All posts filed under: Billig mat

Coronamat – skaff deg oversikt!

Ambisjonen min dei næraste vekene er å kome med tips og oppskrifter til mat som er fin å lage no når vi alle skal vere innomhus, eller iallfall mest mogeleg for oss sjølve. Normalt byrjar mange med å gå i butikken når dei skal lage mat til familien sin. Butikken på hjørnet har blitt kjøleskapet vårt. Når du skal lage mat i ein slik situasjon som vi er i no, så er det viktigaste å finne ut kva du faktisk har frå før, enten i skap, kjøleskap eller i frysaren. Eg har lenge hatt eit “spise-ut-av-frysaren”-prosjekt, men likevel er det masse greier der som bør spisast så fort som råd er. Då er dette ein gyllen sjanse til å sjekke kva du har der. Viss du finn tørre bønner, gryn og andre typer ingrediensar som du sjeldan tek deg tid til å bruke, så er det greit å huske på at no har du kanskje for første gong på lenge god tid! Det gjer ingenting at kikerter må stå i bløyt i åtte timar, og …

God mat i Coronaens tid

Folk hamstrar. Og det dei hamstrar er joikakaker og lapskausboksar. Eg forstår ingenting. Dette er faktisk eit mysterium for meg. Kva er det for ei tid vi er inne i? Vi skal gå minst mogeleg ut. Vi skal klare oss med det vi har. Mange får panikk, og spring ut for å tømme butikkhyllene. Men er det ein fornuftig strategi? Har dei som står i kø på Rema og Coop sjekka sine eigne skap før dei dro? Kva med kjøleskapet og frysaren? Har dei kontroll på kva som finst der? Eg trur ikkje det. Eg tenker på denne tida som ein sjanse til verkeleg å kome inn i djupa av skapa og skuffene mine. No skal vi til botnar i frysaren. Endeleg skal eg få litt sirkulasjon, i staden for å berre lirke ting til side slik at eg får plass til endå ein pose med erter frå butikken. Denne veka kjem eg til å kome med fleire oppskriftsforslag på ting du kan lage med det du har i skapa dine, og det du finn …

Fastelavnsbollar

Sjølv om det å faste stort sett er gått av moten så feirar vi framleis fastelavn. Fastelavn er ein del av innleiinga til fasta. På søndag er det fastelavnssøndag, med ris som skal gi ein fruktbar vår. Mandag er det blåmandag, då skal ein ete mager kost, slik at ein har plass til mykje mat i magen dagen etter, på feitetysdag. Rømmegraut er perfekt servering på feitetysdag. Askeonsdag skal ein tradisjonelt kle seg i sekk og aske, og aska skal kome frå brende palmegreiner som ein har teke vare på frå palmesøndag i fjor. Då er fasta fullt ut i gang, og ein får ikkje spise seg overmett før på påskeaftan. Det er mykje å passe på, altså. Men ein kan også ta den enkle vegen, og ganske enkelt kose seg med deilige krembollar på fastelavn. Eg har laga kanelbollar av den same bolledeigen, det er fint med litt variasjon. Vert ikkje alle bollane etne egnar dei seg godt til frysing, så lenge dei ikkje har fått krem i seg. Dette er ein stor deig, …

Fatteh med kikerter

Som eg har nemnt tidlegare, så har eg fått ein forkjærleik for mat frå Midt-austen i det siste. Eg går ut frå at du allereie har testa ut den syriske tacoen eg la ut i forrige veke, og her kjem ein vegetarisk variant. Denne er veldig enkel, men her kan du leike deg med dei grønsakene og belgfruktene du har i huset. Prøv den til dømes med mjuksteikt gyllen løk, squash og aubergine. Eg laga den heilt enkel, og det er også veldig godt og mettande. Det er noko med smaken av tahini og kikerter, den gjer meg berre lykkeleg. Ha ein fin laurdag! Fatteh med kikerter To store libabrød eller fire små pitabrød Olje til pensling viss du vil   Tahinidressing: 1 dl tahini 4 dl naturell yoghurt Eit finhakka kvitløksfedd 1 ts sukker Salt, peppar og sitronsaft   Ein boks kikerter ½ ts røykt paprika ½ ts vanleg malt paprika ½ ts svart peppar ½ ts salt 1 ss olivenolje Mynte og/eller bladpersille til dryss Pensle brøda med olje, og legg dei på …

