Latest Posts

Coronamat – skaff deg oversikt!

Ambisjonen min dei næraste vekene er å kome med tips og oppskrifter til mat som er fin å lage no når vi alle skal vere innomhus, eller iallfall mest mogeleg for oss sjølve.

Normalt byrjar mange med å gå i butikken når dei skal lage mat til familien sin. Butikken på hjørnet har blitt kjøleskapet vårt. Når du skal lage mat i ein slik situasjon som vi er i no, så er det viktigaste å finne ut kva du faktisk har frå før, enten i skap, kjøleskap eller i frysaren. Eg har lenge hatt eit «spise-ut-av-frysaren»-prosjekt, men likevel er det masse greier der som bør spisast så fort som råd er. Då er dette ein gyllen sjanse til å sjekke kva du har der.

Viss du finn tørre bønner, gryn og andre typer ingrediensar som du sjeldan tek deg tid til å bruke, så er det greit å huske på at no har du kanskje for første gong på lenge god tid! Det gjer ingenting at kikerter må stå i bløyt i åtte timar, og så koke i vel ein time. Du har tid til det. Og at ei høne vert best etter å ha kokt i fire timar er også heilt ok. Det betyr at du kan planlegge heilt andre rettar, med heilt andre råvarer. Og belgfrukter og gryn er i tillegg næringsrike og fulle av sunne mineralar og fiber, akkurat det dei fleste av oss treng.

Fordelen med dei tørre ingrediensane er at dei er utruleg lette å oppbevare. Det er fint med boksar av papp og metall, men dei skaper søppel, og er romfræge (tek stor plass), som vi seier på Sunnmøre. I tillegg held dei seg veldig lenge, spesielt belgfruktene. Det kan vere litt verre med bulgur, couscous og andre typer gryn, dei kan harskne, særleg etter at pakken er opna. Eg måtte kaste dei svarte byggryna og bulguren etter at eg tok bildet i går, dei lukta ikkje godt.

Men korleis tilfører ein smak? Der har du sikkert også skapet fullt. Buljongterningar, krydder, soyasaus, chilisaus, honning, geléar og syltetøy, ulike ting du har plukka med deg frå feriar og reiser; no skal det endeleg få skinne! Eg kjem til å dele oppskrifter der du finn nye måtar å bruke ingrediensane på, og ikkje minst skape nye og spennande smakar. Er det noko som manglar i ditt skap, så prøv å finne ein alternativ ingrediens som kan bidra til å utfylle smaksbildet. Og så kan du ha i minne det eg har snakka om så mange gongar: Ein rett må ha søtt, salt, bittert/sterkt, syrleg og umami for at smaken skal vere balansert og tiltalande. Kunsten er å balansere, og no får du sjansen til å leike deg.

047BA482-5668-4D89-8F9C-11D11CA952F1Dagens første oppskrift kom til fordi eg fann ein kg kikerter då eg rydda i skapet i går. Dei la eg i bløyt på føremiddagen, og så kokte eg dei i vel ein time. Då hadde eg det perfekte utgangspunktet for denne suppa med kikerter. I tillegg hadde eg bokstomatar, gulrot, løk og litt krydder, og då vart dette middagen. Har du kikerter på boks, så bruk dei i staden.

Grønsakene her kan byttast ut, har du purre, persillerot, sjalottløk eller selleri så kan du bruke det i staden. Vil du endre på smaken, kan du bruke timian og oregano i staden for spisskummen, då får suppa eit meir italiensk preg. Begge delar er like godt.

Spansk kikertsuppe

Ein boks kikerter

Ein boks hermetiske tomatar

Ein gul løk

Ei reven gulrot

To stilkar stangselleri viss du har

1 ts spisskummen

2 fedd kvitløk

1 ts tørka basilikum

Chili etter smak

5 dl vatn

Olivenolje

2 ss tomatpuré

1 ss sitronsaft

Sukker, salt og peppar

Bløyt kikertene i rikeleg med vatn i minst 8 timar. Ha 1 ts natron i bløytevatnet, det gjer at dei vert fortare ferdige. Kok kikertene i ein time, her kan du også ha 1 ts natron i kokevatnet.

Finhakk løk og kvitløk. Fres løken med spisskummen, chili og tomatpuré i olivenolje i ei vid gryte til løken er blank og aromaen i tomatpuréen og spisskummin får kome fram.

La kikertene renne av. Ha halvparten av dei i gryta saman med tomatane og vatnet. La det heile koke opp før du køyrer det glatt med ein stavmiksar. Ha i resten av ertene saman med dei siste grønsakene, sitronsaft, basilikum og persille. La det koke i ti minutt. Smak til med sukker, salt og peppar. Server med brød til.

94540381-3DAA-4845-8737-5424F803BF44

God mat i Coronaens tid

Folk hamstrar. Og det dei hamstrar er joikakaker og lapskausboksar. Eg forstår ingenting. Dette er faktisk eit mysterium for meg. Kva er det for ei tid vi er inne i?

Vi skal gå minst mogeleg ut. Vi skal klare oss med det vi har. Mange får panikk, og spring ut for å tømme butikkhyllene. Men er det ein fornuftig strategi? Har dei som står i kø på Rema og Coop sjekka sine eigne skap før dei dro? Kva med kjøleskapet og frysaren? Har dei kontroll på kva som finst der?

Eg trur ikkje det. Eg tenker på denne tida som ein sjanse til verkeleg å kome inn i djupa av skapa og skuffene mine. No skal vi til botnar i frysaren. Endeleg skal eg få litt sirkulasjon, i staden for å berre lirke ting til side slik at eg får plass til endå ein pose med erter frå butikken.

Denne veka kjem eg til å kome med fleire oppskriftsforslag på ting du kan lage med det du har i skapa dine, og det du finn i kjøleskap og frysar. Eg kjem også til å skrive litt om lagerstyring, og om korleis og kva ein bør kjøpe inn når ein først kjem seg i butikken, eller får matvarer levert heim.

Er du i ordentleg karantene, fordi du har mistanke om at du er sjuk, eller har vore saman med nokon som er bekrefta sjuk, så sjekk ut med lokalbutikken din. Mange butikkeigarar plukkar og pakkar gjerne varer til deg, og køyrer dei heim til deg. Oppgjer gjennom vipps er enkelt og smidig, ein treng ikkje møtast ein gong. Men før det, skaff deg oversikt over kva du allereie har, slik at du ikkje endar opp med dobbelt opp. Og handle smart, slik at du får god, næringsrik og variert mat lenge framover.

Bildet nedanfor tok eg i dag, det er ulike frø og gryn som eg fann i skapet mitt. No kjøper eg mykje rart, du finn både bokkveite,  svart bygg, fullkornsris, quinoa, bulgur og linser der. Alt dette grov eg fram frå gøymene mine i matskapet. Gjer det same, så skal eg dele nokre inspirerande oppskrifter i løpet av veka som både smakar og gjer godt. Og som tek vare på sjelefreden. Første innlegget med oppskrift finn du her.

Ha ein fin søndag!

A8508E8D-1427-4865-BCF6-B78BA2057A7B_1_201_a

Bakt skrei med cherrytomatar

Skreien er her, få ting er så godt som den ferske fisken som no kjem i butikkane.

Ein torskemiddag er kjapp mat, og passar perfekt når det er travelt. Men det er også fint å servere den til fest, på nye måtar og kombinert med nye smakar. Portugisarane var først ute med å kombinere torsk, eller bacalhau som dei kallar det med tomat. Den mjuke, saftige fisken passar perfekt med søte tomatar, og dette kan serverast på ulike måtar.

I dag får du lære to ulike tilbehør til torsken, ein fyldig rotmos og urtebakte poteter. Lag ein av dei eller begge, så alle får sin favoritt. Dei urtebakte potetene er ein variant av ein populær måte å lage poteter på; å koke dei halvferdige, og så kaste dei rundt med ein variant av feitt. Dei mest ivrige brukar andefeitt, det smakar magisk godt. Eg hadde ikkje andefeitt i dag, så eg brukte olivenolje og urter, det vart nesten like godt.

Rotmosen laga eg av kålrot, gulrot og persillerot. Her kan du variere etter kva du har, søtpotet passar godt i, det same gjer sellerirot og pastinakk. Har du nokre poteter til overs kan du putte dei i og. Du kan godt putte restar av kokte grønsaker i mosen, varm dei litt på damprist eller i mikrobølgeovn før du puttar dei i mosen.

Alt blir betre med ein frisk salat, og du får også oppskrift på ein god vinaigrette til å vende salaten i. All god matlaging handlar om å blande søtt og salt, syrleg og bittert samt umami, og det er særleg viktig i ein god vinaigrette. I middagen i dag kjem umamien frå fisk og tomatar, det søte frå honning og rotgrønsakene, og det bitre frå pepparen og sennepen i vinaigretten. Saltet dryssar du på fisken.

På den måten får du eit perfekt balansert måltid. Balansen mellom smakane må du sjekke undervegs, så å smake på maten medan du held på er avgjerande for at ingen av smakane skal ta overhand. Viss du då i tillegg huskar på å ha med noko sprøtt og noko mjukt, så blir gjestane dine glade og fornøgde.

IMG_0880Bakt skrei på tomatar

200 g fiskefilet per person

400 g søte, små tomatar

Ein liten purre

1 ts honning

1 dl kvitvin

Salt og peppar

2 ss olivenolje

2 ts tørka grasløk

Sett steikeomnen på 200 grader.

Ha oljen i ei skål, og rør i grasløken. La det stå medan du gjer klar forma.

Ha tomatane i ei eldfast form. Snitt purren på langs, og skyll den for å få bort sand og jord. Skjer den i skiver, og legg den oppå tomatane. Ringle over honning, dryss på salt og peppar, og slå på vinen. Bak grønsakene på 200 grader i 20 minutt. Ta ut forma, og legg torsken oppå grønsakene. Pensle den med grasløkoljen, og bak forma i 10-15 minutt, til fisken er ferdig, og flakar seg.

IMG_0876Rista urtepoteter

2-3 poteter per person

Salt

3 ss olivenolje, extra virgin

1 ts tørka timian

1 ts tørka oregano

1 ts grasløk

Skrell potetene. Del dei i to viss dei er store. Kok dei i ti minutt, til dei nesten er møre i godt salta vatn. Hell av vatnet, og la dei dampe godt av. Bland urtene og oljen, og slå det over potetene. Legg loket på gryta, og rist godt, til oljen og urtene har fordelt seg, og potetene har blitt «lodne». Hell alt i ei eldfast form. Skrap med ein slikkepott for å få med all den gode smaken frå gryta. Bak potetene i forma. Du kan ha dei i samtidig som du bakar tomatane.

Når du tek tomatane ut, skrur du på grillen, slik at potetene får ordentleg varme, og blir gylne og fine. Sett ned varmen før du set fisken inn, den har ikkje så godt av grill.

Rotmos

Ei lita kålrot

Ei stor eller to mindre persillerøtter

Fire gulrøtter

3 ss smør

Salt og peppar

Rens grønsakene, og kutt dei i terningar. Kok dei i ti minutt i salta vatn. La dei renne av. Ta gjerne vare på krafta, den er god i supper og sausar. Legg smøret i gryta, og legg på loket. La det stå til smøret har smelta. Mos stappa med ein stappar eller med ein stavmiksar. Smak til med salt og peppar.

IMG_0910Salat med vinaigrette

Vinaigrette

2 dl olivenolje

1,5 dl søt eddik

½ ts salt

1 ts sennep

2 ts sitronsaft

1 krm svart peppar

Ha alle ingrediensane til vinaigretten i ein miksebolle, og pisk det saman med visp eller med ein stavmiksar. Smak til vinaigretten til slutt.

