lenger. Denne porsjonen er til fire svoltne personar. Slik gjorde eg det: Hønsefrikassé  1 stor kylling, ca. 1200 gram 1 gulrot Ein gul løk Det grøne av ein purre 2 ts heil peppar 2 laurbærblad Saus: 1,5 liter hønsekraft 1 dl avkjølt kraft 2 ss mjøl 2 ss kvit eddik 1 ss sukker Salt og peppar 4 gulrøtter Ein purre To pastinakkar eller persillerøtter Skyll kyllingen godt, og ha den i ei gryta saman med ei gulrot, ein løk, purreavskjer, peppar og laurbærblad. Kok opp og skum av. La dette trekke i ca. 40 minutt. Legg kyllingen på eit fat til kolning, og sil krafta. Kast grønsakene frå kraftkokinga. Ta til side …

Kylling med eplesaus

Eg fann nokre flotte, økologiske kyllingbryst i butikken her om dagen, som fekk vere med heim. Det enklaste er ofte det beste, og desse kyllingbrysta fekk ganske enkelt salt og peppar på seg, og så nokre minutt med skinnsida ned og nokre minutt på «vranga». Så kvilte dei medan eg ordna grønsakene og sausen. Sausen er av også av det enkle slaget, inspirert av kollegaen min, som har eit enormt aroma-epletre i hagen. Han tek med bæreposar med gode eple på jobb, og vi eplehagelause får ta med heim så mykje vi treng. Eg reiv eplet, blanda det med litt sitronsaft og finhakka løk, og blanda det heile i 50/50 kremost naturell og lettrømme. Grønsakene er snitta i julienne-stil. Slik gjorde eg det: Kylling med eplesaus 150 g kyllingbryst per person Smør til steiking Salt og peppar Eplesaus: Eit stort aromaeple Ein halv løk eller ein sjalottløk om du har 4 ss kremost naturell 4 ss lettrømme eller kesam 2 ts sitronsaft 1 ts honning Salt og peppar Grønsaker: To gulrøtter To pastinakkar Ein raud …

Grøderik haust

Eg samlar framleis av haustens grøde. I dag er det grøne bønner som får vere med på kjøkkenet. Eg har laga ein grateng med grøne bønner som kan vere både tilbehør og hovudrett, og den kan også vere vegetarisk. Eg krydrar den mildt, men har hatt i litt grilla paprika for å gje den ein fyldigare smak. Når paprikaen vert grilla forsvinn den ”grøne” smaken av fersk paprika, og den får ein søtleg, røykt smak. Det fine med ein grateng er at den kombinerer saus og tilbehør. Færre ting på bordet, ganske enkelt. Med skinke eller til dømes røykelaks i blir den mettande og god, med alt i ei form. I vegetarisk versjon er den ein fin hovudrett, eller eit festtilbehør til steikt kjøt eller fisk. Eg fann ferske grøne bønner, det har dei i butikkane rundt omkring no på hausten. Seinare kan du lage denne gratengen med frosne bønner, det går like fint. Slik gjorde eg det: Grateng med (skinke og) grøne bønner  400 g grøne bønner, helst ferske (150 g skinke i strimlar …

Ei enkel haustgryte

Eg lagde desse ostefylte sjampinjongane her om dagen. Dei hadde eg som tilbehør til ei enkel haustgryte med paprika, løk og saus med kremost. I kjøleskapet sto det noko kremost som holdt på å gå ut på dato, og då var utfordringa å bruke den opp i tide. Halvparten av osten vart fyll i dei store sjampinjongane, resten vart brukt som jamning i gryta eg lagde. Som krydder i gryta brukte eg soppmjøl. Det fungerer fint med barna mine, som ikkje har noko imot smaken av sopp, men dei vert kvalme av konsistensen. For å lage soppmjøl legg eg rensa traktkantarellar på eit bakepapir på steikebrettet. Så set eg brettet i omnen på 40 grader med varmluft på. I omnsdøra set eg ei sleiv, slik at fukta slepp ut av omnen.  Slik får det stå over natta, og dagen etter har eg knusktørre traktkantarellar. Dei har minska betrakteleg i storleik, men er fulle av deilig smak. Du kan oppbevare soppane slik, men eg brukar alltid å køyre ein del av porsjonen i matmølla til det …