Klassisk tomatsuppe

Då eg studerte var det tomatsuppe vi levde på dei siste par månadane før jul, og før sommarferien. Og posesuppe hadde vi ikkje råd til. Vi hadde mjøl og margarin i hus, og eit par buljongterningar. Då trengte vi berre ein liten boks tomatpuré, som den gongen kosta 1,90, for å få eit fullverdig måltid. Vi hadde som regel ein eller annan variant av pasta og, som fekk vere med i gryta. Det var sjeldan så raust at vi hadde kokt egg i suppa, det tok vi oss ikkje råd til.  No har eg fått utvida repertoaret litt, men basisoppskrifta er framleis den same. Eg lagar tomatsuppa på ein bechamelbase, altså smør surra i gryta med mjøl, og så kraft oppi som kokar seg tjukk og fin. Krafta er som regel buljongterningar, men har du kokt gulrøtter, kål eller skrelte poteter, så ta vare på kokevatnet. Det er kraft, og passar perfekt å ha i ei suppegryte som denne. Suppler gjerne med kokt makaroni, kokt egg eller kanskje til og med litt sprøsteikt bacon, då har …

Krydra tomatsuppe

Ei godt krydra tomatsuppe er perfekt viss du er litt snufsete eller berre treng noko som verkeleg varmar. Denne oppskrifta kan du utvide, til dømes med linser, bønner og ulike grønsaker. Når suppa er godt krydra er det fint å servere den med litt rømme, det kjøler ned dei aller sterkaste ilingane frå chilien. Doser chili litt og litt, så passar du på at det ikkje blir heilt overveldande sterkt. Eg brukte ein liten, tørka chili, og det var meir enn sterkt nok til 1,5 liter suppe.  Nokre kallar denne typen suppe meksikansk suppe eller tacosuppe, då kan du også ha steikt, tacokrydra kjøttdeig i eller ved sidan av. Viss du har grønsaksskeptikarar i familien, så kan du gjere slik vi gjorde heime hos oss då barna var små: Vi laga pinglesuppe. Då tok eg suppa til den som var engsteleg for bitar i suppa, og køyrde den glatt med stavmiksar. Då var alle dei heile bitane borte, og suppa var blitt pinglesuppe. Dei aller største pinglene måtte kanskje attpåtil få silt pinglesuppe. Det var …

Bifflapskaus/brun lapskaus

Eg har fortalt om “spise-ut-av-frysaren”-prosjektet mitt? Noko av det eg fann der var ein bit oksekjøt frå nyttårsaftan. Då laga eg heilsteikt indrefilet, og den tjukke enden vart kasta i frysaren i ein pose, i kampens hete. Den tok eg opp her om dagen, og laga noko eg nesten aldri gjer; ein klassisk brun lapskaus, eller bifflapskaus. Bifflapskaus er den aller finaste lapskausen, og det smarte er at det skal ikkje så mykje kjøt til. Eg hadde ca. 300 g beinfritt kjøt, og det vart til middag til seks personar! Å bruke små porsjonar med kjøt i ei suppe eller ei gryte er ein god måte å dryge maten på. Kutt kjøtet i relativt små bitar, og pøs på med sunne, fine rotgrønsaker, legg til litt kål og løk, og så har du førsteklasses middag å by vener på.  Ja, og så er det dei store spørsmåla i livet: Tallerken eller skål? Skei eller gaffel? Der er vi ikkje heilt einige her i huset, men mette blir vi. Eg laga bifflapskausen i jerngryta mi, då …