200 g salatblad

250 g tomatar

Ein raud paprika

½ agurk

1 ss solsikkefrø

Salt og peppar

Sett ei tørr steikepanne på plata, og varm den opp. Ha i solsikkefrøa og litt salt, og rist frøa til dei er gylne. Sett til side. Lag gjerne ein større batch når du først gjer dette, rista solsikkefrø held seg nokre veker i ein boks.

Ha salatblada i ein bolle. Hell på to-tre ss av dressingen, og vend blada rundt i den. Legg blada på eit fat. Rens paprikaen, og del den i mindre bitar. Kutt agurken i terningar, og del tomatane i to. Fordel paprika, agurk og tomat over salatblada, og dryss på solsikkefrøa til slutt.

IMG_0875

Fastelavnsbollar

Sjølv om det å faste stort sett er gått av moten så feirar vi framleis fastelavn.

Fastelavn er ein del av innleiinga til fasta. På søndag er det fastelavnssøndag, med ris som skal gi ein fruktbar vår. Mandag er det blåmandag, då skal ein ete mager kost, slik at ein har plass til mykje mat i magen dagen etter, på feitetysdag. Rømmegraut er perfekt servering på feitetysdag. Askeonsdag skal ein tradisjonelt kle seg i sekk og aske, og aska skal kome frå brende palmegreiner som ein har teke vare på frå palmesøndag i fjor. Då er fasta fullt ut i gang, og ein får ikkje spise seg overmett før på påskeaftan. Det er mykje å passe på, altså.

Men ein kan også ta den enkle vegen, og ganske enkelt kose seg med deilige krembollar på fastelavn. Eg har laga kanelbollar av den same bolledeigen, det er fint med litt variasjon. Vert ikkje alle bollane etne egnar dei seg godt til frysing, så lenge dei ikkje har fått krem i seg. Dette er ein stor deig, så du kan faktisk dele den i tre, lage ein porsjon med vanlege bollar til fastelavnsbollar, ein porsjon med rosinbollar og ein porsjon med kanelbollar. Rosinbollane og kanelbollane kan gå i frysaren, og når du skal tine dei kan du ta dei nokre minutt i steikeomnen for å få fram den ferske, deilige bollesmaken.

IMG_0820

Eg bakar bollane med fersk gjær. Tørrgjær fungerer også, men eg er så utolmodig av meg, så eg vil sjå resultat fort. Fersk gjær gjer at deigen hevar fortare, og då får vi fortare deilige bollar på bordet. Deigvæska må vere fingervarm, viss den er for varm kan du ta livet av gjæra. All gjærbakst handlar om tolmod, viss du har det travelt bør du utsette bakinga til du har tid til å vente på at deigen og bollane er ferdig heva. Når hevetida vert for kort vert bollane harde og kjedelege. Får deigen den tida den treng vert dei luftige og smakfulle.

Bollane skal tradisjonelt fyllast med piska krem. Eg søtar den med litt melis og litt vanilje, og har du eit godt syltetøy kan du også vende inn ei skei eller to av det. Du kan også bruke vaniljekrem, eller du kan prøve den svenske varianten. Svenskane lagar «semla», og då riv dei marsipan oppi piska krem, og vender den inn. Då er det godt å fjerne litt av bolleinnmaten, slik at det vert ekstra plass til den søte kremen.

God fastelavn!

IMG_0829Fastelavnsbollar

2-2,5 liter kveitemjøl

200 g smør

200 g sukker

1 pk fersk gjær for søt gjærdeig

8 dl mjølk

2 egg

1 ts salt

2 ts kardemomme

1 ts bakepulver

Rosiner viss du vil

Kremfløte, melis og ekte vaniljesukker til servering

Ha mjølet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse. Du kan også varme opp smøret og røre det i mjølka, det gjer ikkje så stor skilnad.

Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i den. Bland saman mjølkeblandinga og mjølblandinga, og elt godt. La deigen heve under klede.

Del opp deigen til passe emne, denne porsjonen gjev ca. 25 bollar. Form dei til runde, fine bollar som du legg på bakepapir på ei bakeplate. Pensle dei med samanvispa egg, og la dei heve godt (minst 40 minutt, er mi erfaring) før du steiker dei på 220 grader i ca. 15-20 minutt, alt etter korleis din omn er.

La bollane kolne. Pisk 3 dl kremfløyte til krem med 1 ts ekte vaniljesukker og 2 ts melis. Del bollane i to, legg krem på den nederste delen og legg toppen på.

Slik ser det ut når du lagar kanellsnurrar i karamellsaus med denne deigen, oppskrifta finn du her.

 

 

 

 

Fatteh med kikerter

Som eg har nemnt tidlegare, så har eg fått ein forkjærleik for mat frå Midt-austen i det siste. Eg går ut frå at du allereie har testa ut den syriske tacoen eg la ut i forrige veke, og her kjem ein vegetarisk variant.

Denne er veldig enkel, men her kan du leike deg med dei grønsakene og belgfruktene du har i huset. Prøv den til dømes med mjuksteikt gyllen løk, squash og aubergine. Eg laga den heilt enkel, og det er også veldig godt og mettande. Det er noko med smaken av tahini og kikerter, den gjer meg berre lykkeleg.

Ha ein fin laurdag!

53654649-837A-4DE3-AB72-9F0EB7FEBA48

Fatteh med kikerter

To store libabrød eller fire små pitabrød

Olje til pensling viss du vil

 

Tahinidressing:

1 dl tahini

4 dl naturell yoghurt

Eit finhakka kvitløksfedd

1 ts sukker

Salt, peppar og sitronsaft

 

Ein boks kikerter

½ ts røykt paprika

½ ts vanleg malt paprika

½ ts svart peppar

½ ts salt

1 ss olivenolje

Mynte og/eller bladpersille til dryss

07789F78-D961-4B01-B0E8-95A3127BB4D6

Pensle brøda med olje, og legg dei på eit steikebrett. Steik dei gylne på 200 grader i 8 minutt.

Opne kikertboksen, og hell litt av væska i ei skål. La kikertene renne av ei eit såld. Varm oljen i ei steikepanne, og ha i kikertene. Dryss på paprika, peppar og salt, og rist kikertene godt rundt slik at dei vert gylne og fine. Ha dei i ei skål til slutt.

Ha alle ingrediensane til tahinidressingen i ein bolle. Rør alt saman, og smak til med salt, peppar og sitronsaft. Vert dressingen for tjukk, så spe den ut med litt av vatnet frå kikertboksen.

Legg brødbitane på eit fat, og hell på dressingen. Du treng kanskje ikkje alt, dette er ein stor porsjon.

Dryss på dei rista kikertene og urtene. Du kan også riste pinjekjerner og ha på. Server gjerne med litt ekstra yoghurt.35A40D6B-0175-4136-9A9A-2C800051B9C8

Syrisk taco

Dette er kjempegodt, det smakar betre enn fredagstaco, sa min kjære då han fekk dette servert. Så då vart det syrarane kallar fatteh omdøypt til syrisk taco her heime hos oss.

Eg har alltid vore glad i maten frå midt-austen. Eg har vore eit døger i Istanbul, då budde eg på eit veldig fint hotell. Då eg kom til frukost var det som å vere i London, bacon, egg, tomatbønner og ein eigen omelettkokk. Men eg såg at dei som var tyrkiske gjekk rett forbi omelettkokken. Eg følgde etter dei, og lengst inn og til venstre kom eg til den mest fantastiske frukostbufféen eg nokon gong har sett. Frukt skore opp på kunstferdig vis, store skåler med ulike yoghurtar og dippar, Falafel, hummus og ein eigen fatteh-stasjon. Eg var i himmelen.

F804AEB1-D879-4999-9919-5219F9556537

Syrisk taco – Fatteh med libabrød, steikt, krydra kjøtdeig, aubergine og yoghurtdressing med tahini.

Fatteh betyr eigentleg smular, og denne retten er ein måte å bruke opp gamalt brød på. Brødet er eit tynt, mjukt flatbrød, og vert servert til alle måltid. Brødet er veldig godt ferskt, men i heile midtausten har dei gjort det å bruke gamalt brød for å skape ny og freistande mat til ein kunst. Nokre plassar kallar dei brødet lavash, andre plassar kallast det libabrød eller khubz-brød. Første gongen eg spurte han som driv den syriske restauranten i nabolaget vårt kva han kalla brødet, såg han berre på meg som om eg var heilt bortreist. Det heiter brød, sa han. Og mange kallar det også syrisk brød, eller libanesisk brød.

Når ein lagar fatteh har gjerne brødet blitt tørt og kjedeleg. Då kan ein enten fritere det i olje, slik min syriske venn gjer det, det er når du verkeleg treng sikringskost. Du kan også pensle brødet lett med olivenolje, og riste det i omnen, eller om du vil spare på feittet, så ristar du det som det er. Eg likar å kutte det opp, men du kan også riste det i store flak, og bryte det opp. Brødet får du tak i i alle butikkar med tyrkisk eigar, sjekk i frysedisken. I den same butikken finn du også tahini, den aromatiske sesamfrøpastaen som pregar så mange ulike matrettar frå det ein før kalla Levanten.

Du kan også lage fatteh med vanleg pitabrød, og eg har sett nokre halvsteikte pizzabotnar i butikken som eg og har tenkt å teste dette med. Uansett er dette den beste måten å få gamalt brød til å smake himmelsk på.

Fatteh kan varierast i det uendelege, denne tacovarianten kan utvidast med fleire grønsaker, strimla paprika, squash og aubergin passar veldig godt til fatteh med kjøttsaus. Du kan like gjerne bytte ut kjøttdeigen med kjøttdeig av kylling, eller bitar av kylling steikt med krydder.

Kjøkenet i midtausten er kjend for å bruke mykje urter, her har eg brukt bladpersille og mynte. Urtene høyrer også med i salaten tabouleh, som du kan servere ved sidan av.

54EE5EF7-E90C-476B-BF17-685AEA4A8D28_1_201_a

Fatteh med krydra karbonadedeig

Brød:

To store libabrød eller fire små pitabrød

Olje til pensling viss du vil

Tahinidressing:

Tahinidressing:

1 dl tahini

4 dl naturell yoghurt

Eit finhakka kvitløksfedd

1 ts sukker

Salt, peppar og sitronsaft

Krydra kjøt:

Ein gul løk

3 fedd kvitløk

400 g karbonadedeig

2 ss olje til steiking

1 ts spisskummen

1 ts malt koriander

½ ts kanel

1 krm allehånde

Ein liten, tørka chili

½ ts svart peppar

1 ts salt

Granateplekjerner og urter til dryss

Pensle brøda med olje, og legg dei på eit steikebrett. Steik dei gylne på 200 grader i 8 minutt.

Ha alle ingrediensane til tahinidressingen i ein bolle. Rør alt saman, og smak til med salt, peppar og sitronsaft. Vert dressingen for tjukk, så spe den ut med litt vatn.

Rens og finhakk løken og kvitløken. Varm oljen opp i steikepanna, og steik løken gyllen og fin. Dytt løken ut til eine sida, og legg i kjøttet. La det bli brunt før du hakkar i det, og fordeler det i panna. Steik det godt, så det har fått god steikeskorpe. Ha i krydderet, og hald fram med steikinga. Bland alt godt saman, og smak til med salt og peppar.

Legg opp brød på eit fat, og fordel kjøttet oppå brødet. Hell på tahinidressing, og dryss på granateplekjerner og urter.