Kvit bacalao

Eg fekk servert kvit bacalao ein gong, og etter det har eg med ujamne mellomrom tenkt at det må eg lage igjen.  Tradisjonell bacalao er med tomatsaus, men denne gongen skal det altså ikkje vere tomatar i gryta. Eg baserer min saus på fløte, men den kan også lagast med ein klassisk bechamel. Mange bakar kvit bacalao i omnen, då vert den meir som ein grateng.  Den varianten eg lagar i dag er bacalao fresco, som er bacalao med fersk eller lettsalta fisk. Bacalao med klippfisk skal gjerne koke lenge, klippfisken toler det. Bacalao med fersk fisk kan naturleg nok ikkje koke så lenge, fisken vert gjennomkokt på nokre få minutt. Min kokte litt for lenge, men smakar knallgodt for det.  Sjølv om denne bacalaoen er kvit og fersk skal det likevel vere litt punch i smaken. Det oppnår eg med ei klype cayennepeppar og litt røykt paprika. Røykt paprika kan du få kjøpt i krydderbutikkar på nettet, i spesialforretningar og i utlandet. Eg kjøper alltid med meg krydder heim som suvenirar, så difor har …

Ostefylt sjampinjong

Eg likar dei store soppane. Det er lettast å finne på morsomme ting med dei. I går fann eg fire store aromasoppar i butikken, og dei fekk bli med heim. Mi erfaring er at sopp som blir bakt som dei er fort får ei litt seig overflate. Difor pensla eg soppane med olje. Så fylte eg dei med ein ostekrem, og bakte dei til dei hadde fått fin farge. Denne bakte soppen er eit fint tilbehør til både fisk og kjøt, og dessutan eit godt vegetarisk alternativ på ein buffé. Finn du ikkje aromasopp kan du bruke vanleg sjampinjong. Slik gjorde eg det: Ostefylt sjampinjong Fire store sjampinjongar, aroma eller vanleg 2 ss olje til pensling 4 ss kremost, naturell 2 ts dijonsennep 1 ts tørka eller 1 ss frisk timian Set steikeomnen på 180 grader og varmluft eller 200 grader utan varmluft. Kna saman ost, sennep og timian til ein mjuk krem. Pensle soppane med olje på utsida, og legg dei i eit eldfast fat. Vri ut stilken, den kan du bruke i ei …

Pasta med pestomarinert kylling og squash

Mange har for mykje squash for tida, og den er ikkje så lett å oppbevare eller konservere. Difor er oppskrifter med  squash populært blant hagefolket. Eg lagde ein god og enkel pastarett med squash i går, der eg brukte kylling, pesto og litt vårløk. Eg marinerte kyllingfileten i pesto medan eg gjorde klar dei andre grønsakene, og så fekk den ein rask tur i steikepanna for å bli gjennomsteikt. Dette er eit godt døme på at ein kjøtporsjon som kan vere snau dersom ein lagar kjøtet til på tradisjonell måte, vert akkurat passe når ein lagar det til på ein annan måte, med anna tilbehør. Normalt ville eg berekna tre kyllingfiletar til to vaksne, med mindre eg hadde eit veldig mettande tilbehør. Men her er det meir enn nok med to filetar til to personar. Eg brukte fersk pasta, men det blir like godt med tørr pasta. Sausen er basert på vin og kremost. Kremosten kan byttast ut med kokefast rømme, som sæterrømme eller creme fraiche, eller med fløte. Vinen kan byttast ut med litt …