Lapskaus på julerestar

Det slår ikkje feil, kjøleskap og frysar er fulle av restar etter julefeiringa. Eg var veldig fornøgd med meg sjølv før jul, eg hadde eit «spise ut av frysaren»-prosjekt. Det var av bitter erfaring, det har ein tendens til å hope seg opp. Vi hadde middag i minst fjorten dagar berre av ting vi fann i frysaren, deriblant ein lapskaus på årsgamal pinnekjøtkraft. For eg gjorde jo akkurat det same i fjor, tok vare på kjøt og kraft etter julemiddagen. Viss du ikkje tek med feittet så held det seg eit år i frysaren, det kan eg bevitne.  Denne jula feira vi i Sverige, og der har dei noko dei kallar kassler. Det er ganske enkelt ei bayonneskinke, og noko av det beste eg visste av julepålegg då eg var barn. Fårerull og syltaflesk var ikkje så nøye for meg. Tjukkskorne bayonneskinkeskiver derimot, var heilt fantastisk. Heile kjøtbiten gjekk ikkje med, og for at den ikkje skulle gå i hundane så kutta eg den i små terningar, og lagde ein aldeles fortreffeleg lys lapskaus på …

Julebrød – julekake

Noko av det eg bakar sist er dei klassiske julebrøda. Dei søte, krydra kveitekakene fylt med rosiner og sukat må vere ferske til jul. Sjølv om han eg bur i lag med meiner at sukat er hinmannens snørr, så må det med, for meg er det ikkje julebrød utan sukat i. Sukaten eg brukte i desse julekakene er kjøpt i Italia, og bildet under viser godt korleis ekte sukat ser ut. Det er som namnet seier ei sitrusfrukt som kallast cedrat, den er kjenneteikna av at den har mykje tjukkare skal enn vanlege sitrusfrukter. Og det er bra, for det er nettopp skalet ein brukar. Er du ei sart sjel, så treng du ikkje lese så mykje om kva som skal til for å gjere cedratfrukta om til sukat, det inkluderer både fermentering i saltvatn i månadsvis, før den vert kandisert i enorme mengder sukker. Men resultatet blir magisk, og for meg er smaken både eit barndomsminne (vi spiste julebrød året rundt…) og smaken av jul. Julebrød 3 dl mjølk Ein pakke gjær for søte deigar 1 …

Den første julebaksten – heimelaga knekkebrød

Det å bake til jul er ein fin tradisjon. Eg likar å bake dei søte kakene ganske tett oppunder jul. Det reduserer svinnet, og gjer at dei smakar ferskt og godt når julegjestane kjem.  Viss du har bakelyst no, så er dei tørre brøda det beste å byrje med. Det du kan fryse ned kan også bakast no, eg har allereie to julekaker i frysaren, men det kan vi snakke om litt seinare. I dag skal du få lære å lage to deilige sortar knekkebrød, perfekt til å servere på julebordet, med sild, leverpostei eller smakfulle ostar.  Lurer du på om det er noko spesielt med heimelaga knekkebrød, så vil eg berre tilrå at du testar det ut. Dei blir så gode, og ganske annleis enn dei du kjøper. Dessutan kan du variere krydring og smak, på den måten får du ulike variantar til ulik bruk.  Dei krydra knekkebrøda kan du smaksette på ulike måtar. Eg har laga to variantar, ein med urter og ein med søte krydder. Der valde eg anis, fenikkel og spisskummen. …

Vichyssoise – Potet- og purresuppe

Det er en grunn til at kokkene skal være franske, sa datra mi ein gong. Då hadde vi vore i Barcelona i to veker og dro til ein liten fransk by rett over grensa. Maten vi fekk servert overtydde både henne og resten av familien.  Og ho har heilt rett, det franske kjøkkenet er uovertruffent best på veldig mange matrettar og teknikkar. Det er ikkje utan grunn at dei kårar dei beste kokkane i verda i Frankrike, med franske dommarar. Ein ting dei verkeleg kan er supper. Særleg dei krema suppene, som dei kallar velouté, er utruleg gode, enkle å lage, og ei fryd å invitere gjestar på. Dessutan kan du enkelt lage ein stor porsjon, og ta fram igjen ein dag det er travlare enn i dag.  Den suppa av laga i dag er ei potet- og purresuppe, denne klassikaren som i Frankrike går under namnet vichyssoise. Namnet på suppa kjem frå byen Vichy, som er heimbyen til kokken som ”oppfann” den. Viss eg skal gjette var det vel ei traust husmor som fann den …