B166735B-4D82-41C6-BBBC-7ACE0514259D_1_201_a

Klassisk tomatsuppe

Då eg studerte var det tomatsuppe vi levde på dei siste par månadane før jul, og før sommarferien. Og posesuppe hadde vi ikkje råd til. Vi hadde mjøl og margarin i hus, og eit par buljongterningar. Då trengte vi berre ein liten boks tomatpuré, som den gongen kosta 1,90, for å få eit fullverdig måltid. Vi hadde som regel ein eller annan variant av pasta og, som fekk vere med i gryta. Det var sjeldan så raust at vi hadde kokt egg i suppa, det tok vi oss ikkje råd til. 

No har eg fått utvida repertoaret litt, men basisoppskrifta er framleis den same. Eg lagar tomatsuppa på ein bechamelbase, altså smør surra i gryta med mjøl, og så kraft oppi som kokar seg tjukk og fin. Krafta er som regel buljongterningar, men har du kokt gulrøtter, kål eller skrelte poteter, så ta vare på kokevatnet. Det er kraft, og passar perfekt å ha i ei suppegryte som denne. Suppler gjerne med kokt makaroni, kokt egg eller kanskje til og med litt sprøsteikt bacon, då har du ein full middag.

I ei tomatsuppe er det alltid eit løft å ha i krydderurter. Timian slepper smaken sakte, så den blir betre av å få koke i suppa ei stund. Du kan bruke andre urter og, til dømes merian, oregano eller basilikum. Basilikum har ganske sterk smak, så ikkje bruk så mykje av den, og ha den i mot slutten. Den kan bli litt beisk viss den får koke for lenge. Ferske urter kan og brukast, og prinsippet er det same der: Timian, merian og oregano kan koke lenge i suppa, basilikum bør puttast i ved servering.

Viss du har urter i hagen, så sjekk kva som veks der no. Eg vart heilt sjokkert då eg oppdaga at eg har balkongkassen min full av vakker persille. Den fekk vere med i suppa.

Denne suppa er vegetarisk, og blir vegansk viss du byttar til plantebasert smør og mjølk. Bruk glutenfritt mjøl viss du treng at suppa skal vere glutenfri. Det går fint å jamne supper og sausar med.

Tomatsuppe

2 ss smør

3 ss kveitemjøl

Ein halv finhakka løk eller 2-3 vårløkar

Ein liten boks tomatpuré

8 dl vatn

Ein buljongterning

Ein boks hakka tomatar

½ ts tørka timian, merian eller oregano

Salt, peppar og sukker

Ein skvett mjølk (ca. 1 dl)

Smelt smøret i ei gryte, og ha i løken. Surr dette på middels sterk varme til løken er blank. Ha i tomatpuréen, og la den frese litt saman med løken til den skiftar litt farge. Strø på mjølet, og la det surre medan du rører blandinga glatt med ein visp.

Slå på vatnet, og rør kraftig slik at det ikkje klumpar seg. La det heile koke opp. Ha i buljong, timian og innhaldet i tomatboksen, og la suppa koke på middels varme i ca. 6-8 minutt. Rør av og til.

Smak til med sukker, salt og peppar, og viss suppa blir for syrleg kan du runde den av med ein skvett mjølk.

Vil du ha suppa heilt glatt, kan du køyre den glatt med stavmiksar, viss du har. Server med godt brød, eit kokt egg viss du har, eller med eit parmesandryss.

Krydra tomatsuppe

Ei godt krydra tomatsuppe er perfekt viss du er litt snufsete eller berre treng noko som verkeleg varmar. Denne oppskrifta kan du utvide, til dømes med linser, bønner og ulike grønsaker. Når suppa er godt krydra er det fint å servere den med litt rømme, det kjøler ned dei aller sterkaste ilingane frå chilien. Doser chili litt og litt, så passar du på at det ikkje blir heilt overveldande sterkt. Eg brukte ein liten, tørka chili, og det var meir enn sterkt nok til 1,5 liter suppe. 

Nokre kallar denne typen suppe meksikansk suppe eller tacosuppe, då kan du også ha steikt, tacokrydra kjøttdeig i eller ved sidan av.

Viss du har grønsaksskeptikarar i familien, så kan du gjere slik vi gjorde heime hos oss då barna var små: Vi laga pinglesuppe. Då tok eg suppa til den som var engsteleg for bitar i suppa, og køyrde den glatt med stavmiksar. Då var alle dei heile bitane borte, og suppa var blitt pinglesuppe. Dei aller største pinglene måtte kanskje attpåtil få silt pinglesuppe. Det var også lov å ynskje seg om ein var sjuk, og måtte få det einaste ein hadde lyst på til middag. 

Denne oppskrifta gir suppe til seks personar. Lag gjerne dobbel porsjon, så kan du servere den seinare i veka og, eller legge ein middag i frysaren. Utan kjøt, rømme og honning er denne suppa vegansk. Den er også mjølke- og glutenfri.

Krydra tomatsuppe

2-3 ss olje

1 ts spisskummen

1 ts malt koriander

2 ts oregano

1 ts chiliflak eller ein liten, tørka chili

3 fedd kvitløk

1 stor gul løk

1 skalk raudkål (eller kvitkål, om det er det du har)

3 gulrøtter

1 persillerot

1,2 l vatn

2 pakkar (ca. 800 g) hermetiske tomatar

150 g grønnkål (viss du har)

250 g ferdig kokte raude bønner eller linser

1-2 ts sukker eller honning

To buljongterningar

Salt og peppar

Rømme og brød til servering

Rens og finhakk løk, kvitløk, gulrøtter, kål, persillerot og fersk chili. Skyll og finsnitt grønnkålen. 

Ha oljen i ei romsleg gryte, og varm den opp på middels varme. Ha i kvitløk, løk, fersk chili, og alt krydderet unntatt salt og peppar. La det frese til løken er mør. Ha i gulrot og persillerot, og slå på vatn og tomat. Smuldre buljongterningane i suppa. La dette koke i eit kvarter. Ha i det du brukar av bønner eller linser til slutt.  Smak til med sukker, salt og peppar, og server suppa med brød og rømme.

Bifflapskaus/brun lapskaus

Eg har fortalt om «spise-ut-av-frysaren»-prosjektet mitt? Noko av det eg fann der var ein bit oksekjøt frå nyttårsaftan. Då laga eg heilsteikt indrefilet, og den tjukke enden vart kasta i frysaren i ein pose, i kampens hete.

Den tok eg opp her om dagen, og laga noko eg nesten aldri gjer; ein klassisk brun lapskaus, eller bifflapskaus. Bifflapskaus er den aller finaste lapskausen, og det smarte er at det skal ikkje så mykje kjøt til. Eg hadde ca. 300 g beinfritt kjøt, og det vart til middag til seks personar! Å bruke små porsjonar med kjøt i ei suppe eller ei gryte er ein god måte å dryge maten på. Kutt kjøtet i relativt små bitar, og pøs på med sunne, fine rotgrønsaker, legg til litt kål og løk, og så har du førsteklasses middag å by vener på. 

Ja, og så er det dei store spørsmåla i livet: Tallerken eller skål? Skei eller gaffel? Der er vi ikkje heilt einige her i huset, men mette blir vi.

Eg laga bifflapskausen i jerngryta mi, då fekk eg ordentleg fin skorpe på kjøtbitane, og det gjev masse god smak til lapskausen. Grunnen til at lapskausen blir brun er nettopp det, at du steiker, eller brunar kjøtet. Så har eg i løken og fresar den litt med litt mjøl saman med kjøtet, og då får eg også jamning til lapskausen. 

Ein annan fordel med å lage lapskaus på dette fine kjøtet er at den ikkje treng å koke så lenge. Du kan gjerne bruke grovare kjøt, som t.d. høgrygg, bog eller nakke, men då må den koke litt lenger.

Brun lapskaus/bifflapskaus

300 g storfekjøt utan sener, feitt og bein

2-3 ss smør

Ein stor løk

1 ss kveitemjøl

3 dl vatn

½ kålhovud, gjerne raudkål (ca. 600 g)

6 gulrøtter

10 poteter

3 persillerøtter eller pastinakkar

Ein stor purre

½-1 ts malt peppar

5 dl vatn

To kjøtbuljongterningar

Kutt kjøtet i terningar, ca. 1,5 cm store. Rens og finhakk løken. Smelt smøret i ei jerngryte. Ha i halvparten av kjøtet, og steik det brunt på alle sider. Ta det ut, og steik resten av kjøtet. Ha i litt meir smør, og ha i løken og alt kjøtet. Dryss på mjølet, og rør alt saman. La det brunast utan at mjølet vert svidd. Slå på 3 dl vatn, og kok panna godt ut medan du skrapar botnen for å få med all den gode smaken. 

Rens alle grønsakene, og kutt dei i terningstorleik. Splitt purren, og vask den fri for jord mellom blada. Snitt den i tynne skiver. Kutt kålhovudet i små bitar. Ha alle grønsakene i gryta med resten av vatnet, dryss på peppar og dei smuldra buljongterningane, og la det koke til alt er mørt, ca. 25-30 minutt. Smak til om det trengst meir peppar eller salt. Server med flatbrød og godt smør.

Lapskaus på julerestar

Det slår ikkje feil, kjøleskap og frysar er fulle av restar etter julefeiringa.

Eg var veldig fornøgd med meg sjølv før jul, eg hadde eit «spise ut av frysaren»-prosjekt. Det var av bitter erfaring, det har ein tendens til å hope seg opp. Vi hadde middag i minst fjorten dagar berre av ting vi fann i frysaren, deriblant ein lapskaus på årsgamal pinnekjøtkraft. For eg gjorde jo akkurat det same i fjor, tok vare på kjøt og kraft etter julemiddagen. Viss du ikkje tek med feittet så held det seg eit år i frysaren, det kan eg bevitne. 

Denne jula feira vi i Sverige, og der har dei noko dei kallar kassler. Det er ganske enkelt ei bayonneskinke, og noko av det beste eg visste av julepålegg då eg var barn. Fårerull og syltaflesk var ikkje så nøye for meg. Tjukkskorne bayonneskinkeskiver derimot, var heilt fantastisk. Heile kjøtbiten gjekk ikkje med, og for at den ikkje skulle gå i hundane så kutta eg den i små terningar, og lagde ein aldeles fortreffeleg lys lapskaus på den. 

Lapskaus skal vere tjukk, ifølge mi bestemor skulle sleiva stå i gryta. Difor egnar mjølne poteter seg best, dei går i oppløysing, og jamnar lapskausen fint. Har du berre kokefaste poteter, så kan du jamne lapskausen med litt potetmospulver, viss den er laus i konsistensen. Eg har fått mykje kjeft for det, men eg syns det er enkelt og genialt, så eg brukar den teknikken uansett kva folk måtte meine.

Det beste med lapskaus, i tillegg til at det er god og billig mat, er at den er ganske sunn, og nesten feittfri, viss du følgjer mine forslag. Lagar du ein stor porsjon, så kan du fryse ned, eller berre la resten stå i kjøleskapet eit par-tre dagar i ein tett boks, det kjem heilt sikkert til nytte. Og eit lite tips: Har du ein venn som har det litt tungt for tida, som er sjuk eller av andre grunnar ikkje klarer å halde matstellet i orden? Gje bort boksar med ein porsjon lapskaus som ei lita oppmuntring. Eg garanterer at det vert sett stor pris på. 

Lys lapskaus

300 g kokt svinekjøt

Ein søtpotet eller kålrot

6 gulrøtter

10 poteter

3 persillerøtter

Ei halv sellerirot

Ein stor purre

½-1 ts malt peppar

1 ss tørka grasløk

8 dl vatn

To buljongterningar løyst opp i vatnet

Rens alle grønsakene, og kutt gulrøtter, kålrot eller søtpotet, potetene og persillerøttene i terningstorleik. Splitt purren, og vask den fri for jord mellom blada. Snitt den i tynne skiver.