Haustetid

No bugnar butikkar og torg av deilige, norske grønsaker. Eg er ikkje ein av nasjonalromantikarane som insisterer på at alt norsk er best, men nyhausta grønsaker er knallgodt uansett kvar ein er. I dag har eg laga ein haustpai med det eg fann på torget. Eg tok med ein pastinakk, ein fenikkel og ein pose fersk sopp, i tillegg til ein bunt løk. Med enkle middel fekk eg til ein knallgod pai som kan brukast åleine eller som tilbehør. Eg lagde den til meg sjølv opprinneleg, men dagen der på serverte eg den med røykalaks og urterømme, og det vart stor suksess. Som alle paiar er denne perfekt på eit koldtbord. Dei som er vegetarianarar slit ofte med å finne noko dei kan spise på bufféar, med denne har du laga eit godt alternativ for dei og. Paideigen min har eg frå Carl Butler, det er ingen grunn til å finne opp hjulet på nytt. Den er smidig og fin å jobbe med, og eg lagar den lynkjapt i matmølla. La den kvile før du kjevlar …

Gratinerte pannekaker

Pannekaker er ein omstridd middag i vår familie, tolvåringen vil gjerne sleppe å få det servert. I går foreslo eg å lage gratinerte pannekaker, men han  var framleis skeptisk. Stol på meg, sa eg, og gjekk i gang. Eg lagde ein stuing med sopp og kjøttdeig som eg krydra godt, og rørte inn nokre skeier kremost til slutt. Det kan du erstatte med rømme eller fløte. Det gir ein god, kremete stuing som er perfekt å fylle i desse pannekakene.  Eg lagde dei med sukker i sjølv om dei skulle brukast til middag. Eg likar kombinasjonen av søtt og salt, så salt stuing i søte pannekaker er etter min smak. I denne stuingen kan du putte alle slags sopp, den er perfekt til blandingssopp viss du har vore på sopptur. Slik gjorde eg det: Kjøtt- og soppstuing 400 g kjøtdeig 300 g sopp Ein stor løk Smør/olje til steiking 2 dl kvitvin eller 2 dl buljong 4 ss tomatpuré 1 ts timian Sukker, salt og peppar 4 ss naturell kremost, rømme eller fløte Ost til …

Pasta carbonara

Pasta Carbonara er ein enkel rett, men det krev litt handlag å kontrollere temperaturen i panna når du lagar det. Trikset er at egga er med på å tjukne sausen, men vert det for varmt vert sausen klumpete på grunn av at egget koagulerer, og det er ikkje så stilig. På grunn av dette bør gjestane vente på middagen, og ikkje omvendt. Denne retten er ikkje noko særleg å varme opp att som restemiddag, men nylaga er det noko med det beste eg får. Pasta carbonara er fin å lage viss du har lagd noko som krev eggekviter, då har du eggeplommer til overs, og det passar strålande til pasta carbonara. Vi lagar det alltid når eg bakar plettar til jul, då står eg der plutseleg med seks eggeplommer for mykje. Kolesterolbombe, ville vel ein lege kalle den middagen. Første gongen ei av kusinene mine fekk dette til middag sukka ho og sa: Eg visste ikkje at det fantest så god mat! Mange hevdar at det ikkje er pasta carbonara når det er fløte i …

På andre sida av plenen

I oktober 2009 drog eg til Paris for å lukte på parfymer og kose meg. Gjennom boligbytte.no kom eg i kontakt med ein journalist som var bortreist i den perioden eg ville vere i Paris, og som derfor ville låne meg husværet sitt. Så eg koste meg i hans ungkarshusvære i fem dagar. Denne sommaren har eg tilbode han gjengjeld, og han kom i går kveld saman med ein kamerat. Så vi har midlertidig flytta ut og over plenen til kjære Ovedia. Ho er heime åleine, og har ledig gutterom på loftet der vi får bu. No har vi fine middagar i hagen, med caprese-salat, grilla kylling, aioli og rista landbrød. Lykka er å ha gode vener! Caprese a’la Ovedia 400 g søte cherrytomatar Ein raud løk Ein kinesisk kvitløk To ballar bøffelmozarella Ein neve basilikumblad Ein raud chili Sitronsaft Olivenolje Salt og peppar Rens løk og kvitløk, og kutt dei i små bitar. Del chilien i to, og fjern frøa. Hakk den relativt fint, og bland med løk på eit vidt fat. Skjer tomatane …