Haustpizza

Kan eg få by på ein sprø, smakfull pizza? Ingen seier vel nei til det?  Eg elskar pizza heile året, så hausten er ei like god unnskyldning som noko anna til å bake ein lekker pizza med forskjellige toppingar, så alle blir i godt humør og mette i magen.  Pizza er enkelt, det einaste som tek litt tid er hevinga, for du får ein betre pizza om deigen får forheve før du går i gang med å ha på fyll. Eg kjenner folk som kaldhevar deig i kjøleskapet meir eller mindre kontinuerleg, det er fullt mogeleg. Bak med kald væske og litt mindre gjær enn i mi oppskrift, så kan deigen stå både to og tre dagar. Elt den saman igjen no og då, så slepp du at den overhevar og kollapsar.  Men denne pizzaen er ein vanleg «hurtigdeig», eller så hurtig som det kan vere, når det er snakk om gjærbakst.  Det morsommaste med pizza er at du kan lage den med det du måtte ha i kjøleskapet. Du treng ikkje dra på kompliserte …

Kyllingsuppe med grønt i

No er utvalet i grønsaksdisken heilt fantastisk, og då gjeld det å nytte høvet til å improvisere. Butikkane tek inn det som er i sesong, og det som blir kjøpt, så då må vi kundane ta med oss det gode som finst der. For tida er det til dømes lett å finne erter og bønner, for ikkje å snakke om rotgrønsakene, som er veldig flotte akkurat no. Eg sveiva i gang ei god suppe, og det gjorde eg på grøne bønner, sukkererter, gulrøtter og ein gul paprika. Fargerikt og smaksrikt på ein gong, det er lett å like. For å få i litt ordentleg kjøtsmak laga eg kjøtbollar av kyllingkjøtdeig. Det er ei takksam råvare, som ein kan putte full av smak. Eg krydra med italienske urter og salt, og så gjeld det å huske på å lage kjøtbollane små nok. Når ein sper dei litt som eg gjer, så bles dei seg opp og blir luftige og fine. Det er flott, men dersom du lagar dei for store flyt dei rundt som kjøtkaker i …

Plommefest!

Det er plommeår i år, iallfall i nabolaget mitt. Trea bugnar! Er det slik hos deg og? Og har du plommer att? I så fall skal du få nokre oppskrifter av meg som eg garanterer vil glede alle du lagar dei til.  Eg har eit plommetre, og det kom for første gong med plommer i år. Tre plommer hang og lyste så vakre frå det litt skrantne treet som har blitt hardt handsama av svoltne elgar og rådyr på seinvinteren. Det er ikkje meir enn eit par år sidan vi måtte fjerne ei grein som elgen hadde fått tak i og drege ned og til sides. Vi var redde vi måtte felle treet, så skada var det.  Treet kom seg til att, og på førsommaren hadde vi verkeleg von om å få smake våre første heimeavla plommer. Men så lenge var Adam uti paradis, då vi kom att frå ferie var dei borte, og bladverket var oppete av nokre uidentifiserte åmer. Så heimedyrka plommer må vi altså vente endå lenger på. Vi er heldige og har …