Ha alle grønsakene i gryta med krafta, dryss på peppar, og la det koke til alt er mørt. Det tek rundt 25-30 minutt, alt etter kor harde grønsakene dine er. Ha i kjøtet til slutt saman med grasløken, og la det bli gjennomvarmt. Smak til om det trengst meir peppar eller salt. Server med flatbrød og godt smør.

Julebrød – julekake

Noko av det eg bakar sist er dei klassiske julebrøda. Dei søte, krydra kveitekakene fylt med rosiner og sukat må vere ferske til jul. Sjølv om han eg bur i lag med meiner at sukat er hinmannens snørr, så må det med, for meg er det ikkje julebrød utan sukat i. Sukaten eg brukte i desse julekakene er kjøpt i Italia, og bildet under viser godt korleis ekte sukat ser ut. Det er som namnet seier ei sitrusfrukt som kallast cedrat, den er kjenneteikna av at den har mykje tjukkare skal enn vanlege sitrusfrukter. Og det er bra, for det er nettopp skalet ein brukar.

Er du ei sart sjel, så treng du ikkje lese så mykje om kva som skal til for å gjere cedratfrukta om til sukat, det inkluderer både fermentering i saltvatn i månadsvis, før den vert kandisert i enorme mengder sukker. Men resultatet blir magisk, og for meg er smaken både eit barndomsminne (vi spiste julebrød året rundt…) og smaken av jul.

Julebrød

3 dl mjølk

Ein pakke gjær for søte deigar

1 ts salt

8-9 dl kveitemjøl

1 dl sukker

1 ts malt kardemomme

Eit egg

100 g smør

Fyll: 

100 g sukat

100 g rosiner, bløytte i vatn

Varm forsiktig opp mjølka i ei tjukkbotna gryte til den er fingervarm. Det skal verken kjennast varmt eller kaldt når du stikk fingeren nedi. Ha mjølka i bakebollen. Brukar du fersk gjær, så smuldrar du den i mjølka, viss du har tørrgjær har du den i saman med mjøl og sukker. Ha i mjølet litt og litt, saman med sukker, salt og kardemomme. Knekk egget i ein kopp, og elt det inn. Ha i mjøl til deigen er ganske fast. Til slutt eltar du inn smøret i bitar. Då blir deigen ganske klissete, men ver tolmodig, og elt deigen i 8-10 minutt. Då har du ein passe fast deig som er glatt og fin, og lett å kjevle ut. La deigen heve i ein time.

Sett steikeomnen på 200 grader. Elt deigen saman att, og ha den på eit godt mjøla bakebord. Dra den ut, du kan eventuelt også kjevle den litt slik at du får flata den ut litt. La vatnet renne av rosinene, og dryss dei på leiven saman med sukaten. Brett deigen saman, og form den til ei stor eller to mindre julebrød. La dei heve vel ein halvtime før du set dei i omnen.  Steik dei på 200 grader i 25-30 minutt, til dei gir frå seg ein hul lyd når du bankar på undersida. Server dei i skiver med godt smør og brunost på. 

Det er ikkje for seint! Fruktkake

Du er vel ikkje heilt i mål med julebaksten? Det er iallfall ikkje eg. Men det er i siste liten ein er mest effektiv, er mi erfaring. Engelsk fruktkake er blant dei kakene som det seiest må lagast ein månad før jul. Det finst eksempel på 120 år gamle slike kaker, som framleis vert oppbevart som familieklenodier. Men mi erfaring er at kakene vert like gode om dei vert laga nokre dagar før servering, så null stress. Vil du ha fruktkake til jul, så kan du lage den no i helga. Sjekk kva du har i skapet, ofte kjøper ein nytt sjølv om ein har både sukat, rosiner og anna tørka frukt liggande, som bør brukast opp.

Dei engelske fruktkakene er eit overflodsfenomen, med meir nøtter og frukt enn mjøl. Dei vert eit symbol på avstanden det trass alt bør vere mellom kvardag og høgtid. Eg likar mine fruktkaker med ein ekstra kryddersmak. Du får smake deg fram, og finne ut kva du likar. Nokre meinar det blir smør på flesk, eg er meir på den linja at for mykje av det gode kan vere heilt fantastisk. Difor legg eg også rosinene eg skal bruke i rom nokre dagar før eg lagar fruktkakene. Dei får ein fantastisk smak, og gjer kakene saftige. Legg gjerne i meir enn du treng til fruktkakene, slike fulle rosiner er knallgode til dømes i julegløggen. 

Eit anna triks for å lukkast med denne kaka er å ha mjukt smør klart. Smør treng jo ikkje å stå på kjøl viss du skal bruke det i løpet av eit par veker, så finn ein god boks eller ei krukke, og ha det ståande på benken. Planlegg du å lage denne kaka i morgon, så mål opp smøret og sett det på benken i kveld, og du kan også legge frukta i bløyt viss den er tørr og henta frå bakerste hylle. Då går det fort å kome i gang med bakinga i morgon.

 

Du kan variere frukta i kaka etter kva du har i huset. Eg lagde ein porsjon med sylta kirsebær, det vart nydeleg, og vakkert med raude bær i kaka. Tørka tranebær (cranberries) kan og brukast, berre totalvekta på frukt er som i oppskrifta. Ta deg ein tur i ein velassortert butikk, til dømes ein som er driven av våre nye landsmenn, og sjå kva du finn. Eller gå ei alternativ rute når du er på ferie, der er det også mykje spennande å ta med seg heim.

Eg handlar alltid med meg tørka frukt og bær når eg er ute og reiser. Normale menneske kjøper kjøleskapsmagnetar og kjøkkenhanddukar som suvenirar, eg kjøper tørka aprikosar, mango og heil sukat på marknadane der eg ferdast. Særleg i Italia er dei veldig flinke med dette, og på skåla du ser på bildet ligg det dadlar, to typar aprikosar, sukat, sylta ingefær, sylta appelsinskal og sylta papaya. Pluss noko grønt som eg ikkje heilt veit kva er. Det var det eg fann i skapa, utan å gå i butikken først. Galskap, eg veit.

Lag gjerne dobbelt porsjon når du først er i gang, ei slik kake er den perfekte julegåva til nokon du er glad i.

Ha ei fin adventshelg! 

Engelsk fruktkake

300 g meierismør

300 g sukker

5 egg

350 g kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts kanel

¾ ts malt nellik

¾ ts malt ingefær

3 ss sirup

3 ss rom eller annan alkohol frå rosinbløytinga

100 g hakka valnøtter

150 g hakka mandlar

100 g aprikosar

100 g sukat

200 g rosiner som er bløytte i alkohol

Set omnen på 150 grader. Smør to store (1 ½ litersformer) eller tre mindre former med smør, og vend nokre skeier mjøl rundt i dei til alt er dekt. Bank ut overflødig mjøl.

Rør smør og sukker lyst og luftig. Pisk inn egga, eitt og eitt. Bland halvparten av mjølet med krydder og bakepulver. Ha det i røra vekselsvis med den utrørte sirupen. Ha resten av mjølet i ein bolle, og vend inn frukt og nøtter. Dette gjer at frukta og nøttene ikkje søkk til botnar i kakeforma. Vend fruktblandinga inn i røra, og rør det glatt.

Fordel røra i formene slik at dei vert ca. ¾ fulle. Viss du vil kan du pynte kaka på dette stadiet, ved at du legg t.d. valnøtter eller sylta kirsebær i røra på toppen, slik at dei syns etter at dei er steikt. 

Steik kakene på 150 grader i 1 time og 20 minutt. Sjekk at dei er ferdige med ei kakenål eller ein spagettipinne. La dei kolne på rist, og pakk dei tett i aluminiumsfolie før du legg dei i ein tett boks. Når du skal servere kaka kan du gje den eit lett melisdryss. Vil du gjere det på engelsk vis skal kaka ha to spiseskeier brandy annakvar dag, og den skal serverast med ein melisglasur eller med marsipantrekk og pynt ad libitum.

 

Den første julebaksten – heimelaga knekkebrød

Det å bake til jul er ein fin tradisjon. Eg likar å bake dei søte kakene ganske tett oppunder jul. Det reduserer svinnet, og gjer at dei smakar ferskt og godt når julegjestane kjem. 

Viss du har bakelyst no, så er dei tørre brøda det beste å byrje med. Det du kan fryse ned kan også bakast no, eg har allereie to julekaker i frysaren, men det kan vi snakke om litt seinare. I dag skal du få lære å lage to deilige sortar knekkebrød, perfekt til å servere på julebordet, med sild, leverpostei eller smakfulle ostar. 

Lurer du på om det er noko spesielt med heimelaga knekkebrød, så vil eg berre tilrå at du testar det ut. Dei blir så gode, og ganske annleis enn dei du kjøper. Dessutan kan du variere krydring og smak, på den måten får du ulike variantar til ulik bruk. 

Dei krydra knekkebrøda kan du smaksette på ulike måtar. Eg har laga to variantar, ein med urter og ein med søte krydder. Der valde eg anis, fenikkel og spisskummen. Tørre frøkrydder vinn enormt smaksmessig på å bli rista i tørr panne før du knuser dei. Det er ikkje noko poeng å riste mykje i gongen, for når det først er rista varer det ikkje så lenge, men det du har rista smakar mange gongar meir, berre prøv. Tørre urtekrydder er langt sartare, og vinn ikkje noko på slik varmebehandling. Brukar du urter, så berre knus dei, og elt dei inn i deigen. Du kan gjerne dele deigen i to, og tilsette krydder etterpå, for å få to ulike variantar. Dryss gjerne på litt ekstra oregano på dei urtekrydra leivane, slik at du ser skilnad på dei. 

Så kva skal ein bruke desse knekkebrøda til? Eg brukar dei når eg lagar småsnacks som eg serverer til gjestane når dei kjem, gjerne saman med litt gløgg. Dei er gode til suppe, og gjer seg godt på eit julefrukostbord. Å bake knekkebrød er ein perfekt vennesøndagsaktivitet, inviter med deg nokon, så går det dobbelt så fort, og de kan dele på baksten. 

Krydra knekkebrød

5 dl lunkent vatn

50 g fersk gjær

1,5 ts salt

(2 ts krydderblanding)

5 dl kveitemjøl

4 dl grovt rugmjøl

4 dl fint rugmjøl

Til utbaking: 

2 dl fint rugmjøl

Krydderblanding, søtt krydder:

1 ts fenikkelfrø

1 ts anisfrø

1 ts spisskummen

Rist frøa i varm, tørr steikepanne til dei byrjar å dufte og poppe. Hell frøa i ein mortar og knus dei fint. 

Krydderblanding, urtekrydder:

1 ts timian

1 ts rosmarin

1 ts oregano

Ha kryddera i ein mortar, og knus dei fint. 

Ha vatnet i ein bolle, og smuldre gjæra i vatnet. Ha i alt det tørre, og elt det til ein ganske fast deig. Dryss på litt fint rugmjøl, og la den heve i ein times tid. 

Sett steikeomnen på 250 grader.

Kjevle deigen ut på eit bakebord. Pass på å vende den ofte, og dryss på fint rugmjøl slik at den ikkje festar seg i bordet. Når den er jamnt tynn og fin kjevlar du over med eit kjevle med mønster i, og så kuttar du leiven i firkantar med eit pizzahjul. Legg firkantane på eit steikebrett, og prikk dei med ein gaffel, slik at dei ikkje bles seg opp når dei vert steikt. 

Steik knekkebrøda i 7-8 minutt på 250 grader, til dei er lyst gylne og sprø. La dei ligge på ei rist nokre timar til dei er heilt kalde og tørre. Oppbevar knekkebrøda i tett boks. 

Frøknekkebrød

6 dl fint rugmjøl

5 dl kveitemjøl

1 ts hornsalt

2 ts salt

1 dl linfrø

1 dl sesamfrø

4 dl vatn

2 ss honning

2-3 dl fint rugmjøl til utbaking

1 dl solsikkefrø

1 dl graskarfrø

Sett omnen på 250 grader. 

Bland saman alt det tørre unntatt mjøl og frø til utbaking i ein bolle. Ha i vatnet og honningen, og elt det heile til ein ganske fast deig. Har du veganarar i huset, så bytt ut honning med sirup.

Del deigen i seks emne, og kjevle dei ut så tynt du klarer medan du vender på dei og strør med rugmjøl. Til slutt drysser du solsikkefrø og graskarfrø på kvar leiv, og kjevlar over ein siste gong. Legg leivane på bakebrettet, og spray gjerne på litt vatn til slutt, slik at frøa fester seg betre i leiven. 

Steik knekkebrøda på 250 grader i 7-8 minutt. 

Vichyssoise – Potet- og purresuppe

Det er en grunn til at kokkene skal være franske, sa datra mi ein gong. Då hadde vi vore i Barcelona i to veker og dro til ein liten fransk by rett over grensa. Maten vi fekk servert overtydde både henne og resten av familien. 

Og ho har heilt rett, det franske kjøkkenet er uovertruffent best på veldig mange matrettar og teknikkar. Det er ikkje utan grunn at dei kårar dei beste kokkane i verda i Frankrike, med franske dommarar. Ein ting dei verkeleg kan er supper. Særleg dei krema suppene, som dei kallar velouté, er utruleg gode, enkle å lage, og ei fryd å invitere gjestar på. Dessutan kan du enkelt lage ein stor porsjon, og ta fram igjen ein dag det er travlare enn i dag. 

Den suppa av laga i dag er ei potet- og purresuppe, denne klassikaren som i Frankrike går under namnet vichyssoise. Namnet på suppa kjem frå byen Vichy, som er heimbyen til kokken som ”oppfann” den. Viss eg skal gjette var det vel ei traust husmor som fann den opp, men verda er urettferdig, det er sjeldan dei får æra.

Eg hadde ikkje purre, men eg hadde vanleg løk og vårløk, og brukte det. Du kan bruke enten fire vårløkar og ein løk, eller ein velvaksen purre.  Dette er ein fin måte å bruke både litt ruskete poteter og slapp løk på. Sjansen for at du har poteter og ein eller annan løkvariant i grønsaksskuffen er stor, og då kan du lage dette nesten utan innkjøp. Har du ikkje fløte, kan du bytte ut både den og halvparten av vatnet med vanleg mjølk. 

Suppa skal eigentleg serverast kald på sommaren, men no på førjulsvinteren syns eg den er nydeleg varm og. 

Potet- og vårløksuppe

Ein purre eller

Fire vårløkar og ein gul løk

4 store poteter

3 ss olivenolje

1 grønnsaksbuljongterning eller 1 ss fond

1 liter vatn

2 dl fløte

1 ts tørka persille (eller frå frysaren om du har frå i sommar)

1 ts tørka graslauk (eller frå frysaren…)

Salt og peppar

Rens løk og vårløk, evnt purre, og finsnitt. Skrell potetene, og kutt dei i terningar. 

Varm opp olivenoljen i ei romsleg gryte, og fres løken i den. Den skal ikkje ta farge. Ha i potetene, buljongen og vatnet. La det koke til potetene er møre. Køyr suppa glatt med stavmiksar, og ha i fløten og urtene.

Graslauk og persille er blant dei urtene som toler aller best å blir frosne. Eg klipper begge delar ned i kvart sitt glas som eg set i frysaren når dei er på sitt finaste. Så grev eg ut med gaffel det eg treng, og set resten tilbake i frysaren. Lurt!

Viss du har mjølkeallergikarar til bords kan du la vere å tilsette fløten, men piske den lett og ha den i ei skål slik at kvar kan legge ei skei krem i suppa si. Utan fløte i er suppa også vegansk.

Islandskake

Når ein vil feire noko er det staseleg å servere ei god kake eller tre. Ofte blir det dei same kakene om att og om att, eg lagar kvæfjordkake, bror min lagar suksessterte og søstra mi er knallgod på sjokoladekake og ostekake. 

Men variasjon er fint, og då supplerer eg ofte med Islandskake. Den lærte eg å lage av ein slektning i Nord-Norge, og den er alltid populær. Ein av grunnane til at den er mykje brukt er nok at den er lett å variere. Du kan bytte ut sviskene med banan, du kan ha smør i vaniljekremen eller la vere, du kan pynte med strøssel, dajmkuler, knust smash eller nøtter, og du kan til og med dynke kokosbotnen med litt rom, viss du er heilt vill og gal.

Første gongen eg fekk servert Islandskake så vart eg reint euforisk, så god var den. Det er noko med kombinasjonen av svisker, piska krem, kokos og smørkrem som berre fekk håret til å reise seg på hovudet av fryd. Den er ei kaloribombe og ei smaksbombe, så du treng ikkje så stort stykke, men det stykket du et er til gjengjeld knallgodt. Viss du vil lage ei lettare og raskare utgåve av kaka kan du bruke vaniljekrem utan å piske inn smør. Difor er det to oppskrifter på krem, smørkrem og vaniljekrem. Du treng berre lage ein av dei. 

Ta deg tid til å lage kremen sjølv, det er så mykje betre enn ferdigkrem, og det er ein fin teknikk å kunne. Kunsten er berre å ikkje forlate komfyren, men å røre og følge med heile tida. Du kan godt lage kremen dagen før, og vil du ha smør i den så piskar du det inn når kremen er avkjølt. Då går det fint å piske inn romtemperert smør. 

Denne kaka er ein stor porsjon, eg brukte ei 26 cm kakeform. Legg bakepapir i botnen og på kantane, så får du ein enkel jobb når du skal få den ut av forma. Elles blir det fort katastrofe, spesielt viss du har det litt travelt. Botnen lar seg enklast transportere over frå forma til fatet viss du har latt den kolne heilt før du flyttar den. I tillegg blir kaka best viss den får stå og trekke i kjøleskap nokre timar. Så dette er ei kake for den som er flink til å planlegge, og av den tolmodige typen. Men den er vel verd å vente på! 

Islandskake

6 eggekviter

3 dl sukker

½ ts salt

1 ts søtleg eddik, eplecidereddik eller kvit balsamico

3 dl kokosmasse

75 g kokesjokolade – grovhakka

1 ss potetmjøl

1 ts bakepulver

Fyll, smørkrem:

6 eggeplommer

1,5 dl kremfløyte

150 gram sukker

1 ts maisennamjøl

2 ts ekte vaniljesukker

150 gram smør (valgfritt, skal piskast inn til slutt)

Fyll, vaniljekrem: 

6 eggeplommer

150 g sukker

4 dl heilmjølk

2 ts ekte vaniljesukker

2 ss maisennamjøl

200 g svisker

3-4 dl vatn

Til pynt:

3 dl kremfløte

2-3 ruter sjokolade

Set omnen på 175 grader.

Pisk eggekvitene med salt og eddik, ha i sukkeret litt og litt, og pisk vidare til du har ein seig og fin marengsmasse. Vend inn kokosmasse, hakka sjokolade, potetmjøl og bakepulver.

Ha deigen i ei rund springform, eg brukte ei som var 24 cm i diameter. Legg matpapir over botnen før du set ringen på forma. Steik kaka nederst i omnen på 175°C i 45 min. La kaka bli heilt kald, gjerne i forma, før du legg kremen på.

Smørkrem: Bland eggeplommer, fløyte, sukker og vaniljesukker i ei panne og varm det sakte opp. Dette må varmast godt opp, nesten til kokepunktet. Rør heile tida. Ikkje gjer denne prosessen for fort, då vert fyllet ikkje stivt. Du ser at det tjuknar etter kvart. Ta det av varmen når eggeblandinga er ferdig, og set den kaldt. La eggeblandinga kolne heilt før du piskar i smøret. 

Vaniljekrem: Bland eggeplommer, mjølk, sukker, vaniljesukker og maisennamjøl i ei gryte med tjukk botn. Varm det sakte opp medan du rører, og hald fram med å røre til blandinga er nær kokepunktet. Då tjuknar den. Hell den tjukke kremen i ei skål, og legg på plastfolie. La kremen kolne før du har den på kaka. 

Kok sviskene i fem minutt, ta dei av plata og la dei stå i vatnet til dei har blitt godt bløytte. Dei skal vere så mjuke at du kan klemme dei flate. La dei renne av. (Kokevatnet er godt å drikke.)

Smør den kremen du har laga på den heilt avkjølte kakebotnen. Legg sviskene oppi kremfyllet. Pisk krem, og brei over kaka. Dryss på daimkuler, riven sjokolade eller hakka nøtter.

Haustpizza

Kan eg få by på ein sprø, smakfull pizza? Ingen seier vel nei til det? 

Eg elskar pizza heile året, så hausten er ei like god unnskyldning som noko anna til å bake ein lekker pizza med forskjellige toppingar, så alle blir i godt humør og mette i magen. 

Pizza er enkelt, det einaste som tek litt tid er hevinga, for du får ein betre pizza om deigen får forheve før du går i gang med å ha på fyll. Eg kjenner folk som kaldhevar deig i kjøleskapet meir eller mindre kontinuerleg, det er fullt mogeleg. Bak med kald væske og litt mindre gjær enn i mi oppskrift, så kan deigen stå både to og tre dagar. Elt den saman igjen no og då, så slepp du at den overhevar og kollapsar. 

Men denne pizzaen er ein vanleg «hurtigdeig», eller så hurtig som det kan vere, når det er snakk om gjærbakst. 

Det morsommaste med pizza er at du kan lage den med det du måtte ha i kjøleskapet. Du treng ikkje dra på kompliserte handlerundar til velassorterte kolonialar, bruk det du har. Eg fann nokre baconrestar, to mozarellakuler som holdt på å gå ut på dato, ein osteskalk og litt røykt skinke. Ut av det fekk eg to fine pizzaer, og eg fann til og med ein liten bit chevre, så eg fekk eit hjørne på den eine pizzaen til venninna mi som ikkje toler kuost, men som kan spise ost av geitemjølk, som chevre er. Eg laga to ulike sausar, ein kvit med urtepesto, og ein raud med tomat og løk. Begge er kjappe og enkle, og du fiksar to sortar saus og topping medan deigen hevar. 

Har du høyrt om steinomnsbakt pizza? Eg kan love deg at det finst langt færre steinomnar til pizzabaking enn reklamen skulle tilseie. Men eg har funne ut trikset: Pudre steikebrettet med mjøl i staden for å bruke bakepapir. På den måten får du steinomnssmaken, glovarm omn, eit tynt lag mjøl og ein lett pizzadeig. Det blir garantert suksess. 

Pizzadeig:

5 dl lunka vatn

1 ts salt

2 ss olivenolje

2 ts tørrgjær

2 ts honning

Mjøl til passe deig

Ha alle ingrediensane unntatt mjølet i ein miksmaster eller annan type kjøkkenmaskin som eltar. Ha i mjølet litt og litt, og elt godt til du får ein smidig deig. La deigen heve i bakebollen, slå den gjerne saman nokre gongar, då vert botnen lett å jobbe med.