Kikertsuppe med vår i

Eg måtte verkeleg tenke meg om: Kva er vårmat? Det er jo ikkje stort som veks enno, så eg slo meg til ro med at vårmaten er den som har overlevd vinteren.  Det er dei ordentlege rotgrønsakene, som overlever vinterlagring og som gjev oss næring og kraft sjølv når snøen ligg tung. No grønkast det, men likevel treng vi å ty til det som har overlevd frå i fjor. Eg set mi lit til gulrøtter, løk, purre, persillerot og dei næringsrike belgfruktene. Med desse flotte ingrediensane er det ikkje vanskeleg å skape gode smakar som mettar.  Som alltid handlar det om å framheve dei gode råvarene. Eg brukte litt eplejuice som kraft, du kan bruke kvitvin viss du har ein slant ståande, eller såkalla kommunalkraft, altså reint vatn. Fordelen med juicen er at det er litt syre og sødme i den, det fungerer alltid. Til slutt rundar eg av med litt fløte, det kan du droppe viss du til dømes vil at suppa skal vere vegansk eller mjølkefri. Men fløten gjer suppa fyldig og mettande.  …

Enkel festmat – fylt falukorv

Kan svenske pølser vere festmat? Ja, det kan ein lure på. For meg er dette festmat fordi det er enkelt å lage til mange, og fordi det ser festleg ut. Og det er vel nok til å kalle det festmat?  Falukorv har fått suksess langt utover svenskegrensa, og du finn dei i ulike former og storleikar i dei fleste butikkar. Eg fekk tak i ei skikkeleg stor ei, og då laga eg ein flott middagskrans med gode smakar. Først skar eg djupe snitt i pølsa, og så smurte eg i litt god sennep. Vi hadde nokre få eple att frå hausten, dei har vakse i Valle i Setesdal, og er fulle av smak, sjølv på nyåret. Saman med epla la eg tynne skiver av sjalottlauk og ein smaksrik ost ned i snitta, og så fekk pølsa steike i 40 minutt. Fyllet kan du variere, du kan til dømes lage ein italiensk variant med tynne skiver av kvitløk, tomat og mozarella, eller du kan bruke urter av ulike slag saman med ost og løk. Ein må …

Julepålegg: Ribberull til jul

Ribberull høyrer til på påleggsfatet til jul. Akkurat som fårerullen kan den krydrast på den klassiske måten, eller så kan du variere smaken. I dag får du forslag til ein klassisk variant, og ein middelhavsinspirert. Å lage fårerull er litt styrete, ein må som regel bestille frå slaktar, og det krev litt planlegging. Ribberull er langt enklare, du får ribbe overalt, og terskelen er langt lågare for å gå i gang. Pass berre på at du får ei ribbe der svora ikkje er snitta. Ein ribberull kan også steikast i omnen, den må ikkje kokast. Då får du ein rull som liknar på den italienske porchettaen, og den passar perfekt med krydder av urter og kvitløk. Fenikkel er også eit klassisk middelhavskrydder. Brukar du nitrittsalt held ein slik rull seg ei veke eller to i kjøleskapet. Vend rullen inn i ein rein kopphandduk og oppbevar den på eit fat. Skjer den tynt med skjeremaskin, og løsne nettet etter kvart som den vert eten av. Slike tynt skårne skiver av porchetta er perfekt nattmat fylt i …

Julepålegg: Fårerull på den klassiske måten

Å legge ekstra gode ting på brødet er med på å skape julestemninga der eg kjem frå.  Eg vaks opp med syltaflesk og fårerull til julefrukost, og det blir ikkje jul utan. Men også med desse tradisjonelle rettane kan vi fornye, og endre på ting som kanskje ikkje fell i smak.  Dei gode, norske råvarene kjem verkeleg til sin rett når dei vert til pålegg. Har du ein god slaktar nær deg, så bestill ei lammeslagside utan bein, så har du det du treng for å lage ein god fårerull. Prøverull den, og sjå kor mykje «utside» du treng. Den litt seige kappa er fin å ha for å halde rullen saman, men du treng den ikkje inne i rullen. Mål opp, og skjer vekk den delen av kappa som vil kome inni rullen forsiktig med ein skarp kniv. Viss slaktaren er grei så gjer dei kanskje dette for deg.  Så er det berre å gå i gong. Det smaksrike sauekjøtet treng ikkje så mykje krydder, det tradisjonelle krydderet er ingefær, salt og pepar. Men …