Sett omnen på 250 grader. Dryss eit tynt lag mjøl på steikeplata. Kjevle ut deigen, og legg den på steikeplata. Gjer klar fyllet.

Fyll til kvit pizza

3 ss creme fraiche

3 ss basilikumpesto

100 g bacon i bitar

8-10 asparges

Ein liten gul løk

100 g plommetomatar

To mozarellakuler

Rør saman pesto og creme fraiche. Smør det utover pizzaen. Sprøsteik bacon, og dryss det over. Del aspargesane i to på langs, og legg dei utover. Snitt løken fint i skiver, og fordel dei på pizzaen. Del tomatane i to, og legg dei på pizzaen. Skjer mozarellakulene i skiver, og legg dei på til slutt. 

Steik pizzaen på 250 grader i 8-10 minutt. 

Fyll til raud pizza

2 ss olivenolje

Ein liten, gul løk

1-3 kvitløksfedd

1 ts oregano

Ein pakke hakka tomatar

Salt og peppar

Ei klype sukker

100 g riven ost

100 g røykt skinke

100 g plommetomatar

Varm opp olivenoljen i ei gryte. Finhakk løk og kvitløk, og ha det i gryta saman med oreganoen. La det surre til det er blankt og mjukt. Slå på ein pakke hakka tomatar, og la det koke friskt medan du rører i 10 minutt. Smak til med salt, peppar og ei klype sukker. Sett til side.

Riv osten, og del skinka i strimlar. Del tomatane i to. Smør tomatsausen ut over pizzaleiven. Fordel skinke og tomatar utover pizzaen, før du drysser osten over til slutt. Steik pizzaen på 250 grader i 8-10 minutt.

Kyllingsuppe med grønt i

No er utvalet i grønsaksdisken heilt fantastisk, og då gjeld det å nytte høvet til å improvisere. Butikkane tek inn det som er i sesong, og det som blir kjøpt, så då må vi kundane ta med oss det gode som finst der.

For tida er det til dømes lett å finne erter og bønner, for ikkje å snakke om rotgrønsakene, som er veldig flotte akkurat no. Eg sveiva i gang ei god suppe, og det gjorde eg på grøne bønner, sukkererter, gulrøtter og ein gul paprika. Fargerikt og smaksrikt på ein gong, det er lett å like.

For å få i litt ordentleg kjøtsmak laga eg kjøtbollar av kyllingkjøtdeig. Det er ei takksam råvare, som ein kan putte full av smak. Eg krydra med italienske urter og salt, og så gjeld det å huske på å lage kjøtbollane små nok. Når ein sper dei litt som eg gjer, så bles dei seg opp og blir luftige og fine. Det er flott, men dersom du lagar dei for store flyt dei rundt som kjøtkaker i suppa. Det kan bli litt voldsomt. Dei skal ikkje vere større enn ei stor klinkekule. Trikset er å lage dei med ei lita teskei.

Vil du bruke noko anna enn kylling, så kan du fint lage kjøtbollar av svinekjøtdeig eller lammekjøtdeig. Lammekjøtdeig skal vere mogeleg å få tak i no i sesongen, og gir ei veldig smaksrik suppe.

I tillegg til alle dei deilige grønsakene har eg vore ute i hagen og plukka inn urter. Eg fann oregano, persille og grasløk, som eg strødde over suppa til slutt. Stilkane til persillen kan du la koke med i suppa, dei gir god smak. Berre pass på å fiske dei ut før du serverer. 

Både grønsakene og urtene i denne suppa kan varierast. Har du til dømes persillerot, pastinakk eller sellerirot passar det perfekt i suppa. Det same gjeld om du har andre typar erter og bønner. Ein selleristilk eller to kan og kappast fint, og få vere med, og har du ein kålskalk kan den og kuttast opp og puttast i gryta. Suppa blir kjempegod med timian i, då kan den gjerne få koke i frå byrjinga av. 

Viss du vil, kan du jamne suppa med litt maisenna eller mjøl og smør knadd saman, som du rører ut i litt av krafta. Det gjev ei fyldigare suppe, og du vil oppleve den som meir mettande. Brukar du maisenna er denne suppa glutenfri. Byttar du ut mjølk med vatn når du sper bollane er den også mjølkefri.

Kyllingbollar til kjøtsuppe

400 g kyllingkjøtdeig

1 ts salt

¼ ts peppar

Eit egg

1 ss potetmjøl

3 ts mjølk eller vatn

2 ts blanda tørt urtekrydder eller

½ ts tørr basilikum

½ ts tørr timian

½ ts tørr oregano

½ ts tørr, knust rosmarin

Rør kjøtdeigen glatt og seig med salt og peppar. Knekk i egget, og rør godt. Ha i potetmjøl, og rør det godt inn før du sper litt og litt med mjølka. Elt inn krydderet til slutt. 

Ha 1,5 liter vatn i ein kjele. La det koke opp, og la det stå og trekke. Form små kjøtbollar med ei teskei, og slepp dei oppi gryta. Hald fram til du har brukt opp all kjøtdeigen. La det stå og trekke nokre minutt, og så tek du kjøtbollane ut og legg dei på eit fat. Set til side. La krafta bli att i gryta.

Kyllingsuppe

1,5 l kraft frå kjøtbollekokinga

400 g gulrøtter

300 g purre

200 g grøne bønner

100 g sukkererter

Ein gul paprika

Ein neve hakka urter

(Evnt: 3 ss maisennamjøl rørt ut i 1/2 dl vatn)

Skrell gulrøttene, og skjer dei i fine skiver. Splitt og skyll purren, og snitt den fint. Ha purre og gulrotbitar i gryta, og la det koke i ti minutt. Medan suppa kokar gjer du klar resten av grønsakene. Finsnitt bønner og sukkererter, og rens paprikaen. Skjer den i små bitar.

Når suppa har kokt i ti minutt og gulrøttene er møre, har du i resten av grønsakene og kjøtbollane. La det koke i eit par minutt, til alt er gjennomvarmt. Vil du ha maisenna i, så rør det i til slutt, før det siste oppkoket. 

Dryss på finhakka urter før du set gryta på bordet. Server suppa med eit ferskt brød til.  

Plommefest!

Det er plommeår i år, iallfall i nabolaget mitt. Trea bugnar!

Er det slik hos deg og? Og har du plommer att? I så fall skal du få nokre oppskrifter av meg som eg garanterer vil glede alle du lagar dei til. 

Eg har eit plommetre, og det kom for første gong med plommer i år. Tre plommer hang og lyste så vakre frå det litt skrantne treet som har blitt hardt handsama av svoltne elgar og rådyr på seinvinteren. Det er ikkje meir enn eit par år sidan vi måtte fjerne ei grein som elgen hadde fått tak i og drege ned og til sides. Vi var redde vi måtte felle treet, så skada var det. 

Treet kom seg til att, og på førsommaren hadde vi verkeleg von om å få smake våre første heimeavla plommer. Men så lenge var Adam uti paradis, då vi kom att frå ferie var dei borte, og bladverket var oppete av nokre uidentifiserte åmer. Så heimedyrka plommer må vi altså vente endå lenger på. Vi er heldige og har verdas beste naboar som også har plommer, og dessutan fann vi nokre fine i butikken, så det vart plommemoro i år sjølv om dei heimeavla svikta. Når ein ymtar frampå om at ein ikkje har plommer, men har lyst på, så er det utruleg kva som dukkar opp på trammen, plutseleg sto det ein balje der. Og då vi var på besøk hos nokre vener kom naboen deira med ei bøtte med plommer som vi fekk med oss, så vi har fått i overflod i år.

Så kva gjer ein då? Vi har laga saft, og den laga vi gelé av. Safta laga eg i ein saftdampar, men du kan også berre koke plommemassen med ekstra vatn, og sile det gjennom eit klede. Du kan gjerne blande det du har av ting å safte i same dampeprosess, eple, kirsebær og til og med frossen rabarbra kan gå i saftdamparen. 

I tillegg har vi lagt plommer på sprit til ein julelikør med plommearoma, og vi har laga gamaldagse sylta plommer i sukkerlake. Dei skal vi ta fram ein ruskete seinvinterssøndag, og kjenne på smaken av sommar med fløtekrem på. Å sylte plommer er både enkelt og fort gjort, det viktigaste er å ha reine glas å fylle plommene på. Eg måtte gå i kjellaren og leite etter norgesglas. Andre glas kan også brukast, vi har nokre store som det har vore oliven på, og dei går fint å bruke. Og når det er oss to til middag treng vi ikkje så mykje, så då lagar eg nokre glas med berre åtte-ti plommer på som vi kan kose oss med. Det er luksus å ha slikt i kjellaren når ein får lyst på ein god dessert. Oppskrifta på sylta plommer kan du også bruke på pærer om du har det i hagen.

Sylta plommer 

1 liter vatn

600 g sukker

1 ts sitronsyre

1,5-2 kg plommer

½ ts atamon

Kok opp vatnet med sukker og sitronsyre, til sukkeret har løyst seg opp og laken kokar friskt. Legg i plommene, og la dei koke til dei er møre. Er dei modne tek det berre eit minutt eller to. Ta plommene forsiktig ut av laken med ei skei, og legg dei på nykokte, varme glas. Rør atamon inn i laken som er att, og hell den over plommene i glasa. Legg på lok og gummipakning, og skru godt til. Oppbevar dei sylta plommene kjøleg og mørkt. 

Plommesaft

4-5 kg plommer

3 liter vatn

Ha plommene i korga til ein saftdampar, og sett den oppå ein kjele som du har fylt vatn i. Sett plata på middels høg varme, og la plommene dampe til det har danna seg saft slik at du ser det i plastslangen på saftdamparen. Tapp av saft etter kvart oppi ei gryte. Fyll eventuelt på med meir vatn i den nederste kjelen. Plommene er ferdig dampa når dei har kollapsa heilt i korga si. 

Når all safta er helt over i ein kjele set du kjelen på kok. For å lage saft til å blande ut rører du i 700 g sukker per liter usøta saft, og kokar det opp før du fyller det på heilt reine, nykokte flasker. Rør gjerne i ½ ts atamon i safta før du fyller den på flaskene, det gjer at safta ikkje mugnar eller gjærar. 

Plommegelé

1 liter usøta saft

1 pk grøn fruktpektin (Jam)

700 g sukker

1 ts sitronsyre

Kok opp safta. Rør i pektinet, og la det koke friskt i 1 minutt medan du rører. Ta kjelen av plata. Viss det har danna seg skum på toppen av gryta, fjernar du det med ei fiskeause eller ei sleiv.  Veg opp sukkeret, og rør det inn i geléen saman med sitronsyra. Hell geléen på heilt reine, nykokte glas. Eg køyrer dei og flaskene på det varmaste programmet i vaskemaskinen rett før eg skal fylle på. Skru på loket med ein gong du har fylt på geléen, og set glasa mørkt og kjøleg. 

Plommelikør

Seks store eller åtte mindre plommer

Tre stjerneanis

2 dl brunt sukker

6 dl vodka

Legg plommene i eit romsleg glas. Hell på sukker, og ha i stjerneanis. Slå på spriten, og la det stå i to veker. Sil frå plommene og stjerneanisen, og hell likøren på reine flasker som du korkar så dei er tette. La stå ei veke eller to til før du serverer den.

Saftig sjokoladekake med appelsin

Det er fint med jul, men eg trur faktisk påska er mi favoritthøgtid. Det lysnar, det spirer og gror ute, og vi kan ha late dagar med gode bøker, ein kopp te og vennar på besøk.