Eit slag for grauten

Veit du kva du får til middag i dag? Graut!  Meldinga var til min kjære, og svaret var HURRA! Her i heimen vert altså ein grautamiddag sett stor pris på.  For meg er graut barndomsmat. Det var alltid risgraut på laurdag i eitt-totida. Til frukost fekk vi ofte havregrynsgraut før vi gjekk på skulen.  Mor mi heldt vevkurs, så onsdagane var ho bortreist. Då passa bestemora vår oss, og ho lagde semulegrynsgraut til oss som vi åt med smør og sukker på medan vi såg på komikveld. Då eg flytta heimafrå, og fekk besøk av søskenbarnet mitt på hybelen i Oslo, åt vi semulegrynsgraut og las høgt frå Tordivelen flyg i skyminga.  Mange oppfattar graut som krisemat, men eg er ikkje einig. Graut er kosemat, mettande, godt og lett å lage.  Sørg for at du har ei god gryte med tjukk botn. Har du ikkje det svir grauten seg lett, og det smakar ikkje så godt. Når eg no lagar graut prøver eg ofte å finne noko godt å drysse oppå. Sukker og kanel er vel …

Om å kjøpe inn

Dei som kjenner meg privat veit at eg lever av å shoppe. Eg jobbar altså med innkjøp for ein statleg etat. Det er eigentleg ein logisk konsekvens av at eg alltid har vore glad i å shoppe, og at eg har ein fagleg bakgrunn (juss) som gjer at eg kan det som skal til av regelverk og rettspraksis. Men eg kjøper ikkje berre inn på jobb, eg brukar dei same teknikkane (i moderert form, naturleg nok) når eg kjøper inn privat. Det er nokre grunnprinsipp som det kan vere nyttig å få med seg, for at ein skal kunne gjere gode innkjøp. Kjenn marknaden du kjøper inn i Prisar, vilkår og kvalitet varierer frå marknad til marknad. Kva er så ein marknad? Ein kan hevde at alle matvarebutikkar i ditt nabolag er ein marknad. Samstundes er det viktig å vite at ein ikkje treng å flytte seg så langt for å gjere ein betre handel.  Daglegvareforretningane baserer seg på at du ikkje gidd å sjekke prisar og kvalitetar andre stader. Å orientere seg blant tilbydarane …

Det enklaste – ei deilig banankake

Av og til er det enklaste det beste, og når eg vil ha noko godt etter middag er det enklaste banankake! Banankake er ei vinn-vinnkake, den smakar fantastisk, og ikkje minst får du brukt opp dei brune bananane som har ein tendens til å hope seg opp i fruktskåla. Dette er ei klassisk formkake, som byrjar med eggedosis, og held fram med mjøl, væske og smelta smør. Denne gongen fekk eg besøk av ein mjølkeallergikar, så eg brukte mjølkefri margarin og eplejuice i staden for mjølk, som ein ofte brukar i formkaker. Det ga ein frisk smak som alle likte. Eg syns også at det vesle syrlege frå eplejuicen framheva banansmaken. Vi var i sør-Spania i haust, og i den vesle landsbyen Comares vart vi praia av ei gamal dame som viste seg å selge frukt og andre delikatesser frå stova si heime. Ho drog oss inn i gangen, og der hadde ho fylt opp med mango, rosiner, fiken, mandlar, granateple og alt som godt er. Der vart vi rivne med, og kjøpte med oss …