Og når du først får besøk er det jo triveleg å by på noko godt. Denne kaka er ei skikkeleg festkake, og du kan pynte den som du vil. Eg har hytte nær ein godterifabrikk, og det ber kaka mi preg av. Eg vil ikkje seie at eg gjekk berserk då eg handla inn, men kanskje litt? Uansett, det gjer at kaka blir fristande for både store og små, og ingenting er så stas som glade gjestar rundt bordet. 

Denne kakerøra er emulgert, det vil seie at du piskar egga inn i smøret, og på den måten får feitt og væske til å binde seg. Den metoden gir ei saftig og holdbar kake, som godt toler å takast fram to-tre dagar på rad viss det er restar igjen. Dra plast over fatet når gjestane har forsynt seg, så blir ikkje kantane tørre. 

Til å bake denne kaka treng du ei springform som er 24 cm i diameter. Gjer forma klar ved å ta eit flak bakepapir som du spenner fast over botnen ved å sette på ringen. Vil du gjere deg ekstra enkelt for deg sjølv, kan du klippe strimlar av bakepapir, og legge langs kanten. Då lønner det seg å fukte kanten innvendig litt, slik at papiret festar seg. Men du kan også berre smøre kanten innvendig med smør. Då bør du skjere kaka laus frå forma med ein skarp kniv når den har kolna. 

Sjokolade og appelsin er ein veldig god kombinasjon syns eg, med den friske appelsinsmaken som balanserer sjokoladen. Viss du ikkje er så glad i appelsin kan du bytte ut juicen med mjølk. Då får du ei klassisk sjokoladekake. Du kan også smaksette kaka med kaffe, viss du likar det.  

Sjokoladekake med appelsin

150 g romtemperert smør

300 g sukker

3 store egg

2,5 dl appelsinjuice

100 g mørk kokesjokolade

2 ss kakaopulver til kokekakao

250 g kveitemjøl

3 ts bakepulver

Rive skal av ein appelsin

Til dynking:

0,5 dl appelsinjuice

Sett steikeomnen på 180 grader. Legg bakepapir i forma slik at den er klar. 

Pisk mjukt smør og sukker lyst og luftig. Pisk inn egga, eitt om gongen. Varm opp appelsinjuicen, og smelt sjokoladen i den varme juicen. Avkjøl dette, og rør deretter juiceblandinga inn i smørkremen saman med skalet. Sikt mjøl, kakaopulver og bakepulver saman, og vend inn i deigen til slutt.

Ha deigen i ei rund form med bakepapir i botnen. Steik kaka midt i ovnen ved 180°C i ca 45 minutt. Sjekk med kakenål eller ein ukokt spagettipinne at kaka er gjennomsteikt. Pinnen skal vere tørr når du tek den ut av kaka. Avkjøl kaka i forma. 

Så langt kan du med hell førebu kaka dagen før. Du treng ikkje oppbevare den i kjøleskap over natta, men pakk den gjerne i litt plastfolie, slik at den ikkje vert tørr. 

Ta kaka ut av forma og fjern bakepapiret. Del den i to botnar og dynk dei med litt appelsinjuice.

Sjokoladekrem

200 g mørk sjokolade

1 dl fløte

5 ss sukker

75 g smør

Finhakk sjokoladen, og ha den i ei skål. Kok opp fløten og sukkeret, og hell det over sjokoladen. La det stå ei lita stund, slik at sjokoladen smeltar.

Når sjokoladen har smelta rører du inn klattar med smør. Vend det heile rundt til det har blitt ein smidig krem. La kremen stå i romtemperatur i 2-4 timar.

Legg den nederste botnen på eit fat, og smør eit lag med sjokoladekrem på den. Legg den andre botnen oppå, og dekk heile kaka med sjokoladekrem. Pynt med godteri, strøssel av ulikt slag, kandiserte appelsinbåtar eller med friske bær.

Kikertsuppe med vår i

Eg måtte verkeleg tenke meg om: Kva er vårmat? Det er jo ikkje stort som veks enno, så eg slo meg til ro med at vårmaten er den som har overlevd vinteren. 

Det er dei ordentlege rotgrønsakene, som overlever vinterlagring og som gjev oss næring og kraft sjølv når snøen ligg tung. No grønkast det, men likevel treng vi å ty til det som har overlevd frå i fjor. Eg set mi lit til gulrøtter, løk, purre, persillerot og dei næringsrike belgfruktene. Med desse flotte ingrediensane er det ikkje vanskeleg å skape gode smakar som mettar. 

Som alltid handlar det om å framheve dei gode råvarene. Eg brukte litt eplejuice som kraft, du kan bruke kvitvin viss du har ein slant ståande, eller såkalla kommunalkraft, altså reint vatn. Fordelen med juicen er at det er litt syre og sødme i den, det fungerer alltid. Til slutt rundar eg av med litt fløte, det kan du droppe viss du til dømes vil at suppa skal vere vegansk eller mjølkefri. Men fløten gjer suppa fyldig og mettande. 

Ei god suppe blir alltid betre med noko på toppen. Du kan bruke hakka urter, ei skei rømme, krutongar eller rista solsikkefrø. Pinjekjerner er fint og fancy, men solsikkefrø blir vel så gode når dei får møte varmen frå ei steikepanne og eit dryss med salt. Billig er det og. 

Til suppa serverte eg eit spennande rivebrød, det fylte eg med urter. Rivebrød er ganske enkelt ein loffedeig som eg kjevlar ut, smører og drysser urter på. Så kuttar eg leiven i strimlar, og så i ruter, før eg stablar rutene i ei brødform og steiker det som ein vanleg loff. Når brødet vert servert kan ein rive skivene frå kvarandre, og få med seg den aromatiske urtesmaken. Du kan også bruke andre typar fyll, raud eller grøn pesto er perfekt, eller du kan ha ost mellom laga. Eit perfekt prosjekt for ein fin helgeettermiddag. 

Kikertsuppe

To gule løkar

Tre fedd kvitløk

2 ss smør

1 ts timian 

½ ts rosmarin

1 ts basilikum

To gulrøtter

Ein purre

To persillerøtter

2 dl eplejuice eller kvitvin

1 liter vatn

2 ts buljong eller fond

1 ss tomatpuré 

Ein boks kikerter, avrente

2 dl fløte

Salt og peppar, og evnt litt sukker

Rens og skrell grønsakene. Finhakk dei og fordel i skåler. Varm opp 2 ss smør i ei vid gryte, og ha i løk og kvitløk. Dryss på urtekryddera, og la det frese i nokre minutt. Ha i finhakka gulrøtter, persillerot og purre, og la det frese vidare. Slå på eplejuice eller vin, og la det koke inn. Slå på vatn, og ha i buljong eller fond. Ha i tomatpuréen, og rør godt. La det heile koke til grønsakene er møre. 

Ha i kikertene, og la suppa koke eit par minutt til. Køyr suppa glatt med stavmiksar. Ha i fløte, som du rører godt inn. Smak til suppa med salt og peppar. Er den for skarp i smaken kan du runde den av med litt sukker. 

Server suppa med rivebrød, ein rømmeklatt og rista solsikkefrø.

Rista solsikkefrø

2 dl solsikkefrø

Ei klype salt

Varm opp steikepanna di til middels varme. Ha i solsikkefrøa, utan noko feittstoff. Frøa skal tørristast i steikepanna. Dryss på ei klype salt. Varm solsikkefrøa sakte opp, og rør i dei til dei har fått ein fin, gyllen farge. La dei kolne på ein asjett, dei er veldig varme når dei kjem rett frå steikepanna.

Rivebrød

4 dl vatn

1 ts salt

2 ts honning

Ein halv pakke gjær

7-8 dl kveitemjøl

Det du har av urter

2 ss smelta smør til pensling

Ha vatnet i bakebollen, og løys opp gjæra. Ha i honning og salt, og elt inn mjølet litt og litt, til du får ein passe fast deig. Den skal ikkje vere for hard, hald gjerne tilbake litt på mjølet, slik at du heller kan ha i litt ekstra etter første heving. La deigen heve tildekka i 40-45 minutt i bakebollen.

Smør ei brødform med smør. Du kan også legge bakepapir i botnen, og berre smørje sidene av forma. Sett steikeomnen på 200 grader.

Dryss godt med mjøl på bakebordet, og legg deigen på bordet. Kjevle den ut til eit avlangt rektangel. Smør leiven med smelta smør, og dryss på raust med tørka urter, til dømes timian, basilikum, oregano og rosmarin. Bruk eit pizzahjul, og kutt leiven i strimlar. Legg dei oppå kvarandre i ein stabel. Kutt stabelen i bitar som passar ståande til forma di. Still forma på skrå opp mot ei fjøl eller liknande, og stable deigbitane ståande i forma. La rivebrødet heve i 40 minutt. Steik brødet nederst i omnen i ca. 35 minutt.

Enkel festmat – fylt falukorv

Kan svenske pølser vere festmat? Ja, det kan ein lure på. For meg er dette festmat fordi det er enkelt å lage til mange, og fordi det ser festleg ut. Og det er vel nok til å kalle det festmat? 

Falukorv har fått suksess langt utover svenskegrensa, og du finn dei i ulike former og storleikar i dei fleste butikkar. Eg fekk tak i ei skikkeleg stor ei, og då laga eg ein flott middagskrans med gode smakar. Først skar eg djupe snitt i pølsa, og så smurte eg i litt god sennep. Vi hadde nokre få eple att frå hausten, dei har vakse i Valle i Setesdal, og er fulle av smak, sjølv på nyåret. Saman med epla la eg tynne skiver av sjalottlauk og ein smaksrik ost ned i snitta, og så fekk pølsa steike i 40 minutt. Fyllet kan du variere, du kan til dømes lage ein italiensk variant med tynne skiver av kvitløk, tomat og mozarella, eller du kan bruke urter av ulike slag saman med ost og løk.

Ein må jo ha noko attåt og, og sidan omnen likevel er varm kan du like gjerne utnytte det. Eg tok det eg hadde av gode grønsaker, asparges, tomatar, sjalottlauk og litt vårlauk, og så vende eg det med krydder og olje, og lot det bake saman med pølsa. Færre skitne kjørel og færre gryter som skal varmast er av det gode. 

Til dette laga eg ein kjapp potetmos, som passa perfekt til. Eg hadde ei persillerot som fekk vere med i mosen for å gi ekstra smak. Ein tenker fort at heimelaga potetmos er så mykje jobb, men det er det faktisk ikkje. Potetskrellinga tek litt tid, men når den er gjort er det like kjapt som å servere vanlege, kokte poteter. Eg kuttar potetene i bitar, og dampar potetbitane på rist. Då kokar det fortare opp, og koketida vert kortare når potetene er kutta i bitar. Pass berre på at det ikkje kokar tørt, då vert det røykte poteter i staden. 

Til potetmos passar det best med mjølne poteter. Det står på pakken om potetene er kokefaste eller mjølne, og dei mjølne kan vere litt styrete å handtere. Men her passar dei perfekt inn, og dei har faktisk også ofte den beste smaken. Du har sikkert nokre matminne som sit att frå barndommen. Eit av mine var då husstellæraren vår Malene lærte oss å lage potetmos. Det var heilmjølk og Per margarin som gjekk i gryta saman med potetene, og den smaken når mosen var jamn og fin, og passe pepra og salta, den huskar eg framleis. 

Fylt falukorv

800 g falukorv

2 ts sennep

Ein sjalottlauk

50 g smaksterk ost i tynne skiver

Eit eple, gjerne syrleg

Sett steikeomnen på 180 grader. 

Ta bort skalet viss pølsa du har funne tak i har det. Legg pølsa i eit eldfast fat med god plass. Snitt djupt i pølsa slik at det vert god plass til ost, lauk og eple. Rens lauk og eple, og snitt i fine skiver. Legg ost, lauk og eple saman, og dytt ein «bunt» ned i kvar opning i pølsa. Hald fram til du har fylt heile pølsa. 

Grønsaker:

Ein bunt asparges

Eit beger tomatar

Tre sjalottlauk (eller bytt ut med vanleg gul lauk)

Ein bunt vårlauk

2 ss olivenolje

1 ts salt

¼ ts peppar

1 ts timian

Knekk aspargesen nederst på stilken der den gir etter. Kast det nederste. Kutt den i 3-4 cm lange bitar. Rens laukane, og del dei i båtar. Kutt røttene av vårlauken, og del den og i 3-4 cm lange bitar. 

Ha olje og krydder i ein bolle, og bland det godt. Ha i grønsakene, og vend dei rundt. Fordel dei rundt pølsa, og set det heile i omnen. La det steike på 180 grader i 35-40 minutt. Vert det for brunt på toppen, så senk forma litt lenger ned i omnen. 

Heimelaga potetmos

12 mellomstore poteter

Ei persillerot

2 dl mjølk

80 g smør

Vatn og salt til koking

Skrell potetene og persillerota. Kutt dei i bitar. Legg ei rist av den typen du brukar til å dampe fåreribbe på i ei gryte, og slå på 2-3 dl vatn. Legg potetene og persillerotbitane i rista, og dryss litt salt på. Legg på lok, og sett gryta på full varme til den kokar opp. Når det er kokt opp kan du redusere varmen. La det koke til grønsakene er møre, det tek ca. 15 minutt. Hell av vatnet, og ta ut rista. Ha i smør og mjølk, og legg på loket att. Skru av plata, men la gryta stå på plata eit par minutt før du stappar mosen mjuk og glatt.

Spinatstuing med ein vri

Eg veit ikkje om du huskar Heidi Brunstad Øyehaug, som skreiv matspalte saman med meg for altfor mange år sidan. Ho lærte meg den geniale kombinasjonen av eplejuice og créme fraïche. Créme fraïche har den fordelen framfor rømme at den toler koking, og sausar med créme fraïche får ein utruleg rund og samtidig frisk smak på grunn av syra i den. Når du då blandar den med eplejuice, og smakar til med fond eller buljong så blir dei du har rundt bordet garantert veldig lukkelege. 

Eg lagar denne sausen som ein spinatstuing, og det passar perfekt til all steikt fisk. No er det lett å få tak i fersk spinat, så bruk det om du finn. Viss ikkje kan du også bruke frosen spinat, då kan den bli litt meir sausete, men det gjer ingenting. Smaken er like god. Så neste gong du serverer steikt fisk bør du prøve dette ved sidan av. Du vil ikkje angre, eg lovar. 

Spinatstuing

1 ss smør

Ein sjalottløk

200 g rensa spinat

2 dl eplejuice

2 dl créme fraïche

1 ts kalvefond, kyllingfond eller grønsaksfond

Peppar frå kvern

Finhakk løken. Smelt smøret i ei vid steikepanne, gjerne ei du har lok til. Surr løken i smøret til den er blank og gjennomskinneleg. Ha i spinaten, og slå på eplejuice. Legg på lok, og la spinaten dampe til den fell i hop, det tek ca. eit minutt. Legg på créme fraïche, og rør alt saman. Slå på fond, og kvern over peppar. Server til steikt fisk eller til ein biff.

Når er fastelaven?

Ja, tenk det, det blir fastelaven i år og. Eller er det fastelavn det heiter? Det er jammen ikkje godt å seie.

Dagen i år er søndag 3. mars, svært seint til fastelaven å vere. Det er ikkje lenge til, så det er berre å byrje planlegginga av kva type bollar du planlegg å servere.

Viss du treng inspirasjon, så kan du sjå på mine fastelavensoppskrifter, som eg har samla på Pinterest. Ha ein fin dag!

Bakt risotto

No på vinteren treng vi mettande og smakfull mat, iallfall viss vi har hatt ein utedag med leik og moro. Og kva skaper ein smakfull rett? For meg er det å bruke noko søtt, syrleg, noko salt og noko feitt. Fordelen med smakane er at dei også løfter fram smaken i råvarene vi brukar, og begge desse tilbehøra kan brukast til både kjøt, fisk eller vegetarrettar. 

Risotto er ein klassikar, du fresar løk og ris i smør, før du slår på kvitvin eller eplejuice eller litt vatn og kvitvinseddik, og så sper du i kraft til den er ferdig. Det er ekte vintermat, og kan varierast i det uendelege. Pass på at du har risottoris, altså det italienarane kallar arborioris i huset til ei kvar tid. Då kan du alltid lage middag på 20 minutt, det skal veldig lite ekstra til for at det blir snyta godt. Arboriorisen har mykje stivelse i seg, og det gjer at risottoen blir krema og mjuk, ikkje tørr og laus som vanleg basmati eller jasminris. 

I dag har eg laga den med vårløk og brokkoli, men du kan ha i erter, asparges, gulrot i terningar, paprika eller soyabønner, alt etter kva du har, og kva du skal servere det til. Og så er det viktig å alltid røre inn litt parmesan og litt smør eller olivenolje til slutt. Eg har til og med fått risotto med litt bruna smør på, det var utruleg godt. Så legg du til det du har av kjøt eller fisk, og så har du eit komplett måltid. Her har eg toppa det heile med ost, og så gratinert risottoen i omnen i eit kvarters tid. Det løftar heile middagen til nye høgder. 

I dag fann eg eit stykke varmrøykt laks i kjøleskapet, sikkert noko eg hadde ein plan for i jula, men som ikkje vart spist. Så då gjorde eg ein vri, og smuldra laksen før eg rørte den inn i risottoen, og så gratinerte eg det heile. Dette kan du også gjere om du har bacon i risottoen, då får du mykje smak for lite pengar og relativt lite kjøt. Ein fin måte å gjere middagen rimelegare på. Røykt makrell er sikkert også godt i denne bakte risottoen. 

Mange lar vere å lage risotto fordi dei ikkje orkar å koke kraft. Det er synd, for risotto vert godt også med buljong eller fond. Dessutan er det mange som heller heilt fin kraft i vasken! Kokar du gulrøtter eller erter i lettsalta vatn til middag? Kokevatnet er førsteklasses kraft. Hell den i eit litermål eller ei klar flaske, og sett den i kjøleskapet. Så brukar du den i risotto dagen etter. Suppler med buljong eller vatn (som enkelte kokkar kallar kommunalkraft) viss det ikkje er nok. 

Gratinert risotto med brokkoli og varmrøykt laks

2 ss smør

Ein sjalottløk

4 dl risottoris

1,5 dl kvitvin (kan byttast ut med eplejuice)

1 liter utblanda grønnsaks- eller kyllingbuljong

Eit stort brokkolihovud

To vårløkstilkar

(Det du måtte ha av andre grønsaker i frysaren eller i kjøleskapet)

50 g parmesanost, riven

150 g varmrøykt laks

Ost til gratinering

Sett steikeomnen på 220 grader. 

Finhakk løken. Smelt smøret i ei vid steikepanne, og ha i løk og ris. La det surre på middels varme til løken er blank og gjennomskinneleg, tre-fire minutt. Slå på kvitvinen, og la den koke heilt inn. Slå på kraft eller buljong litt og litt, og la det koke inn mellom kvar runde med væske. 

Del opp brokkolihovudet i små, små bukettar. Skjer bort viss det er flekkar på stilken, og kutt stilken i små terningar. Finsnitt vårløken.Når risottoen har kokt i ca. 10 minutt har du i brokkoliterningane. Når det er ca. 2 minutt igjen har du i brokkolibukettane, vårløken og den rivne parmesanen. Rør godt, og smak til med salt og peppar viss det trengst. Ha risottoen i ei eldfast form, og dryss på det du har av riven ost. Bak risottoen i ca. 20 minutt på 220 grader, til den er gyllen og fin. Server med ein salat. 

Julepålegg: Ribberull til jul

Ribberull høyrer til på påleggsfatet til jul. Akkurat som fårerullen kan den krydrast på den klassiske måten, eller så kan du variere smaken. I dag får du forslag til ein klassisk variant, og ein middelhavsinspirert. Å lage fårerull er litt styrete, ein må som regel bestille frå slaktar, og det krev litt planlegging. Ribberull er langt enklare, du får ribbe overalt, og terskelen er langt lågare for å gå i gang. Pass berre på at du får ei ribbe der svora ikkje er snitta.

Ein ribberull kan også steikast i omnen, den må ikkje kokast. Då får du ein rull som liknar på den italienske porchettaen, og den passar perfekt med krydder av urter og kvitløk. Fenikkel er også eit klassisk middelhavskrydder. Brukar du nitrittsalt held ein slik rull seg ei veke eller to i kjøleskapet.


Vend rullen inn i ein rein kopphandduk og oppbevar den på eit fat. Skjer den tynt med skjeremaskin, og løsne nettet etter kvart som den vert eten av. Slike tynt skårne skiver av porchetta er perfekt nattmat fylt i rause rundstykke med ein god sennep eller aioli. 

Ribberull

2 kg tynnribbe

4 ts salt

1 ts peppar

Krydder (sjå forslag)

Bein ut ribba, viss ikkje slaktaren har gjort det. Skjer laus kjøtet frå svora så langt at svora du har igjen akkurat dekker yttersida av rullen, ca. 25 cm.  

Brett ribba ut i full lengde. Er ribba tjukk kan du snitte den ein gong til, og brette den ut endå ein gong. Då får du endå meir krydder og smak inn i rullen. Bland saman krydderet, og gni det inn i kjøtet. Dryss på saltet til slutt. Rull saman rullen til ein tett rull, slik at svorsida endar opp på utsida.

Bind rullen stramt med bomullstråd, og pakk den inn i eit heilt reint kjøkkenhandkle som du ikkje er spesielt glad i. Pass på at det ikkje luktar skyllemiddel. Surr rullen på nytt stramt ihop med bomullstråd. Alternativt kan du legge den i nett, som eg beskriv over.

Sett på ein kjele med vatn, og ha i 2 ss salt, nokre pepparkorn og to-tre laurbær. Legg rullen i når vatnet har kokt opp, og la den trekke på svak varme under lok i ca. 2 timar. Det skal ikkje fosskoke, berre såvidt syde.

Avkjøl rullen litt før du legg den i press. Har du ei presse, så er det berre å legge rullen i, og skru til. Har du ikkje, så legg rullen i ei brødform. Bruk ei fjøl eller liknande, som du surrar tett rundt forma eller legg noko tungt oppå, slik at rullen er under press. Du kan til og med berre surre den i plastfolie og så tett med teip, det er ingen formelle krav til korleis pressinga skal skje. La rullen stå kaldt og under press til neste dag.

Vil du bake ribberullen i omnen framfor å koke den, så surrar du den stramt, eller legg den i nett, og bakar den i ei langpanne i 2,5-3 timar på ca. 200 grader. Når den er ferdig let du den kolne før du legg den i kjøleskapet stramt innsurra i ein kopphandduk. Feittet som renn av ribberullen i omnen bør du ta vare på, sile og ha i ei skål. Når du har skore av rullen og skal legge den tilbake i kjøleskapet smører du først snittflata med litt av dette feittet. Det konserverer kjøtet. 

Julekrydder til ribberull

1/2 ts nellik

1/2 ts allehånde

1 ts ingefær

Italiensk krydring til ribberull

2 ts knuste fenikkelfrø

Fire kvitløksfedd, pressa

Skalet av ein lime

Rista svart peppar (varm korna i tørr steikepanne til dei poppar, avkjøl og mal)