Tomathaust

Neida, eg har ikkje sådd tomatar. Ein treng ikkje så tomatar for å få tomatplantar. Det er nok å kjenne nokon som sår tomatar. Det er ein morsom syklus, det der. Når ein syns det er kjekt å dyrke ting så blir ein likevel lei utpå hausten. Men litt over jul så byrjar det å lysne, og så dukkar det opp frø i butikkane som ein kan så. Då trer sågalskapen inn, og ein puttar masse frø i jorda. Dei spede spirane poppar opp, og får lys, vatn og gjødning etter alle kunstens reglar. Så kjem ein ut i mai, og då er det som om planterommet er overteke av trifidar, desse planteliknande ondsinna vesena, som vil ta kontroll over verda. Då er det at desse ivrige såarane byrjar å dele ut med raus hand. Dreg du frå eit selskap kan du vere trygg på at du får med deg minst ein tomatplante, og kanskje eit par chiliplantar og. Slik får iallfall eg tomatar, og eigentleg er det jo veldig hendig. Min kjære ga meg plantekassar i bursdagsgåve, og ei av desse vart heimen til dei etter kvart fem tomatplantane eg hadde …

Karin si ostepanne

Kva er det som er best no? Det tenker eg når eg går inn i matbutikken og skal kjøpe inn. Det er så mange som er organiserte og flinke, og lagar matplanar søndag kveld, og så handlar dei inn mandag kveld, etter middag, og etter at rushet er over, for då er det nye, ferske varer i butikken. Så organisert klarer eg dessverre ikkje å vere. Men eg er knallgod til å la meg inspirere av det eg finn i butikken, og no renn butikkane over av store, saftige, sprø blomkålhovud. Dei kan brukast til masse forskjellig, du kan gratinere dei med ostesaus og bacon, dei kan vendast i olje og krydder og ristast i langpanne, og dei kan rivast til ris for dei som vil ha eit sunnare tilbehør til maten. I vår familie er den klassiske blomkålretten ostepanne. Den har blitt laga i vår heim så lenge eg kan hugse, og i følge ei familiehistorie var eg ikkje meir enn fire-fem år før eg kunne gje bort denne oppskrifta. Ein friar som vanka …

Aroniamoro

Aronia eller svartsurbær finn du mange stader, men visste du at det er eit førsteklasses syltebær? Då vi fekk ny parkeringsplass denne våren måtte vi bestemme oss for kva type hekk vi skulle ha. I hagespørsmål er det stort sett eg som har styringa, men her var mannen min svært engasjert: Vi må ha aronia! Så vi bestilte 40 plantar, og fekk dei i jorda 17. mai-helga. Sidan sommaren allereie då viste seg frå si varme side, la vi opp eit vatningsanlegg med sveitteslangar som ga dei litt vatn 20 minutt kvar morgon og kveld. Det gjorde at hekken trivdest og vaks, og no står den tung av bær. Etter ein plukkeraptus har vi fått inn åtte kilo, og det er slett ikkje verst første året. Aronia vert mykje brukt som hekkplante i offentlege uterom, så lær deg korleis den ser ut, så kan du plukke når sesongen er der. Det norske namnet til aronia er svartsurbær, og den lever opp til namnet sitt. Bæra er kolsvarte, og ikkje spesielt søte. Enkelte hevdar at bæra …

Deilig gulrotsuppe – og litt sjølvskryt

Gulrotsuppe har blitt ein moderne klassikar, og kven skulle tru at denne grønsaka som vi som regel kokar i hel og serverer til kvit fisk kan gi ei så nydeleg suppe? Her kan du også nytte høvet til å få rydda i grønsaksskuffen. Eg fann to persillerøtter og eit par sjalottlaukar, men du kan like gjerne bruke selleri, og vanleg gul lauk eller purre. Trikset for å få fram dei gode smakane er uansett å frese kvitløk, ingefær, løk og chili i smør eller olje først, då kjem aromaene ut i full blomst. Suppa treng ikkje jamnast, eg berre koker grønsakene møre, og køyrer suppa glatt med den geniale reiskapen stavmiksar. Eg har min hengande ved sidan av komfyren, for eg brukar den nesten kvar dag. Før eg fekk ein ordentleg ein dreiv eg og styra med å køyre supper og sausar i matmølla, men det er så utruleg mykje greiare med ein stavmiksar som eg set rett i gryta. Det er alltid fint med litt garnityr på supper. Ein klatt rømme, finklipte urter, nokre …